nynorsk.no

24.3.2017

Arkivet for
nynorsk.no: september 2003

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Nytt Studentmållag i Volda Studentmållaget i Volda er på føtene att og på nett. Leiar i laget er Heidi Ravnestad.

Lagt ut 30.9.03 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Idiotisk å nekte nynorsk Det er helt idiotisk å ikke kunne bruke nynorsk på et skilt i Oslo, meiner Berge Furre.

Lagt ut 30.9.03 av Tarjei Vågstøl
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget frir til Frp-ordførarane Noregs Mållag ber om godt samarbeid med dei seks Frp-ordførarane i fylket, og syner til det gode arbeidet for nynorsken som Os kommune har stått for.

Lagt ut 30.9.03 av Tarjei Vågstøl
Gå til saka | Tips ein ven

Berge Furre fekk språkpris Berge Furre har fått Storegutprisen under litteraturdagane i Vinje for god nynorskbruk, skriv NRK Telemark.

Lagt ut 29.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Seier nei til gratis programvare Ingen skular i Sogn og Fjordane har gått over til Microsoft sin konkurrent Linux, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 29.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- For mange små nynorskføretak Det er altfor mange små nynorskføretak. Det meiner direktøren i Nynorsk kultursentrum i Ørsta, Ottar Grepstad. Han meiner nynorskinstiusjonane må omorganiserast, skriv NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 29.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Lae vil ha nynorsk-skilt Byrådsleiar i Oslo, Erling Lae, meiner Oslo Byes Vel går for langt når dei nektar Det Norske Teatret å setje opp skilt på nynorsk, skriv NRK Kultur. - Vi tåler litt nynorsk, seier Lae (!).

Lagt ut 29.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nordisk Språkteknologi nær konkurs Språkteknologisenteret på Voss må skaffe 11 millionar innan to veker for å overleve. No går dei inn for å skaffe desse pengane gjennom ei storstilt aksjeutviding, skriv NRK Hordaland.

Lagt ut 27.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vil tvinge Det Norske Teatret til å ha bokmålsskilt Oslo Byes Vel krev at Det Norske Teatret må setje opp skilt på bokmål. Leiaren i skiltnemnda i Oslo Byes Vel hevdar det er «unaturleg» med nynorskskilt i hovudstaden, skriv NRK Kultur. Les òg kommentaren frå Egil Johan Ree i Her og Nå.

Lagt ut 27.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Asker vil ha valfri nynorsk Fleirtalet i kommunestyret i Asker vil sende søknad om valfri sidemålsundervisning for Asker-elevane, skriv Asker og Bærums Budstikke.

Lagt ut 27.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Må lære seg ni nye språk Tenestemenn i EU-kommisjonen held no på med kræsj-kurs slik at dei i det minste skal vere i stand til å sjå kva språk eit dokument er skrive på. Dei skal bli i stand til å sjå at eit dokument er på polsk og ikkje tsjekkisk eller at dokumentet er slovensk og ikkje tsjekkisk. Les dette og meir om EU hjå EUobserver.

Lagt ut 24.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Årbok mot språkforfall Språkprofessor Finn-Erik Vinje har laga boka Språk 2004, ei situasjonsrapport for det norske språket. Han går til åtak mot språkforfallet og ser fleire "betenkelige utglidningstendenser". Han slår òg fast at "Fiendene er [...] Noregs Mållag og Norsk språkråd." Les saka i Aftenposten. Det er jo eigentleg litt synd på mannen, eller kva?

Lagt ut 22.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Krev meir nynorsk i reiselivet Nynorsk blir altfor lite brukt i reiselivet i Møre og Romsdal, meiner direktør Ottar Grepstad i Nynorsk Kultursentrum. No oppmodar han kommunane på Sunnmøre til å krevje meir nynorsk. Les meir i Sunnmørsposten og les om turistsjefen som ikkje vil skrive nynorsk i same avis.

Lagt ut 22.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Fortsatt nynorsk i Nome "Nynorsk skal fortsatt være hovedmålet ved Svenseid skule i Nome. Det mener et overveldende flertall av innbyggerne i skolekretsen. Ved avstemningen stemte hele 136 for nynorsk som målform, mens bare 32 stemte for bokmål."

Lagt ut 18.9.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Behald nynorsken! Innlegg om sidemål frå leiaren i BUL i Oslo, Arne Nordvi.

Lagt ut 17.9.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Rungande nei til bokmål på nordre Askøy Eit klart fleirtal har sagt nei til å innføre bokmål i skulene på nordre Askøy. I samband med kommunevalet i går avholdt skulekrinsana Fauskanger og Træet avrøysting etter at fleire bokmålsforkjempara ville innføre bokmål i skulen. Ved Fauskanger fekk forslaget bare 41,8 prosent, medan 36 prosent av innbygjarane ville endre målføret frå nynorsk til bokmål i Træet.

Lagt ut 17.9.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Får ikkje skulebøker på nynorsk Elevar på vidaregåande får ikkje alle skulebøkene på nynorsk. Nokre bøker kjem langt utpå hausten, medan andre ikkje blir trykt på nynorsk. - Slikt opplever vi ofte. Nye utgåver kjem seint på nynorsk eller ikkje i det heile, seier mekanisklærar Rune Nødset på Øyrane vidaregåande." Kommentar frå Noregs Mållag.

Lagt ut 17.9.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Godt val!
Hugs å røyste nynorsk på valdagen!

Lagt ut 15.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

EU er bra for noko... Sist fredag vart walisisk nytta for fyrste gong i EU-parlamentet av den walisiske parlamentsmedlemen Eurig Wyn. Walisarane har ikkje høve til å gjere det same i parlamentet i Storbritannia, skriv Eurolang.

Lagt ut 15.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kornisk kamp for identitet

Korniske målfolk kjempar no for at kornarane skal få status som eige folk. Ved ei spørjegransking frå fylkesrådet i Cornwall fekk ikkje skuleelevane valet mellom å krysse av for kornisk i staden for engelsk som nasjonalitet. Dette har utløyst ein kampanje der kornarane vil freiste å nytte "Race Relations Act" for å bli godkjent som eige folk. Kornisk er eit keltisk mål i slekt med walisisk. På 1800-talet vart det rekna som utdøydd, men har styrkt seg det siste hundreåret. Les meir hjå Dynnargh dhe wiasva Konsel Kernow.

Lagt ut 14.9.03 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Fyrste nynorskterrorist

Språkstrid har vi hatt i mange år, men vi måtte vente til 2003 før vi fekk ein nynorskterrorist. Den siste boka til Hermann Starheimsæter handlar om 50-årige Claus Hjelle som blir det fyrste nynorskterroristen i Noreg. Les om boka hjå Aschehoug,

Lagt ut 13.9.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Røyst nynorsk i Oslo

BUL Oslo, Noregs Mållag og Oslo Mållag har laga ei liste over sidemålstilhengjarane i dei politiske partia i Oslo. Røyst nynorsk ved valet! Les lista over sidemålstilhengjarane [.pdf-fil]

Lagt ut 12.9.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Suksess for nynorsk opplæringsprosjekt Opplæringsprogrammet som skal lære innvandrarar nynorsk har vorte ein suksess. Bak programmet står Opplæringssenteret på Sandane

Lagt ut 11.9.03 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sandnes Mållag vil ha meir nynorsk frå kommunen "Seks parti i Sandnes kan tenkja seg meir offentleg informasjon på nynorsk. Høgre og Frp er mest negative."

Lagt ut 9.9.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Fleirtal for å kutta ut sidemål
"Høyre, Fr. p. og Ap. i Oslo vil stemme for fritak for skriftlig nynorsk. Dermed blir det trolig flertall for dette etter valget.", melder Aftenposten, som òg kan fortelja at på Revetal skole i Vestfold er elevane vortne flinkare til å skriva nynorsk når dei ikkje får undervising i det. NRK Vestfold slår òg opp dette overraskande pedagogiske resultatet.

Lagt ut 8.9.03 av Tarjei Vågstøl
Gå til saka | Tips ein ven

Forlag mot nynorsk Ingen av dei ca 30 tilsette i litterær avdeling i Cappelen skriv nynorsk. Ingen av dei tilsette i Gyldendal heller. I Aschehougs litterære avdeling finn du to nynorskingar. Ser du på heile forlagsbransjen vil eg våga påstanden at det ser like dårleg ut, skriv Svein Gjerdåker i Dag og Tid 6.9.2003.

Lagt ut 7.9.03 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Språksenteret til Sogn og Fjordane
Trude Brosvik (KrF), ordførar i Gulen, meiner språksenteret bør leggjast til Sogn og Fjordane, melder NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 3.9.03 av Tarjei Vågstøl
Gå til saka | Tips ein ven

Språksenteret til Bergen «Det nasjonale språksenteret bør ikke ligge i Oslo, det har ikke godt av det,» skriv Bergens Tidende på leiarplass, og melder seg på lokaliseringsordskiftet.

Lagt ut 1.9.03 av Tarjei Vågstøl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mars

  • 1868 Mållaget og forlaget Det Norske Samlaget vart skipa

27. mars

  • 1848 Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik

6. april

  • 1818 Aasmund Olavsson Vinje vart fødd
  • 1857 Per Sivle vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen