nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: oktober 2003

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Kvifor har nynorskjournalistar yrkesforbod i Akersgata? TV-programmet Mediemeinarane tek opp tråden frå Målungdomskampanjen i år og stiller spørsmålet om kvifor journalistane i Akersgata blir tvungne til å skrive bokmål. Video: Sjå sendinga i opptak Tekst: Les meir om programmet Tekst: Les meir om NMU-kampanjen

Lagt ut 29.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektdronning i Fredrikstad Vivi Haug fekk Østfoldmålprisen for 2003 av Østfold Mållag. Leiaren i laget, John Heien, grunngjev dette med at ho har vore med på å gjere fredrikstaddialekta stoverein, skriv Fredriksstad Blad.

Lagt ut 29.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Bygd fekk målpris Fjellbygda Røldal fekk målprisen for 2002 av Odda Mållag. Mållaget ser på bygda som «ei merkevare med god klang. Målføret og den munnlege forteljartradisjonen er ein viktig del av dette», fortel Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 29.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Fosse takkar nynorsken - Eg takkar nynorsken, sa forfattaren og dramatikareb Jon Fosse då han tok mot æresprisen frå Norsk kulturråd, skriv NRK Kultur.

Lagt ut 28.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Siste ord er ikkje sagt Norge har en kuet minoritet som blir angrepet fra alle kanter: nynorskingene. Ivar Aasen ville vært stolt over hvordan de holder stand. Dette står det i Magasinet i Dagbladet i dag.

Lagt ut 25.10.03 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fritt for nynorsk Cathrine Sandnes i Dagsavisen har lært ein ting dei siste vekene: målfolk skjønar ikkje ironi... NB! I somme dialektar tyder "fritt for" at ein manglar noko, i andre dialektar at det er det ein helst vil ha. Så kan de lesa sjølve kva som er Sandnes si tolking.

Lagt ut 25.10.03 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til "United" "Nestleder Unn Catodotter Fyllingsnes i Norsk Målungdom mener filmen er et viktig eksempel i kampen for å greie å bevare dialektene. - Dialekten mange steder er truet fordi så mange ungdommer ikke holder på dialekten sin. Derfor er det viktig for oss å trekke fram gode eksempler på bruk av dialekt, slik som filmen "United"."

Lagt ut 23.10.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålsordskifte i Stortinget Her kan de lesa eit mellombels opprit frå debatten om sidemål i Stortinget tysdag 21. oktober.

Lagt ut 22.10.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt slagsmål om sidemålet "Prosa-redaktør Halvor Fosli starter ny målstrid. Han vil fjerne nynorskundervisninga for bokmålselever, mens nynorskelevene fortsatt bør lære bokmål." Kommentarar til Fosli-framlegget.

Lagt ut 22.10.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Tabloid Nynorsk? Ja takk! Innlegg frå Eva Marie Mathisen, skrivar i Norsk Målungdom, i Nationen.

Lagt ut 22.10.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Mål-mix i Klepp Ikkje/ikke. Dei/de. Når lærarane i fjerde klasse på Kleppe skule skriv på tavla, gjer dei det på begge målformer. Bokmåls- og nynorskelevane går nemleg i same gruppe.

Lagt ut 21.10.03 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis obligatorisk sidemål Stortingsfleirtalet forkasta tysdag eit framlegg frå Framstegspartiet om å gjera den skriftlege sidemålsopplæringa valfri.

Lagt ut 21.10.03 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

"Seierherrenes språk" Cahtrine Sandnes i Dagsavisen kommenterer framlegga om å avskaffe nynorsk som sidemål for bokmålselevar.

Lagt ut 19.10.03 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Naustdøler kjempar for nynorsken Nynorskens skog treng tilvekst, meiner ungdomar i Naustdal. Saman med vektløftar Grimset, tek dei eit tak for å verva medlemer til Mållaget.

Lagt ut 17.10.03 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

-Vil ikkje ha bøker på nynorsk Bokhandlarar på Austlandet vil ikkje ha bøker på nynorsk. Resultatet blir at forlaga vegrar seg for å gi ut nynorskbøker, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 15.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Motkulturen som ikkje finst? Vidar Kvalshaug rapporterer frå debatten Mål og Makt skipa til i Oslo 9. oktober.

Lagt ut 14.10.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk folkepark i Førde ? Lag grøntområdet rundt bautaen av Oddvar Torsheim til ein nynorsk folkepark. Det foreslår kunstentusiasten Bjarne Huus i Førde, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 14.10.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Vil satse på sørsamane Sametinget vil styrke satsinga på dei sørsamiske områda i landet, særleg med språk, opplæring og næringsutvikling, skriv Oppland Arbeidarblad.

Lagt ut 9.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Tunet fekk ein halv mill for lite - Vi manglar ein halv million for å fylle oppgåvene Stortinget gav oss, seier styreleiaren for Nynorsk kultursentrum til Sunnmørsposten.

Lagt ut 9.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Regjeringa sa nei til nynorsk kunnskapsbase Nynorskbrukarar manglar ein fullgod kunnskapsdatabase, likevel fekk Nynorsk kultursentrum avslag på søknad om støtte i statsbudsjettet, skriv NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 9.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Statsbudsjettet: - Ikkje godt nok for Noregs Mållag I framlegget til statsbudsjett får Noregs Mållag tildelt ei løyving på same nivået som i fjor. Det er leiar Endre Brunstad ikkje nøgd med: - Nynorsken vert i dag utsett for harde åtak, og Noregs Mållag er i frontlina for å formidle informasjon, utøve press og drive positivt haldningsarbeid.

Lagt ut 9.10.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Noregs Mållag vil gje NRK økonomisk spelerom NRK spelar ei viktig kulturpolitisk rolle som allmennkringkasting. Difor er Noregs Mållag uroa over at NRK no står i fare for å måtte gjere budsjettkutt på opptil 100 millionar kroner, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

Lagt ut 9.10.03 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

OpenOffice.org 1.1 i norsk testutgåve
Ei testutgåve OpenOffice.org er tilgjengeleg for Windows, på både nynorsk og bokmål. Programpakka kan lastast ned frå nettstaden OpenOffice.org på norsk. Les saka på digi.no.

Lagt ut 9.10.03 av Tarjei Vågstøl
Gå til saka | Tips ein ven

Meir pengar til Samlaget Driftstilskotet til Det Norske Samlaget er foreslått auka med 2 mill. kroner i statsbudsjettet for 2004. Samla blir det dermed løyvd 8,4 mill. kroner til Det Norske Samlaget, skriv Kultur- og kyrkjedepartementet i ei pressemelding.

Lagt ut 8.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ny versjon av OpenOffice rett rundt hjørnet Ei ny og oppdatert utgåve av kontroprogrampakka OpenOffice.org ligg føre. Bokmål- og nynorskutgåvene kjem i neste veke, skriv digi.no.

Lagt ut 4.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Skal lære baskisk «reality» Den basiske tv-stasjonen ETB1 startar no opp den fyrste «røyndomsserien» (ja, det er såkalla «reality» det er snakk om) nokon sinne på baskisk fjernsyn. Eitt av føremåla med serien er å få sjåarane til å lære meir baskisk. Kanskje ein idé til sidemålsopplæringa her heime?

Lagt ut 1.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Blir engelsk det einaste EU-språket? Det lovar ikkje godt for dei europeiske minoritetsspråka når EU-nemnda «Coordination Committee for Linguistic Democracy» ikkje ein gong vil diskutere anna enn dei store, offisielle EU-språka. Resten får vere opp til kvart medlemsland, er tonen der i garden, rapporterer Eurolang.

Lagt ut 1.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Har du fått med deg den siste Aasen-utgåva? Boka Norske Ordtak er samla og valde av Ivar Aasen og er eitt av dei store vitskaplege verka Aasen gav ut. Boka kom i ny utgåve for ikkje lenge sidan, og kostar 348 kr. Les meir eller kjøp boka hjå Fagbokforlaget.

Lagt ut 1.10.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen