nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: november 2003

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Nær målrøysting på Soma Etter ein runde i Soma skulekrins manglar FAU berre 20 røyster for å krevja målrøysting på Soma skule ved Sandnes, skriv Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 29.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskstilen som nasjonalressurs Nynorsken er under press. Det er ikkje noko nytt. Det norske minoritetsspråket har alltid vore under press. Det nye no er at sterke krefter i nynorskleiren sjølv vil leggja ned opplæring i skriftleg nynorsk, skriv Bernt Hagtvedt i ein kommentar i Dagsavisen.

Lagt ut 29.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vil lokka med bokmål Soma skule i Sandnes slit med lågt elevtal. No vil dei endra målforma frå nynorsk til bokmål for å lokka fleire elevar til skulen, fortel NRK Rogaland.

Lagt ut 25.11.03 av Unn Catodotter
Gå til saka | Tips ein ven

Målsak til topps Eli Aune fekk eit innfall ein fredagskveld, og brukte ei helg ved telefonen. Det var oppskrifta som sikra Skaun mållag meir enn ei fordobling av medlemstalet, skriv avisa Sør-Trøndelag i Orkanger.

Lagt ut 25.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Byggjinga av kvensenteret er i gang Etter 20 års arbeid for å få skipa eit nasjonal senter for kvenar i Finnmark er no arbeidet endeleg i gang, skriv NRK Troms og Finnmark.

Lagt ut 24.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Sidemålsforsøket på Revetal er mislukka Dei fyrste elevane frå Revetal ungdomsskule i Vestfold har byrja på vidaregåande. No meiner dei at heile forsøket med å sleppe skriftleg sidemålsundervisning var mislukka, og at dei kan alt for lite nynorsk, skriv Tønsbergs Blad.

Lagt ut 23.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Østfold Høgre vil ha friviljug sidemålsundervisning Endå eit fylkeslag i Høgre vil ha friviljug opplæring i skriftleg sidemål, fortel Moss Avis.

Lagt ut 23.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Slaktar slett skriftspråk - Eg er nok litt pirkete, men 56 feil i ein skriven kommentar frå ein stortingspolitikar er for mykje, seier amatør-språkforskar Gisle Tjong til Haugesunds Avis.

Lagt ut 23.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Blix-prisen til Hoel Blixprisen for 2003 er tildelt den nordnorske forfattaren Tore Elias Hoel. Minneprisen etter Elias og Emma Blix blir gjeve til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller på ein nordnorsk dialekt, skriv NRK Litteratur.

Lagt ut 20.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Office på nynorsk - eit pr-stunt frå Microsoft? Data-bladet Computerworld utropar nynorskversjonen av Office 2003 som eit gigantisk pr-stunt frå Microsoft. Ved å lansere ein nynorskversjon av Office sikra dei seg mykje omtale og la effektive kjelkar i vegen for Linux. Les kommentaren. Les òg: Office 2003 kjem ikkje på samisk likevel

Lagt ut 20.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Lille Nynodata måtte hjelpe store Microsoft Utan hjelp frå språkomsetjingsfirmaet Nynodata hadde det neppe blitt noko av nynorsk-versjonen av Office 2003, skriv Computerworld. Nyno er eit flott omsetjingsprogram for omsetjing frå bokmål til nynorsk. Du kan teste og lese meir om Nyno hjå Nynodata.

Lagt ut 20.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Oslo - byen med den store navlen Oslo har fått ein ny byråd for kultur og utdanning, Torger Ødegaard (Høgre), og han gjer kamp mot nynorsk til ei programsak, skriv Endre Otto Brunstad frå Mållaget i eit lesarbrev i Bergens Tidende. Les òg: Bergen Sp vil ikkje at Bergen skal fylgje i Oslo-fotspora

Lagt ut 20.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorsken treng ei vitamininnsprøyting Eit typisk trekk for nynorsk skriftkultur er at der er mange handlekraftige miljø og institusjonar, men at det alltid manglar pengar til å realisere dei beste ideane, skriv Eli Sollied Øveraas frå Senterpartiet i ein kommentar i Nationen.

Lagt ut 20.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nyhende frå Småmjuk No får du Microsoft Office på nynorsk! Saka fekk omfattande dekkjing i media. Les om saka hjå Dagbladet 11.11.2003 Digi.no10.11.2003 IT-avisen 11.11.2003 VG 11.11.2003 Telecom 11.11.2003 NRK Kultur 11.11.2003 DinSide.no 11.11.2003 Dagens Næringsliv 12.11.2003 NRK Møre og Romsdal 12.11.2003 NRK Sogn og Fjordane 12.11.2003

Lagt ut 11.11.03 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ludvig Jerdal til minne Minneord av Reidar Storaas i Bergens Tidende.

Lagt ut 7.11.03 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Hovland prisa for nynorsk forfattarskap Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag har tildelt Ragnar Hovland Sunnmørsprisen 2003 for boka "Norske gleder". Tildelinga skjedde under Boknatt i Aasentunet i går kveld. Les meir hjå Sunnmørsposten.

Lagt ut 7.11.03 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ludvig Jerdal døydde tysdag Målmannen og bladmannen Ludvig Jerdal døydde tysdag, 95 år gamal. Les meir hjå Bergens Tidende.

Lagt ut 6.11.03 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Senterpartiet lanserer nynorskpakke I sitt alternative budsjettframlegg vil Senterpartiet løyva ti millionar kroner ekstra til nynorsken. Dessutan ønskjer dei å etablera eit Vinjefond på 25 millionar. Les meir hjå Bergens Tidende.

Lagt ut 6.11.03 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ny freistnad på å bli kvitt sidemålsundervisning i Oslo Oslo kommune prøver endå ein gong å bli kvitt sidemålsundervisninga i den vidaregåande skulen. Byråd for kultur og utdanning, Torger Ødegaard, seier til NRK Kultur at han vil gjere sidemål valfritt.

Lagt ut 3.11.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Draumen om det normale Eg trudde at nynorsk var normalt. Iallfall like normalt som bokmål. Så feil kunne eg ta», skriv Ragnar Hovland. I dette innlegget tar han utgangspunkt i Halvor Fosli sin leiar i Prosa, der redaktøren ønskjer å leggje ned sidemålsstilen.

Lagt ut 1.11.03 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk-indisk rappar om manglande nynorskundervising - Jeg ble lurt på barneskolen. Læreren kom med en tilbudspakke til meg. Jeg skulle få norsk for fremmedspråklige i steden for nynorsk.

Lagt ut 1.11.03 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Siste frist for språkteknologien"Innen fredag klokken 13 må styret i Nordisk Språkteknologi få garantier om ny kapital. Ellers er konkursen et faktum".

Lagt ut 1.11.03 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen