nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: desember 2003

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Vert nekta namnelister til nynorskklasse Vibeke Lauritsen vil starta nynorskklasse, men Kristiansand kommune nektar å gje henne namna på elevane som byrjar på skulen til hausten. Les heile saka hjå Fædrelandsvennen.

Lagt ut 19.12.03 av Unn Catodotter
Gå til saka | Tips ein ven

Nobels fredspris ? på nynorsk Då Nobels fredspris vart utdelt til den iranske advokaten Shirin Ebadi skjedde det på nynorsk. - Eg trur det er fyrste gongen i historia at det skjer på nynorsk, seier Ole Danbolt Mjøs som er leiar i Nobel-komiteen. Les meir hjå Dagen.

Lagt ut 11.12.03 av Unn Catodotter
Gå til saka | Tips ein ven

Diktarbiografiar i tospann Tidlegare i haust kom to biografiar om Ragnvald Skrede. No har Jan Olav Gatland og Svanaug Steinnes skrive kvar sin om Åsmund Sveen. Les meir hjå Aftenbladet.

Lagt ut 9.12.03 av Unn Catodotter
Gå til saka | Tips ein ven

Fransk heider til Jon Fosse I dag mottek Jon Fosse den prestisjefylte franske ordenen Ordre National du Mérite, som tilsvarar Kongens fortenestemedalje. Det er ikkje fyrste gong han vert sett pris på i utlandet, og Fosse takkar nynorsken for at han skriv som han gjer, fortel Aftenposten.

Lagt ut 9.12.03 av Unn Catodotter
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk frontsoldat i cyberspace Microsoft meinte ein nynorsk versjon av Office-programma ville kosta rundt 30 millionar kroner og bad staten om stønad. Gaute Hvoslef Kvalnes (24) har gjort jobben for Linux, på dugnad, fortel Bergens Tidende.

Lagt ut 8.12.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Last ned OpenOffice Både bokmåls- og nynorskutgåvene av kontorprogrammet OpenOffice.org 1.1 er klåre for nedlasting. OpenOffice var det fyrste kontorprogrammet som varsla at dei ville lage eigen nynorskversjon av programvaren. Les meir hjå digi.no. Last ned OpenOffice.

Lagt ut 8.12.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

www.æøå.no Frå februar 2004 opnar Norid for domenenamn med norske og samiske teikn.Fleire medium skriv om saka, mellom anna ANB, Digi og Computerworld. Les pressemeldinga frå Norid eller sjå lista over nye teikn.

Lagt ut 8.12.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Skriv SMS på dialekt Ungdom skriv SMS på dialekt, og språkprofessor Finn-Erik Vinje er som vanleg ikkje nøgd med slikt. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 8.12.03 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen