nynorsk.no

22.10.2017

Arkivet for
nynorsk.no: januar 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Eksistensialisme på klingande trøndsk
- Mens det norske filmmiljøet stadig vekk framstiller bønder som tullinger, er det enda viktigere å spille Olav Duun, sier Paul Ottar Haga, premiereklar i «Juvikfolke». Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 31.1.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dei Nynorske Festspela 2004
Dei Nynorske Festspela vert arrangert i tidsrommet 23. til 27. juni i år. Arrangøren Nynorsk kultursentrum letta litt på sløret då dei fortalde at dei har invitert Frode Grytten som festspeldiktar. Les meir i Sunnmørsposten og hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 30.1.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skulemålsrøysting i Soma.
166 personar i Soma valkrins har sagt at dei ønskjer målavrøysting for å prøva å endra målforma ved Soma skule frå nynorsk til bokmål. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 30.1.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vårprogrammet til Nynorsk kultursentrum er klart.
Det inneheld som vanleg ymse sjangrar og mange slags aktørar, men felles for fleire er at dei på ein eller annan måte har tilknytning til regionen. Les meir hjå Vikebladet.

Lagt ut 30.1.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Magne Skodvin er død Heiderslagsmann i Studentmållaget i Oslo og professor emeritus Magne Skodvin har gått bort, 88 år gamal. Les meir om Skodvin hjå NRK Nyheiter.

Lagt ut 28.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

«Norsk ordsamling» gjeve ut på ny «Norsk Ordsamling» frå 1802 var den mest omfattande norske ordboka før Aasen kom med ordboka si. No er boka kome i nytt opplag, over 200 år etter fyrsteutgjevinga, fortel NRK Kultur. Du kan kjøpe boka og lese meir om ho hjå t.d. Haugen Bok i Volda.

Lagt ut 27.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Bort med nynorsk Gruppeleiar for Høgre i fylkestinget i Vestfold vil ha vekk nynorsk frå dei vidaregåande skulane i fylket, skriv NRK Vestfold.

Lagt ut 27.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Les heller engelsk enn svensk - Når folk heller les engelsk enn nordiske grannespråk har det med haldningar å gjera, seier professor i nordisk ved Universitetet i Bergen, Gunnstein Akselberg til Bergens Tidende.

Lagt ut 27.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ny reiseskrivar i Mållaget 26 år gamle Hans Andreas Starheim frå Nordfjordeid er tilsett som reiseskrivar i Noregs Mållag, fortel NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 27.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Usamde om Hagen-utspelet Stavanger Aftenblad har intervjua Rogalandspolitikarar om Hagen-utspelet. Jarle Braut (V) skjønar ikkje kvifor Hagen berre vil bli sitert på bokmål, medan KrF-politikaren Olaf Gjedrem (KrF) meiner framlegget er fornuftig. Les meir om meiningane deira i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 27.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Treng ikkje frykte nynorsksitat Carl I. Hagen treng ikkje frykte at han skal bli sitert ofte på nynorsk. Over 80 prosent av avisopplaget i Norge er bokmålsaviser. Vårt Land set saka i perspektiv.

Lagt ut 27.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Låttleg av Hagen - Det er låttleg at Carl I. Hagen ikkje vil siterast på nynorsk, meiner politisk redaktør i Dagbladet. Ho får fylgje av Olav Versto i VG og kulturministeren, skriv NRK Kultur.

Lagt ut 27.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Fleire vil søkje om nynorskfritak Søknaden frå Oslo kommune har utløyst fleire søknader om fritak frå sidemålsundervisninga. Førebels er det berre skular i Vestfold og Akershus som har sagt at dei vil søkje, skriv Dagsavisa.

Lagt ut 27.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Hagen vil ikkje siterast på nynorsk Carl I. Hagen krev å bli sitert på bokmål, sjølv om han blir intervjua av ein nynorskavis eller nynorskjournalist, skriv NRK Kultur. Radio:Høyr intervju med Hagen i Kulturnytt på NRK P2.

Lagt ut 20.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Grepstad krev meir til nynorsken Nynorsk kultursentrum meiner kulturkomitéen på Stortinget bør arbeide for at regjeringa løyvar meir pengar til nynorsk gjennomstatsbudsjettet for neste år, skriv NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 20.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Fleire vil ha nynorsk på bokmålsskulane I dag er det neten 200 reine nynorskklasser på bokmålsskular. Høgre og Frp vil avskaffe nynorskundervisninga i Oslo, men på Sagene lærer elevane framleis nynorsk, skriv Nationen.

Lagt ut 20.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nordmenn forstår nabospråka best Ei ny, nordisk undersøkjing slær fast det mange har meint lenge: Nordmenn forstår svenskar og danskar langt betre enn svenskar og danskar forstår sine skandinaviske naboar.Gå til forskning.no for å få vita meir! Du kan òg lesa om saka i Agderposten eller i Dagbladet.

Lagt ut 12.1.04 av Unn Catodotter
Gå til saka | Tips ein ven

Dagbladet: Fritak frå skriftleg sidemål er å tru på halvjomfruer Dagbladet karakteriserer det heile som ei populær politisk sak, kamuflert som ei pedagogisk reform. "Nynorskens plass i skolen er dessuten et nasjonalt politisk spørsmål og må avgjøres av andre enn Oslos lokalpolitikere", skriv Dagbladet på leiarplass.

Lagt ut 11.1.04 av Unn Catodotter
Gå til saka | Tips ein ven

VG: Oslo-elevar har også krav på nynorsk! VG bed Clemet om å tenkja seg om to gonger når ho skal ta stilling til søknaden om å fjerna skriftleg sidemålsopplæring i Oslo. "Det er fortsatt en betydelig forskjell på barbering og å skjære av seg hodet. Og det er denne amputasjonen som Oslo kommune insisterer på å gjennomføre", skriv VG på leiarplass.

Lagt ut 11.1.04 av Unn Catodotter
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje fleirtal for valfri nynorsk

Det er langt i frå sikkert at oslopolitikarane vil stø opp om ein søknad om gje osloelevane lov til å velja vekk nynorsk, melder Dagsavisen i dag. Dagsavisen.

Lagt ut 9.1.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kan ikkje love fritak for sidemål Utdanningsministar Kristin Clemet er tilhengjar av fritak frå sidemåls­undervisninga i Oslo, men ho kan likvel ikkje love at Oslo kommune får innvilga søknaden om fritak, skriv Aftenposten.

Lagt ut 8.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nektar å lese av målar på bokmål Advokat Olav Felland på Dalen er ein ukueleg målmann. No slå r han nok eit slag for nynorsk. Han nektar å lese av vassmålaren, då kommunen sender ut avlesingskort på bokmål, fortel Telemarksavisa.

Lagt ut 8.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Har ikkje lov til å gje sidemålsfritak Direktør ved Nynorsk Kultursentrum, Ottar Grebstad, meiner regjeringa ikkje har dekning for å gi Oslo fritak frå sidemålsopplæring, skriv NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 8.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Fleirtal mot nynorsk i Oslo Eit fleirtal i bystyret i Oslo vil gå inn for å fjerne den skriftlege sidemålsundervisninga for 16-19-åringar, skriv NRK Kultur.

Lagt ut 8.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vil diskutere sidemålsundervisninga Den nye språkdirektøren Sylfest Lomheim er open for å endre sidemåls­undervisninga, og kanskje fjerne sidemålsstilen. Han får kritikk av Finn Erik Vinje for å favorisere nynorskelevane. Les meir hjå NRK Kultur. Radio: Høyr debatten mellom Lomheim og Vinje frå Kulturbeitet.

Lagt ut 5.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Betaler og søkjer på nytt Norsk Målungdom godtek straffedomen etter saka om overrapportering av medlemer, og vil betale tilbake det dei har fått for mykje i stønad frå staten. BFD seier at det er aktuelt å lage ei tilbakebetalingsordning over fleire år, skriv Bergens Tidende.

Lagt ut 2.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

NMU tek avstand frå medlemsjuks Målungdomen seier seg leie for overrapporteringa av medlemer som har skjedd tidlegare i lesarbrev i ulike aviser, mellom anna Nationen.

Lagt ut 2.1.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

31. oktober

  • 1900 Studentmållaget i Oslo vart skipa.

1. november

  • 1864 Den fyrste folke­høg­skulen, Sagatun, vart skipa på Hamar.

3. november

  • 1911 Hartvig Kiran vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen