nynorsk.no

22.10.2017

Arkivet for
nynorsk.no: februar 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Støtt den norske kulturbåten! For nokre år sidan vart drifta av kulturbåten Innvik lagd ned, og vestlandskysten miste ein viktig kulturformidlar. Hordaland Mållag oppmodar no Kulturdepartementet om å gå inn for å få sjøsett ein ny norsk kulturbåt så snart som råd. Les meir i Nationen.

Lagt ut 29.2.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Mange vil sjå Bikubesong Etterspurnaden etter billettar har vore enorm, og Lindehuset på smelteverkstomta i Odda er rydda for å verta teatersal. Positive Døgn-gjengen har gjort det meste arbeidet, men no kjem Odda Mållag og fleire andre organisasjonar med i prosjektet. Les meir i Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 27.2.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Vil halda på nynorsk
Nynorsk-kommunane Fræna, Sandøy, Aukra og Nesset bør markera seg sterkare for nynorsk språk, meiner Fræna SV. Les meir i Romsdals Budstikke.

Lagt ut 26.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

«Muslingekød» og «blæksprutteringe» på Spar
Språkminoritetar har det tøft i dei globaliserte tidene me lever i. I ein travel forretningskvardag er det freistande å gje blaffen i språket. Men set du «muslingekød» og «Blæ ksprutteringe» på prislappen i ein butikk midt i Hardanger - då ber du om bråk. Les meir i Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 25.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Tre vil verta nynorsk mediesjef
Det har meldt seg tre søkarar til stillinga som leiar for Nynorsk mediesenter. Senteret skal etablerast i Førde 1. juli i år. Les meir på nrk.no.

Lagt ut 25.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gjev 100.000 til nynorsk
Trass i at berre ein av 35 lærarar har nynorsk som hovudmål og stor motstand mellom elevane, vil Ringstadbekk skole i Bærum styrkja nynorskundervisinga. Les meir i Nationen og i Budstikka.

Lagt ut 24.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Øvrebotten går av som distriktsredaktør
Magni Øvrebotten vil gå av som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, og har søkt stillinga som leiar i Nynorsk mediesenter. Les meir på Nrk.no.

Lagt ut 24.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskens kulturelle plass i skulen
"Eg synest mange av dei som no ytrar seg om sidemålet på eit kulturpolitisk grunnlag, er dårleg informerte om det som rører seg i skulekvardagen. Og mange av dei som ytrar seg på eit skulepolitisk grunnlag, overser dei kulturpolitiske perspektiva", skriv Ottar Grepstad. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 20.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språk og skaut frå norske dalføre
- skråblikk på sidemålsstriden i Oslo, Finn Erik Vinje og Carl Ivar Hagen. Les meir i Vikebladet.no.

Lagt ut 19.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lyg så det renn - på nynorsk
Peer Gynt på nynorsk - og med amerikansk musikk. Neste års gigantoppsetning av Ibsens versedrama utfordrar biletet me har av nasjonaleposet på fleire vis. Prosjektet er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Den Nationale Scene. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 19.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vann energipris med nynorsk stil
Eit godt svar totalt sett og ein glitrande stil, sytte for at sjuandeklassingar frå Skaun fekk 5.000 kroner i premie for å kome på andreplass i TrønderEnergiprisen 2003. Les meir i Trønderbladet.

Lagt ut 18.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Sparebanken Vest
Kundane i Sparebanken Vest kan få både kontoutskrifter og låneinformasjon på nynorsk. No har banken fått målprisen frå Hordaland Mållag for den sterke nynorskbruken sin. Les meir i Nordhordland.

Lagt ut 18.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nederlendarar i Fyresdal vil læra nynorsk
Mange nederlendarar er flytte til Fyresdal, og no lurer dei på kvifor dei vaksne lærer bokmål på vaksenopplæringa, medan borna lærer nynorsk i skulen. Les meir på kommunal-rapport.no

Lagt ut 18.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

No kan du studera nynorsk som sidemål
Høgskulen i Volda (HVO) startar opp to nye og svært aktuelle norskstudium hausten 2004: Nynorsk som sidemål (30 stp) og Norsk som andrespråk (30 stp). HVO har også fått om lag kr. 200000 til eit forskingsprosjekt med tittelen Nynorsk som sidemål. Les meir i Høgskulen i Volda og www.nm.no.

Lagt ut 17.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil styrkje nynorskopplæringa
Det er behov for ei institusjonell styrking av undervisninga i nynorsk, meiner Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum. Innspelet er sendt til politisk leiing i Utdannings- og forskingsdepartementet. Les meir i Sunnmørsposten.no.

Lagt ut 17.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk mediesenter
- eit nytt tiltak i rett tid. Frå 1.juli i år skal Nynorsk mediesenter vere i drift i Førde, og i august skal dei fire fyrste nynorskpraktikantane vere på plass. Les meir på nrk.no.

Lagt ut 16.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Står på for nynorsk og litteratur
Jobb og fritid handlar mykje om den same interessa, for bokhandlaren og nynorskmannen Ragnvald Christenson. No planlegg han programmet for Litteraturdagane i Vinje, som i år vil ha Tarjei Vesaas som tema. Les meir i Varden.

Lagt ut 16.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkvaktarane
Heldigvis lever engasjementet for det norske språket i beste velgåande. Diskusjonen rundt framlegget frå Oslo-byråd om å fjerna sidemålsstilen er, forståeleg nok, breid og temperamentsfull. Derimot er det komisk å sjå korleis nokre små ord fører til at rutinerte politikarar blæs seg opp og rasar over Norsk språkråd Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 15.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Side brok vann årets urørt
Dei kjem til å vinne, sa jurymedlem Håkon Moslet om Side Brok alt før alle stemmene var gjevne i fredagens urørt-finale. Og rapparane frå Ørsta stakk av med sigeren. Les meir på tv2.no.

Lagt ut 14.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Stemde nei til oppnorsking
Du kan ikkje skriva køpp, men du kan skriva bakalao med k. Det har Språkrådet vedteke, men dei mest kontroversielle framlegga til nye skrivemåtar for utanlandske ord vart røysta ned. Les meir på nrk.no.

Lagt ut 13.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kultur-opprop for sidemål
I Oslo har byrådet gjort framlegg om at kommunen skal søkje om fritak for obligatorisk sidemål. Denne saka er langt frå avgjort! Skriv under på oppropet her.

Lagt ut 13.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkstrid i Finland
Finske styresmakter har opna dinasikt.fi for betre kontakt med folk flest. Dette har utløyst hatske åtak mot svensk i Finland. Les meir på yle.fi.

Lagt ut 11.2.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Erna Osland festspeldiktar
Erna Osland har fått æra av å vera festspeldiktar under årets festspel i Bergen. Les meir på nrk.no.

Lagt ut 11.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dustefjerten vert opera
Rune Belsvik skriv opera, men han har aldri har sett ein operaframsyning sjølv. I 2006 går Dustefjerten til scenen i Kristiansand. Les meir på nrk.no.

Lagt ut 11.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskslurv ved NTNU
Ein eksamenstekst på nynorsk ved NTNU i Trondheim før jul inneheldt godt over 100 skrivefeil. Universitetet går no gjennom rutinane sine. Les meir på nrk.no.

Lagt ut 10.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Frå skulestrid til målstrid?
Samanslåinga av skulane i Dagali og Skurdalen fører til folkerøysting om skulemålet. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 10.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Venstre slår ring om nynorsken
Vestfold Venstre vedtok på årsmåtet sitt sist helg ein fråsegn der dei ber regjeringa, ved utdanningsministeren, om å «slå ring om nynorsk som målform». Les meir i Sandefjords blad.

Lagt ut 10.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Førde får statleg tilsyn, krev nynorsk namn
Førde jublar over 10 nye statlege arbeidsplassar etter at det er klart at byen får det nye Stiftelsestilsynet. Men namnet godtek dei ikkje. - Stiftingstilsynet skal det heite, sier rådmann Ole John Østenstad i nynorskkommunen Førde. Les meir i Aftenposten og i Firda.

Lagt ut 10.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skulesjef med nynorsk-refs
Rektorane i Bærumsskulane har fått klar melding av skulesjefen. Han vil ha betre prestasjonar i nynorsk. Les meir i Asker og Bærums budstikke.

Lagt ut 10.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Heilnorsk under . no
Frå og med i dag kan du søkje om lov til å ta i bruk domenenavnet blåbærsyltetøy.no. No er det nemlig muleg å bruke nasjonale teikn, men det er knytt ein del startsvanskar til dei 23 nye teikna. Les meir i Adressa.

Lagt ut 10.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Det nynorske Oslo
Mange i Oslo vil jubla om byrådet greier å kvitta seg med nynorsken. Men mange er samstundes lukkeleg uvitande om at dei faktisk bur i Noregs nynorskhovudstad, omgjevne av nynorsk på alle kantar. Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 7.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Oslo er ein småleg hovudstad - Oslo er ein så småleg og lite romsleg hovudstad at den umogeleg kan gjera seg fortjent til å bli europeisk kulturby, seier Olav Kobbeltveit. Radio Røynda i NRK P1 har kasta seg på saka.

Lagt ut 6.2.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Leiar for Nynorsk mediesenter NRK lyser ut stilling som leiar for Nynorsk mediesenter i Førde. Senteret skal vere i drift frå 1. juli i år, og vil få tre tilsette. Senteret er organisert som ein del av NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 6.2.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Hauge på dansk
For fyrste gong er Olav H. Hauges hovedverk "Dropar i austavind" tilgjengeleg på dansk. Les meir pånrk.no.

Lagt ut 4.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Manar til kamp mot åtaket på nynorsken
? Det handlar om å bli kvitt nynorsken, ein gong for alle, seier Sylfest Lomheim, direktør for Norsk Språkråd, og understrekar alvoret i det åtaket som no kjem frå bokmålshald. Les meir i Sogn avis.

Lagt ut 4.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ventar med endring i rettskriving
Kulturdepartementet har bestemt at det førebels ikkje skal gjerast endringar i rettskrivinga for bokmål og nynorsk. Språkrådet har dei siste åra vedteke fleire endringar, men departementet seier eventuelle endringar fyrst vil gjelda fra hausten 2005. Les meir i Sogn avis.

Lagt ut 4.2.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

31. oktober

  • 1900 Studentmållaget i Oslo vart skipa.

1. november

  • 1864 Den fyrste folke­høg­skulen, Sagatun, vart skipa på Hamar.

3. november

  • 1911 Hartvig Kiran vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen