nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mars 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Regjeringa med åtak mot sidemålet Etter pressekonferansen i dag er det no klårt at regjeringa vil kutte sidemålseksamen i ungdomsskulen. I vidaregåande skule skal eit fåtal elevar verte trekte ut til sidemålseksamen. - Regjeringa kjem no med eit alvorleg åtak mot sidemålsordninga, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Les pressemeldinga her.

Lagt ut 31.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Slag i trynet for lokaldemokratiet Norsk Målungdom går i dag hardt ut mot Solberg, og meiner at samanslegne kommunar vil svekkja lokaldemokratiet og nynorskbrukarane sine rettar. Les utspelet her.

Lagt ut 31.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skulkar nynorskrapportering To månader etter at fristen gjeikk ut, har berre helvta av institutta levert rapportane sine om nynorskbruk til Språkrådet. Bruken ligg langt under kravet om 25 prosent. Les meir i Universitas.

Lagt ut 31.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemål ikkje viktig Nynorsk og bokmål er like viktige i skulen, men det spørst om hovudmål og sidemål er det, sa Clemet på pressekonferansen i dag. Les pressemeldinga her.

Lagt ut 31.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil KrF og Venstre gå til åtak på nynorsken? Hordaland Mållag åtvarar KrF og Venster mot å stø framlegga frå Clemet og seier det vil vera skammeleg om desse partia no skal stå medansvarlege for byggja ned statusen til nynorsken. Les meir her.

Lagt ut 31.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

? Nynorsk bør gi ekstrapoeng Ved opptak til høgre utdanning bør søkjarar med sidemål få fortrinn, meiner professor ved UiO Ola Stafseng. Les meir på Universitas.

Lagt ut 31.3.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Røysting i Soma Bokmålet vann den rådgjevande skulemålsrøystinga i Soma i går. Rektor, som har vore aktiv på bokmålssida før røystinga, er glad for resultatet, og trur no på fleire elevar på skulen. Les meir hjå NRK Rogaland.

Lagt ut 31.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lomheim mot målstrid Dersom vi ikkje sluttar å krangla om bokmål og nynorsk risikerer vi at det norske skriftspråket blir radert ut av engelsk, hevdar språkdirektøren. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 31.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk nederlag Framlegget frå Clemet er eit nederlag for Noreg som kulturnasjon, skriv Jærbladet på leiarplass i dag. Les meir i Jærbladet.

Lagt ut 31.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Eks-riksmålsmann vil ha nynorskeksamen - Hvis eksamen i nynorsk blir fjernet i ungdomsskolen, må det skje på én premiss: Alle som senere søker jobb i offentlig administrasjon må avlegge skriftlig prøve i nynorsk. Les meir på bt.no.

Lagt ut 30.3.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Støtte til Nynorsk mediesenter Fleirtalet i kulturkomiteen på Stortinget - alle utanom Framstegspartiet - ber departementet saman med NRK sikre det nyoppretta Nynorsk Mediesenter i Førde eit stabilt og langsiktig økonomisk grunnlag. Les meir på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 30.3.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Det vanskelege sidemålet At sidemålseksamen vert fjerna er samstundes å imøtekoma sterke Oslo-ønskje om å få bort nynorsken som mange også i våre dagar tydelegvis oppfattar som eit «grautspråk». Sjølvsagt slepp elevane i nynorskdistrikt eksamen i bokmål som er deira sidemål, men for fleirtalet betyr det truleg lite. Les meir på Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 30.3.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Der Aasen er helten, i tjukkaste Oslo Dei kjem frå heile verda, dei er norske og dei dyrkar Ivar Aasen. På Holmlia skole i Oslo får dei nynorsk inn bakvegen. Og dei trivst med det. Les meir på bt.no.

Lagt ut 30.3.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Felles kulturplattform frå Ap, Sv og Sp Ap. Sv og Sp vil ha ein offensiv språkpolitikk. Dei krev òg at sidemålsopplæringa vert utvikla og betra, ikkje redusert. Les meir på Ballade.no.

Lagt ut 30.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lars Lillo på nynorsk Lars Lillo-Stenberg har skrive musikken til Jon Fosse-stykket «Dei døde hundane». Stykket har urpremiere på Intim- scenen ved Rogaland Teater 30. april. Les meir i Aftenbladet.

Lagt ut 30.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken send på historisk museum "Vi er tilfreds med at det opprettes et eget senter for nynorsk, men det burde kommet i tillegg til en modernisering av nynorskopplæringen i skolen", skriv Harstad Tidende i dag. Les meir i her.

Lagt ut 30.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gode signal for Kulturbåten og Nynorsk mediasenter Kulturkomiteen forhandla til seint på kveld i går om innstillinga til Kulturmeldinga. Blant dei tinga som vart nemnde i merknadene til meldinga var Kulturbåten og Nynorsk mediasenter. Les meir i Firda.

Lagt ut 30.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Helseføretaka inn under mållova Kultur- og kyrkjedepartementet gjorde 18. mars 2004 vedtak om at helseføretaka kjem inn under lov om målbruk i offentleg teneste. Vedtaket får m. a. fylgjer for: tenestemål og informasjonstilfang, namn på helseføretaka og korrespondanse. Les meir i Lovdata.

Lagt ut 29.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Stor nynorsksiger for elevane Regjeringa vil endeleg fjerne unntaket i opplæringslova, som har ført til at elevane berre har hatt tilgang på programvare på bokmål, skriv Noregs Mållag i ei pressemelding i dag. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 29.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Tilgjev dei ikkje, for dei veit kva dei gjer! «Sjølvsagt skulle vi ikkje hatt sidemål. Dersom rettferd hadde fått råde, skulle vi hatt to likeverdige skriftspråk, som borna frå første klasse skulle lære å skrive», skriv leiaren i Sunnmøre Mållag i dag i Sunnmørsposten.

Lagt ut 29.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Svekking av sidemålet Fleire aviser går i dag hardt ut mot lekasjane Clemet kom med om stortingsmeldinga fredag, og ingen trur på orda om at å fjerna eller gjera om sidemålseksamen fører til noka styrkjing av sidemålet eller nynorsken si stilling. Les meir i Gudbrandsdølen Dagningen og Dagbladet.

Lagt ut 29.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Elevane badar i nynorsk Ei rad Oslo-skular lét undervisninga gå føre seg på nynorsk i fleire av faga, mellom anna i religion. Språkbad kan gjera dagens keisame nynorskundervisning meir kvardagsleg, meiner fagfolk. Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 28.3.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Krigserklæring mot nynorsken Norsk Målungdom og Noregs Mållag har reagert knallhardt mot framlegget frå regjeringa om å fjerna skriftleg eksamen i sidemål i ungdomsskulen og å gjera sidemålseksamen til trekkeksamen i vidaregåande skule. Les reaksjonane frå NMU og frå Noregs Mållag.

Lagt ut 27.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Krigserklæring å fjerne eksamen Noregs Mållag ser det som ei krigserklæring at regjeringa vil fjerne eksamen i sidemål i ungdomsskolen. 90 prosent av elevane vil med dette sleppe eksamen i nynorsk, skriv NRK Kultur. Høyr innslaget frå Kulturnytt

Lagt ut 26.3.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Fosse til folket NRK har laga ein dokumentar om dramatikaren, nynorskmannen og den myteomspunne Jon Fosse. Fosse er den mest kjende norske dramatikaren i dag, men seier konsekvent nei til å stille opp i TV-program og intervju. Les meir hjå NRK Kultur.

Lagt ut 26.3.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nasjonalt senter for nynorskoppplæring I stortingsmeldinga vert det føreslege å oppretta eit nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Dette skal lokaliserast til Ivar Aasen-senteret for nynorsk skriftkultur i Volda. Senteret skal leia og koordinera arbeidet med å utvikla innhaldet i nynorskopplæringa. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 26.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Regjeringa vil fjerna sidemålseksamen Regjeringa ynskjer å fjerna eksamen i norsk sidemål for elever på ungdomsskulen, men undervisninga i skriftleg sidemål skal bestå. Meir på Dagbladet.no, NRK.no og i Aftenposten.

Lagt ut 26.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lærarar kjempar for sidemålet Lærarane i Skiptvet vil ha skriftleg sidemål i skulen, og sier nei til å søkja om fritak. Les meir i Smaalenenes Avis.

Lagt ut 25.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmål mot nynorsk i Gausdal Skal hovudmålet vera bokmål eller nynorsk? Torsdag kveld avgjer kommunestyret i Gausdal om det skal verta folkerøysting om hovudmålet på Engjom skule. Les meir hjå NRK Hedmark og Oppland.

Lagt ut 25.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Heite elevdebattar om språkleg valfridom Meir enn 500 elevar i den vidaregåande skulen har vore på elevting i Oslo. Privatskular og nynorsk skapte heite debattar. Les meir om saka i Varden.

Lagt ut 25.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Vil fjerna nynorsken Finnmark fylkeskommune har bestemt seg for å fjerna nynorsk som obligatorisk språk i skulen. Les meir i Dagbladet.

Lagt ut 25.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Per Sivle-kveld i Ås Mykje av det han skreiv i gjennom sitt relativt korte liv er blitt ståande som merkjesteinar i norsk og ikkje minst nynorsk dikting. Torsdag inviterer Ås Mållag og Ås bibliotek til Sivle-kveld. Les meir i Østlandets Blad.

Lagt ut 25.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk er itte skummelt! Nynorsk er korkje skremmande eller farleg, slik mange skal ha det til, forsikra forfatter Sigmund Løvåsen niandeklassingane ved Trysil ungdomsskole. Les meir i Østlendingen.

Lagt ut 25.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sigbjørn Hjelmbrekke ny leiar i NMU Det 43. landsmøtet i Norsk Målungdom valde i helga Sigbjørn Hjelmberkke (24) til ny leiar i organisasjonen. Les pressemeldinga frå NMU her.

Lagt ut 24.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lønning ut mot skriftleg sidemål Brukarar av bokmål og nynorsk har ingen særlege problem med å forstå kvarandre. Difor er opplæring i skriftleg sidemål vorte overflødig, skriv Inge Lønning i Aftenposten.

Lagt ut 24.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kulturbyen nedprioriterer nynorsk Sandnes vil vere kulturby, men vel vekk nynorsken? Elevane ved Skeiene ungdomsskole meiner politikarane prioriterer feil. Les saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 23.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorsk er ikkje naudsynt Unge Høgre med ny nynorskhets: Trine Marie Lie og Catrine Collins dom er klar: -Nynorsk er unødvendig og ikkje noko gøy. Les saka i Agderposten.

Lagt ut 20.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Landsmøte i Dale 19.-21. mars Denne helga skipar NMU til landsmøte i Dale i Sunnfjord med utsendingar og observatørar frå heile landet. Landsmøtetalar i år er lektor i mediespråk ved Høgskulen i Volda, Jon Peder Vestad. Han skal snakka om framvegar for nynorsk i media. Meir om programmet og landsmøtet finn du hjå Norsk Målungdom.

Lagt ut 19.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lei av språkleg husmannsånd Foreldra til Jon Eikemo tala dialekt og skreiv nynorsk. Men bibelen ville dei ha på riksmål; fordi dei meinte Jesus nok ikkje tala nynorsk. Les meir i Tidens krav.

Lagt ut 19.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Størst i landet på nynorsk Det er ikkje vanskeleg å finna barne- og ungdomslitteratur på nynorsk. Iallfall ikkje på Bryne. Ein av bokhandlarane her har alt som er å oppdriva. - Størst utval i landet, seier eigar av Orre Libris, Margrethe Orre. Les meir i Jærbladet.

Lagt ut 19.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Jostein Nerbøvik er gått bort Jostein Nerbøvik døydde 18. mars. Den kjende historikaren frå Volda vart 65 år gamal. Les meir hjå Aasentunet og i Sunnmørsposten.

Lagt ut 19.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

500 underskrifter for nynorsk på Kristianlyst To niandeklasseelevar på Kristianslyst Skole i Stavanger har starta ein underskiftskampanje for å få nynorsk som hovudmål på skulen sin. Les meir på Nrk.no.

Lagt ut 17.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bruk nynorsk data på UiO! I fjor vår søkte rektor Arild Underdal om å sleppa kravet om minimum 25 % nynorsk. Kravet vart grunngjeve med at UiO ligg på Austlandet No finst det eit glimrande høve for UiO: Gje alle nye og gamle studentar tilbod om nynorsk programvare, skriv Håvard Tangen i Studentmållaget i Oslo. Les meir i Universitas.

Lagt ut 17.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Avsporingar i språkdebatten Slik vi ser det så treng vi ein forsvarspolitikk for norsk språk, for nynorsken og bokmålet. Den bør vera eit viktigare tema i språkdebatten frametter enn dragkamp og rivalisering. Meir les du i Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 17.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sunnmørsposten vil ha obligatorisk sidemål Dersom sidemålet vert valfritt i skulen, er det berre eit tidsspørsmål før nynorsk er utradert som skriftspråk. Ei slik utvikling vil vera ille for den norske språkkulturen, meiner Sunnmørsposten.

Lagt ut 15.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

- Bokmål er meir truga enn nynorsk Aftenbladet og sjefsredaktør Tom Hetland vann årets målpris, og nytta høvet til å kome med radikale synspunkt om nynorsken si stilling. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 15.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Kjell Bitustøyl Telemark Mållag sin Målpris for 2003 gjekk i år til Kjell Bitustøyl frå Bø. Les meir hjå NRK Telemark.

Lagt ut 15.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmål kan verta hovudmål i Engjom Nynorsken kan vera på veg ut av Engjom skule. Truleg vert det skulemålsrøysting i krinsen innan starten av neste skuleår, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 15.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Frå bokmål til nynorsk i Florø Til hausten blir det for fyrste gong eit reint nynorskårskull ved Florø Barneskule. Les meir på Nrk.no og i Firdaposten.

Lagt ut 13.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Strid om nynorsk Ap-ordførarane i Follo går kvar sin veg i spørsmålet om elevane skal få velja bort nynorsk. ? Me må ikkje gløyma nynorsken. Det er ein viktig del av kulturen vår, meiner Ski-ordførar Gunvor Eldegard. Les meir i Østlandets Blad.

Lagt ut 12.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Språkstatistikk for departementa i 2001, 02 og 03 Språkstatistikken for dei tre siste åra viser at ingen av departementa oppfyller kravet om minst 25 pst. av kvar målform i alle kategoriar av sentralt informasjonstilfang Meir hjå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Lagt ut 11.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Seminar om Nynorsk som sidemål Tysdag 16. mars vert det halde seminar om sidemål på Høgskulen i Volda. Seminaret set søkjelys på den norske språksituasjonen generelt og sidemålet spesielt. Overordna tema for seminaret er nynorsk som sidemål i ein språksituasjon med eit hovudmål og eit sidemål som obligatorisk opplæring i skulen. Programmet finn du hjå Høgskulen i Volda.

Lagt ut 11.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fosse let seg overtala til Gynt Ikkje hadde han tid. Og ikkje vart han lokka med meir pengar. Likevel slo Jon Fosse kontra og takka ja til å omsetja «Peer Gynt». Meir les du i Bergens Tidende.

Lagt ut 10.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

For lite bokmål Dei fleste får kjeft for å bruka for lite nynorsk - ikkje Lotteritilsynet. Meir finn du i Dagbladet.

Lagt ut 10.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Henrik Krohn og dei bergenske målmennene I slutten av 1850-åra blas ein frisk nasjonal vind over borgarskaps ungdomen i Bergen: Yngre blad frå kjende familiar som Grieg, Krohn, Friele, Christie, Beyer, Kooter, Unger, Krüger, Prahl, Schielderup osv., samla seg om den attfødde målsaka og la seg etter studiar av det gamle norrøne målet og samtidas bygdemål. Les meir om desse i Bergens Tidende.

Lagt ut 10.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språket på spel Framtida til morsmålet vårt er utrygg. Dei som ikkje veit det, følgjer dårleg med, skriv Sylfest Lomheim. Les kronikken i Dagbladet.

Lagt ut 10.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

400 mot nynorsk Kantina på Kirkeparken vidaregåande skule var i går full av elevar som ville skriva under for å få valfri sidemålsundervising. 400 underteikna. Les meir i Moss Avis.

Lagt ut 10.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskundervising er ikkje bortkasta tid ? Nynorskundervisinga er eit viktig nasjonalt spørsmål. Difor må ein ta overordna grep om spørsmålet og ikkje endra vegval lokalt, seier tidlegare kulturminister Ellen Horn. Les meir i Nationen.

Lagt ut 9.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ynskjer nynorsk som valfag Asker kommune ber om at ungdomsskuleelevane får sleppe nynorsk skriftleg. Les meir i Asker og Bærums Budstikke.

Lagt ut 8.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Tykkjer nynorsk er keisamt - Åh, nynorsk er berre så forferdeleg keisamt! meiner Therese og Hanne. Båe er 14 år og går på skule i nynorskkommunen Fjell. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 8.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nektar Clemet å fjerna sidemålet - Det vil ikkje ta seg ut i det heile teke om denne regjeringa fjernar nynorsk som sidemål, seier Anita Apelthun Sæle (KrF). Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 8.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nei til nynorsk-stans Oslo Ap vil likevel ikkje stø opp om framlegget frå byrådet om valfritt sidemål for alle elevane i den videregåande skulen i Oslo. Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 8.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Clemet vil ha valfritt sidemål I eit hemmeleg regjeringsnotat føreslår Kristin Clemet (Høgre) å fjerna obligatorisk eksamen og skriftleg undervising i sidemål i norsk skule. Les meir i Verdens Gang.

Lagt ut 6.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Oslo Ap støttar byrådet Oslo-elevane er eit skritt nærmare valfri skriftleg nynorsk etter at partistyret i Oslo Arbeiderparti no har gjeve si støtte til byrådet sitt framlegg. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 6.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Foreldre ut mot nynorsken At mange av ungane slit med nynorsken, synest Ragna Merethe Eia Helleren er eit godt argument for å leggja om til bokmål ved Heskestad skule. ? Det er dei flinke som greier å halda på nynorsken. Hjå mange blir det ei blanding. Kva er vitsen då? Det er betre å kunna skriva eitt skriftspråk skikkeleg enn å blanda to, meiner ho. Les saka i Dalane Tidende.

Lagt ut 6.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis stil på nynorsk Fylkesvaraordfører Tom-Christer Nilsen (H) får ikke flertallet med seg på å gi elevene i Bergen fritak fra å skrive stil på nynorsk. Les meir i BA.

Lagt ut 5.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sunnmøre mållag på beina att På grunn av sjukdom har det ikkje vore aktivitet i Sunnmøre mållag dei to siste åra. Men i Aasen-tunet sist laurdag sa Marie Lovise Widnes frå Hareid mållag ja til å gå inn i leiarvervet. Les meir i Vikebladet.

Lagt ut 4.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Oppland Høgre vil ha valfritt sidemål Høgre vil ha valfritt sidemål i dei vidaregåande skulane i Oppland. Elevane må få fritak frå skriftleg sidemålseksamen. Les saka i Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 4.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Til valurnene om skulemål 1. april Temaet er alvorleg nok, og ingen aprilspøk. Torsdag 1. april skal folk i Dagali og Skurdalen velje mellom bokmål og nynorsk som skulemål. Hallingdølen.

Lagt ut 4.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Øvrebotten vert sjef for Nynorsk Mediesenter Distriktsredaktør Magni Øvrebotten er tilsett som den fyrste leiaren for det planlagde Nynorsk mediesenter i Førde, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 3.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nei til nynorsk i Vestfold 2.050 elevar frå dei ni vidaregåande skulane i Vestfold vart nyleg spurde om haldninga si til nynorsk. Heile 91 prosent av elevane ynskjer valfritt sidemål. Les meir i Tønsbergs Blad.

Lagt ut 3.3.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

"Bikubesong" til Kina Den mangfaldige flokken av arbeidsbier i Frode Gryttens vestlandskube, "Bikubesong", har nådd Kina. Boka er kjøpt opp av eit statleg forlag i Beijing. Les meir på nrk.no.

Lagt ut 1.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Opprop for sidemål Kulturoppropet for sidemål vert overrekt byråd for utdanning i Oslo i morgon 2. mars. Markeringa finn stad på Det Norske Teatret i Oslo klokka 1600. Og har du ikkje skrive under på oppropet, er det framleis høve til å gjera det her! Meir informasjon om overrekkjinga finn du hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 1.3.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen