nynorsk.no

24.3.2017

Arkivet for
nynorsk.no: april 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Prisdryss Samlagsprisen til Eva Jensen, Melsomprisen til Erling Indreeide og Hellevikprisen til Ingvild Bryn. Alt dette og meir til kan du lesa om hjå Samlaget.

Lagt ut 30.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Pris til "Nattradioen" Kjetil Brottveit fekk Sørlandets litteraturpris 2004 for romanen, "NATTRADIOEN" på Verdas bokdag. Les meir på Nrk.no.

Lagt ut 30.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk kultursentrum om Kultur for læring Nynorsk kultursentrum har sendt høyringsfråsegn til Clemet om stortingsmeldinga Kultur for læring. Kva dei meiner, les du på Aasentunet.no.

Lagt ut 30.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bikubesong på heimebane Det Norske Teatret har flytt Bikubesong heim til Odda og er premiereklare. Tenk positivt-gjengen i Odda, har saman med mållaget og ungdomslaget eit budsjett på 1,2 millionar på Bikubesongstuntet. Les meir i Haugesunds avis.

Lagt ut 30.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Stilling ledig 7. mai går søknadsfristen for to stillingar ved Nynorsk mediesenter i Førde ut. Meir informasjon finn du hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 29.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Blandar korta Elevrådsleiaren ved Sandefjord videregående skole, som også er FrP-ar, misbrukar stillinga si. Det meiner leiar for Auf i Vestfold Ken Roger Bratteng etter at elevrådsleiaren kom med nye åtak på sidemålet og på AUF i Sandefjords Blad i dag. Les saka hjå NRK Vestfold og i Sandefjords Blad.

Lagt ut 28.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høyringsfråsegn frå Noregs Mållag Styret i Noregs Mållag har vedteke ei høyringsfråsegn om omdanninga av Norsk språkråd. Fråsegna går til Kultur- og kyrkjedepartementet. Les fråsegna hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 28.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha sidemålseksamen på ungdomsskulen Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Kristeleg Folkeparti oppmodar KrF-gruppa på Stortinget om å gå imot framlegget om å ta vekk sidemålseksamen på ungdomsskulen. Les saka hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 28.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

I all hovudsak er vi einige i sak Grete Riise, leiar i rådet for Nynorsk kultursentrum, meiner at rådet og dei fem professorane ved Nordisk institutt i all hovudsak er einige i sak, og at alle no er opptekne av kva Nynorsk kultursentrum skal gjere vidare for å styrke nynorsken. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 28.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sterk kritikk av Nynorsk kultursentrum Fem professorar, alle tilknytta Nordisk Institutt ved Universitetet i Bergen, kjem i eit brev til rådet for Nynorsk kultursentrum, med det som trygt kan karakteriserast som knallhard kritikk av Nynorsk kultursentrum og indirekte av direktør Ottar Grepstad. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 28.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Elevar krev omkamp i Vestfold Elevar ved Sandefjord vidaregåande skule har sett i gang ein underskriftskampanje for å bli kvitt karakter og eksamen i nynorsk. Les meir hjå Sandefjords Blad.

Lagt ut 28.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Styrk sidemålsopplæringa Bondeungdomslaget i Bergen nytta mellom anna 95-årsmarkeringa si til å stilla krav til regjeringa. Les fråsegna deira her.

Lagt ut 27.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høyringsfråsegn om kompetansesenter Nynorsk kultursentrum meiner me treng ein sterk og samla målpolitikk. Dette er noko av det dei seier i høyringsfråsegna dei har sendt Kultur- og kyrkjedepartementet om kompetansesenteret for norsk språk. Les meir på Aasentunet.no.

Lagt ut 27.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lurte alle! - Det er sinnsykt tilfredsstillande å ta Prince og resten av røkla. Nynorsk-artisten Odd Nordstoga (31) trudde VG-lista var noko andre dreiv med. Les saka hjå VG.

Lagt ut 27.4.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Kamp om Aasen-sambandet Er det liv i Ivar Aasen-sambandet, eller er det nedlagt og daudt? Dette er siste og heitaste stridstema i høgnorskrørsla. Les meir hjå Bergens Tidende.

Lagt ut 26.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Målretta info-direktør Bjørg Sandal kallar seg ikkje for nynorsk-forkjempar. Likevel har ho nokså konsekvent skrive nynorsk både som informasjonssjef i Phillips Petroleum Company Norway, som statssekretær i Olje- og energidepartementet og no som informasjonsdirektør i Helse Vest RHF. ? Det er min måte å kjempe for nynorsken på, seier ho. Les meir hjå LNK-nytt.

Lagt ut 26.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kampvilje i Mållaget Kampen for sidemål var den viktigaste saka då Noregs Mållag var samla til landsmøte i helga. Remi Moen frå Oppegård var i helga utsending frå Follo Mållag på Noregs Mållag sitt landsmøte i Ålesund. Les meir hjå Østlandets Blad.

Lagt ut 26.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Endre Brunstad attvald som leiar i Mållaget Med overveldande applaus fekk Endre Brunstad ny tillit som leiar for Noregs Mållag. Brunstad går med dette på sin andre periode som leiar. ? Kampen for sidemålet er den viktigaste arbeidsoppgåva for målrørsla i den næraste tida, sa Endre Brunstad i avslutningstala til landsmøtet i Ålesund. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 25.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Styrk sidemålsopplæringa! ? Noregs Mållag går sterkt imot å fjerna eksamen i sidemål før ein eventuelt fjernar eksamen i heile norskfaget, slår Endre Brunstad fast. Noregs Mållag har hatt landsmøte i Ålesund i helga. Her har målrørsla lagt strategien for å vinne fram i sidemålsspørsmålet. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 25.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Are Kalvø På festmiddagen laurdag kveld mottok Kalvø Målprisen frå Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 25.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget krev nynorsk på Gardermoen Landsmøtet i Noregs Mållag 2004 krev at hovudlufthamna på Gardermoen vert skilta på både bokmål og nynorsk. Det vil gjera det språklege mangfaldet synleg, og visa at Noreg er ein tospråkleg stat. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 24.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Målblome til Geir Grav og Torill Tørjesen ? Målblomen for 2004 går til to personar som kvar for seg ? kan hende utan å vite det sjølve ? har skapt eit av dei sterkaste argumenta for meir sidemål i skulen, sa Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, under utdelinga på landsmøtet. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 24.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Gatekonsert med suksess Side Brok gjorde braksuksess på gatekonserten for nynorsk i Ålesund. Om lag 500 unge og vaksne hadde møtt fram og skapte ei fantastisk stemning på markeringa! Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 24.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk litteraturpris til Jon Fosse Nynorsk litteraturpris 2003 har blitt tildelt Jon Fosse. Han fekk prisen for boka «Auge i vind». Prisen er på 15 000 kroner. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 24.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Leiartale på landsmøtet i Ålesund Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, har helde si første leiartale for landsmøtet i mållaget. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 24.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk barnelitteraturpris til Hilde K. Kvalvaag Nynorsk barnelitteraturpris for 2003 går til ein debutant. Det er sjeldan generelle litteraturprisar går til debutantar, men det er også sjeldan at debutantar skriv så modent og stilsikkert som det Hilde K. Kvalvaag gjer i boka Hjarteklapp, heiter det i jurygrunngjevinga for Nynorsk barnelitteraturpris. Prisen vart delt ut på landsmøtet i Noregs Mållag i Ålesund i dag. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 23.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Lite seriøs sidemålsopplæring - Nynorskopplæringa skal styrkast, og det første steget er å fjerne eksamen i sidemål! I stortingsmeldinga 'Kultur for læring' er metoden for å styrke nynorskopplæringa inkonsekvent i høve til resten av dei nye planane for skulen. Dette skriv høgskulelektor og styremedlem i Noregs Mållag Anne Steinsvik Nordal i ein kronikk i Sunnmørsposten.

Lagt ut 23.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget: Uttrykket «fjøs-latin» er borte - Uttrykket «fjøs-latin» om nynorsk er borte. Likevel aukar presset mot nynorsk, meiner leiaren i Noregs Mållag, Endre Otto Brunstad. Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 22.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje sidemålsforsøk i Vestfold Arbeidarpartiet snudde i tolvte time og sikra fleirtal mot forsøk med valfritt sidemål i dei vidaregåande skulane i Vestfold. Les meir hjå Tønsbergs Blad.

Lagt ut 22.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Damer med Noregs lengste Etter fem vers er dei berre komne til Jesu fødsel. Og etter 75. og siste vers fekk Meldal songlag latterkrampe! Les meir hjå Sør-Trøndelag.

Lagt ut 22.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

"Kultur for læring" - Det paradoksale med skulereforma er at elevar med nynorsk som hovudmål risikerer å verta dei store taparane, skriv Johan Myking, førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved UiB, representant i Norsk språkråd, vanleg medlem av Noregs Mållag og rådsmedlem i Nynorsk kultursentrum i denne kronikken. Les meir hjå Bergens Tidende.

Lagt ut 22.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Klar til kamp for sidemålet Nynorsken har vore inne i ei god utvikling, med hyggjelege gjennomslag på datafronten til dømes. Men så tok skuleminister Kristin Clemet til å tukle med krava til sidemålet. Les meir hjå Sunnmørsposten.

Lagt ut 21.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

I ordets teneste ? Om eg blir firkanta i hovudet av å skulle redigere åtte ordbøker på ti år? Tja, det er godt mogleg. Godt mogleg. Det seier Tor Erik Jenstad til forskning.no.

Lagt ut 21.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk i tolv band Når Norsk Ordbok kan presenterast i tolv band i året 2014 vil vi for første gong ha ei fullstendig kartlegging av det norske folkespråket. Det vil vere resultatet av 48 års arbeid. Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 20.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mållag saksøkjer Helse Sør Advokat Olav Felland varslar at Telemark Mållag vil gå til søksmål mot Helse Sør. Årsaka er at Helseføretaket ikkje vil endra namn frå Sykehuset Telemark til Telemark Sjukehus. Les saka hjå NRK Telemark.

Lagt ut 20.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Side Brok-konsert for nynorsk Fredag 23. april kl 11.00 skipar Noregs Mållag til gatekonsert med Side Brok på Rådhusplassen i Ålesund. - Det blir ei stormønstring for nynorsken, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Les saka på nm.no.

Lagt ut 20.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ei odd popstjerne Skulle kulturminister Valgerd Svarstad Haugland laga si eiga popstjerne ville ho nok likna på Odd Nordstoga! Les saka hjå adressa.no.

Lagt ut 20.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Jostein Nerbøviks dag i Aasentunet 22. april vert vigd til Jostein Nerbøvik. Siste bandet i Volda-soga vert lansert om føremiddagen og om kvelden eit minneprogram, Mild og myndig, som gjev eit portrett av forfattarskapen. Sjå heile programmet hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 19.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Jan Åge meiner Tippeligaen er i gang og to kampar eg spelte. Til stor glede for mange av oss, held Jan Åge Fjørtoft fram fotballspalta si på nrk.no - på nynorsk! I år er til og med namnet på spalta på nynorsk. Ikkje verst. Les saka hjå NRK.no.

Lagt ut 19.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dagblad-journalist med bok på nynorsk Oddingen Hallgeir Opedal og sonen Vetle har gjevi ut barneboka "Flekkmonsteret bygger harefelle" hjå Det Norske Samlaget. Les saka hjå Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 19.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Johan utan land "Kva gjer ein formann i ein landsskipnad utan spor av tillit frå alle lokallagi og nær det totale fleirtalet av lagsmennene mot seg?" skriv Sergej Alexander Munkvoll frå Nidaros Høgnorsklag i Bergens Tidende. Innlegget er eit svar på innlegget "Politi og lovløysa hand i hand"frå Klaus Johan Myrvoll 5. april.

Lagt ut 18.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Strid om målform Florø Barneskole har framleis bokmål som målform, sjølv om bystyret har vedteke at målforma skal vera nynorsk. Les saka hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 17.4.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Global samnorsk Utan eit språkleg vern er òg norsk i fare for å verta utsletta. Det kan gå raskare enn me trur, skriv Gudleiv Forr i Dagbladet. Les kommentaren her.

Lagt ut 17.4.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Olaug Nilssen fekk gjev forfattarpris Olaug Nilssen (26) frå Førde er tildelt Alfred Andersson Ryssts-prisen 2004. Ho kjem dermed i selskap med forfattarar som Jon Fosse og Olav H. Hauge. Les meir i Firda.

Lagt ut 16.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Slepp ikkje bokprisane fri! Bokprisane stig med frie prisar. Slik var det i England og slik har det vore i dei nordiske landa, skriv Olav Stokkmo, organisasjonssjef i Det Norske Samlaget. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 16.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Urettferdig nynorskfritak Osloelevane meiner sidemålsforsøket i Oslo vert urettferdig. Elevorganisasjonen meiner at det er altfor mange skular med i forsøket. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 16.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålet forsvinn i Flora-skulen Til saman 180 førsteklassingar skal ta til i Flora-skulane til hausten, ein auke på 11 samanlikna med 2003. Og for aller første gong ser det ikkje ut til å bli oppretta ny bokmålsklasse i kommunen i det heile. Les meir i Firda.

Lagt ut 16.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Blanda mottaking av konkurransetilsynsrapport Anne Schiøtz, direktør i Bokhandlarforeininga er skeptisk til rapporten. Ho meniner at dagens ordning sikrar skulebøker både på bokmål og nynorsk over heile landet, samtidig. Fri pris ville gjeve endå dyrare skulebøker i distrikta Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 15.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Svak sidemålssøknad frå Oslo Etter mykje usemje vedtok fleirtalet i bystyret i Oslo 14. april å søkje Læringssenteret om fritak for sidemål ved halvparten av dei vidaregåande skulane i Oslo. - Søknadsvedtaket i bystyret er eit åtak på nynorsken og på kunnskapsskulen, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Han har inga tru på at Læringssenteret vil godta søknaden. Les pressemeldinga hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 15.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Pris til Audhild Audhild Gregoriusdotter Rotevatn fekk Kringkastingsprisen 2004. Les meir på Kampanje.

Lagt ut 15.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

NMU skuffa Norsk målungdom er skuffa over sidemålsvedtaket i Oslo. Les meir om vedtaket og kva som vert sagt frå hovudstaden på nrk.no, NRK Austlandssendinga og i Aftenposten.

Lagt ut 15.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kringkastingsringen ynskjer meir nynorsk for dei yngste i NRK Det vert stadig færre nynorskbrukarar i NRK. Det syner tala i rapporten om det nynorske mediesenteret i Førde. Særleg urovekkjande er det at berre 5 prosent av dei som arbeider i barne- og ungdomsprogramma er nynorskbrukarar. Les innlegget hjå Sunnmørsposten.

Lagt ut 15.4.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Siste nytt: bystyret i Oslo vedtok sidemålsforsøk Med eit fleirtal sett saman av Høgre, Framstegspartet, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti vedtok Oslo bystyre å søkje om eit forsøk der 11 av 22 skular skal sleppe opplæring i nynorsk. Byrådet vil freiste å starte forsøket allereie frå hausten. Desse detaljane er kjende: - 11 av 22 vidaregåande skular skal sleppe nynorsk. - når elevane søkjer skal dei få vita kva skular som er med på forsøket. - forsøket gjeld eitt årskull. Nynorsk.no kjem tilbake med meir om forsøket så snøgt som råd.

Lagt ut 14.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Oddny Ueland er gått bort Tidlegare styremedlem og nestleiar i Noregs Mållag, Oddny Ueland, gjekk bort 11. april. Ho var aktivist i særklasse i Rogaland, og var særs omtykt i heile målrørsla. Våre tankar går til dei etterlatne. Gravferda er i Hinna kyrkje 20. april kl. 13.00. Les meir hjå Vaulen skole.

Lagt ut 14.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Bransjeavtalen i fare Forfatterforeninga fryktar at rapporten som Konkurransetilsynet legg fram i dag kan bety slutten for bokbransjeavtalen. Avtalen sikrar mellom anna lik pris på lærebøker over heile landet. Er dette nok eit åtak på nynorsken? Les meir på Nrk.no og hjå Konkurransetilsynet.

Lagt ut 14.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Året Sivle dukka fram frå gløymsla Fortener diktinga til Per Sivle å bli hugsa? Ja, meiner Jens Brekke og minst 250 andre personar med han. Les meir i Firda.

Lagt ut 14.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny plate frå Odd Nordstoga Luringen kjem med ny plate, og plata er sjølvsagt på nynorsk. Røtene kan ikkje fornektast, seier han i intervjuet. Les meir i Varden.

Lagt ut 13.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk og dialekt! Norsk Målungdom fryktar at østfoldsk og også andre dialektar gradvis skal bli borte. Dei meiner å sjå ein klar tendens til det. Målungdomen varslar difor ein dialektaksjon utover våren. Les meir hjå Sarpsborg arbeiderblad.

Lagt ut 13.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ikkje søkje om fritak frå nynorsk Fylkesrådmannen i Vestfold ynskjer å avvente kva som skjer i Oslo før han evt. går inn for å sende ein søknad om fritak frå nynorsk i dei vidaregåande skulane i Vestfold Les meir hjå Sandefjords Blad.

Lagt ut 10.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Sarpedialekta er fin! Oppfordringa kjem frå Norsk Målungdom, som planlegg Østfoldturné for å minna østfoldingane på kor fin dialekt dei har. Les meir hjå Sarpsborg arbeiderblad.

Lagt ut 9.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sorbisk truga av skulenedleggingar Europarådet bed den tyske delstaten Sachsen om å ta omsyn til den sorbiske minoriteten i skulelova. Halvparten av dei sorbiske skulane er nedlagde det siste året på grunn av nye minstekrav til elevtal på skulane i delstaten. Les meir hjå Eurolang.net. For meir informasjon om minoritetsspråk i Tyskland, sjå hjå Det europeiske byrået for mindre brukte språk.

Lagt ut 9.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Fire nynorskpraktikantar i Førde Nynorsk mediesenter i Førde tek frå 1. september 2004 inn fire nynorskpraktikantar for 6 månader opplæring. Dei får lære journalistikk for radio, fjernsyn og internett og nynorsk eterspråk. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 7.4.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Krangel om svensk «sidemål» Debatten om svensk som eksamensfag i Finland har dukka opp att, ikkje ulikt sidemålsdebatten i Noreg, skriv NRK Kultur.

Lagt ut 6.4.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ulovleg nynorskvedtak i Flora? Det tyder mykje på, etter at kommunestyret vedtok at Florø barneskole skulle skifte til nynorskskule utan rådgjevande folkerøysting i krinsen fyrst. Bokmålsforbundet tek tak i saka... Les meir i Firdaposten.

Lagt ut 6.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Å røre ved bokstavane «MEN DET SKAL vel skrivast 'bason'?» Helge Sandøy skriv om språkrådet og korleis me i Noreg har skrive lånord på norsk. Les meir i Dagbladet.

Lagt ut 6.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Søknad om sidemålsfritak kan gje meir nynorsk i Oslo Striden om å fjerna skriftleg sidemål i osloskulen kan enda opp med at elevane får meir nynorsk. Les meir hjå NRK Austlandssendinga.

Lagt ut 6.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Tredje runde med jentehelt No er tredje og nest siste bok i Skammarserien komen på norsk. Ikkje nok med at det er gode bøker, dei er på nynorsk òg! Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 6.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kven sa kva i Aasentunet? Referatet i Sunnmørsposten frå pressekonferansen i Aasentunet fredag 2. april vart noko unøyaktig. Kven var det eigentleg som snakka om judaspengar? Les orsakinga i Sunnmørsposten.

Lagt ut 6.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Meir nynorsk for dei yngste Kringkastingsringen krev at NRK tek opp målbruken i barne- og ungdomsprogramma så snart råd er. Det politiske kravet om 25 prosent nynorsk må også gjelda her. Les meir i Nationen.

Lagt ut 5.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha sidemål Vestfold Fylkeselevråd vil framleis ha sidemål i den videregåande skulen, men opnar for at karakterar og eksamen forsvinn. Les meir i Sandsfjords Blad.

Lagt ut 5.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemål i Åsane Ved Kyrkjekrinsen skole i Åsane har ungdomsskuleelevane nynorsk og bokmål som sidemål om ein annan. Les meir i BT.

Lagt ut 4.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Politiet bryt lova Sentrale statsorgan som handhevar lover og reglar overfor vanlege borgarar gjev blaffen i pliktene dei er pålagde gjennom språklova. Politidirektoratet, Domstolsadministrasjonen og Utrykningspolitiet er av syndarane. Les meir i Bergensavsien.

Lagt ut 4.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Har ikkje seld sidemålet Grepstad nektar kategorisk på at han skal ha gjeve bort den nynorske sidemålsstilen i byte mot eit nytt nynorsk kompetansesenter i Volda-regionen. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 3.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skryt av skulereformen Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk Kultursentrum skryt av skulereforma som regjeringa skal gjennomføra. Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 3.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Varslar krig for sidemålet Det er fleirtal i Stortinget for å fjerne obligatorisk eksamen i sidemål. Medan motstandarane mot nynorsken jublar, varslar tilhengjarane kamp. - No blir det krig, seier Rune Skjælaaen (Sp). Les meir i BT.

Lagt ut 3.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Finnmark Dagblad: Nynorsk er ikkje naudsynt Nynorsk er ei vakker, melodiøs og kulturberande målform - men akk så unyttig, meiner Finnmark Dagblad. Les leiaren i avisa.

Lagt ut 2.4.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskspøk frå NRK Fyrste april skreiv NRK.no: "Til neste år vil NRK slutta å teksta filmar på nynorsk. Kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland støttar framlegget." Sjølvsagt var det berre tull. Les meir hjå NRK Kultur.

Lagt ut 2.4.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålselev vann nynorskpris Snart ti år gamle Vilde Strand Kompelien frå Etnedal lærer å skrive bokmål på skulen. I helga vann ho Valdres Mållags skrivekonkurranse for aldersgruppa 1. - 4.klasse. Ho skreiv diktet sitt på dialekt og vart best av 217 deltakarar! Les meir i Valdres.

Lagt ut 2.4.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Forkast punktet om sidemål Meldinga til Clemet sviktar totalt på punktet om sidemål. Leiarartikkelen i Sunnmørsposten oppmodar Stortinget om å forkasta punktet. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 2.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Klar svekking av nynorsk Å ta bort eksamen i sidemål er ei klar svekking av nynorsken. Dette er eit steg i retning av å endre norsk språkpolitikk, seier stortingsrepresentant Rune Skjælaaen (Sp). Les meir i BT.

Lagt ut 1.4.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mars

  • 1868 Mållaget og forlaget Det Norske Samlaget vart skipa

27. mars

  • 1848 Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik

6. april

  • 1818 Aasmund Olavsson Vinje vart fødd
  • 1857 Per Sivle vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen