nynorsk.no

29.6.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mai 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Lagnadstime for nynorsken - Det finst berre ein måte å oppretthalde eit tospråkleg eller toskriftspråkleg samfunn på, og dét er at store delar av fleirtalet lærer mindretalet sitt språk, skriv Stephen Walton i Dag og Tid i dag. Dersom Stortinget den 17. juni vedtek St.meld. 30 i si noverande form, er det nynorsken det går ut over. Les heile saka i Dag og Tid

Lagt ut 29.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Folkerøysting i Florø? Det er gjort politisk vedtak om at Flora skal vere ein rein nynorskkommune. Ordføraren ventar no på ei administrativ utgreiing om framgangsmåten. Truleg må det folkerøysting til. Les saka i Firdaposten

Lagt ut 29.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lagar nynorsk lærebok Komikaren Are Kalvø gjev no ut lærebok i nynorsk grammatikk. Boka «Nynorsk på 1-2-3» skal gjere nynorsk kulare for ungdomsskuleelevar. Les heile meldinga hjå Noregs Mållag

Lagt ut 28.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kjerlands antikvariatsverd Arne-Ivar Kjerland har gått av som disponent i Dag og Tid og er no Herr Nynorsk Antivkariat på heiltid. Les om bokbyane og Arne-Ivar i Morgenbladet

Lagt ut 28.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ingen nynorsk-klasse i Oslo Det har aldri vore mindre interesse for ein eigen nynorsk-klasse i Oslo. Berre to elevar er interesserte, og dimed vert det ingen grunnskuleklasse til hausten, skriv NRK Austlandssendinga

Lagt ut 28.5.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Meir strid om nynorsk i Florø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har bestemt at vedtaket om å gjere Florø barneskole til nynorsskule, er ugyldig. Meir les du i Firdaposten.

Lagt ut 27.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

DOBLOUG-pris til Tusvik Prisen, som er på 70.000 kroner, vert delt ut av Svenska Akademien. I juryen for Noreg sat Vigdis Ystad fra Universitetet i Oslo, Per-Thomas Andersen ved Det Norske Videnskaps-Akademi og Arild Stubhaug fra Den norske forfatterforening. Meir les du på Nrk.no.

Lagt ut 27.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Det er haldningar det handlar om Kva meiner leiar i Språkrådet, Sylfest Lomheim, om å gjere sidemålet valfritt i skulen? Me forstår kvarandre likevel, så kvifor treng vi då sidemålsundervisning? Desse spørsmåla svarar han på i eit intervju i magasinet Klikk.

Lagt ut 26.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Noreg på grensa Statens vegvesen foreslår nytt grenseskilt for å markera inngangen til kongeriket betre. Dei har søkt om å få nytta riksvåpenet, og på framlegget til nytt skilt står det både Noreg og Norge. Sjå framlegget i Smaalenene.

Lagt ut 26.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skriv på nynorsk for borna I Høyanger, det Erna Osland voks opp, lærte funksjonærborna bokmål og dei andre borna nynorsk. "Ja, eg hugsar vi tykte synd på funksjonærborna som ikkje fekk læra nynorsk". Les intervjuet med festspeldiktaren i BT.no.

Lagt ut 26.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Underskrifter for nynorsk Tobias Elve (15) og Tobias Nordbø (15) frå klasse 9F på Kristianslyst ungdomsskule i Stavanger vil overlevere 600 underskrifter for nynorsk i skulen til Stortinget. Les meldinga på Hegnar online.

Lagt ut 26.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kultur som sidemål Kultur for læring er tittelen på Stortingsmelding 30 (2003-2004), som fram til 17. juni er til drøfting i Stortinget. Meldinga handlar mest om den 13-årige grunnutdanninga, og er på mange vis forvitneleg. Særleg i synet på kva kvalitet er og koss han kan sikrast. Les Bjørn Kvalsvik Nicolaysen sin kommentar i Dag og Tid.

Lagt ut 24.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Fint med nynorsk "Diskusjonen om nynorsk i aviser og TV bærer av og til preg av at nynorsk er et slags språk som ingen skjønner et plukk av. Mitt skriftspråk er bokmål, mitt talespråk er Oslodialekt, men det betyr ikke at andre norske skrift- og talespråk er utilgjengelig for meg." Les Siw Haugnes sitt innlegg i Dagsavisen

Lagt ut 24.5.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Identitet og dialekt - At du brukar hardingfele og syng på dialekt, vil ikkje seie det same som at du driv med folkemusikk, seier Odd Nordstoga. Les meir hjå Nrk.no.

Lagt ut 23.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Hauge-intervju frå 1984 fram i ljoset Olav H. Hauge var ein viktig aktør i si samtid, og han var viktig for meg ? både som person og som forfattar, seier lyrikaren Eldrid Lunden som no kjem med si fyrste essaysamling på over 20 år. Les meir hjå Dagsavisen.

Lagt ut 23.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Bonde i byen Gløym Idol, Guns N'Roses og Prince. Gi blaffen i glatt masseproduksjon, kalkulert opprør og falmande funk. Noregs mestseljande artist er ein luring som heiter Odd Nordstoga. Sjå kva han seier i Dagsavisen - som denne gong skriv på nynorsk!

Lagt ut 22.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

For lite nynorsk i verda Rolf Theil har heile livet budd i område som folk flest vil rekna som typiske bokmålsregionar. Likevel høyrer han til dei som meiner det er for lite nynorsk i verda. Les intervjuet med målmannen og professoren i Varingen

Lagt ut 21.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålsundervisninga: Lær av dei som får det til! Endeleg blir det sett i gang eit pedagogisk prosjekt der målet er å oppnå betre resultat i sidemålet. Men i staden for å prøve å setje i gang meir forsking og å skaffe seg meir innsikt foreslår departementet å nedprioritere sidemålet ved å ta det bort som eksamensfag i ungdomsskolen og gjere det til "trekkfag" ved eksamen i den vidaregåande skolen. Les meir i siste Språknytt

Lagt ut 21.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målprisvinnarar slår eit slag for heimestilen Godt lesehjarte og språkleg engasjement er noko av forklaringa på at Kristin T. Eide og Elise Mannsåker Ølmheim fekk kvar sine målprisar ved Odda Vidaregåande sist fredag. Dei meiner mellom anna at det er uheldig at skulen har gått bort frå heimestil for avgangselevane. Les meir i Hardanger Folkeblad

Lagt ut 21.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Får ikkje nynorskopplæring Studentar ved Universitetet i Oslo som utdannar seg til å verta norsklærarar får om lag inga nynorskopplæring, skriv Universitas

Lagt ut 19.5.04 av Lars Rottem
Gå til saka | Tips ein ven

Nordisk musikkpris Glenn Erik Haugland er nominert til Nordisk musikkpris for operaen "Hulda and Garborg", som handlar om forholdet mellom garborgane og Ivar Mortensson Egnund. Operaen vart gjennombrotet for Haugland og er sett opp ved Det Norske Teatret i Oslo. Les meir hjå NRK.no

Lagt ut 18.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Per Øyvind Heradstveit er død Fjernsynsveteranen Per Øyvind Heradstveit døydde 11. mai, 71 år gamal. Heradstveit vart råka av slag for fire år sidan, og har vore lamma sidan. Han vert gravlagd tysdag. Han var ein av norsk fjernsyns største personlegdomar. Les meir hjå NRK.no

Lagt ut 18.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Samlaget ut i skulen Den gode forteljinga - færre bokdropparar er eit landsdekkjande prosjekt der elevar i 5. -7. klasse møter nynorsk litteratur. Prosjektet skal gjennomførast av Det norske Samlaget på 24-28 skuler over hele landet hausten 2004. Midlar er tildelte frå Læringssenteret og ABM-utvikling. Les heile UFD-dokumentet hjå UFD

Lagt ut 18.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Styrk pressestøtta! Kringkastingsringen oppmodar fleirtalet i Stortinget om å gå mot å svekkja pressestøtta, slik regjeringa legg opp til i revidert nasjonalbudsjett. Les meir i Nationen

Lagt ut 16.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Flott av Dagsavisen Dagsavisen får skryt for nynorskbruk! Les meir i Dagsavisen

Lagt ut 15.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny skule? Clemet-meldinga om den nye skulen har snudd på prioriteringa mellom fellesskapen og einskildindividet. Meldinga legg stor vekt på fridom, både individuelt og lokalt. Det er ei form for tilpassing som har eit grunnlag i marknadstenking, skriv Peder Haug i denne artikkelen. Han er professor ved Avdeling for lærarutdanning, Høgskulen i Volda. Les meir i Sunnmørsposten

Lagt ut 14.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Andreklassingane les betre Langt fleire andreklassingar hadde alt rett på leseprøven i 2003 samanlikna med resultatet i år 2000. Tidlegare har bokmålselevane gjort det betre enn dei som har nynorsk som hovudmål. Denne skilnaden er no borte, skriv streikeavisa Avisa.no

Lagt ut 14.5.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Sterk-nynorsksiger på Karmøy Nynorsk skal framleis vere opplæringsmålet ved Stokkastrand skule på Karmøy. Heile 72 prosent stemte for nynorsk, skriv NRK Rogaland.

Lagt ut 14.5.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Valfri nynorsk på ni osloskular? Byrådet i Oslo har valt ut ni skular som dei meiner skal gjennomføre forsøk med valfri nynorsk. Les meir hjå NRK Austlandssendinga.

Lagt ut 14.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Den livsfarlege nynorsken I dette innlegget svarar ein av redaktørane i Syn og Segn, Marit Eikemo, på kritikken mot utspelet dei hadde om at aviser som får pressestønad eller momsfritak må opne for nynorsk på redaksjonell plass. Les meir hjå Dagsavisen

Lagt ut 14.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Arne Garborg-senter på Bryne Eit Arne Garborg-senter skal byggjast i sentrum av Bryne. Senteret blir på godt og vel 1000 kvadratmeter og skal samlokaliserast med eit nytt kommunalt bibliotek. Eit forprosjekt til nybygget skal vera klart til 1. juli. Les meir hjå LNK-nytt

Lagt ut 13.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Navarsete vil kjempe for nynorsken Liv Signe Navarsete (Sp) lovar kamp mot forslaget frå regjeringa om å fjerne obligatorisk eksamen for sidemål i ungdomsskulen. ?Framlegget svekkjer sidemålet og råkar i hovudsak nynorsken, seier ho i ei fråsegn om saka frå Sps sentralstyremøte 10. mai. Det skriv Firdaposten i dag.

Lagt ut 13.5.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk til innvandrarane Lesarbrev: Noregs Mållag krev at staten syter for at det blir utvikla fleire gode undervisningstilbod i nynorsk for vaksne innvandrarar, skriv nestleiar Nils Ulvund. Les heile brevet i Nationen

Lagt ut 13.5.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Målet i Hol Lesarbrev: I Hallingdølen for tysdag 4. mai les eg ei melding som gjer meg vonbroten: «Forkjemparane for nynorsk i Skurdalen/Dagali tapte kampen. No tyder mykje på at nynorsken kan vere på veg ut i heile Hol kommune», skriv Jul Haganæs i Hallingdølen

Lagt ut 13.5.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk.no under streiken Som de veit er det journaliststreik. Det gjer sitt til at nynorsk.no-redaksjonen ikkje vil ha so mange nynorsknyhende å leggja ut den næraste tida. Me vil likevel freista halda oss orienterte og leggja ut det me kjem over. Send oss gjerne tips til gode saker. Beste helsing nynorsk.no-redaksjonen.

Lagt ut 13.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ap vil ha vekk nynorsken i Nord-Fron Arbeidarpartiet i Nord-Fron vil at kommunen ikkje lenger skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Partiet vil at kommunen skal praktisere såkala språkleg nøytralitet. Les meir hjå Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 12.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha nynorsk-plikt i statsstøtta aviser Redaktørane i bladet Syn og Segn meiner at aviser som mottek statlege tilskot pliktar å sleppe nynorsk til i spaltene. - Ein god tanke, seier Sylfest Lomheim, direktør i Norsk språkråd. Les meir hjå ANB eller sjå leiarartikkelen i Syn og Segn.

Lagt ut 11.5.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Slaktar stortingsmelding Regjeringa styrkjer ikkje nynorsken. Stortingsmeldinga «Kultur for læring» kunne sikkert ha vore verre om Høgre var åleine i regjeringa, men ingen skal få oss til å tru at nynorsk eller norskfaget blir styrkt ved at ein tek vekk eksamen i sidemål, skriv Bjørn Sæbø, leiar i Romsdal Mållag. Les lesarbrevet i Tidens Krav.

Lagt ut 11.5.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Vellukka sidemålsaksjon Laurdag 8. mai aksjonerte Noregs Mållag for sidemålet. Felles parole for dagen var "Stogg åtaket på sidemålet - stø nynorsk!" Les meir om aksjonen hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 10.5.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Distrikta utsette for svertekampanje Distrikta blir utsette for ein svertekampanje frå urbane krefter som ein del av ein kulturkamp. Hetsinga av bøndene og åtaket på nynorsken er ein del av dette, seier professor og bygdeforskar Reidar Almås. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 10.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Glade nynorskskrivande hylla Laurdag vart fire skriveglade ungdomar hylla med pengepremiar og frikort på kinoen. Anne Kristin Lein, Thea Meidell Sjule, Kristin Skivik og Kristian Rødvand gjekk til topps i "Skriv ut"-konkurransen i Mo i Rana. Les meir i Rana blad.

Lagt ut 10.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kalvø om bokmål De har sikkert sett spalta i Dagsavisen der dei spør folk faste spørsmål, som kva var det mest meiningslause du lærte på skulen? Her har høgrestatsrådar og andre fått breia seg med nynorskhets i vekesvis. I dag er det Are Kalvø som får svara. Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 10.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Garborgsenter på Bryne Før sommaren vil ei arbeidsgruppe leggja fram forprosjektet for eit nasjonalt Garborgsenter på Bryne. Les meir i Aftenbladet.no.

Lagt ut 9.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Floraarkitektar mot nynorsk Det vart for vanskeleg for florøarkitekten å seia arkitektar i telefonen. Han starta nytt firma. Les meir hjå Firdaposten.

Lagt ut 9.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Pressepris til NPK Kari Hamre, Nynorsk pressekontor, fekk fredag eitt av fem pressestipend frå Eksportutvalet for fisk. Les meir hjå Eksportutvalet for fisk.

Lagt ut 9.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsksiger for Nordhordlands-biblioteka Biblioteksjefen i Osterøy, Bente Dammen, har vunne ein sjølvsagt siger. Sidan slutten av mars har alle ferdige data frå Biblioteksentralen komme på nynorsk. Ein kamp som starta i 1990 er vunnen. Les meir på LNK-nytt.

Lagt ut 7.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Røyst på beste bygdesong! Noregsglaset si kåring av beste by- og bygdesong nærmar seg slutten, og i klassa "Beste bygdesong" er det tre nominerte - alle på nynorsk! Denne delen av redaksjonen satsar på nordmøringane... Hittil har nynorske bidrag vunni prisane for lengste song (Meldal), mest dansbare song (Heddal) og mest originale song (Suldal). Les meir og røyst hjå Noregsglaset.

Lagt ut 7.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Styrk sidemålsopplæringa! Regjeringa vil at skulen skal styrke arbeidet med nynorsk kultur. Det er bra! Samtidig vil regjeringa ta bort skriftleg eksamen i ungdomsskulen og gjera sidemål til trekkfag i vidaregåande skule. Men det betyr i praksis å svekke nynorsken. Dette skriv Grete Aarnes og Elin Corneliussen frå Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag i Tidens Krav.

Lagt ut 7.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis nynorsk i Asker Ungdomsskulen i Asker skal framleis undervise i nynorsk som sidemål frå hausten. Les meir på Nrk Austlandssendinga.

Lagt ut 7.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Agder blir bispedøme Direktøren for Norsk språkråd, Sylfest Lomheim, pålegg Agder bispedøme å nytte nynorsk som administrasjonsspråk. Les meir på Nrk Sørlandet.

Lagt ut 6.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Språk på Grønland Grønland står midt i ein prosess der dei ynskjer å oppnå meir sjølvstyre. På vegen mot auka sjølvstyre kjem spørsmålet om korleis samfunnet forheld seg til det tospråklege samfunnet opp. Hjå Gldk.gl, finn du oppdaterte nyhende frå ordskiftet på Grønland.

Lagt ut 6.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Lomheim må gå Den nytilsette direktøren i Språkrådet, Sylfest Lomheim, opptrer som nynorskaktivist, og arbeidet for norsk bokmål lid - dirfor må Lomheim ta direktørhatten og gå, meiner Bokmålforbundet. Les meir på Nrk.no.

Lagt ut 6.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Eksamensfri nynorsk Bugården-elevane prøver å læra sidemål utan eksamen og karakter. Les meir i Sandefjorde Blad.

Lagt ut 6.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Clemets dødelege nynorsk-kjærleik Nynorsken ? dette vakre og klangfulle språket ? har dårlege vilkår i Høgre. Dersom Kristin Clemets «kjærleik til nynorsken»-line vinn fram kan det bety døden for nynorsken som skriftmål. Det er Oddny Miljeteig redd for. Les meir hjå BA.no.

Lagt ut 5.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bruk nynorsken Forfattar og satirikar Are Kalvø trur nynorsken vil tena på at me masar mindre om han og heller berre brukar han. Les intervju med Kalvø på Nrk.no.

Lagt ut 5.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje rart me gjer det dårleg "Vi får nesten ikke opplæring i sidemål. Vi går bare igjennom noen regler før vi har prøver". Elevane ved Foss vidaregåande er ikkje overraska over dei dårlege sidemålsresultata. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 5.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fyllingsnes mot Ødegaard Byraaden for utdanning i Oslo, meiner at dei dårlege resultata osloelevane viser i sidemål styrkjer argumentasjonen om at den skriftlege sidemålsundervisninga må fjernast. Unn Fyllingsnes i NMU er ikkje samd. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 5.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Drammen og nynorsk På Drammen vidaregåande gjorde elevane det merkbart betre i sidemål enn hovudmål. Les meir hjå Drammens Tidende.

Lagt ut 5.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålsforbundet fryktar nynorskaktivist Bokmålsforbundet fryktar direktøren ved det nye kompetansesenteret for norsk språk. Forbundet meiner nemleg at Sylfest Lomheim er ein nynorskaktivist. Les meir hjå ANB.

Lagt ut 5.5.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Strengare krav til NRK - NRK sitt ansvar for nynorsk må også komma til uttrykk på deira internettsider og i tekst-TV", sa Valgjerd då ho i dag orienterte Stortinget om NRK. Les pressemelding frå KKD her. Talen til statsråden les du på Odin.no.

Lagt ut 4.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskprisar til sunndalingar Ikkje mindre enn to av prisane Samlagetdelte ut sist helg gjekk til unge sunndalingar. Les meir i Aura avis.

Lagt ut 4.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Har ikkje eksamen i nynorsk Bugården-elevane har nynorsk utan eksamen og skriftleg karakter. Men heilt karakterfri får ikkje elevane: Nynorsken er ein del av vurderingsgrunnlaget i norsk hovudmål munnleg. Les meir hjå Sandefjords Blad.

Lagt ut 4.5.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Eriksen med beste bok Forfattaren Endre Lund Eriksen har fått Havmannprisen for beste nordnorske bok i 2003. Lund Eriksen får prisen for romanen "Ingen kan stoppe meg no". Les meir hjå Nrk.no.

Lagt ut 3.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fosses kvileskjer Kjetil Wold i Stavanger Aftenblad tykkjer at "Dei døde hundane" er eit godt, men ikkje strålande arbeid av Jon Fosse. Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 3.5.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Språkkrigen i korte trekk Språkprogrammet Typisk norsk har laga ei kort oppsummering av dei siste 100-åra med språkkrig. Korleis dei les historia, les du meir om på Nrk.no.

Lagt ut 3.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dagen då draumen vart sann There's a light that never goes out. Atten skodespelarar syng kvar sin strofe etter tur, dei 300 i salen reiser seg spontant, klappar som om dei aldri vil slutte. Det vart heimesiger for Bikubesong i Odda. Les meir på BT.no.

Lagt ut 2.5.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

30. juni

  • 1850 «Ordbog over norsk Folkesprog» av Ivar Aasen vart trykt
  • 1851 Arne Garborg vart fødd

1. juli

  • 1933 Norsk rikskringkasting startar opp

7. juli

  • 1873 Halfdan Koht vart fødd

10. juli

  • 1884 Olav Nygard vart fødd

12. juli

  • 1896 Noregs Ungdomslag vart skipa

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen