nynorsk.no

22.10.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juni 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

48 tilskipingar for 6000 - Publikum har vore overvelda, utøvarane fantastiske og dei mange titals friviljuge eineståande. Difor blei Dei Nynorske Festspela ein folkefest fem dagar på rad, slik vi lova. Vi ser mykje som enno kan bli betre, men for oss er dette rett og slett dei beste festspela vi har gjennomført. Slik oppsummerer direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum Dei Nynorske Festspela 2004. Les meir hjå Aasentunet.

Lagt ut 30.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dvergmål tolkar Blix på plate Åtte år etter det Spelemann-nominerte albumet "Visor og kvæde frå Blåberglandet" er kvedaren Jon Anders Halvorsen fra Lunde og gruppa Dvergmål endeleg klare med nytt materiale på cd. Les meir i Varden.

Lagt ut 30.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bergteken av Asia og nynorsken Kjersti Strømmen (38) er kjent som den nynorsktalande NRK-korrespondenten frå Beijing. Men kvinna frå Haugalandet ved Haugesund hadde bokmål som hovudmål heilt til ho byrja i NRK. Les intervjuet hjå LNK-nytt.

Lagt ut 29.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk Helse Bergen Helse Bergen skal berre bruka nynorsk når dei sender ut informasjon. Det har Kulturdepartementet bestemt. Les meir hjå NRK Hordaland eller i Bergens Tidende

Lagt ut 29.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskpraktikantane tilsette Dei fem fyrste nynorskpraktikantane i Nynorsk mediesenter er tilsette. Ei av dei er kjend som bladstyrar i Motmæle. Les presentasjonan av alle fem hjå NRK Sogn og Fjordane

Lagt ut 29.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk er på stigande kurs Nynorsken er på stigande kurs blant ungdommen og Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum gir rapparane i Side Brok mykje av æra for dette. Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 29.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Rogaland viser igjen på Samlaget si liste Rogalandsforfattarane markerer seg sterkt på haustlista til Det Norske Samlaget. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 26.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk krim frå Indre Østfold Øyvind Bremer Karlsen fra Askim har skrive sjette kapittelet i krimkonkurransen på Kulturnett Østfold. Han antydar at eit par personar kan vere involverte i mysteria på ein eller fleire måtar. Og nok ein gong er kapitlet skrive på nynorsk. Les meir her.

Lagt ut 25.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målkamp - mellom lærevegring og liberalisme - Nynorsken er hardare pressa enn på lenge. Det handlar mellom anna om Høgre sin posisjon, om lærevegring i einskapsskulen og om marknadsliberalismen. Det skriv leiar i UHO, Anders Folkestad, i ein kronikk i Sunnmørsposten.

Lagt ut 25.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Skrivemåten av stadnamn - offentleg eller privat sak? Kven skal fastsetje skrivemåten av gardsnamn? Grunneigaren eller det offentlege? Konklusjonen frå Botolv Helleland ved Universitetet i Oslo er klår, og kan lesast hjå Aftenposten.

Lagt ut 25.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Apneseth-foto med Grytten-assistanse Fotograf Oddleiv Apneseth har illiustrert to av forfattar Frode Grytten sine bøker. Symbiosen heldt fram då forfattaren hjelpte fotografen med å vatre opp utstillingsbilde i Aasen-tunet. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 24.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Side brok - årets nynorskbrukar I går vart det kjent at nynorskrapparane Side Brok er kåra til Årets nynorskbrukar. Hovudpersonen sjølv, Sjef R, reagerer med sjokk, vantru og forsiktig glede. Les meir i Bergens Tidende, i Sunnmørsposten og grunngjevinga for pristildelinga les du her.

Lagt ut 24.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Døyr norsk språk? Å amerikanisere språket er det same som å underkaste seg den amerikanske kulturen. Eller meir presist: det falske, hippe biletet av USA som fjernsynsseriane og spaningsfilmane skaper. Hadde svensk, norsk og dansk blanda seg til eit felles skandinavisk språk, ville det kanskje styrkt sjansen til å klare oss mot amerikansk påverknad, meiner Steinar Lem. Les kronikken i Nationen

Lagt ut 23.6.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Er Noregs Mållag nasjonalistisk? Det spør cand.phil. Tommy Halvorsen seg om i denne kronikken. Svaret hans er ja, men innanfor ein annan definisjon av nasjonalisme enn Akersgata brukar. Les kronikken hjå Sunnmørsposten.

Lagt ut 23.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Går til sak for nynorskklasser Sandnes Mållag går til sak mot kommunen for å få eigne nynorskklasser i grunnskulen. Dei hevdar at kommunen bryt opplæringslova, skriv NRK Rogaland.

Lagt ut 23.6.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Latterleg start på Festspela Skal ein døme etter namna på papiret, er det klart for ei lattervekkjande opning av Dei Nynorske Festspela i morgon. Mellom deltakarane er humoristane Christine Hope og Ørjan Liavåg, som i fjor hausta strålande kritikkar for sitt show "Frittgående Hope", skriv Sunnmørsposten

Lagt ut 22.6.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Programfestar språkvern Grøn Ungdom meiner anglifisering og den aukande bruken av SMS-forkortingar trugar ordrikdommen. På ungdomspartiet sitt landsmøte vedtok difor eit overveldande fleirtal å inkludere språkvern i partiprogrammet. Landsmøtet gjekk òg hardt ut mot Oslo-byrådet si haldning til nynorsk, og vedtok at sidemålsundervisningen må bli styrkt. Les meir hjå ANB

Lagt ut 22.6.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Alt i rute til nynorskfest På Aasen-tunet er festivalbrusa i hus, programmet spikra og billettane byrjar å bli tinga. Etter eit år med heit målstrid ser dei no fram til nye festspel. Les meir hjå Sunnmørsposten.

Lagt ut 19.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kroatisk Bikubesong Bekim Sejranovic (32) vart statslaus då krigen braut ut på Balkan i 1992. No skapar han ei litterær bru mellom Noreg og Kroatia. I år lanserte han "Bikubesong" av Frode Grytten i Zagreb. Les meir hjå nrk.no.

Lagt ut 18.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Odds år Odd Nordstoga gjorde suksess på Norwegian Wood, og avslutta settet med eit samspel med Aslak Haugen frå Hellbillies. Les meir hjå nrk.no.

Lagt ut 18.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- Meir nynorsk i Clemet-skulen - Stortinget har no gjort eit vedtak som inneber meir nynorsk i skulen, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Clemet har såleis tapt forsøket på å devaluere heile sidemålsordninga, fastslår han. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 17.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

"Nynorsken kjem styrkt ut" Dette meiner direktøren av Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, om sidemålsforliket i Stortinget. Han er òg nøgd med at vedtaket er i tråd med framlegga Nynorsk kultursentrum har teki opp med Stortinget og regjeringa ved ulike høve. Les meir hjå Aasentunet.

Lagt ut 17.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Målblome til Dagsavisen Dagsavisen fekk 16. juni heider av Noregs Mållag: - Me vil gje Dagsavisen ein målblome fordi avisa slepper til nynorsk på redaksjonell plass, sa leiar i Mållaget, Endre Brunstad, då han kom til Dagsavisen med diplom og kake. Les meir i Noregs Mållag

Lagt ut 17.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Norsk er eit språk under aukande press Dette meiner Rolv Mikkel Blakar, som tidlegare har gjevi ut "Språk er makt". Han gjer framlegg om å oppheve skilnaden mellom bokmål og nynorsk og gjera dei til "allnorsk" for å stå betre verna i kampen mot det anglo-amerikanske presset. Les kronikken i Aftenposten

Lagt ut 17.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- Sidemålsforliket eit fatalt misgrep Professor Willy Dahl meiner politikarane har gjeve etter for vulgærpolitisk press i sidemålssaka, som skal behandlast i Stortinget i dag. Den profilerte professoren og språkdebattanten i Bergen er særs kritisk til statsråd Kristin Clemet (H) sitt forsøk på å fjerne sidemålsstilen i norsk skule. Les meir i Bergens Tidende

Lagt ut 17.6.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk i Akershus fylkesting Høgre vil under eit fylkestingsmøte i Akershus i dag setje fokus på innhaldet i den vidaregåande skulen. Partiet ynskjer valfri sidemålsundervisning i Akershusskulen. Les saka i Østlandets Blad

Lagt ut 17.6.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Språk-dilldall Fædrelandsvennen likar ikkje den nye direktøren i Språkrådet og at han mellom anna påla Agder bispedøme å nytta nynorsk som offisiell målform. Les meir hjå Fædrelandsvennen.

Lagt ut 16.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Odd på toppen Nynorsk, dialekt og ein hylande gris har gjort Odd Nordstoga (31) til årets musikalske stjerneskot. Det har vori planen lenge. Les meir hjå Aftenposten.

Lagt ut 15.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nyhendekvitraren Sei kva du vil om Kanal 24, men visst er det flott å høyre Audhild Gregoriusdotter Rotevatn kvitre nyhenda! Les meir hjå Fredriksstad Blad.

Lagt ut 15.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemål på rett veg Det er fleirtal i Oppland fylkesting for å styrke sidemålet. Skuleeigaren vil at skulane skal ta i bruk meir varierte undervisningsformer for å styrke sidemålsopplæringa. Les meir hjå Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 15.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Forlik til å leva med "Kompromissene i komitéinnstillingen til regjeringens stortingsmelding «Kultur for læring» bør være til å leve med for alle." Dette meiner Bergens Tidende.

Lagt ut 15.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Glad for nynorskeksamen - Ein del av oss sjølve blir teke frå oss dersom vi ikkje får skrive nynorsk, seier elevar ved Volda ungdomsskule. Dei er glade for at nynorsk blir ein del av norskeksamen. Les meir hjå Sunnmørsposten.

Lagt ut 15.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Opphevar lov om Språkrådet Regjeringa vil oppheva lov om norsk språkråd, men vil visst ikkje ha noka ny lov om det nye språkorganet. Les meir hjå KKD. Pressemeldinga om saka fin du her

Lagt ut 14.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken taper i skulen Nynorsk vert kraftig svekkt som eksamensfag. Nasjonale prøvar vert vidare utvikla, og eksamen vert vurdert fjerna. Les meir hjå Bergens Tidende

Lagt ut 12.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget med varsam optimisme kring sidemålsforlik Noregs Mållag ser ein god del bra i innstillinga frå Utdanningskomiteen på Stortinget om sidemålet, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Komiteen har presisert at sidemålet skal vere obligatorisk og at opplæringa skal verte betre. Sidemålet skal framleis ha eigen karakter på vitnemålet, og der skal vere vurderingsformer for å krevje betre kunnskap, mellom anna med nasjonale prøver og framleis eksamen i ungdomsskulen. Les meir hjå Noregs Mållag

Lagt ut 12.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålseksamen er historie Sidemålseksamen blir erstatta av ein felles eksamen for bokmål og nynorsk i grunnskulen. Det blei resultatet av forhandlingane mellom Arbeidarpartiet og regjeringspartia i Stortinget sin utdanningskomité. I den vidaregåande skulen skal ikkje lenger sidemålseksamen vere obligatorisk, men elevane kan framleis bli trekte ut til eksamen. Les meir i Nationen

Lagt ut 12.6.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Hald på nynorsken! Med Are Kalvø på laget har Norsk Målungdom laga til ein kampanje retta inn mot nynorskelevane i 10. klasse som skal byrje på vidaregåande denne hausten. Les meir hjå Noregs Mållag

Lagt ut 10.6.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Endeleg ein hit Ein bestseljar på nynorsk? Nei, aldri hadde den prisløna nynorskforfattaren Ragnar Hovland (51) drøymt om at han nokon gong skulle toppe VG-lista. Les meir på VG.no.

Lagt ut 10.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmelding Slangens gåve Ikkje nok med at Dina har ei mor med magiske krefter. Ho har òg ein far, Sezuan, som er svartemeister. Han kjem for å leite opp dottera si for å sjå om ho har arva evnene hans. Har ho slangens gåve? Les meir hjå Oppland Arbeiderblad.

Lagt ut 9.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Røysting i Reinli Det vert skulemålsrøysting på Reinli skule i Sør-Aurdal til hausten. Les meir på Nrk.no.

Lagt ut 9.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nye vegar i norsk språkpolitikk? - Språksituasjonen vi har hatt i Noreg, med nynorsk og bokmål, kan faktisk gjere språket vårt meir motstandsdyktig overfor press utafrå. Ein står betre på to føter enn på ein, skriv Jon Peder Vestad i Sunnmørsposten i dag. Les meir her.

Lagt ut 9.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bikubesong slår alle rekordar Teateroppsetjinga Bikubesong har gått for fulle hus sidan fyrste framsyninga i september 2003. No har Det Norske Teatret bestemt seg for ein fjerde sesong med suksessen, og det er rekord. Les meir på Nrk.no.

Lagt ut 8.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Krev meir nynorsk i skulen Ungdomsskuleelevane som samla inn 600 underskrifter for nynorsk, stilde klåre krav til Reikvam då dei overleverte underskriftene for nokre veker sidan. Les intervju med dei hjå LNK.

Lagt ut 8.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Siger i Gausdal! Elevane ved Engjom skole i Gausdal skal framleis ha nynorsk som opplæringsmål. I går vart det ein klar siger til nynorsken. 199 røyster for nynorsk og 110 for bokmål. Les meir hjå Nrk.no.

Lagt ut 8.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ganddal kuttar nynorsk Ganddal skule legg ned nynorskklassane neste skuleår. I staden får elevane fem timar nynorsk i veka. Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 8.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Redaktør i stille stunder Eit samlande blad til kveik, oppmuntring, ettertanke og refleksjon. Slik skildrar Ivar Molde «Stille Stunder», bladet han nyleg tok over som redaktør for. Les meir hjå Hordaland.

Lagt ut 8.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

KrF-representantar slit med Clemet KrF si stortingsgruppe har store problem med å godta regjeringa sitt framlegg om å kutte eksamen i sidemål i grunnskulen og redusere eksamen på vidaregåande. Les meir hjå Aftenposten.

Lagt ut 8.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

To Oslo-skular vil ikkje ha valfritt nynorsk Byrådet i Oslo må finne to nye skular til nynorskfritaket sitt, etter at elevråda ved Grefsen og Berg vidaregåande skular sa nei takk til å vera med. Les meir hjå Aftenposten.

Lagt ut 7.6.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Lagnadstime for sidemålet Sidemålsdebatten går no inn i siste fase før endeleg avgjersle i Stortinget 17. juni. Senterpartiet og SV vil halda fast ved sidemålseksamen. Om Kristin Clemet og Høgre skal få det som dei vil, kjem kampen til å stå om Arbeidarpartiet og KrF, skriv vekeavisa Dag og Tid på leiarplass.

Lagt ut 4.6.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Knapt tap i Heskestad 108 stemde for bokmål, mens 93 ville behalda nynorsken, då det var skulemålsrøysting i Heskestad krins. Les meir i Dalane tidende.

Lagt ut 4.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk skrumpa inn til åtte timar Til hausten skal nynorskelevane i femte klasse på Røyneberg skule ha matematikk, KRL og samfunnsfag saman med bokmålselevane. Kun i norsktimane får dei eigen lærar. Les meir i Solabladet.

Lagt ut 3.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny bok om radiojournalistikk Radioen er utelukkande tufta på lyd, og radiojournalistane opererer såleis i eit sanseleg univers basert på stemningar. Linda Eide og Lars Nyre har skrive bok om radiojournalsitikk. Les meir på Samlaget.no.

Lagt ut 3.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nye Noreg-frimerke Håkon IV Håkonsson kjem til å pryda to nye frimerke i juni. Og på båe kjem landsnamnet til å verta skrive på nynorsk. Les meir på Posten.no og sjå frimerket på NM.no

Lagt ut 3.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kjartan Fløgstad fyller 60 Kjartan Fløgstad fyller 60 år 7. juni. Gyldendal Norsk Forlag og Det Norske Samlaget gratulerer og lanserer samstundes eit pakketilbod på pocketserien med 16 av Fløgstads bøker. Les meir på Samlaget

Lagt ut 3.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

52 søkjarar til fire plassar Søknadsfristen er ute og det er 52 søkjarar til dei fire stillingane som nynorskpraktikantar frå 1. september. Les meir på Nrk.no

Lagt ut 2.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Siste nynorskeksamen? På Strømsø vidaregåande skule i Drammen trur elevane at gårsdagens nynorskeksamen Var den siste i soga. Les artikkelen i Drammens tidende

Lagt ut 2.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt styre i Norsk språkråd Leiaren i Nynorsk Mediesenter, Magni Øvrebotten frå Naustdal, er mellom dei nye styremedlemmene i Norsk Språkråd. Meir les du på Nrk.no

Lagt ut 2.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Stord best på nett Juryen har sagt sitt: Stord kommune er kåra til årets kommunale nettstad i 2004. Lett å finna fram og lettfatteleg skrive, sjølv om det er på nynorsk, har vevredaktøren sagt. Meir les du i Kommunal rapport

Lagt ut 2.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Clemet tilbakeviser påstandane Utdanningsminister Kristin Clemet avviser at ho har ført Stortinget bak lyset, slik Noregs Mållag hevdar. Mållaget meiner Clemet gjev sidemålsundervisinga skulda for lese- og skrivevanskar blant born. Men Clemet nektar for at hun har sagt noko slikt. Les meir hjå NRK

Lagt ut 2.6.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Går mot Clemet-utsegn Noregs Mållag meiner undervisningsminister Kristin Clemet har ført folk bak lyset då ho i ein spørjetime i Stortinget hevda at det var ein samanheng mellom opplæring i nynorsk og lese- og skrivevanskar. Les meir hjå NRK

Lagt ut 1.6.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

31. oktober

  • 1900 Studentmållaget i Oslo vart skipa.

1. november

  • 1864 Den fyrste folke­høg­skulen, Sagatun, vart skipa på Hamar.

3. november

  • 1911 Hartvig Kiran vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen