nynorsk.no

24.3.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juli 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

7-2 til nynorsken Innan Helse Stavanger sitt dekningsområde er to kommunar, Stavanger og Eigersund, registrerte som bokmålskommunar. Sju kommunar er nynorske, medan ni er nøytrale. Om éin av dei ni ikkje-språknøytrale vel å bli nøytral, treng difor ikkje sjukehuset å endre målform likevel, skriv Rogalands Avis.

Lagt ut 30.7.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Kan "redde" SiR frå nynorsken Rogalands Avis har ikkje gjeve opp jakta på kommunen som kan redde Sentralsjukehuset frå det farlege nynorskspøkjelset. No har dei funne ut at Rennesøy ved ein feil blei nynorskkommune i 1990, og meiner dette kan vere nok til å hindre at SiR må endre målform. Les meir hjå Rogalands Avis.

Lagt ut 30.7.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk skulestrid i retten Sandnes Mållag stemner kommunen for retten. Mållaget ynskjer framleis reine nynorskklassar i Sandnes-skulen. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 30.7.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Må gje bøker på hovudmålet Fylkesmannen i Oppland har gjeve Sør-Aurdal kommune pålegg om å gje elevane på ungdomstrinnet gratis lærebøker i den målforma dei sjølv ønskjer, melder NRK Hedmark og Oppland.

Lagt ut 29.7.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk galskap  - Galskap satt i system, seier Jostein Zazzera (Frp) om nynorskplanane på Sentralsjukehuset. Han meiner nynorsk på Sentralsjukehuset er bortkasta pengar. Les meir om galskapen i Rogalands Avis.

Lagt ut 29.7.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Ber Sevland "redde" SiR Viss éin av kommunane i Rogaland bestemmer seg for å bli nøytral i val av målform, kan sjukehuset sleppe å leggje om til nynorsk. - Vi er spente på kva ordførar Leif Johan Sevland i Stavanger seier til dette, fortel Steinar Øksengård, leiar i Bokmålsforbundet, til Rogalands Avis.

Lagt ut 28.7.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Viktigast med lik behandling Leiaren i Rogaland Mållag har ingen sterke meiningar om kva for ei målform som bør bli Sentralsjukehuset i Rogaland sitt offisielle tenestemål. - Det viktigaste er å halde på prinsippet om at når du spør på nynorsk, så skal du også få svar på nynorsk. Det same gjeld for bokmål, seier Tor Magne Egeland. Les meir i Rogalands Avis.

Lagt ut 28.7.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Sender SMS på dialekt Dialekt er mykje brukt i tekstmeldingar, og nokre lærarar har merka at dette påverkar språket deira på skulen, skriv Jærbladet.

Lagt ut 28.7.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Valgerd sikrar NRKs nynorskfabrikk Med Valgerd si velsigning satsar NRK no mykje pengar på Nynorsk mediesenter, skriv VG.

Lagt ut 26.7.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nei til valfritt sidemål Else Marie Stuenæs, som representerer Senterpartiet i Akershus fylkesting, irriterer seg over at Unge Høgre stadig kjem med framlegg om valfritt skriftleg sidemål. Les meir hjå Senterpartiet i Akershus.

Lagt ut 25.7.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Staseleg brurefølgje på Kløve Tradisjon og nymotens påhitt gjekk hand i hand då Gudrun Kløve Juuhl og Tarjei Johannessen Vågstøl i helga gav kvarandre lovnad for gode og vonde dagar. Les meir hjå Bergens Tidende.

Lagt ut 25.7.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Meir dialekt i Stiklestad-spelet Det er ein trend i tida at ein ikkje lenger nyttar nynorsk skriftspråk direkte opplese, men prøver å finne ein slags dialektisk klang. Det er ikkje noko eg har funne på, det same skjer mellom anna på Det Norske Teatret, seier spelinstruktør Tyra Tønnesen til Adresseavisen.

Lagt ut 23.7.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

O. J. Høyems gate Ila-patrioten Olav Jakobsen Høyem var både lærar, telegrafist, landsmålsmann og seddelkontrollør. No har han fått si eiga gate. Les meir på Adressa.no.

Lagt ut 22.7.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Valgerd-biografi på nynorsk Seks forlag ville skrive boka, Svarstad Haugland valde Samlaget. - Det er naturleg at ei bok om meg er skriven på nynorsk, seier ho til Vårt Land. Les meir om biografien på vl.no.

Lagt ut 20.7.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Dårlege tal for Dag og Tid Den nynorske vekeavisa Dag og Tid fekk eit underskot på 600 000 kroner. Det kom som ei overrasking på styret, og avisa måtte tigge pengar av abonnentar og andre for i det heile teke å overleve. Les meir hjå TV2 Nettavisen.

Lagt ut 20.7.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk i Helse Fonna Kva dei tilsette i Helse Fonna les i ferien? Nynorskordboka, sjølvsagt! Les meir hjå Haugesunds Avis.

Lagt ut 19.7.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ole Ekornes er gått bort Ole Ekornes døydde 4. juli, 82 år gammal. Han vart heiderslagsmann i Bondeungdomslaget i Oslo i 1989, og ivrig i leikarbeidet i alle år. Han var mellom anna med og reviderte folkedansbøkene til Noregs Ungdomslag på 1990-talet, og tidlegare var han rettleiar og leikleiar både i BUL i Oslo og NU. Gå inn hjå folkedans.com og bla litt ned på sida for å lesa meir.

Lagt ut 15.7.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Stor nynorskoppslutnad i Nord-Fron Etter at Nord-Fron Ap gjorde framlegg om å gjera Nord-Fron til språknøytral kommune har administrasjonen gjennomført ei høyring der nesten alle som har sendt inn svar vil halde på nynorsken. Les alle høyringsfråsegnene hjå Nord-Fron kommune.

Lagt ut 13.7.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Neruda-medalje til Fløgstad På 100-års dagen til nobelprisvinnaren Pablo Neruda lanserer Chile "Presidential Medal. Centenary's Neruda". Ein av dei 100 medaljane som vert delte ut i heile verda, går til forfattaren Kjartan Fløgstad. Les meir på Nrk.no.

Lagt ut 12.7.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Spanias nynorsk Johannes Nymark drøymer om at Bergen skal bli det norske Barcelona, slik at Brann og nynorsk kan vera for Bergen det FC Barcelona og katalansk er for Barcelona. Det er himmelflukt over denne draumen, men han er vel verd å studera nærare, skriv journalist Asbjørn Kristoffersen. Les meir hjå bt.no.

Lagt ut 12.7.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Frå mjølk til brennevin I 86 år har kefir vori av det sterkaste du har kunna styrkt deg med på Hordaheimen. No får fråhaldshotellet skjenkjeløyve med alle rettar. Les meir hjå ba.no.

Lagt ut 10.7.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Essaysamling om nynorsk lyrikk Jan Inge Sørbø kjem no ut med ei essaysamling der han teiknar opp dei lange linjene i nynorsk lyrikk, frå Ivar Aasen til Paal-Helge Haugen. Her viser han korleis impulsane frå Aasen forplantar seg, korleis nynorske dikt finn sitt særpreg og endrar seg frå klassisisme via ekstatisk romantikk til modernisme. Les meir hjå Samlaget.

Lagt ut 9.7.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kunstig andedrag? I leiarartikkelen i dag, skriv Sogn avis om Nynorsk Mediesenter i Førde. Dei meiner at opprettinga av senteret er eit dårleg teikn for nynorsken. Les meir i Sogn Avis.

Lagt ut 9.7.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bibliotek og Garborgsenter under same tak Eit nytt bibliotek og Garborgsenter i same bygg - kor det skal liggja og kva det skal kosta veit ingen. Les meir hjå Jærbladet.

Lagt ut 8.7.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Skal hallingmålet døy? I Hallingdal er det i ferd med å oppstå ei katastrofe: Dialekta, hallingmålet, er sterkt truga. Dette skriv Hallgrim Berg meir om i Hallingdølen.

Lagt ut 8.7.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

To lærarar tilsette Synnøve Hole og Arild Nybø er hyra som lærarar for fyrste kullet med nynorskpraktikantar i Nynorsk mediesenter, som startar i Førde 1. september. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 6.7.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nordstoga - EM-finalen: 750 - 0 Portugal har Fotball-EM, Noreg har landslaget og Telemark har Odd Grenland. Men Vinje har Odd Nordstoga. På Odd Nordstogas konsert på heimebane på Mjonøy handverk og kultursenter i går vart det total utklassing. Les meir i Telemarks Avis.

Lagt ut 5.7.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskbrus på Lidl Den vesle brusfabrikken Brænne i Volda skal levere brus til den tyske mat­vare­giganten, skriv NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 5.7.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Stakkars byfolk Jærbladet slår i dag på leiarplass stutt, men klårt fast kva dei meiner om sutringa til byfolket i Rogaland etter at sjukehuset no skal nytta nynorsk. Les saka i Jærbladet.

Lagt ut 5.7.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk fjernar fokus Nynorskinnføringa flytter fokus vekk frå sjukehuset sin funksjon, meiner Leif Johan Sevland, ordførar i Stavanger. Kva han meiner med det, finn du kanskje ut meir om i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 2.7.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Breibandskonferanse for å motivera Til hausten inviterer LNK til to-dagars konferanse om breibandutbygging. - Skal nynorsken trivast, er han avhengig av gode infrastrukturar som breiband er, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland. Les meir hjå LNK.

Lagt ut 1.7.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk på Sentralsjukehuset i Rogaland Kultur- og kyrkjedepartementet har bestemt at målformen på Sentralsjukehuset i Rogaland frå no av skal vera nynorsk. Bakgrunnen er at flesteparten av dei kommunane som sjukehuset soknar til nyttar nynorsk. Les meir i Aftenbladet.

Lagt ut 1.7.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hiphop og huldredans trekte folk Side Brok og ekkokonsert var dei største publikumssuksessane under Dei Nynorske Festspela. Mange fekk òg med seg huldredansen på Bjørke. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 1.7.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Marit Totland med nynorskdebut Marit Totland har tidlegare skrive historiske verk og fagmateriale på bokmål. Til helga vert den første romanen hennar, «Blåstrømpe» lansert under opninga av Skudefestivalen. Les meir på Innsida.no.

Lagt ut 1.7.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mars

  • 1868 Mållaget og forlaget Det Norske Samlaget vart skipa

27. mars

  • 1848 Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik

6. april

  • 1818 Aasmund Olavsson Vinje vart fødd
  • 1857 Per Sivle vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen