nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: august 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Språkleg tvang i kommunane

Koss kan nokon forsvare eit offentleg/kommunalt pålegg som tvingar ein ansatt voksenperson til å måtte nytte ei bestemt målform i yrkesutøvinga si? spør Ole Tom Nord, kommunestyre-representant i Ål, i eit lesarbrev. Les meir hjå Hallingdølen.

Lagt ut 31.8.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk - nytt radioprogram

Fauskemannen Ørjan Bringsli (27) får faste program kvar veke på den riksdekkjande radiokanalen Kanal 24. Programmet måndagar har fått namnet Nynorsk. Kva det eigentleg skal handla om, les du meir om i Saltenposten.

Lagt ut 26.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Regionalisering - sett frå Oslo

Erling Fossen, førstemann på Bylista i Oslo, har skissert eit framtidsperspektiv for nasjonalstaten: Dei skandinaviske byane søkjer saman, eller rettare: Oslo søkjer saman med Stockholm og Øresundregionen og fortrengjer dei skandinaviske nasjonalstatane. Les meir av det Torstein Hjellum skriv i På Høyden.

Lagt ut 26.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk som løvetenner Nynorsk mediesenter- Slik løvetannfrøa spreier seg håpar vi at Nynorsk medie­senter skal sende frå seg mange gode nynorskbrukande journalistar og trygge målbrukarar, seier Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk mediesenter i Førde. I dag presenterte dei logoen sin hjå NRK Sogn og Fjordane Meir om Nynorsk mediesenter

Lagt ut 25.8.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Unionsoppløysing på nynorsk Sandnes kommune har sett ned ei gruppe med personar som skal arbeida for å få i stand ei markering i Sandnes i samband med 100-årsjubileet for unionsoppløys-inga. No ynskjer Sandnes Mållag at kommunen også brukar nynorsk viss det skal lagast brosjyrar/informasjons-materiell i samband med markeringa, skriv Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 24.8.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskkurs på SIR Det er berre ni påmelde til 30 plassar ved nynorskkurs på Sentralsjukehuset i Rogaland og Helse Stavanger etter at fristen gjekk ut niande august. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 18.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Are Kalvø romandebuterer Han har skrive romanen «Nød», ei forteljing om Live Aid, Bob Geldof og dårleg samvit. Les meir i Dagbladet.

Lagt ut 18.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Samlaget la fram haustlista Det uavhengige kulturforlaget Det Norske Samlaget presenterte tysdag si 137. haustliste. Forlagssjef Audun Heskestad opna pressekonferansen med å utfordre partane i bokbransjen og politikarane til å sikre faste bokprisar i Noreg også i framtida. Les meir hjå Samlaget.

Lagt ut 18.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

"Nynorsken vant sin rett" Det er vurderinga seks niandeklassingar på Holmlia skole i Oslo gjer etter sidemålsvedtaket på Stortinget før sommaren. Les innlegget deira i Dagsavisen.

Lagt ut 13.8.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Verdspremiere på Årdalstangen Målrock handlar om rock på dialekt og nynorsk. Men ein av hovudattraksjonane i år er ein ordlaus verdspremiere, signert årdølen Karl Seglem. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 13.8.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Aasmund Norstoga gjev ut plate Han er broren til Odd, men Aasmund Nordstoga (39) likar aller best å køyre traktor. Les meir i Nationen.

Lagt ut 12.8.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Sandem held fram Det Norske Teatret har tilsett teatersjefen, Vidar Sandem, i ein ny periode. Les pressemeldinga hjå Dagbladet.no.

Lagt ut 9.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sandnes Mållag nådde ikkje fram Sandnes Mållag nådde ikkje fram i retten med kravet om at nynorsk- og bokmålselevar må få undervisning kvar for seg. Retten legg vekt på at mållaget ikkje er direkte råka av sak. Les meir om saka, og grunngjevinga frå både retten og kommenen i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 9.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målrock 2004 13.-14. august er det målRock i Årdal att! målRock 2004 kan tilby rap på høgt nivå, Noregs mest unike liveband, musikk rotfest i den samiske kulturarven samt mykje, mykje meir! Dette og meir til kan du lesa om på heimesidene til målRock.

Lagt ut 6.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

191 år sidan Ivar Aasen vart fødd I dag er det 191 års sidan Ivar Aasen vart fødd. Dagen kan du markera saman med Aasentunet i Hovdebygda. I kafeen får du blautkake, du kan vera med Sylfest Lomheim på fjelltur eller nyta kvelden med konsert i uteamfiet. Les meir hjå Aasentunet.

Lagt ut 5.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

«Heimferd» vender heim - att I går tjuvstarta hundreårsjubileet av Tromdheim by med at Trondheim Symfoniorkester men å setja opp «Heimferd». Les meir om namnestrid, språkstrid og det kontroversielle stykket i Adresseavisa.

Lagt ut 5.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gjer eit nummer av nynorsk Arve Waage i Bokmålsforbundet meiner det er på tide at nynorsken i telefonkatalogen for Hordaland forsvinn. Les meir i Bergens Avisen.

Lagt ut 5.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil gjera Time og Klepp språknøytrale Bokmålsforbundet prøver å få nynorskkommunar i regionen til å verta språknøytrale slik at Helse Stavanger kan bruka begge måla og ikkje bare nynorsk. Les meir i Jærbladet.

Lagt ut 4.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lyrikar Liv fyller 70 - Dikta mine lever. Eg skriv framleis. Det kjennest berre bra. Nynorsklyrikaren Liv Holtskog fyller 70 år i dag. Les meir i Varden.

Lagt ut 4.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Spelet om heilag-Olav Arnulf Haga vil ha skrive ferdig manuset til neste års spel tpå hausten. Den største kjepphesten hans i Spelet vil vere poesien. I år snakka delar av gardsfolket på Sul verdaling. Med Haga tilbake som regissør vil truleg replikker på nynorsk verta gjeninnførde. Les meir om Spelet i Trønder-Avisa.

Lagt ut 4.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Noregs fyrste superhelt - Bjartmann er ein klassisk nerd, med bakke-til-luft-skyts i skåpet, seier serieteiknar Øystein Runde. I morgon lanserer han Noregs fyrste superhelt-teikneserie. Handlinga er sjølvsagt lagt til Ulsteinvik. Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 4.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Tvingar gjennom bokmåls-JA Utdanningsdirektøren i Hordaland har erklært utsetjingsvedtaket frå formannskapet i Øygarden ulovleg. Dermed går det mot ein eigen bokmålsklasse på Rong frå hausten. Les meir i Vestnytt.

Lagt ut 1.8.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen