nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: september 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Namnebyte kostar millionar

Nynorsk skal vera tenestemålet i Helse Vest, og difor skal skilt, konvoluttar og brevpapir vera på nynorsk. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 30.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lærevegring mot nynorsk

I debattane om nynorsk og sidemål i Dagbladet denne hausten har ingen av debattantene vore inne på den verkelege grunnen til at nynorsk er så vanskeleg å læra, skriv Sverre Søgnen. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 30.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Årstale om nynorsk skriftkultur

Den fjerde årstalen om stoda for nynorsk skriftkultur tek opp frå ulike vinklar opp nynorsk i skulen. Talen har fått tittelen Den språklege lekkasjen. Talen les du hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 29.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Få skattefrådrag

Du får skattefrådrag om du gjev pengegåver til ein del friviljuge organisasjonar. Noregs Mållag og Norsk Måungdom står på lista over slike organisjonar. Sjå lista over organisasjonar i Bergens Tidende.

Lagt ut 29.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

På leseturne med nynorsk litteratur

Det er viktig å lesa bøker, og det er viktig å lesa bøker som er på nynorsk. Les meir i Varden.

Lagt ut 29.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Åmås i Volda

For nokre veker sidan gav Knut Olav Åmås ut ein biografi om lyrikaren Olav H. Hauge: Mitt liv var draum. Med dette store arbeidet som bakgrunn går Åmås inn i ein aktuell debatt om biografien sjanger. Fredag 1. oktober er han gjesteførelesar på Høgskulen i Volda. Les meir i Høgskulen i Volda.

Lagt ut 29.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skulebøker berre litt billegare

Skulebøker er for dyre, meiner politikarane og vil innføra konkurranse på skuleboksal. - Litt billigare kan dei nok verta, men ikkje mykje, spår Paul Hedlund, sjef for skulebøker i Gyldendal, men han er uroa for prisane på nynorske lærebøker. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 28.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Einar den store

- No når Per Håland er gått under torva, må vi småtylane til pers. Om lag slik heidra Einar Førde pressemannen frå Høyanger som døydde hausten 1999. Dette skriv Ottar Grepstad om Einar Førde. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 28.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Anekdoteskaparen

Det var på 1960-talet, i dei dagane Venstres Bent Røiseland var eit markant namn på Stortinget. Ein dag var unge Einar Førde innom parlamentet, og kom til å helsa på venstreveteranen. «Einar Førde», sa Røiseland, «ja deg har eg høyrt om». «Jaså, du følgjer såpass med», repliserte den freidige sogningen. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 28.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

SiR slepp nynorsk?

Rennesøy kommune kjem truleg til å syta for at SiR ikkje treng å innføra nynorsk. Les meir i Rogaland Avis.

Lagt ut 27.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Arne Hjeltnes går i land

Arne Hjeltnes har gått i land - i Hongkong. Men midt i eit intensivt arbeid for Eksportutvalet for norsk fisk i Asia får han tid til å skriva nye dikt. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 27.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Einar Førde er gått bort

Sundag kveld kom bodskapen: Einar Førde var død. Det kom ikkje uventa. Les meir i Bergens Tidende.
Les kva avisene skriv om Førde:

Lagt ut 27.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Årstale om nynorsk skriftkultur

- Å lage årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur er like vanskeleg kvart år. Før eg går i gang, gruer eg meg alltid, seier Ottar Grepstad. - Tenk om eg ikkje kjem fram til noko som er viktige å seie? Onsdag 29. september held han tale i Aasentunet. Les meir i Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 27.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Droppar sidemål - får ikkje jobb

Fleire tusen unge med innvandrarbakgrunn har fullført norsk skule utan undervising i nynorsk. Fleire skular oppfordrar dei til å droppa sidemål, utan at dei får vita at dei då ikkje kvalifiserer til jobbar i offentleg sektor. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 27.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gratulerer med språkdagen!

Europarådet oppmodar nordmenn til å markere at vi har eit stort repertoar av språklege ferdigheiter som vi kanskje ikkje tenkjer over i det daglege. Dei nemner mellom anna at vi har to skriftspråk, ifølgje ei pressemelding frå Utdannings- og forskingsdepartementet. Nynorsk.no ynskjer de alle ein framifrå språkdag!

Lagt ut 26.9.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Får kjeft

TV2 får kjeft for dekkinga av konfliktane i Midt-Austen, men òg for at det er for mykje nynorsk i TV2. Les meir i Bergens Avisen.

Lagt ut 25.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil sakne nynorsk

Fylkesordføraren er positiv til å prøva videregåande utan nynorsk. Det er ikkje Maria. Les heile saka i Romerikes Blad.

Lagt ut 24.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Meiner kommunen bryt opplæringslova

Elevane på Fauskanger barne- og ungdomsskule har felles undervising trass i at det er både bokmål- og nynorskelevar i klassane. Det meiner Inger Tangedal er eit klart brot på opplæringslova. Les meir i Askøyværingen.

Lagt ut 24.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Trur nynorsk er ulempe

Ein av fire nynorskelevar seier dei trur det vil vera ei ulempe å ha nynorsk som hovudmål seinare i livet. Dette er eitt av resultata frå ei fersk undersøking gjennomført ved fem vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 24.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

"Wikipedia - det frie oppslagsverket"

Det nettbaserte oppslagsverket Wikipedia har fått ei nynorsk utgåve. Oppslagsverket vert laga til ved at nettbrukarar sjølve skriv artiklar. Sjå meir om Wikipedia hjå Wikipedia.org.

Lagt ut 23.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Krimroman frå reklamemiljø i Stavanger

Egersund har aldri fostra ein forfattar av format. Jon Lorentzen trur bokmål har noko av skulda. No debuterer egersundaren på nynorsk. Les heile saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 23.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Meland mållag med nynorsk songbok

Etter fleire års arbeid kunne stolte medlemer av Meland mållag torsdag presentera si eiga nynorske songbok for barn. Les heile saka i Nordhordland.

Lagt ut 23.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha nynorskdebatt

Ordførar Jørgen Åsland meiner tida er mogen for ein nynorsk-debatt i Åseral. Han trur nynorsken er eit problem for dei som flytter til kommunen. Les heile saka i Fædrelandsvennen. Meiningane mellom ungdomsskuleelevane i Åseral er delte. Kva elevane seier kan de lesa Fædrelandsvennen.

Lagt ut 22.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt nynorsk pressebyrå

To vestlendingar har etablert Raude Media DA, eit nytt pressebyrå som leverer artiklar på nynorsk. Spesialiteten er bil- og båtstoff. Les heile saka i Journalisten.

Lagt ut 22.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fleksipris på norske bøker

Framleis fastpris, men med kunderabatt på opptil 12,5 prosent og fripris på skulebøker, heiter det i den nye bransjeavtalen. - Dolkestøyt til bokklubb og nynorsk, hevdar kritikere. Les heile saka i Klassekampen.

Lagt ut 22.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Semje om ny bokavtale

Forleggjarar og bokhandlarar no er einige om ein ny, modernisert bokavtale. Partene er òg samde om ei overgangsordning for skulebøkene, slik at distriktsbokhandlane får tid til å omstilla verksemda. Les heile saka på NRK.no.

Lagt ut 21.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Snakk nynorsk - bli vellukka

I eit forsøk på å få i gang eit studentmållag hadde Bø Mållag i går kveld invitert nynorsk-standupar Are Kalvø til Vertshuset i Bø. Les heile saka i TA.

Lagt ut 21.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kva er gale med nynorsken

"I neste omgang overfører foreldra si sjølvtillagte hatinnstilling mot nynorsken til sine ungar som da får inn ei negativ haldning til nynorsk med morsmjølka", skriv Halvor Midtbø i Nationen.

Lagt ut 20.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Forakt for nynorsk

Me er samde i at vedtaket om valfritt skriftleg sidemål i ein del av Oslo-skulane, er gjort på feil premissar. Men når det er sagt, kan me forstå at Oslo-elevane er glade for å sleppa nynorsk. Les heile leiarartikkelen i Grannar.

Lagt ut 20.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Pris til Sæltun Fjørtoft

Den populære tv-vertinna Ragnhild Sæltun Fjørtoft fekk under Litteraturdagane i Vinje Storegutprisen. Det var ein særs takksam prisvinnar som takka for æra, skriv Telemarksavisa.

Lagt ut 19.9.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Språk? Det er jo gøy, det!

Knusktørre filologar og keisame norsktimar - er det slik vi må møte språket vårt? Nei, nærast ropte haustens tri språkbokforfattarar då Aftenposten samla dei til møte.

Lagt ut 19.9.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Trur nynorsk overlever

Helene Uri trur at nynorsk kjem til å halda seg i høve til bokmål i framtida. Dette vert emne for Språkteigen i NRK.

Lagt ut 18.9.04 av Tarjei Vågstøl
Gå til saka | Tips ein ven

Vern om bokhandelen

Framlegget om konkurranse på bøker er tema for leiaren i Dag og Tid denne veka. Gjerdåker er redd taparane kjem til å vera den smale litteraturen og dei forlaga som satsar på den typen litteratur, om framlegget frå regjeringa vert vedteke. Rabattkrig på bestseljarar vil ytterlegare marginalisera desse bøkene, medrekna nynorsklitteraturen. Heile leiaren kan du lesa i Dag og Tid.

Lagt ut 18.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nei til bokmål og Frp

1. september i år sende Øyvind Vaksdal (Frp) fylgjande spørsmål til kulturministeren:"Vil statsråden gjennomgå saken om målform ved Sentralsjukehuset i Rogaland på nytt, slik at sykehusets målform blir brakt i samsvar med befolkningsflertallet i regionen, og slik at sykehusets midler blir brukt til behandling av pasienter i stedet for unødvendig og kostbar kursing og omskolering?" Det verkeleg fornøyelege svaret frå statsråden kom i spørjetimen onsdag. Det kan du lese på nettsidene til Stortinget.

Lagt ut 17.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kvifor er Ålesund bokmålskommune?

«No er heile Sogn og Fjordane nynorsk, og Helse Vest skal verte nynorsk. Kven vert først av dei politiske partia til å programfeste nynorskkommunen Ålesund?», skriv Marie Lovise Widnes. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 17.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sørbø 50 år

Professor Jan Inge Sørbø ved Ivar Aasen-instituttet på Høgskolen i Volda, fylte femti år i går. Dagen feira den markante nynorskmannen med å gå på tyttebærtur. Les meir i Dagen.

Lagt ut 17.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hausten i Aasentunet

På haustprogrammet til Nynorsk kultursentrum står heile 23 produksjonar med til saman 35 tilstellingar. Les pressemeldinga hjå Nynorsk kultursentrum. Programmet finn du her.

Lagt ut 16.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Færre vitja Aasentunet

1500 færre vitja Aasentunet denne sumaren samanlikna med i fjor. Eirik Helleve fortel at dette stort sett kjem av at det er gjeve ut færre fribillettar. Les meir hjå Sunnmørsposten.

Lagt ut 16.9.04 av Tarjei Vågstøl
Gå til saka | Tips ein ven

Alvorleg åtak

"Sidemålsundervisninga kan ikkje, og bør heller ikkje, vere freda mot ein kvar endring for all framtid, men forsøk i skulen bør dreie seg om korleis ein kan styrkje faga, ikkje, som her, om å fjerne heilt sentrale delar av undervisninga." skriv Eli S. Øveraas, Sp. Les meir hjå Nationen.

Lagt ut 16.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fri pris på skulebøker

Kulturdepartementet vil ha slutt på fastpris for skulebøker, og bokhandlarane skal ikkje lenger ha monopol på sal av skulebøker. Les meir hjå NRK Kultur. Prisane for nynorsk- og bokmålsbøker skal likevel vere like på kvar utsalsstad, går det fram av ei pressemelding frå Administrasjonsdepartementet.

Lagt ut 14.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Rasar mot administrasjonsmål

Arne Sortevik (FrP) er irritert over at Kulturdepartementet har pålagt alle sjukhus i Hordaland om å bruka nynorsk som administrasjonsmål. Les intervjuet i Fanaposten.

Lagt ut 14.9.04 av Tarjei Vågstøl
Gå til saka | Tips ein ven

Lærer på nynorsk

Naumdøla mållag har kjøpt nynorske lærebøker i samfunnsfag til tiande klassetrinn ved Høknes ungdomsskole. Prosjektet skal gje elevane betre karakterar i sidemål og meir positive haldningar til nynorsken. Les meir i Namdalsavisa.

Lagt ut 14.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bokbål

Laurdag varsla Ukeslutt at elevar ved ein vidaregåande skule i Oslo skulle laga til bokbål der nynorskordlistene slukke brennast. Les Dagbladet sin kommentar til bokbålet her.

Lagt ut 13.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lesespråket

Høyrt ein Høgre-leiar snakke vakkert om nynorsk litteratur i det siste? Høyrest litt pussig ut, ikkje sant? Omtrent som SV-arar som priser oljeindustrien eller noko. Men det er altså nærast fast takst for tida, og kvar gong det skjer, blinkar det raudt i lokala til Noregs Mållag, skriv Pernille Rygg i Dagbladet.

Lagt ut 11.9.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Slaktar nynorsk-forsøk i Oslo

Føresetnaden for ordninga med valfritt sidemål i Oslo-skulen var at ordninga skulle evaluerast. Men ingen av dei etablerte forskarmiljøa vil ha jobben, og slaktar forsøket, skriv NRK Austlandssendinga. Sjå innslaget i Dagsrevyen (Nett-TV)

Lagt ut 10.9.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Mykje motstand mot forsøk

- Elevar som vel vekk nynorsk kan få problem med å få jobb i det offentlege når dei ikkje kan båe målformene, seier Helga Hjetland leier i Utdanningsforbundet. Men utdanningsminister Kristin Clemet (H) hevdar at denne regelen ikkje vert praktisert så strengt. Les dagens reaksjonar:

Lagt ut 10.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fekk nynorsk på resepten

Lesa, les, las, har lese! Kva er spesielt for sterke verb? spør kursleiar Ola Breivega. Helse Bergen har fått nynorsk på resepten. Det er uvant medisin. Les heile artikkelen i Bergens Tidende.

Lagt ut 10.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mindre norsk

Det er og blir ei gåte at elevar i vidaregåande skular i Oslo trur at dei skal bli betre i norsk ved å lære mindre norsk. Les dagens leiar i Sunnmørsposten her.

Lagt ut 10.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Direktorat på kant med lova

Direktoratet prøver seg og på politisk omkamp og undergrev tilliten til direktoratet som fagleg instans, seier Endre Otto Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 9.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ikkje vere gislar for nynorsk-kutt

Høgskolen i Oslo og Universitet i Oslo har sagt nei til å evaluere Oslo-skulane sitt nynorsk-fritak. - Dei vil ikkje vere gislar for språkpolitiske mål, seier professor Jan Inge Sørbø i Volda til Sunnmørsposten.

Lagt ut 9.9.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Forskarar sa nei ? direktoratet sa ja

Direktør Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet tok ikkje omsyn til dei kritiske breva frå forskingsinstitusjonar i Oslo då han sa ja til nynorsk-fritak i Oslo-skulen, skriv Sunnmørsposten.

Lagt ut 9.9.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Ny bok frå Øyehaug

Gunnhild Øyehaug har skrive ei herleg, lettlesa novellesamling på nynorsk med 22 små noveller, alle verdt å få med seg. Les heile bokmepdinga i Utopia

Lagt ut 8.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Frå språknøytrale til bokmål?

Kampen mellom bokmål og nynorsk stormar for fullt på Agder. Språkrådet krev meir nynorsk, mens Bokmålsforbundet svarar med å mobilisera kommunane til å velja bokmål. Les meir om målstriden på bispekontoret i Agderposten

Lagt ut 8.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kontakta ikkje voldaforskarar

Det er oppsiktsvekkjande at ikkje nokon frå Nasjonalt kompetansesenter for nynorsk i opplæringa i Volda vart teke med på råd før Oslo-skular fekk nynorskfritak. Les dagens reaksjonar:

Lagt ut 8.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Pris, lokalt og nynorsk

Med desse verkemidla på si side, fryktar ikkje Drgesetgruppa dei nye Lidl-butikkane som snart opnar i Noreg. Les alt om dette i Handelsbladet fk.

Lagt ut 8.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje fritak i Asker og Bærum

Andre forsøk som gjeld fritak frå skriftleg sidemålsopplæring bør venta til evaluering av osloprosjektet ligg føre, seier direktør Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet. Les meir i Budstikka.

Lagt ut 7.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Berre ein hund, i to nye bøker

I går var det 100 år sidan Per Sivle døydde for eiga hand. Om lag på timen hundre år etter dødsfallet, vart to nye Sivle-bøker sleppt på Stalheim. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 7.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bispedøme får ikkje dispensasjon

Biskop Olav Skjevesland vil søkja dispensasjon frå kravet om å bruka nynorsk som målform i bispedømet. Språkdirektør Sylfest Lomheim vil ikkje innfri søknaden. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 7.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sår tvil om fagleg grunnlag

Utdanningsminister Kristin Clemet sa i Stortinget i fjor at skular ikkje kan få unntak frå noko ein synest er overflødig, men ein kan gjera forsøk for å få til betre utvikling i faget. Fritak frå sidemåls­opplæring står i kontrast til desse retningslinjene, seier Endre Brunstad til BT. Les fleire reaksjonar: Vil ha omkamp:
  • Etter at nynorsk i osloskulen no vert valfritt, vil vestfoldpolitikarar på ny søkja om at sidemål vert friviljug i vidaregåande skuler NRK Vestfold.

Lagt ut 7.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

100 år etter Sivle

I dag er det på dagen 100 år sidan Per Sivle døydde. Dagen vart markert slik det høvde seg på staden han voks opp. Sjå Dagsrevyinnslaget her.

Lagt ut 6.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Utdanningsdirektoratet seier ja til friviljug skriftleg sidemål

Utdanningsdirektoratet har godkjend søknaden frå Oslo kommune om eit treårig forsøk med friviljug skriftleg sidemålsopplæring. Halvparten av elevane i dei vidaregåande skulane i byen vil ikkje få skriftleg opplæring i sidemål. Vedtaket har vekt sterke reaksjonar i målrørsla og i pressa: REAKSJONAR FRÅ MÅLRØRSLA:

Lagt ut 6.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk gjer inntog

Aldri før har nynorsk vore mer populært mellom unge på Sørlandet. Det kan artistar som Side Brok og Odd Nordstoga ta mykje av æra for. Dei gjer nynorsk kult. Les meir i Fædrelandsvennen. Les òg om Nordstoga i undervisinga i Fædrelandsvennen.

Lagt ut 4.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Biskopen må bruke nynorsk

Språkdirektør Sylfest Lomheim krev at Agder-biskop Olav Skjevesland må bruke nynorsk som administrasjonsspråk. Les meir hjå NRK i Telemark.

Lagt ut 4.9.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Dristig 2005-opera

I oktober neste år har folkemusikkversjonen av Tryllefløyten premiere på operaen med kvedarane Berit Opheim og Aasmund Nordstoga i rollene som Nattens Dronning og Sarastro. Les meir i TA.

Lagt ut 4.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kan ikkje agderbispen nynorsk?

Eller likar han ikkje nynorsk? undrar Aslak T. Fjermedal, leiar i Vest-Agder Mållag. Det er på høg tid at nynorsken får sin rette plass på Agder, seier Fjermedal. Les meir her.

Lagt ut 3.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gratis bøker til fyrsteklassingar

Alle som byrjar i fyrste klasse i haust får ei gratis nyskriven bok. Boka kjem både på nynorsk og bokmål. Les meir i Siste.no.

Lagt ut 3.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Klekkeri for nynorsk journalistikk

Studentar som går på Nynorsk mediesenter i Førde skal bli så gode nynorskjournalistar at arbeidsgjevarar ikkje kan la vere å tilsetje dei. Klare og sterke mål ved det nyopna mediesenteret! Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 3.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Biskopen vil ikkje bruka nynorsk

Agder bispedømme søkjer om dispensasjon frå pålegget om å endra administrasjonsspråket til nynorsk. Les meir i Nrk.no.

Lagt ut 3.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk mediesenter har opna!

Nynorsk mediesenterSaman med den hylande grisen til artist Odd Nordstoga fekk kulturminister Valgerd Svarstad Haugland æra av å opne Nynorsk mediesenter i Førde.
Les meir:

Lagt ut 2.9.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

SiR-nynorsk til Stortinget

Øyvind Vaksdal (Frp) krev at Valgerd Svarstad Haugland ser på innføringa av nynorsk på SiR på nytt. Les meir i Rogalands Avis.

Lagt ut 1.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Informativ jernbanebok for barn og unge

Onsdag 1. september fyller jernbanen i Noreg 150 år. I samband med det har Aud Søyland og Bjørn Karsrud skrive boka «Full rulle på norske spor». Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 1.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mot språkfagleg tullpreik

Eg trur det vil vere eit tap for elevane dersom sidemålsundervisninga vert rasjonalisert bort. Men at ho kan verte betre, er eg rimeleg viss på, skriv Rune Garmann. Les meir på www.utdanning.ws.

Lagt ut 1.9.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen