nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: oktober 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Radio Røynda vert fjernsyn

Målplakaten til Radio Røynda seier at dei skal jakta på intelligent liv på baksida av Vestlandet, i alle tre fylka. Utrusta med turnebuss med rullestolheis, Maltblokkar (Noregs eldste snop) og nysydde dressar har dei tråla rundt for å finna gode gjester til fjernsynsprogrammet sitt. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 29.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Helsedepartementet har skulda

Ordskiftet om byte til nynorsk som administrasjonsmål for Helse Vest og Haukeland sjukehus rasar i Bergens Tidende. Steinulf Tungesvik skriv i dag at heile ekstrautgifta skuldast Helsedepartementet sine eigne handlingar. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 29.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Leseprosjekt og nynorsk leseglede

To klassar i Drammen er med på prosjektet «Teksten i bruk», og skal me tru Drammens Tidende får dette elevane til å kasta seg over nynorskbøker heilt friviljug.

Lagt ut 28.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Meir samisk, mindre nynorsk

Rektor ved samisk vidaregåande skule i Kautokeino vil erstatta nynorsk med meir samisk. Clemet og Hjetland opnar for framlegget. Les meir i Siste.no.

Lagt ut 28.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Carmen på nynorsk

Laurdag 6. november inviterer Soon Blandede Kor og Ås Korforening til premiere på «Carmen» av George Bizet. Verket vert framførd på nynorsk i Edvard Hoem si omsetjing. Les meir i Moss avis.

Lagt ut 28.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil fortsatt ha skriftleg nynorsk

Nær 200 elevar i Oslo har takka nei til tilbodet om å sleppe undervisning i nynorsk sidemål, skriv Dagsavisen i ei oppfylgjingssak etter at sidemålstala vart lagt fram 26. oktober.

Lagt ut 27.10.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Mange vel bort skriftleg nynorsk

Av 996 moglege ynskjer 814 Oslo-elevar å delta i forsøket med fritak frå skriftleg nynorsk. Forskarar skal følgje nøye med og undersøkje om fritak frå skriftleg sidemål fører til at elevane blir betre i skriftleg hovudmål. Les meir hjå NRK.

Lagt ut 26.10.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Vil gjere Samlaget større

Nina Refset- Vi må ha ein tilstrekkeleg basis for å oppretthalde dei kulturforpliktingane vi har, seier den nye samlags­sjefen Nina Refseth. Ho har ambisjonar om å gjere forlaget større, kanskje gjennom oppkjøp, skriv Nationen i eit portrett.

Lagt ut 26.10.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Storsiger i Reinli

Storsiger! Over 65 prosent røysta for nynorsk i Reinli skulekrins, berre 34 prosent røysta for bokmål. Og frammøteprosenten var på heile 63,5 prosent! Les den fyrste saka i Valdres eller oppfylgjingssaka 26.10

Lagt ut 25.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Samlaget bør kjøpe bokmålsforlag

Samlaget bør vurdere å skaffe seg eit lite bokmålsforlag, seier forfattarane Knut Olav Åmås og Ingar Sletten Kolloen, til Klassekampen. Tanken er at eit bokmåls­dotter­selskap av Samlaget kan gje ut parallellutgåver eller bestseljarar på bokmål for å selje meir.

Lagt ut 25.10.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ei bru inn i byen

Bondeungdomslaget i Nidaros fyller hundre år i haust. Ola Svein Stugu skriv om laget og jubileet i Adressaavisa.

Lagt ut 22.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Svekkjer nynorsken

Nynorsk-rørsla meiner språkvedtaket i Nord-Fron er uhaldbart. - Vedtaket er sjølvmotseiande, seier Turid Kleiva i mållaget. Kommunestyret vedtok i går at heimesida på Internett, offentlege kunngjeringer og alle store plandokument skal vere på nynorsk. Ut over det skal det vere opp til kvar enkelt medarbeidar å vurdere kva slags skriftspråk han vil bruke, skriv NRK Hedmark og Oppland.

Lagt ut 22.10.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Frp gjev seg ikkje

Rennesøy Frp vil nok ein gong ta opp målsaka i kommunestyret. Målet er framleis å gje Sentralsjukehuset i Rogaland status som nøytralt. Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 22.10.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Hydro droppar norsken

Norsk Hydro har 39.319 norske aksjonærar og berre 1514 utanlandske. Likevel droppar Hydro no å lage norske kvartalsrapportar. -Tullete, seier direktør Sylfest Lomheim i Norsk språkråd til Dagens Næringsliv.

Lagt ut 22.10.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Lenge leve sarpedialekta

Dei har nynorsk i blikket, men i går snakka Halldis Folkedal og Sigbjørn Hjelmbrekke den utryddingstruga austfolddialektas sak. Les meir i Sarpsborg arbeiderblad.

Lagt ut 22.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Røysting i Hol?

Eit fleirtal av foreldra som har svara, ønskjer at det blir halde folkerøysting om skulemålet i Holet. Dermed kan også den siste nynorskkrinsen i Hol kommune stå for fall. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 21.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny Samlags-sjef avviser bokmålsspekulasjonar

Den nye forlagssjefen i Det Norske Samlaget, Nina Refseth, avviser spekulasjonar om at ho ynskjer å opne opp for fleire bokmålsutgjevingar i forlaget. Les meir:

Lagt ut 21.10.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

SV fylgjer opp sidemålssaka

Det var vore stilt om sidemålsforsøka i Oslo siste tida, men det skjer framleis mykje. Bystyregrupa til Oslo SV har sendt byråden ein del kritiske spørsmål dei no ventar svar på. Les spørsmåla på nynorsk.no.

Lagt ut 20.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lær deg nynorsk på internett

Norsk språkråd har utarbeidd eit interaktivt kurs i nynorsk, skrive spesielt for elevar i vidaregåande skule som har bokmål som hovudmål. Lær meir hjå Norsk språkråd.

Lagt ut 20.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Demmer opp mot engelsk

Norsk språkråd ynskjer å finna ut korleis det norske språket kan stå seg mot engelsk dei neste hundre åra. I dette arbeidet har dei knytt til seg ulike artistar som dei vil spørja til råds. Les meir i Fædrelandsvennen.

Lagt ut 20.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nina Refseth blir sjef i Samlaget

Nina RefsetFor fyrste gong får eit større norsk forlag ein kvinneleg sjef. Nina Refseth vert i dag utnemnd til direktør for Det Norske Samlaget. Les pressemeldinga hjå Det Norske Samlaget. Les meir hjå Klassekampen.

Lagt ut 20.10.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Bok frå Herborg

Herborg Kråkevik lanserer i dag den nye boka si Forteljingar. Her finn du 20 sjølvbiografiske forteljingar. Les meir om boka i VG.

Lagt ut 19.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskpraktikant i NRK?

Har du lyst til å verta nynorsk­praktikant i NRK? Fyrste kullet er godt i gang med opplæringa, og no er det tid for senda inn ein søknad om du drøymer om å verta nynorsk­journalist! Meir om søknadsfrist og om praktikant­tida finn du på NRK.no. Sjå òg innom sidene til Nynorsk mediesenter.

Lagt ut 18.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kulturdagar i BUL Oslo

Bondeungdomslaget skipar til Kulturdagar i Oslo 9-24. oktober.

Frå programmet

  • «Namnet» av Jon Fosse
  • Debatt: «Kvifor leikar barn på bokmål?
  • Jubileumskonsert for Songlaget på Munch-muséet
  • Per Sivle-kveld med føredrag og opplesing

Heile programmet finn du hjå BUL

Lagt ut 18.10.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ingibjørg

«Heggland skriver fletta av flesteparten av sine yngre kolleger», skriv bokmeldaren i BT når han melder Ingibjørg av Johannes Heggland. Les bokmeldinga i Bergens Tidende.

Lagt ut 18.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Vi bankar på ein stad der vi veit det gjer vondt

«Det nyskipa mållaget Kvinnemannalaget søker nye medlemar. Kvinnemannalaget har ikkje anna føremål enn å plage og gjere narr av andre mannalag», skriv Olaug Nilssen på vegner av Kvinne­mannalaget i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende.

Lagt ut 18.10.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ein klassikar frå Suldal

Lørdag var det hundre år sidan forskaren, oversetjaren og målmannen Eirik Vandvik frå Bråtveit i Suldal vart fødd. Les meir Haugesunds Avis.

Lagt ut 18.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hip, hop, hurra

Side Brok er ræpparane som får Norsk Målungdom til å jubla og gangsta?ne i hovedstaden til å visa fingeren, skriv Østlandets Blad. No har dei fått folket på Ås til å hoppa. Les meir Østlandets Blad.

Lagt ut 18.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Historisk Bildøen

Brit Bildøens femte roman, «Alt som er», sprengjer grenser. Det er den fyrste boka frå Samlaget som er vald til hovedbok i ein bokklubb. Bildøen er den fyrste kvinnelege nynorskforfattaren som vert innkjøpt av ein bokklubb. Les meir Dagbladet.

Lagt ut 18.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Superkritikk for Piaf

VG har sett Edith Piaf på Det Norske Teatret, og er imponerte. Les VG-kritikken eller les meir hjå Det Norske Teatret.

Lagt ut 17.10.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Slepp ikkje unna nynorsk

Rennesøy kommune gjorde vedtak om å vere språkleg nøytrale for at Sentral­sjukehuset i Rogaland skulle sleppe å vere nynorsk­sjukehus. I ettertid visar det seg at politikarane har rota skikkeleg i vedtaket, og sentral­sjukehuset er framleis eit nynorsk­sjukehus, skriv Stavanger Aftenblad. Hipp hurra for dei!

Lagt ut 16.10.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Gratis dugnadsleksikon òg på nynorsk

Gratisleksikonet Wikipedia er eit stort dugnadsprosjekt for å lage nettbasert leksikon. Den engelske utgåva har passert 370 000 artiklar, bokmålsutgåva passerte nett 10 000, medan nynorskutgåva berre har 650. Her er ein jobb for målrørsla! Wikipedia på nynorsk, bokmål eller engelsk.

Lagt ut 16.10.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Oddny på onsdag

Bergens Tidende har mykje av stoffet sitt på nynorsk, medan Bergensavisen har vore kjemisk fri for nynorsk. Men det er ingen regel utan unnatak, og her gjeld det spalta Oddny på onsdag som sjølvsagt er på nynorsk. Les spalta til Oddny Miljeteig i Bergensavisa.

Lagt ut 14.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha føringar for ny bokbransjeavtale

LNK peikar i eit brev til Kulturdepartementet og til Moderniseringsdepartementet på moglege utilsikta konsekvensar ein ny bokbransjeavtale kan få, og ber departementa leggja føringar for avtalen for å hindra dette. Les meir hjå LNK.

Lagt ut 14.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lagar strategi for norsk språk

Ut frå ei sannkjening om at det norske språket er truga på lengre sikt, har Norsk språkråd teke initiativ til å få utarbeidd eit strategidokument for norsk språkpolitikk. Les meir i Utdanning.

Lagt ut 14.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sterke meiningar om skriftspråket

At folk i Reinli er opptekne av målforma ved skulen, synte det store frammøtet tysdag kveld. Då var det debatt på Reinli skule, og vel 40 møtte fram. Les meir i Avisa Valdres.

Lagt ut 14.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis nynorsk i Nord-Fron

Formannskapet i Nord-Fron går inn for at kommunen framleis skal ha nynorsk som offisielt skriftspråk i administrasjonen. I innstillinga til kommunestyret heiter det at formannskapet går inn for å fasthalda tidlegere vedtak. Det var Arbeidarpartiet som føreslo at dei tilsette i kommuneadministrasjonen skulle få stå fritt i val av språkform, melder NRK Oppland i radionyhenda sine.

Lagt ut 13.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk inn i statsstøtta aviser

Det er no på tide at det vert stilt språkkrav til momsfritaket for aviser, seier leiar i Noregs Mållag Endre Brunstad. Det redaksjonelle nynorskforbodet i riks- og regionavisene er i strid med føremålet med pressestøtta, og bør rettast opp i statsbudsjettet. Les meir hjå Noregs Mållag. Les NTB-meldinga hjå NRK Kultur eller i .Journalisten.

Lagt ut 12.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk innhald på internett

4. og 5. november skipar Nynorsk kultursentrum til ein konferanse som skal leggja arbeidsgrunnlaget for nynorsk leksikon. Heile programet og påmeldingsinformasjon finn du hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 12.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vesalskapens ærendssveinar

"Skulde ein tru ordrett det som stod på prent um årsmøtet i Norsk Bladmannalag i BT og BA sundag 10. oktober, måtte ein sitja att med eit inntrykk av at det hadde gjenge fyre seg eit større slagsmål utanfor Gimle", skriv Jon Askeland. Les om bladmannamøtet, men no med ei anna vinkling i i Bergens Tidende.

Lagt ut 12.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Seriøst forsøk?

Bugården ungdomsskule er i gang med eit sidemålsforsøk utan skriftleg sidemål. Dei skal skriva ein sluttarapport når forsøket er over, men no vil fylkesmannen gjerne sjå korleis det går undervegs: "Det er laget noen delrapporter som vi skal samordne litt, og det kan vi sende over, sier rektor". Les meir om skulen som vurderer sine eigne sidemålsforsøk i Sandefjords Blad.

Lagt ut 12.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Korleis gjekk det med Aasenbjørka?

Førre veke vart Aasen-bjørka, det nynorske tuntreet, skadd i vindkasta på Sunnmøre. Eine stammen på bjørka er frisk og står att. Her kan du lesa om skadane og sjå bilete av bjørka gjennom hundre år! Sjå saka hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 11.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Dagsavisen

Tidligare sjefredaktør i Dagsavisen, Hilde Haugsgjerd, mottok i går historias fyrste redaktørpris frå Mediemållaget, saman med kulturredaktør Cathrine Sandnes. Dagsavisen fekk prisen for å ha opna for nynorsk i spaltene. Les meir i Kampanje.

Lagt ut 11.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

No har me ei Piaf

Heidi Gjermundsen er ei direkte årsak til at Det Norske Teatret set opp att «Piaf» etter 25 år. Ho passar perfekt til rolla. Les meir i Fredriksstads Blad.

Lagt ut 11.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bråk i høgnorskleiren

Galskapen nådde nye høgder, med vektarar, politi og basketak, då høgnorskfolket (ikkje) møttest i Bergen.

Lagt ut 10.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dyrkar poteter av tang og saueskit

Hobbybonde Roger Lockertsen får ekstra store og salte poteter i år. Hemmelegheita er tang og saueskit som gjødsel. Les meir i Siste.no.

Lagt ut 10.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fekk pris for nynorsk i 35 år

Ragnhild Sæltun Fjørtoft fekk i går pris for levande og ledig bruk av nynorsk, som tv-vertinne i NRK. Les meir i Varden.

Lagt ut 10.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vart pressa av utdanningsdirektøren i Oslo

Meir om sidemålsforsøket i Oslo og tingingsforsking. Universitetet i Oslo vil ikkje forska på "nynorskforsøket" i Oslo. - Prosjektet er i strid med alle metodiske krav me prøver å læra studentane våre, seier professor Kjell Lars Berge. Han skuldar direktøren i utdanningsetaten i Oslo for å utøva press for å få instituttet hans til å bøya seg. Les meir i Forskarforum.

Les meir om osloforsøket i Forskarforum:

Lagt ut 8.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Regjeringa drep lokalt kulturliv

Regjeringa bryt nok ein gong med Stortinget sitt vedtak om meir pengar til kulturhus. - Utan gode kulturbygg kan ikkje born og unge få spela teater, syngja i kor, dansa eller boltra seg i fritidsklubben. Dette er eit strupetak på lokalt og frivillig kulturliv, seier Åge Avedal, leiar i Noregs Ungdomslag. Les meir hjå Noregs Ungdomslag.

Lagt ut 8.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bokbølle og/eller bokelskar?

Moderniseringsminister Morten A. Meyer er om å verta ei bokbølle, for bestseljarar og mot nynorsk, kan du lesa i Ukevisen.

Lagt ut 8.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vestlandsrådet og litt om nynorsk

Dagens leiar i Sunnmørsposten tek opp det kontroversielle Vestlandsrådet, og den elendige nynorsksatsinga ragjeringa legg opp til i statsbudsjettet. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 8.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Når journalistar regisserer

Bergens Tidende sin journalist Asbjørn Kristoffersen ynskjer å slå eit slag for nynorsken, og lanserer tysdag ein genial idé. Les kva administrerande direktør i Helse Bergen seier om nynorsk i Bergens Tidende.

Lagt ut 8.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Regjeringa går frå eigne lovnader

Gjennom kulturmeldinga har regjeringa gått inn for ei systematisk styrking av nynorsken fram til 2013. Statsbudsjettet gjer derimot slike gode intensjonar til skamme. Les pressemeldinga hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 6.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Desinformasjon om nynorsk

Informasjonsdirektøren ved Helse Bergen, Mona Høgli, jamfører overgangen frå bokmål til nynorsk som å "ta penger fra pasientene". Problemet kan vendast på hovudet: Kvifor har Helse Bergen teke i bruk bokmål fyrst? spør leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad. Les heile saka hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 6.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vonbrot over statsbudsjettet

Statsbudsjettet representerer ein skrøpeleg kulturpolitikk. Både regjeringa og stortingsfleirtalet har det siste året gått inn for ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur fram til 2013. Det ser vi ingen spor etter i budsjettframlegget for 2005, heiter det i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum. Les heile fråsegna på nettsidene deira.

Lagt ut 6.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sandnes-saka: Mållaget har søksmåls-rett

Det vart siger for Sandnes Mållag 4. oktober. Då slo nemleg Gulating lagmannsrett fast at Mållaget har rett til å reisa rettsleg søksmål i saka om blanding av nynorsk- og bokmålsklassar i Sandnes. Saka er dermed klar til realitetsførehaving. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 5.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Om lekkasjar ingen har snakka om

Påstanden om at målrørsla ikkje tek målbyte-problematikken alvorleg, er fullstendig feil, skriv Oddvar Skre. Les meir i Nationen.

Lagt ut 5.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Amerikansk kjærleik på nynorsk

Torsdag 14. oktober står lokale krefter i bresjen for ein visekveld av gamal god årgang i Ressurssenteret på Hareid, med tekstar av blant andre Joni Michell, Eva Cassidy og Leonard Cohen i nynorsk utgåve. Les meir i Vikebladet.

Lagt ut 5.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fann 33 skrivefeil i Brendes nynorskbrev

Språkrådet har korrekturlese eitt brev skrive på nynorsk frå næringsministar Børge Brende. Dei fann 33 feil på 20 liner. Les meir om oppsiktsvekkjande kunnskapsløyse hjå VG.

Lagt ut 5.10.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vantar leiar i Sogn og Fjordane

Det er leiarkrise i Sogn og Fjordane mållag. Det siste halvåret har ikkje mållaget hatt leiar. Styremedlem Astrid Marie Nistad beklagar situasjonen og fryktar at dette går ut over nynorskkampen i fylket. - Det blir jo i alle fall ikkje lettare for å seie det slik, seier ho. Les meir i NRK.no.

Lagt ut 5.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Helse i kvart bokmålsord

Det kjem aldri til å koma noko budsjettår då det passar leiinga for Helse Bergen å utstyra Haukeland Universitetssjukehus med nynorske skilt. Det er viljen det står på. Eller snarare vrangviljen, skriv journalist Asbjørn Kristoffersen. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 5.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sjuk språkdebatt

Omlegginga frå fylkeskommunal drift av sjukehusa til regionale helseforetak, har kosta dyrt på mange område. No kan det også kome ei solid rekning for at helseforetaka skal følgje norsk lov når det gjeld skriftleg målform, skriv Vestnytt.

Lagt ut 5.10.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

33 feil i nynorskbrev frå Brende

Næringsminister Børge Brende (H) gjev ny næring til dei som meiner at nynorskundervisinga i skulen bør styrkast. Les meir på NRK.no

Lagt ut 5.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Aasen-bjørka gav opp kampen

Den kjende Ivar Aasen-bjørka gav i går opp etter lang og hard nynorskkamp. Sterke vindkast brakk den eine stammen i to. Les meir i Sunnmørposten

Lagt ut 5.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sterk vind skadde tuntreet

Tuntreet i Ivar Aasen-tunet har fått store skadar som fylgje av vinden i dag. Les meir på NRK.no

Lagt ut 4.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nasjonal konferanse om norskfaget

Utdanningsakademiet i samarbeid med Landslaget for norskundervising og Norsk språkråd skipar til ein nasjonal konferanse om norskfaget 11. og 12. november i år. Påmeldigsfrist er 15. oktober. Les heile programmet hjå Norsk Språkråd

Lagt ut 4.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skråninga - nytt og norsk på DNT

7. oktober er det klart for nok ein norsk urpremiere på Det Norske Teatrets Scene 2. Skråninga er basert på Carl Frode Tillers prislønna debutroman frå 2001. Forfattaren står sjølv bak dramatiseringa. Hovudrolla blir spela av Pål Sverre Valheim Hagen. Les meir hjå Det Norske Teatret

Lagt ut 4.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Den nye bokbransjeavtalen

Berre offentlege reguleringar kan hindra at bokmål- og nynorskbøkene får ulik pris etter den nye bransjeavtalen, Skriv Noregs Mållag. Les meir hjå Noregs Mållag

Lagt ut 4.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Selja gjer store pengar på Vestlandsbøker

-Mange blir overraska over at vi sel så bra. Fleire av bøkene vi gir ut, ville ikkje ha blitt satsa på av dei store forlaga, seier forlagssjef Torkjell Djupedal. Les meir i Firda

Lagt ut 4.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Andakt berre for bokmålsfolk?

"Når andakten er for heile landet, er det merkjeleg at det er så å seie berre folk med Oslo-talemål som skal forkynne for oss, til og med inne i våre eigne lokale sendingar", skriv Bjørn Sæbø, leiar i Romsdal Mållag. Les meir i Sunnmørsposten

Lagt ut 4.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høg hest om nytt namn

I motsetnad til leiarskribenten til BT, lever Haukeland universitetssjukehus i den verkelege verda, meiner sjefredaktøren i BA. Les meir i Bergensavisen

Lagt ut 3.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fordomane til Helse Vest

Leiinga i Helse Vest frir til fordomane når informasjonsdirektøren proklamerer at pengane som går med til namneskiftet for Haukeland Universitetssjukehus heller skulle vore brukt på pasientane. Les heile leiarartikkelen i Bergens Tidende

Lagt ut 2.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lagar folkemusikkopera av Tryllefløyta

Odd Nordstoga er aktuell som Papageno når Rikskonsertane set opp folkemusikkversjonen av Mozarts "Tryllefløyta". Stein Versto har omsett heile librettoen til nynorsk. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 2.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil stoppa omleggjing

Bokmålsforbundet vil freista å stoppa omleggjinga frå bokmål til nynorsk i Helse Bergen. Les meir i Bergens Tidende og les òg lesarbrev frå Bokmålsforbundet mot Hordaland Mållag i Bergens Tidende.

Lagt ut 2.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sabotasje av nynorsk

Noregs Mållag meiner at Haukeland sjukehus overdriv kva det vil kosta å gå over til nynorsk, og meiner det minner om sabotasje. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 1.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ikkje bruka millionar nå på nye sjukehus-skilt

- Helse Bergen vil ikkje bruka pengar til nye skilt med nynorsk tekst på institusjonane. I den økonomiske situasjonen me er i, vil det vera heilt feil. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 1.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis sidemål i Buskerud

Det vart inga røysting over eit framlegg frå Ingvar T. Myrvollen, Kongsberg, (H), om valfri sidemålsundervising i vidaregåande skular i Buskerud. Les meir i Laagendalsposten.

Lagt ut 1.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bli kjend med vestfolddialekta

Forfattar og lyrikar Margaret Skjelbred vil måndag lesa eit utval eigne dikt på vestfolddialekt i Sandefjord bibliotek. Ottar Hellevik vil kåsera. Kulturkvelden er i regi av Sandefjord og Sandar Mållag og Sandefjord Folkeakademi.Les meir i Sandefjords blad.

Lagt ut 1.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Eit kyss for folk flest

Mari Grydeland og Jan Zahl gjev no ut boka "Vi kan godt kysse", ei bok ho har skrive på bokmål og han på nynorsk. Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 1.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mot nye bokbål?

Me har som kjent to, legalt sett sidestilte målformer her i landet, og både bokmål og nynorsk blir dyrka og halde i hevd av sine respektive brukarar. Sjølve ordet bokbål skaper assosiasjon til tredveåra,og kulturfiendtleg politikk. Les heile kommentaren i TA.

Lagt ut 1.10.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen