nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: november 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

FrP vil endre mållova

Framstegspartiet vil endra mållova slik at faktisk målbruk i fylket, og ikkje administrasjonsmål i kommunane, skal avgjera administrasjonsmålet i fylkeskommunen. Les meir hjå Strilen.

Lagt ut 30.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Baklengs inn i språkordskiftet

Leiar i Norsk Målungdom Sigbjørn Hjelmbrekke svarar på Ingeborg Åstrali i Dagbladet i dag. Les meir Dagbladet.

Lagt ut 29.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Irsk kan bli offisielt EU-språk

Den irske regjeringa arbeider for å få heva statusen til irsk i EU. Dei siste 31 åra har språket hatt status som eit ikkje bruka nasjonalspråk, men no kan det vera betring på veg. Det skriv dei om på Eurolang.net.

Lagt ut 29.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk gjer frisk

BT melder 24. november at ventetida for pasientar har gått dramatisk ned i Helse Vest i år. Det skriv leiaren i Noregs Mållag, Endre Brunstad, om i Bergens Tidende.

Lagt ut 29.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Jaktar på nordnorske uttrykk

Gorrhysa, hestpeis eller joddfettargnaidda kan snart få status som Nord-Norges flotteste uttrykk. Les meir hjå Nordlys.

Lagt ut 25.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

P3-sjefen ute i hardt vêr

Etter at P3-sjefen gjekk ut og meinte at NRK-serien om historia til norsk rock burde ha vori kommentert på eit meir "nøytralt" målføre har det komi sterke reaksjonar.

Lagt ut 25.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ei brennbar bør

Hetsen mot nynorsk blir forsterka og radikalisert under einsretta regime, som marknadsfundamentalismen i dag. Det skriv Kjartan Fløgstad i Dagbladet.

Lagt ut 25.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- Farvel nynorsk!

Etter dagens sidemålseksamen kan nynorsktrøytte Kristine Unhjem (18) setje punktum for faget for godt. Les meir hjå Dagbladet.no.

Lagt ut 25.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Volda viktig i beinhard nynorskkamp

- Forskingsmiljøet i Volda kan bli viktig i kampen for at nynorsken framleis skal vere eit riksdekkjande skriftspråk, seier Kjartan Fløgstad som rasar mot koplinga mellom nynorsk og nazistyret under krigen. Les meir hjå Sunnmørsposten.

Lagt ut 24.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

I fyr og flamme for motkulturane

Bokmelding: Både pietistar og fråhaldsfolk får støtte frå uventa hald i Kjartan Fløgstad si nye bok, men det handlar mest om målstrev og målstrid. Les meir i Vårt land.

Lagt ut 24.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Då nynorsken kom til Transilvania

Her heime er sidemålet under hardt press. I Draculas heimtraktar har rumenske norskstudentar stor tru på nynorsken. Les meir i Forskning.no.

Lagt ut 24.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Prisverdige prisar

Dei som jobbar for nynorsken, strevar i motvind meir enn nokon gong. Denne hausten har ein vidaregåande skule fått sleppe sidemålet, med andre ord nynorsk. Les meir i Vestnytt.

Lagt ut 23.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Leverer kvalitet - kvart eineste år

Levanger Historielag gir kvart år ut interessante bøker. Årboka i år er den beste på mange år. Les meir i Trønderavisa.

Lagt ut 23.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fyrsteleg om Olav Engelbrektsson

Potent forteljarkunst frå Hoem. Ei fascinerande forteljing frå ei historisk brytningstid, ei forteljing om tru og håp, skriv adressa siste boka til Edvard Hoem. Les alt dei skriv om boka i Adressseavisa.

Lagt ut 23.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vel ikkje bort nynorsk

Osloelevane kan velja bort skriftleg nynorsk, men ordninga møter motbør i på i Hitra-Frøyaregionen. Les meir i Hitra Frøya.

Lagt ut 23.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Forfattar som utfordrar

Ørjan Drange skriv. I fjor debuterte han grundig med ein roman på 830 sider, der han trekkjer lesaren med inn i ei fantasyverd med mange utfordringar - på nynorsk. Les meir om det nye prosjektet hans i Aftenposten.

Lagt ut 22.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk ei kjenslesak

Å krangle - kranglar - krangla - har krangla. Nynorsk er en følelsessak, skriv Drammens Tidende.

Lagt ut 22.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sta målkvinne

Astri Vadla Ravnås er ei sta målkvinne. For det fekk ho årets målpris i Strand. Les meir i Strandbuen.

Lagt ut 22.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lesedugleik

Bergens Tidende presenterer i dag ei undersøkjing av lesedugleiken hjå folk, der dei fortel at skilnaden mellom nynorsk- og bokmålsbrukarar er minimal. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 22.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmelding: 142 sider godt dokumentert injurie

- Hans Fredrik Dahl er ein brønnpissar. Hans arbeid med norsk fascismes historie er det motsette av forsking. Han bruker ikkje kjeldene, han forurensar dei, skriv Sven Egil Omdal i ei bokmelding i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 21.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Riksmålsforbundet skriv om Fløgstads røre

Riksmålsforbundet av i dag er no komne på banen og svarar Fløgstad i Dagbladet.

Lagt ut 21.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Varsku for faglitteraturen

Talet på nye norske lærebøker til universitet og høgskular vil bli halvert om forslaget til statsbudsjett går uendra gjennom Stortinget, hevdar Forleggerforeningen og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 20.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kulturpris for blomar og målblom for nynorsk

Kulturprisen til Nissedals kommune gjekk til Inger Holskar som har fått kommune­senteret til å bløme. Målprisen, eller Målblomen, gjekk til verksemda som har bruka nynorsk sidan starten i 1932, skriv Varden.

Lagt ut 20.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kjærleik vakrast

VG-lesarane har kåra det vakraste ordet i Noreg, og vinnaren vart kjærleik. Les meir i VG.

Lagt ut 20.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Langslet til åtak

Lars Roar Langslet går i dag til åtak på Fløgstad og hevdar at han tek feil om han freistar skapa eit inntrykk av at riksmålsrørsla samarbeidde med nazistane under heile krigen. Meir om dette les du i Dagbladet.

Lagt ut 20.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kvalfangar fekk målpris

- Eg er glad, eg er kry, men mest av alt er eg øvegjidd, sa Ivar Dale då han fekk målprisen i Øygarden tysdag. Det er to år sidan sist Øygarden mållag fann nokon som var verdige til målprisen, skriv Vestnytt.

Lagt ut 19.11.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Språkaktivistar kjempar fram walisisk i multinasjonale selskap

Burger King har gått med på å bruke walisisk i ein av sine restaurantar som eit pilotprosjekt. Det er von om at dette skal føre til burger på walisisk i heile landet. Dette er kjempa fram av Cymdeithas yr Iaith Gymraeg (Wales' Mållag). Les meir hjå Eurolang.net.

Lagt ut 19.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Fryktar tabloidisering

FLØGSTAD-ORDSKIFTET: Ein skriv ikkje idéhistorie for at folk skal more seg, når dette går utover den saklege framstellinga, seier filosofiprofessor Gunnar Skirbekk. Han meiner redaktør Trond Berg Eriksen bør stramme seg opp. Les meir hjå Klassekampen.

Lagt ut 19.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Fløgstadordskiftet

Ordskiftet kring den nye boka til Kjartan Fløgstad rasar vidare. No har mellom andre Øystein Sørensen kasta seg på. Han er kjend for å presentera meiningar i samsvar med Dahl sine når han føreles om andre verdskrigen. Les meir:

Lagt ut 18.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskforfattarar ut i skulen

BT var fluge på veggen då Erna Osland vitja 5B på Nordnes skole. Forfatteren Erna Osland er ein av tjueåtte forfattarar i Noreg som vijtar skular over heile landet i haust. Dette er ein del av prosjektet til Det Norske Samlaget med tittel «Den gode forteljinga - færre bokdropparar». Les meir om skulevijtinga i Bergens Tidende, og om prosjektet hjå Samlaget.

Lagt ut 17.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kjærleik med i finalen

VG skal kåre Noregs vakraste ord. Einaste spesifikke nynorskordet som er med i finalen er "kjærleik". Gå og røyst hjå vg.no.

Lagt ut 17.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- Dahl historieforfalskar

Kjartan Fløgstad si bok "Brennbart" blir stadig meir omtala, den sterkaste kritikken av Hans Fredrik Dahl kjem nok her i Dagsavisen.

Lagt ut 17.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kategorien nynorskbok

Dagbladet sin bokmeldar Cathrine Krøger har stilt spørsmål ved nominasjonen av Gunnhild Øyehaug si bok "Knutar" til Brageprisen, ut frå at ho meiner boka verkar kvotert inn som nynorskbok. Olaug Nilssen svarar på dette i eit innlegg i Dagbladet.

Lagt ut 17.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Langslet innrømmer feil

I eit lesarbrev i Dagbladet innrømmer Lars Roar Langslet at han gjorde ein for dårleg jobb då han skreiv om Riksmålsforbundet si haldning under krigen. Les heile innlegget i Dagbladet.

Lagt ut 17.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Blix-prisen til Trond Hellemo

Trond Hellemo får Blix-prisen for diktinga si for barn og unge og for salmane og tekstane han har skrive til bruk i kyrkjelege samanhengr. Les meir i Bok og samfunn.

Lagt ut 16.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hoem neste festspeldiktar

Edvard Hoem blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2005. ? Eg er stolt og glad over å få vere festspeldiktar i 2005, seier Edvard Hoem til NRK.no.

Oversyn over tidlegare festspeldiktarar les du hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 16.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

«Det som faller naturlig»

Dersom det er dette prinsippet som ligg henne på hjarta, har ho mange nynorskfolk med seg, skriv Øystein Skjæveland i Bergens Tidende.

Lagt ut 16.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkstrid i krig

DEN 6. SEPTEMBER 2004 markerer elevar ved vestkantgymnaset Nissen på Frogner i Oslo at dei frå nå av, utan skriftleg etterprøving, kan dyrka sine brennande interesser for nynorsk lyrikk og litteratur. Måten dei vil gjera det på, er ved å brenna nynorske ordbøker i hagen. Dette fortel ei blid ungjenterøyst til ein velvillig reporter i Dagsnytt Radio. Dette skriv Kjartan Fløgstad om i Dagbladet.

Lagt ut 15.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Klar til sending!

Dei fem praktikantane ved Nynorsk mediesenter har på rekordtid lært seg journalistfaget frå grunnen av. No har dei praksis i redaksjonen ved NRK Sogn og Fjordane, og på løpande band leverer dei saker til radio, fjernsyn og Internett, både på lokalsendingane og riksnettet. Om kort tid vert dei sende ut i praksis i andre medier, og vert erstatta av eit nytt kull med praktikantar. Søknadsfristen for neste kull er 20. november. Les meir hjå Nynorsk mediesenter.

Lagt ut 15.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektordbok frå Gudbrandsdalen

«Prate døl» heiter dialektordboka frå Otta i Nord-Gudbrandsdalen med snedige og humoristiske forklaringar som innvier døl og byfolk i dagleglivet til norddølane. Meri les du på NRK.no.

Lagt ut 15.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Test deg sjølv

Ville du ha gjort Ivar Aasen stolt? BT har samla ti uttrykk bokmålsfolk slit med. Sjekk kva du kan i Bergens Tidende.

Lagt ut 14.11.04 av Marit
Gå til saka | Tips ein ven

- Forfalskar språkhistoria

Hans Fredrik Dahl driv med historie­forfalsking når han framstiller målrørsla som NS-venleg, hevdar Kjartan Fløgstad i boka Brennbart. Les meir hjå Dag og Tid. Les presentasjon av boka hjå Bokkilden.

Lagt ut 13.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Glede over Skule-Linux

Røysing skole i Steinkjer er forsøksskule for Skule-Linux, etter at det dei siste åra har vorte satsa sterkt på å legge tilrette for bruk av digitale verkty og kommunikasjon mellom dei unge. Les meir hjå Trønder-Avisa og Røysing skole.

Lagt ut 13.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

BUL i Nidaros får strålande kritikkar for Peer Gynt

Publikum og kritikarar rosar BUL i Nidaros etter premiera på Peer Gynt i sirkustelt på torget i Trondheim laurdag 6. november. Under premieren var det fullsette tribuner og høg stemning frå fyrste tone og frå fyrste møte med Peer i sirkusmanesjen og Mor Åse på orkesterplass. Les meir hjå Noregs Ungdomslag.

Lagt ut 13.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Tromsødialekten i bokform

I frykt for at den nordnorske dialekten skal gå tapt, gjev Odd Magnus Heide Hansen og kona Astrid ut ei bok med ord og uttrykk frå Tromsø. Les meir hjå Nordlys.

Lagt ut 13.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorsk har dei vakraste orda

- Ingenting er vakrare enn kjærleik, seier leiar Endre Otto Brunstad i Noregs Mållag og slår fast at det er nynorsken som har dei verkeleg vakre orda. Les meir om kåringa av Noregs vakraste ord i VG Nett.

Lagt ut 12.11.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

SMiN rasar mot framlegget til statsbudsjett

Det er i framlegget til statsbudsjett føreslege å avvikla tilskotsordninga for utgjeving av lærebøker på norsk. Eit slikt kutt er dramatisk for pensumlitteratur på nynorsk, seier Arild T. Olsen, leiar i Studentmållaget i Nidaros til Universitetsavisa. Les meir i Universitetsavisa.

Lagt ut 11.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Den nynorske Bibelen blir meir forståeleg

Mange av orda som nynorskbrukarane ikkje forstår i Bibelen, vil bli endra i den nye omsetjinga, lover bibelomsetjar Hans Johan Sagrusten i Det Norske Bibelselskap. Les meir hjå Vårt Land.

Lagt ut 11.11.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

SiR og Rennesøy blir truleg språknøytrale

- Saka er ikkje ferdighandsama i departementet enno, men eg oppfatta det sånn at ho vil bli handsama i tråd med det som er intensjonen i vedtaket som er gjort, altså at Rennesøy er nøytral, seier ordførar Jostein Eiane til Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 11.11.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nordmenn mest kritiske til engelske lånord

Det blir brukt altfor mange engelske ord i norsk i dag. Det meiner 62 % nordmenn i ei undersøking om importord i dei nordiske språka. 23 % er usamde i påstanden. meir om granskinga finn du hjå Norsk språkråd.

Lagt ut 10.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Forsøk med valfritt sidemål i Buskerud

Fylkesutdanningssjef Tom Martinsen innstilde på at det ikkje vart sett i gang forsøk med valfri sidemålsundervising, men Høgre fekk solid fleirtall av dei politiske partia med seg. Det var berre dei to SV-representanter som røysta mot. Les meir i Drammens Tidende.

Lagt ut 10.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny nynorsk liturgi?

Domprost Øystein Bjørdal ynskjer ein raskare revisjon av høgmesseliturgien. Han meiner spesielt at den nynorske liturgien treng ei fornying. Les meir i Vårt land.

Lagt ut 10.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kalvø presenterte sin første roman

Are Kalvø har skrive sin fyrste ordentlege roman, «Nød», ei forteljing om Live Aid, Bob Geldof og dårleg samvit. I går presenterte han boka for litteraturinteresserte på Larvik bibliotek. Les meir i Østlandsposten.

Lagt ut 10.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Senterpartiet vil gje meir til nynorsken

Senterpartiet har lagt fram sitt alternativ til statsbudsjett for 2005, og budsjettframlegget er spesielt på den måten SP vil gje auka løyvingar på 23 millionar til nynorsktiltak! Les meir om det gode nynorskbudsjettet hjå Senterpartiet.

Lagt ut 9.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Spørsmål om nynorsk og Skjærgårdsskolen

I Stortingets spørretime i morgon må utdanningsminister Kristin Clemet (H) svare på spørsmål om nynorskforsøket i Oslo og Skjærgårdsskolen i Grimstad. Les meir på Utdanning.no.

Lagt ut 9.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Veksande interesse for 100-årsjubilant

Torsdag kveld markerte Naustdal Mållag 100-årsdagen sin med variert program og godt frammøte. -Folk tykte dette var kjekt, og vi er godt nøgde, seier leiar Hjørdis Vik. Les meir i Firda.

Lagt ut 9.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Evaluering av nynorskforsøket i Oslo

Oslo kommune er på jakt etter nokon som vil evaluera forsøket med nynorskfri nynorskundervising i osloskulen. No legg dei opp til ein tilbodsrunde, og ventar svar frå potensielle oppdragstakarar. Lysingsteksten frå Oslo kommune les du i Norsk lysingsblad.

Lagt ut 9.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Refseth i Oslopuls

Den nye samlagssjefen, Nina Refseth, vart førre veka intervjua i Oslopuls. Les intervjuet i Oslopuls.

Lagt ut 9.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje valfritt sidemål i Buskerud

Fylkesutdanningssjef Tom Martinsen tilrår at det ikkje vert sett i verk forsøk med valfri skriftleg nynorsk i Buskerud. Les meir i Laagendalsposten.

Lagt ut 9.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskbrujar inforådgjevar i Helse Førde

Helse Førde har tilsett Arild Nybø (37) i den nyoppretta stillinga som informasjonsrådgjevar ved administrasjonen i helseføretaket.Nybø har arbeidd i NRK Sogn og Fjordane i ni år, og siste halve året har han arbeidt som medielærar i oppbygginga av Nynorsk mediesenter ved NRK. Les meir i Firda.

Lagt ut 9.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Merknader til statsbudsjettet

Noregs Mållag er uroa over korleis regjeringa i framlegget til statsbudsjett handsamar nynorsken som opplæringsmål. Les merknadene til KUF-kommiteen om statsbudsjettet hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 8.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Forstår ikkje nynorskbibelen

Språket i den nynorske Bibelen er fjernt frå røyndommen for dagens nynorsk-brukarar, og mange ord er gamle og uforståelege, meiner sogneprest Theis Salvesen i Valle. Les meir hjå NRK Sørlandet.

Lagt ut 6.11.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

BUL i Nidaros 100 år

Bondeungdomslaget i Nidaros feirar 100-årsjubileet ved å setje opp ein ny versjon av Per Gynt. Det er ei storsatsing som involverer både Teaterlaget, Folkedanslaget, Spelemannslaget og Songlaget i BUL, og musikken er heilt nyskriven av Einar Olav Larsen. Les meir om Peer Gynt hjå Bondeungdomslaget i Nidaros.

Lagt ut 5.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nysirkus på nynorsk

Natasha Danchenko svever i silke.: I familieframsyninga «Trollprinsen» på Det norske teatret møter gamle norske troll det siste innan internasjonalt nysirkus. Les meir hjå Dagsavisen. Les om framsyninga hjå Det Norske Teatret.

Lagt ut 5.11.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Endeleg - nynorsk nettbank!

Torsdag 11. november kan kundar i fleire sparebankar på Vestlandet ta i bruk ein nynorsk nettbank. Nynorskbrukarar har i mange år etterlyst eit slikt tilbod. No har Sparebanken Volda Ørsta og Voss Sparebank i samarbeid utvikla den første nynorske nettbanken. Meir om gladnyhende hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 4.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bispen må bruke nynorsk

Språkstriden i Agder Bispedøme er over. Bispedømet må skriva nynorsk i dei offisielle breva. Meir om dette på NRK.no.

Lagt ut 4.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Rekordsommar i Bokbyen

Aldri tidlegare har så mange lagt turen til Fjærland for å oppleva Den norske bokbyen. Omsetninga i juli auka med 47 prosent i høve til 2003. Meir om dette på NRK.no.

Lagt ut 3.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk som fagspråk

Torlaug Løkensgard Hoel seier at ingen andre enn fagmiljøa kan vidareutvikla norsk som fagspråk. Ho er ei av sju medlemer i den nye strategigruppa til språkrådet. Meir om dette i Universitetsavisa.

Lagt ut 2.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Stoppar pengar til norske lærebøker

Regjeringa vil stoppa støtta som sikrar at studentar får lærebøker på norsk. Det vil gjera norske studiar dårlegare, meiner leiar av Norsk Studentunion, Jørn Henriksen. Les om framlegget på NRK.no.

Lagt ut 2.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ord delings problem

Det er mange som irriterer seg over dei mange orddelingsfeila me ser over alt. Amund Trellevik har skrive litt om dette. Les den underhaldande teksten i Vestnytt.

Lagt ut 2.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Brageprisen: to nominerte nynorskbøker

Gunnhild Øyehaug og Arnfinn Kolerud er to av dei som er nominerte til Brageprisen i år. To av dei tolv nominerte bøkene er skrivne på nynorsk. Les meir om Brageprisne i Dagbladet.

Lagt ut 1.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nordmenn forstår mest

Nordmenn er best i Skandinavia når det gjeld forståing av grannespråk, viser førebels resultat frå undersøkinga Internordisk språkforståing (INS). Les meir om språkforståinga i Norden hjå Norsk språkråd.

Lagt ut 1.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk libretto

Kammeroperaen «Benk med og utan hund» av Jon Rørmark med nynorsk libretto av Ragnar Hovland vart oppførd for fyrste gong i går i Porsgrunn, og har fått strålande kritikkar. Les meir i Telemarksavisa.

Lagt ut 1.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dei beste bøkene er på nynorsk

Nynorsk skjønnlitteratur er klart overrepresentert i samband med Brageprisen - trass i at dei fleste jurymedlemene er bokmålsfolk. Men i bokklubbane, som seier dei gir ut det beste, er nynorsk litteratur framleis sjeldan kost. Les meir i Bergens Tidende.

Meir om nominerte nynorskbøker og oversyn over nominasjonar frå 1992 og til i dag finn du hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 1.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektpris til Ravi

Norsk Målungdom set pris på Tønsberg-dialekten. No har dei gjeve artisten Ravi Dialektprisen. Les meir på TV2.no.

Lagt ut 1.11.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen