nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: desember 2004

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Endringar i stadnamnlova

17. desember kom Kultur- og kyrkjedepartementet med sitt endelege framlegg til endring av Lov om stadnamn. Ei viktig endring er at utgangspunktet for stadnamn i skrift skal vera "den lokale talemålsforma" i staden for som tidlegare "den nedervde lokale uttalen". Slik stør regjeringa Riksmålsforbundet, Bokmålsforbundet og Det norske akademi for sprog og kultur mot Noregs Mållag, Norsk språkråd og Namnekonsulenttenesta. Les meir hjå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Lagt ut 31.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kodenamn Nina

Det er noko uklårt om den nye sjefen i Det Norske Samlaget, Nina Refseth, har fått i oppdrag å leie ein gjeng Paralympics- deltakarar, ei sjukeheimsavdeling eller Noregs kulaste forlag. Det skriv Magasinet til Dagbladet.

Lagt ut 31.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Audun den store

Denne mannen herska over den nynorske litteraturen i nesten 25 år. Forlagssjef Audun Heskestad går av i dag, men vil ikkje sette seg i kruthornet. Les meir i Vået Land.

Lagt ut 31.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høgre sitt mål

Mathias Råheim er på kant med sterke krefter i sitt eige partiet. Han vil kjempe mot avskaffing av den obligatoriske sidemålsstilen. Les meir i Firda.

Lagt ut 30.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Internasjonal sjanse for Øyehaug

Forfattar Gunnhild Øyehaug frå Ørsta får sjansen til å presentere seg for eit stort europeisk publikum neste år. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 29.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bondevik bryt mållova

Statsministerens kontor viser ingen respekt for mållova som fastset at brev skal få svar i same målform som brevskrivaren nyttar. Kontoret har i haust konsekvent nytta bokmål i svar på brev frå BT forfatta på nynorsk. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 29.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Samlar Vest-Telemark i ei bok

- Eg har prøvd å lage ei skisse av folk, natur og kultur dei siste 50 åra, seier forfattar Gunnar Sanden om boka. Han understrekar at han har prøvd å vere variert og har med alt frå vitsar av spelemannen Jørgen Tjønnstaul til Draumkvedet. Han skriv om bilar, råning, motar, kyrkjer, diktarar og anna kunst. Dei ulike grendelaga blir presentert. Les meir i Varden.

Lagt ut 29.12.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Råheim talar Høgre midt imot

Høgre sin fyrstekandidat til Stortinget, Mathias Råheim, vil ikkje vere med på å kutte ut den obligatoriske sidemålsstilen på nynorsk, slik programnemnda i partiet har føreslege. - Dette er eg djupt usamd i. Partifellar som Kåre Willoch såg verdien i at folk også lærte nynorsken å kjenne. Eg held meg til det synet, seier Råheim til Firda.

Lagt ut 28.12.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Meir nynorsk enn nokon gong

"Noreg har i mest hundre år hatt som offisiell politikk å gjera alle nordmenn tospråklege," skriv Ingar Arnøy i Hallingdølen, og påpeiker at nynorsken står sterkare enn på lenge. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 28.12.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

- Sinkenes babbel frå Riksmålsforbundet

Alf Skjeseth kommenterer her åtaka frå Riksmålsforbundet mot dialektbruken i media og særleg TV2. Les meir hjå Nationen.

Lagt ut 27.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Språkforsking med forsoning

Skriftspråka i Bosnia-Hercegovina er særs like, men blir bruka til å markere skilnad mellom dei tre nasjonale gruppene i landet. Professor Svein Mønnesland er med på å gje ut eit standardverk om språk i Bosnia. Les meir hjå Apollon.

Lagt ut 27.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

God jul!

Nynorsk.no ynskjer alle ei retteleg god jul!
Kanskje leitar du etter kjende songar eller kanskje er det juleevangeliet du har lyst å kika litt på. Under finn du nokre lenkjer til nyttige julesider.
Julesider

Lagt ut 23.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Helsing for jula 2004!

«Atter ein gong feirar vi jul! Atter ein gong får vi lesa juleevangeliet og gleda oss over Han som vart fødd i ein stall til frelse for alle menneske i verda!» skriv Eli Vikan i avisa Nordhordland.

Lagt ut 23.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Songleik for deg og meg

Odd Nordstoga og Ragnar Hovland sin song om grisen som står og hyler, har no også blitt tatt i bruk som selskapsleik. Les meir hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 23.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høgre vil gjera sidemålet valfritt

Det nærmar seg valkamp og Ine Marie Eriksen vert aktuell att: Programkomiteen til Høgre vil gjera sidemål valfritt i norsk skule. Les meir om Høgre og sidemål i VG.

Lagt ut 23.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

NPK-eigarane er usikre

-Nynorsk Pressekontor treng ikkje sjølv finna å alt det skriv om. Byrået kan verta flinkare til å ta bilete og gjera intervju på oppdrag i Oslo for kundane, seier Unn Aarrestad. Men ho er usikker på om Førde er plassen for NPK. Les meir i Firda.

Lagt ut 22.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

-Vestlendingane vil kuppe nynorsken

Framlegget om å flytte Nynorsk Pressekontor til Førde er eit forsøk frå vestlendingane på å kuppe nynorsken. Det meiner språkvitaren Roger Lockertsen. Les meir hjå Firda.

Lagt ut 21.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis liv laga for det gamle Valle-målet

Nokon finn talemålet i Setesdal så vanskeleg å forstå at det «like gjerne kunne vært gresk.» Ikkje så rart kan hende - vikingane ville trulegt skjønt valldølane i dag. Det skriv Fædrelandsvennen.

Lagt ut 21.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Siger for Mållaget

I striden om Sandnes kommune har rett til å slå saman nynorskklasser med bokmålsklasser har Sandnes mållag no vunne ein førebels siger. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 19.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- Flytt Nynorsk Pressekontor til Førde!

- Styret i Nynorsk Pressekontor må å ta nokre fundamentale grep og flytte kontoret til Førde. Og så må dei finne nye tenester og forretningsområde, elles er faren der for at dei forsvinn, seier nynorskforkjempar Arve Sandal til Firda.

Lagt ut 19.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Vêret på nordnorsk

Riksmålsforbundet er plaga av for mykje dialekt på TV2. I denne kommentaren skriv Tone Jensen om tilhøvet mellom dialekt og bokmål. Les meir i Avisa Nordland.

Lagt ut 19.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Riksmålet og Nasjonal Samling

Sidan "Brennbart" av Kjartan Fløgstad har vori debattert men ikkje meld i Aftenposten, gjev han her eit lite innblikk i dei viktigaste punkta i skriftet. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 19.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- For mykje dialekt i TV 2

Riksmålsforbundet meiner det er for mykje dialektprat på TV 2.
- Personleg ville eg høyre på nynorsk framfor dialekt, som har ein tendens til å bli inkonsekvent og noko formlaus. Vi har fått reaksjonar på at TV 2 er prega av Vestlandet, seier viseformann Tor Guttu til VG.
Oppfylgjingssaker: Journalisten, Propaganda og Kampanje.

Lagt ut 16.12.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

«Du mitt Nordmøre»

Årsboka frå Nordmøre Mållag har aldri vore meir omfangsrik enn i 2004. «Du mitt Nordmøre» er på heile 185 sider i år. Les meir om boka hjå Aura Avis.

Lagt ut 15.12.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nordstoga bygdepris-kandidat

Odd Nordstoga er ein av dei nominerte til Nationen si kåring av årets bygdeprofil 2004. Du kan lesa meir om kåringa i Nationen.

Lagt ut 15.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Levande engasjert i nynorsken

Klara Tangen Tveit brenn for nynorsken. For det blei ho heidra av Skjold og Vats Mållag førre veke. Les meir hjå Grannar.

Lagt ut 14.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Telemarking klar for by:Larm

- No minner du meg eigentleg på at eg må tinge flybillett med ein gong, seier kvedaren Jon Anders Halvorsen frå Lunde. Saman med makkar Tore Bruvoll frå Tromsø og Bø er folkemusikaren klar for neste års utgåve av by: Larm. Les meir i Varden.

Lagt ut 14.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Setesdalsdialekten under press

Rektor ved Bygland skule, Birgit Attestog, har skrivi hovudfagsoppgåve om setesdalsdialekten, og har funni ut at dialekten er under sterkt press. Dette gjeld særleg i Bygland. Les meir:

Lagt ut 14.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Reint jentelag

Det andre kullet med nynorsk­praktikantar ved Nynorsk mediesenter er klart og dei heldige er fem unge jenter. No vonar NRK dette kan føra til meir nynorsk i ungdomsprogramma. Les meir i Journalisten. Du finn bilete og presentasjon av alle jentene hjå Nynorsk Mediesenter.

Lagt ut 12.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskfritt Oppegård?

Kommunestyret i Oppegård opnar no for å fjerna skriftleg nynorsk på ungdoms­skulen. «Det kan gjere at vi blir betre i norsk», seier elevane. Les meir i Østlandets Blad.

Lagt ut 12.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mange års røynsle med pil og boge

Kjartan Fløgstad oppsummerer ordskiftet kring boka Brennbart til no, freistandene på å avspora ordskiftet og kvar det står no. Les meir i Dagbladet.

Lagt ut 12.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Flate Langslet

Oddmund Utskarpen meiner Langslet framleis ikkje tek inn over seg soga om Riksmålsforbundet og NS. Les lesarbrevet i Dagbladet.

Lagt ut 12.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkbilete

«Då teaterstykket Min kamp [...] vart sett opp på Den Nationale Scene i Bergen, stod Hitler fram som nynorsktalande med dialektbakgrunn. Poenget var klart nok: Hitler var ein latterleg figur, og dette grepet skulle bidra til å stigmatisere han ytterlegare, som ein komisk særling. Men kva har no nynorsk med Hitler å gjere? Det næraste vi kom ein Führer her til lands, var jo Vidkun Quisling, ein presteson frå Telemark som i skrift og tale brukte eit heller stivbeint riksmål,» skriv professor Gunnar Skirbekk i Dagbladet.

Lagt ut 10.12.04 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Språkrådet takkar nei

I brev til Utdanningsetaten i Oslo 3. desember takkar Norsk språkråd nei til å delta i ei referansegruppe for forsøket Valfritt skriftleg sidemål. Les svaret hjå Språkrådet i dag.

Lagt ut 9.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

«Intoleransen mot nynorsk»

Øystein Rian, professor i historie på UiO, analyserer mottakinga Fløgstad-boka «Brennbart» har fått i Oslo-pressa i ein kronikk i .Dagbladet i dag.

Lagt ut 9.12.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

I mål med kjærleik

I programmet Redaksjon EN (NRK Fjernsynet, 06.12.04) møttest forfattar Kjartan Fløgstad og historikar Hans Fredrik Dahl til debatt. Dette skriv student Ingvild Kleiveland Vevle om i Bergens Tidende.

Lagt ut 9.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Vil fjerne nynorsk-eksamen

Tidlegere undervisningsminister Tore Austad (H) meiner eksamen i nynorsk er «dill» og sløsing med tid. Les meir hjå Fædrelandsvennen.

Lagt ut 9.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Slo tilbake mot «nynorsk-angrep»

- Dette er eit angrep på nynorsk og dermed på ein viktig bit av vår kultur. Me må ikkje bli like provinsielle her i Rogaland som i Oslo, sa fylkesordførar Odd Arild Kvaløy (Sp) etter framlegga om friviljug sidemål i Rogaland. Les meir om framlegga hjå Stavanger Aftenblad.

- Frp er populistiske, seier nynorskuvenlege Høgre i Rogalands Avis

Lagt ut 9.12.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ei praktbok frå Ny-Noreg

Det er (sjøv-)ironien som bergar dette prosjektet, skriv Jan Inge Sørbø i meldinga av boka Norske landskap av Kristian Ihle Hanto og Kolbjørn Hauge. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 8.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Heimetentamen i nynorsk

- Me går jo på skulen for å læra noko. Det gjer me ikkje om me kan løysa ein tentamen heime, akkurat, seier Malin og Camilla frå Gressvik ungdomsskule. Dei er overraska etter at skulen sende dei heim for å ha heimdagsprøve i nynorsk. Les meir i Fredriksstad Blad.

Hadde ikkje vore aktuelt om det hadde vore snakk om heildagsprøve i bokmål, reise rektor til NRK.no.

Lagt ut 8.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Valgfritt sidemål i Kristiansand?

Det er politisk fleirtal for å gjera undervisinga i sidemål valfri i Kristiansand. Fædrelandsvennen.

Lagt ut 8.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskdebatt i Redaksjon EIN

Redaksjon EIN
Sjå Kjartan Fløgstad, Hans Fredrik Dahl, Bernt Hagtvet og Ragnhild Bjørge (heia Ragnhild!) brake saman i Redaksjon EIN i går, i opptak i Nett-TV.

Lagt ut 7.12.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nye nettsider

Nynorsk.no ynskjer Samlaget til lukke med nye nettsider. Desse fine sidene ser du hjå Samlaget.

Lagt ut 7.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Plan skal styrkje nynorsken

For å sikre ei god utvikling av nynorsken, ønskjer administrasjonen i Førde at kommunen vedtek ein eigen målbruksplan. Les meir i Firda.

Lagt ut 7.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha valfri nynorsk i Kristiansand

Det er politisk fleirtal for å gjere sidemålsundervisninga i Kristiansand valfri, melder Fædrelandsvennen. Hugs å røyste på eit nynorskvenleg parti ved neste val!

Lagt ut 7.12.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk forskarnettverk skipa

- Mange har lenge venta på ein møteplass for forskarar som driv med nynorsk, seier Stephen Walton. Han har, som tilsett på Ivar Aasen-instituttet i Volda, teke initiativ til Forskarnettverk i nynorsk skriftkultur. Nettverket vart skipa på eit seminar i Oslo fredag 3. desember. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 6.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- Kult med dialekt

- Det er fælt å høyre dei som prøver å snakke fint. Er du frå Fredrikstad, så er du frå Fredrikstad. Det er jo litt kult med dialekt. Det seier skuleelevar til Fredrikstad-Avisa Demokraten.

Lagt ut 6.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Gjer di plikt, krev din rett

Tittelen er henta frå den innstillinga som Arbeidarpartiet si innvandrings- og integreringspolitiske arbeidsgruppe leverte i august. I tråd med mykje nyare innvandringspolitisk tenking både her og der er det lagt større fokus på pliktene enn rettane til innvandrarane, såleis også når det gjeld språk. Dette skriv Stephen Walton om i Dag og Tid.

Lagt ut 6.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

«Kulturkameratane» lovar meir

Ap, SV og Sp samla seg i «Kultur­kameratane» i samband med kulturmeldingar i vår. No kjem dei med nye løfte i ein felles «kulturløftplan». Blant tiltaka er auka satsing på nynorsk skriftkultur gjennom Noregs Mållag. Les heile planen hjå NRK Kultur.

Lagt ut 5.12.04 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Mante til kamp for barnebøker på nynorsk

Med Kritikarprisvinnar Oskar Stein Bjørlykke på laget, ønskte arrangørane av tysdagens seminar på Fredrikstad bibliotek å rette fokus mot barne- og ungdomsbøker på nynorsk. Les meir hjå Fredriksstad Blad.

Lagt ut 3.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Dahl orsaka éi setning

Kjartan Fløgstad meiner professor Hans Fredrik Dahl er useriøs, inkompetent, udugande og driv historieforfalsking. I eit ordskifte i går orsaka Dahl éi setning i femte bandet av "Norsk idéhistorie". Les meir hjå Aftenposten.

Lagt ut 3.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Fløgstad i fyr og flamme

Går det ei linje frå bokbåla i Hitler-Tyskland til brenninga av nynorskbøker i Oslo-skulen rundt 70 år seinare? Er det vond vilje attåt historieforfalsking når Hans Fredrik Dahl i Norsk idéhistorie V feilaktig koplar NS-ideologien og målrørsla, og når Lars Roar Langslet legg eit slør over det organisatoriske samarbeidet mellom NS-styret og Riksmålsforbundet? Det er saftige innslag i årets kulturdebatt, og i kveld møtest Fløgstad og Dahl til debatt på Internasjonalen i Oslo klokka 18:30. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 2.12.04 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fekk ikkje eksamen på nynorsk

Nynorskbrukar Christopher Michael Schuff fekk ikkje teki arkeologieksamen på nynorsk ved Universitetet i Oslo. Då han møtte opp fekk han utdelt berre bokmålsutgåva av eksamen. Les meir hjå Universitas.

Lagt ut 1.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til bakar

Hildegunn og Ragnvald Larsen kunne reise heim att med ei flott utskåren «Juraskarskjering» i tre, då det vart klart at Målprisen 2004, gjekk til Larsen Bakeri og Konditori. Les meir i Grannar.

Lagt ut 1.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Språk, hat og identitet

- SOM BRUKAR av minoritetsspråket nynorsk føler eg meg grovt krenka og trakka på når Hans Fredrik Dahl får raljere slik han gjer i PS spalta i Dagbladet på søndag. Dette skriv professor Rolv Mikkel Blakar i Dagbladet.

Lagt ut 1.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Munnleg sidemål

I dette innlegget svarar adjunkt Ingeborg Åstrali på kritikken ho fekk frå Kjartan Fløgstad og NMU-leiar Sigbjørn Hjelmbrekke. Les det i Dagbladet.

Lagt ut 1.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Norske lærebøker redda

Utdanningskomiteen på Stortinget gjorde i går om regjeringas forslag og redda støtteordninga til norske lærebøker i høgare utdanning. Les meir hjå Dagsavisen.

Lagt ut 1.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Halbrend hyllar Ivar Aasen

-Ivar gjekk og gjekk og eit nytt språk vi fekk! Slik skildrar 6. klassingane på Halbrend skule livet og livsverket til Ivar Aasen i ei setning. Les meir hjå Firda.

Lagt ut 1.12.04 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen