nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: januar 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Sandnes mållag møtte kommunen i retten i dag

Sandnes Mållag har saksøkt Sandnes kommune for brot på opplæringslova. I dag møttest dei i retten, skriv Stavanger Aftenblad.

Les òg: For store forskjellar i nynorsk­opplæringa i Sandnes Sandnes kommune har fått pålegg frå fylkesmannen om å gje same opplæringstilbod til nynorsk- og bokmålselevar.

Bakgrunn: Mållaget måtte til Høgsterett for å få lov til å gå til sak mot kommunen.

Lagt ut 31.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

EU blir meir engelsktalande

Jo meir mangespråkig EU blir, jo færre språk blir snakka i offisielle saman­hengar. Etter den nye utvidinga, da ti nye medlemsland og ni nye språk vart medlemer av unionen, er EU-språket framfor andre «broken english», skriv svenske Dagens Nyheter.

Lagt ut 30.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Får refs av fylkesmannen

Det er ulovleg å blande nynorsk- og bokmålsklasser ut i frå økonomiske argument, slår fylkesmannen i Rogaland fast. Les meir i Sandnesposten.

Lagt ut 29.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vil melde Hå komune ut av LNK

Rådmannen i Hå kommune føreslår å melde kommunen ut av Landssaman­slutninga av nynorsk­kommunar, meldar Jærbladet. Årsaka er at han meiner kommunen har lite nytte av LNK og at dei vil spare pengar.

Lagt ut 28.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ålgård skule kan bli bokmålsskule

Rådmannen i Gjesdal vil at Ålgård skule skal bli bokmålsskule, skriv Stavanger Aftenblad. Det vil kommunen spare pengar på.
Les lesarbrevet frå Gjesdal Mållag om saka

Lagt ut 27.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kinesisk opning for Frode Grytten

Frode Grytten set rekord med prisvinnaren «Bikubesong». Han er den fyrste forfattaren som er omsett direkte frå nynorsk til kinesisk, kan VG fortelje.

Lagt ut 27.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Neglisjerer nynorsk

Fleire fakultet på Universitetet i Oslo opplyser ikkje om at pensum òg finst på nynorsk. Universitetsbokhandelen Akademika tek heller ikkje inn nynorsk pensumlitteratur, skriv Universitas.

Frå morospalta Ad Notam: «- Fysikk er vanskelig nok om vi ikke skal være nødt til å pugge reglene for kløyvd infinitiv også, forklarer fysikkprofessor Neivind Blåsnes (74).»

Lagt ut 26.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålsforsøket: Samanblanding av politikk og forsking

Sidemålsforsøket i Oslo var tema i Dagsnytt Atten 24. januar. Professor i tekstvitskap, Kjell Lars Berge, skuldar utdannings­direktøren i Oslo, utdannings­ministeren og Utdannings­direktoratet for å blande politikk og forsking. Les utdrag av heile debatten hjå Observer. Sjå òg nettsidene til Dagsnytt Atten.

Lagt ut 25.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmål eller nynorsk i Holet?

«Skal Holet vera ein drabantby til Oslo, eller vil me ta vare på kulturarven vår?» Det spør Birgit Smedsplass om i Hallingdølen.

Lagt ut 23.1.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

OpenOffice.org på frammarsj

I Møre og Romsdal nyttar no over halvparten av alle dei vidaregåande skulane OpenOffice.org i staden for Microsoft-produkt. Fylkeskommunen har vori ein av partane bak omsetjinga av OpenOffice.org til nynorsk og bokmål. Les meir hjå ITavisen.

Lagt ut 23.1.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk språkråd byter namn

Språkinor, Språkvernet og Statens kontor for norsk språk nådde ikkje opp blant framlegga til nytt namn på Norsk språkråd. Framlegget som er sendt til departementet, er rett og slett Språkrådet. Les meir hjå Hegnar Online.

Lagt ut 22.1.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskkonkurranse for skuleelevar i Bærum

Prosjektet «Betre sidemålsundervisning i Bærum» inviterer alle ungdomsskulane i Bærum til klassekonkurransen «Språk 2005».

Lagt ut 21.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ingen seriøse institusjonar vil evaluere sidemålsforsøket i Oslo

Ingen norske forskingsinstitusjonar vil evaluere sidemålsforsøket i Oslo. Berre universitetet i Göteborg er interesserte, skriv NRK Austlandssendinga.

Lagt ut 20.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kven blir hundreårsnordmannen?

Det er berre éin nynorsking på kandidat­lista til «Store Norske» - NRK-kåringa av den viktigaste nordmannen dette hundreåret. Stem på Halldis Moren Vesaas.

Lagt ut 19.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Avspora forsøk?

Per Egil Hegge, redaktør i Aftenposten, er særs kritisk til korleis «sidemåls­forsøket» i Oslo har utvikla seg, og lurar på kvifor det har vorti slik at ein prøver å finne ut korleis ein kan lære så lite som mogleg i staden for så mykje som trengst. Les meir hjå Aftenposten.

Lagt ut 19.1.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Populært nynorskkurs

Nettkurset i nynorsk er mellom dei mest brukte sidene på nettstaden til Norsk språkråd. Les meir hjå Norsk språkråd.

Lagt ut 19.1.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Blir pressa til å avleggje eksamen på bokmål

Universitetet i Oslo held fram med å presse nynorskstudentar til å avleggje eksamen på bokmål, skriv Universitas.
- Dette er ei uting, seier rektor Arild Underdal, men klarar visst ikkje rydje i eige hus.
NTB sende ut melding om saka i dag, m.a. referert av NRK Nyheiter.

Lagt ut 19.1.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Flyktningar lærer bokmål i Vest-Telemark

Sjølv om dei er nynorskkommunar, gjev alle kommunane i Vest-Telemark berre bokmålsopplæring til flyktningane. Er dette for å unngå integrering slik at kommunane blir kvitt dei etterpå? Det lurer iallfall Telemark Mållag på i Vest-Telemark Blad.

Lagt ut 18.1.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Anne Steinsvik Nordal er tilsett som prosjektleiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Statsråd Kristin Clemet vil vere tilstades ved opninga 30. mars. Då vert det òg skipa til ein nasjonal konferanse med tema "Nynorsk i opplæringa", skriv Høgskulen i Volda.

Lagt ut 16.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Verdig farvel med strilekongen

Familie, vener, kollegaer frå underhaldnings-Noreg og eit fulltalig pressekorps møtte fram for å følgje Ivar Medaas på hans siste reis. Ei fullsett Meland kyrkje tok farvel med kysttrubaduren i går. Les meir i Nordhordland.

Lagt ut 15.1.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Vil shoppa på nynorsk

Dei seier at dei ikkje har lagt merke til alle «sale»-plakatane, jentene på Stord. Dei kan engelsk og forstår det som står. Men aller helst burde det stått nynorsk sal, seier dei. Les meit i Haugesunds Avis.

Lagt ut 15.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Det kohtske knot

Halvdan Koht valde folket si side. Det var difor han vart hata etter krigen, meiner Kåre Lunden. Samd eller ikkje, teksten les du i Klassekampen.

Lagt ut 15.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hjartelaus språkdebatt

Kjartan Fløgstad start ein ny runde i språkdebatten med pamfletten "Brennbart". Med utgangspunkt i eigne røysler, argumenterer Tom Egil Hverven for språkleg mangfald, mot ny-konservative språkbrukare som Helene Uri og Jonny Halberg. Dette kan du lesa meir om på NRK.no.

Lagt ut 15.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Danske unge forstår ikkje norsk og svensk

«Færinger og nordmænd er bedst til at forstå de øvrige nordiske sprog, danskerne og de finsktalende finner dårligst. Vi er mest positive over for at inddrage engelske ord i nationalsproget, islændingene mindst.» Les meir i Berlingske Tidende.

Lagt ut 14.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkleg mangfald vinn

Norske ungdomar er nest best i Norden på nordisk språkforståing. Det syner ei nordisk undersøking som vart offentleggjord denne veka. Les meir hjå Dagsavisen. Les òg:

Lagt ut 14.1.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorske e-postkort

No kan du sende nynorske e-postkort. Norsk Målungdom har laga dei, så no kan du sende nynorske fødselsdagshelsingar og god betring-kort. Du finn korta hjå NMU.

Lagt ut 14.1.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- SMS-språket bryt ned meir enn det byggjer opp

Det meiner språkprofessor Finn-Erik Vinje. Halvdelen av 9-11-åringane nyttar engelske ord når dei skriv SMS, og 70 prosent miksar tal, teikn og bokstavar. Les saka i Aftenposten.

Lagt ut 13.1.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Tek doktorgrad på Hauge

Knut Olav Åmås' Olav H. Hauge-biografi blir doktorgrad i medievitskap ved Universitetet i Bergen. Originalt? - Nei, boka er også eit medium, seier medieprofessor Jostein Gripsrud. Les meir i Klassekampen.

Lagt ut 12.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kvikt og kult på Samlaget

Den 39 år gamle Nina Refseth frå Trondheim overtok ved årsskiftet som forlagssjef i Det Norske Samlaget etter rogalendingen Audun Heskestad. Ho er første kvinne i denne stillinga i nynorskforlaget. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 11.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kunnskap skal styra...

Slik heiter det i verselina, men ofte vantar me kunnskap om kunnskapen. Dei som trur at omgjevnaden utan vidare kan tilby oss det me treng å vita, til dømes om riksmålsfolkets rolle under krigen!) - dei lir av ei fundamental kunnskapsløyse, skriv Sylfest Lomheim i dag i Dagbladet.

Lagt ut 11.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk bukkeritt

Jon Fosse har skrive Henrik Ibsens elleville roadmovie frå 1867, «Peer Gynt», om til nynorsk. Det blir premiere på Det Norske Teatret i februar. Les meir i Klassekampen.

Lagt ut 11.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Foreldreopprør på Raudeberg

Foreldra til dei 23 elevane på 3. trinnet på Raudeberg skule er frustrerte og fortvila over prioriteringa til skuleleiinga. Frå nyttår vart bokmål og nynorsk-gruppene slått saman til ei. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 9.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ivar Medås er gått bort

Ein av dei kjæraste visesongarane i Noreg er gått bort. Ivar Medaas døydde i går, 66 år gamal. Han sovna stille inn på sjukehuset.

"Ein betre ambassadør har nynorsken og folkekulturen sjeldan hatt i nyare tid, vil mange meine. Ja, ei hovudstadsavis meinte jamvel at Ivar var «Vestlandets betydeligte eksportprodukt siden Aasen-normalen", skreiv Noregs Mållag i grunngjevinga då Ivar og kona Kari fekk Målprisen i 2002. Les minneord over Medås i Bergens Tidende.

Fleire heidrar Ivar Medaas:

Lagt ut 8.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vårlista klar

Vårlista frå Samlaget er klar! På lista finn du mellom anna tre debutantar, nye bøker frå Jon Fosse og Olaug Nilssen og biografiar om Jørgen Løvland og Nikolai Astrup. Sjå lista hjå Samlaget.

Lagt ut 7.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Samlaget gjev pengar flaumofra

Samlaget gjev 25.000 kroner til flaumofra i Asia. Les meir hjå Samlaget.

Lagt ut 7.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fylkesbaatane med dårleg språk

Divisjonssjef Svein Solheim seier at Fylkesbaatane er i gang med ei opprydding, slik at skilt som blir fornya, får korrekt nynorsk språkdrakt. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 7.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Spellemannsnominerte mål-artistar

Nominasjonane til Spellemannsprisen er klare, og mellm desse finn me både Odd Nordstoga, Gåte, Side Brok og Hellbillies. Les meir om nominasjonane på NRK.no.

Lagt ut 7.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Reagerer på rot

Elevne ved Foss vidaregånde skule i Oslo fekk manglende informasjon om sidemålsforsøket. - Dette virkar som ei politisk motivert hastesak, seier elevrådsleiar Jenny Sandvig til Klassekampen.

Lagt ut 7.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- 2004 det viktigaste året til no

Det seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Han oppsummerer året som har gått i eit intervju med LNK-nytt.

Lagt ut 6.1.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Svensk tilbod om sidemålsforsking unnateke offentlegheit

Utdanningsdirektøren i Oslo, Astrid Søgnen nektar offentleg innsyn i tilbodet frå Universitetet i Gøteborg som gjeld forsking på forsøk med fritak av skriftleg sidemål i osloskulen. Les meir i Utdanning.

Lagt ut 6.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språk og komikk

Dei siste vekene har det vore ein interessant språkdebatt i norske media. Det byrja med ein kronikk i Dagbladet av forfattar og førsteamanuensis Helene Uri ved Institutt for lingvistiske fag på Universitetet i Oslo. I denne artikkelen skriv Borghild Gramstad om kvifor ho tenkte "Velkomen etter" då ho las kronikken. Les meir hjå Magasinett.

Lagt ut 5.1.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ja til Garborgsenter under Jærmuseet

Time Mållag og Time kommune støttar tanken om å organisera Garborg-senteret som del av Jærmuseet. Les meir i Jærbladet.

Lagt ut 5.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gjev ei timeløn

Alle tilsette i Nynorsk kultursentrum gir ei timeløn kvar til flaumofra i Asia. I tillegg går Nynorsk Kultursentrum inn med like mykje som dei tilsette gjev. Dermed vart 3.000 kroner i går overførde til konto nr. 80. Nynorsk kultursentrum oppmodar alle andre museumsinstitusjonar om å gjere det same. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 5.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

-Utdanningsdirektoratet utan tillit i sidemålssaka

-Kvalitetssikringa i Utdannings­direktoratet har i sidemålssaka vore så dårleg at det må få konsekvensar for leiinga i direktoratet, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

Lagt ut 5.1.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Omfattande programhandsaming i Mållaget

Noregs Mållag sende i desember heile tre programframlegg ut på høyring i organisasjonen. Det gjeld framlegg til nytt arbeidsprogram, framlegg til internasjonalt program og framlegg til program for regional organisering. No kan de lese alle framlegga på vevsidene deira:

Lagt ut 3.1.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Godt nytt år!

Nynorsk.no ynskjer med dette alle brukarane våre eit retteleg godt nytt år! Takk for at de vitjar og nyttar sida vår og for at de er flinke til å tipsa oss om saker. Takk for 2004 og måtte 2005 verta eit innhaldsrikt og godt nynorsk-år!

Lagt ut 1.1.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen