nynorsk.no

24.3.2017

Arkivet for
nynorsk.no: februar 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Norsk-læreplan med åtak mot nynorsken

Utdanningsdirektoratet set seg over stortingsvedtak i framlegget til ny læreplan i norsk. Framlegget representerer eit alvorleg åtak på den skriftlege opplæringa i båe målformerheiter det i ei pressemelding frå Noregs Mållag. Les heile utspelet her.

Lagt ut 28.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Eg er ein ekte spelemann!

Det sa Odd Nordstoga etter at han vann prisen som "Årets spelemann" og "Årets mannlege artist" på Spellemannsprisen. Les meir hjå TV2 Nettavisen.

Lagt ut 27.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Forelska i fylket

Arve Sandal var ein av arkitektane bak Nynorsk mediesenter i Førde, og jobbar no i Sparebanken Sogn og Fjordane. I dette intervjuet fortel han korleis han brenn av kjærleik for fylket sitt! Les meir hjå Firda.

Lagt ut 26.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Opning av nynorsksenteret i Volda

Onsdag 30. mars vert «Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa» ved Høgskulen i Volda offisielt opna. 31.mars vert det skipa til konferanse om «Nynorsk i opplæringa». Les meir om program og opninga på dei nue nettsidene til Nynorsksenteret

Lagt ut 25.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Haugen ny redaktør i NPK

Arne Sigurd Haugen frå Ål vart 10. februar tilsett som ny redaktør ved Nynorsk Pressekontor i Oslo. Les meir i Hallingdølen

Lagt ut 25.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Utdanningsdirektoratet saboterer stortingsvedtak

Utdanning har teke opp saka om frammlegget til ny læreplan i norsk, der sidemålet nok ein gong ser ut til å verta svekt. Leiaren i Noregs Mållag er provosert, og seier at: «Utdanningsdirektoratet handlar stikk i strid med Stortingsvedtaket og prøver seg nok ein gong på ein omkamp om nynorsken». Les meir på Utdanning.ws

Lagt ut 24.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Inga forståing for Sydsæter

På nettsida til Universitas uttrykkjer Knut Sydsæter, professor ved Økonomisk institutt, forståing for at institutt sjekkar om studentar verkeleg ynskjer eksamensoppgåver på nynorsk og bagatelliserer saka som har vore oppe i Universitas. Universitas er ikkje samd med professoren. Les meir i Universitas

Lagt ut 23.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-normeringa i det blå

- Nynorskbrukarane hadde fortent ei klårgjering av nynorskrettskrivinga, i staden gjev Kulturdepartementet signal om uvisse og omkamp. Det seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad i ei pressemelding i dag. Les meir hjå Noregs Mållag

Lagt ut 23.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ein karakter i norsk på ungdomstrinnet?

15. februar vart høyringutkastet til nye læreplanar lagde ut på Skulenettet. På side 17 i utkastet ser de at Clemet går inn for ein samla karakter norsk skriftleg på ungdomstrinnet. Dette bryt med tidlegare vedtak i Stortinget, og kan ikkje sjåast som noko anna enn nok ein freistnad på å svekkja nynorsken. Les utkastet på Skulenettet.

Lagt ut 23.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskbruk i departementa

Landbruksminister Lars Sponheim er dårligste i regjeringa i nynorsk. Alle pressemeldingane frå Landbruksdepartementet i fjor var på bokmål. I Miljøverndepartementet står det òg dårleg til, og no har Hareide innført nynorsk kurs for heile staben. Les meir i Halden Arbeiderblad.

Lagt ut 23.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Historieverk får hard kritikk

Historieverket om norsk kulturpolitikk får hard kritikk. Redaktør, historikar og forfattar Hans Fredrik Dahl har oversett distrikta og hatt dårlig styring med historieverket, hevdar kulturforskar Georg Arnestad. Det vert spanande å sjå om nynorsk vil få nokon plass i verket. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 22.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Slepp nynorsk

Rennesøy kommune har funne ut at dei er språknøytrale. -Då kan Stavanger Universitetssjukehus velje å berre bruka bokmål, seier Sigfrid Tvitekkja i Norsk språkråd. Les meir om sjukehussaka i Rogalands avis.

Lagt ut 22.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Rettskrivingsendringar frå KKD

Kultur- og kyrkjedepartementet har i dag lagt fram avgjerda si i synet på rettskrivinga i nynorsk. Dei er tydelegvis ikkje nøgde med det Språkrådet er kome fram til og godkjenner ikkje endringane som er gjorde i nynorsken. Departementet let skiljet mellom hovudformer og sideformer stå til ein har fått eit nytt normeringsregime som kan handsame saka på nytt. Meir finn du hjå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Lagt ut 22.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Krev meir nynorsk

Målsiddisane krev at regionsavisene i Rogaland skal ta omsyn til nynorskbrukarane i fylket og meiner det er ei skam at avisene har så lite av innhaldet sitt på nynorsk som dei har i dag. Dei har sendt eit ope brev til avisene i Rogaland, og brevet les du i Stavangeravisen.

Lagt ut 22.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget krev full deling

Full deling av nynorsk- og bokmålsgrupper. Det vert fylgjene av domen i Sandnes tingrett, meiner leiaren i Noregs Mållag. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 22.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språklaus jålebukk

Hugo Steinnes, medlem av kommiteen for skandinaviske språk på London-universitet UCL, får så hatten passar i eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten: «Steinnes skjemst av morsmålet sitt, og hevdar at det er «lettare å formulere seg på bokmål enn på nynorsk.» [...] Vi treng ikkje slike språkambassadørar som Hugo Steinnes korkje i England eller andre stader,» skriv Knut Mele.

Lagt ut 21.2.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Gode kritikkar for Peer Gynt

Laurdag var det premiere på Peer Gynt på Det Norske Teatret. Det var eit spent publikum som møtte ei framsyning der skodespelet var omsett til nynorsk av Jon Fosse, regissert av verdskjende Robert Wilson og med ny musikk av Michael Galasso. Sjå dei fyrste kritikkane under.

Lagt ut 21.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålsforsøk i ein tynn tråd

Usemja mellom pedagogar ved Universitetet i Göteborg og utdanningsetaten i Oslo har ført til at universitetet har trekt tilbodet om å evaluera sidemålsforsøket i osloskulen! Les meir i Utdanning.no.

Lagt ut 19.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bispestrid i 70 år

Det er ikkje nytt at det vert strid når ein ny biskop skal innsetjast. Fleire gonger har målsak vore sentrale stridsspørsmål. Les meir i Vårt Land.

Lagt ut 19.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Flytter frå bygda om nynorsken tapar

Det ser ut til å gå mot målrøysting på Røysing skole i Steinkjer. Kjenslene er sterke, og Gunnar Gravås seier at om bokmålet vinn så flytter han frå bygda! Les meir hjå Trønder-Avisa.

Lagt ut 18.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Rettsavgjerd gjev nytt håp

Rettsavgjerda i Rogaland om forbod mot blanding av nynorsk- og bokmålselevar kan få fylgjer andre stader òg, t.d. Vågsøy. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 18.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Melding frå Halden

Harry Hurt i PC World tykkjer det er vanskeleg å forhalde seg til vêret på NRK - han får nemleg vêrmeldinga for Halden på nynorsk! Les meir hjå PC World Norge.

Lagt ut 18.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kvifor er så mange sinte på nynorsken?

Det lurar Stein Ørnhøi på i denne kronikken. Han er republikanar, men han dreg fram iallfall ein positiv ting med Mette-Marit: dialekten! Les meir hjå Fædrelandsvennen.

Lagt ut 17.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget vann i Sandnes

Sandnes Mållag vann i tingretten: Kommunen får ikkje lov å blande nynorsk- og bokmålselevane i same klasse dersom foreldra ikkje ynskjer det, skriv NRK Rogaland.

Lagt ut 17.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Mæler nynorsksatsinga

Nynorsksatsinga i Bærum kommune fører til meire positive haldningar til språk generelt og nynorsk spesielt. Det seier lærar Magn Næss ved Bekkestua ungdomsskole til Budstikka.no.

Lagt ut 17.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Folkerøysting om skulemålet i Hol

Det er ein skulekrins med nynorsk att i Hol kommune øvst i Hallingdalen, Holet skule. No blir det truleg røysting der, etter at 166 av 570 røysteføre i krinsen har kravd det. Les meir hjå Hallingdølen.

Lagt ut 17.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Flora vurderer utmelding av LNK

-Eg er nynorskmenneske. Det er berre så synd at eit symbol skal vere så dyrt! sukka ordførar Bente Steindal då Flora formannskap drøfta utmelding av Landssamanslutninga av nynorskkommunar, fortel Firda.

Lagt ut 16.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Jon Fosse ny festspeldiktar

I morgon offentleggjer Norsk Forfattersentrum Vestlandet at Jon Fosse vert årets festspeldiktar. Hardingen er Noregs mest kjende og spela dramatikar etter Henrik Ibsen. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 16.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Litteraturkritikarprisen

Samlagsforfattarane Per Olav Kaldestad og Arnfinn Kolerud er nominerte til Litteraturkritikerprisen. Kaldestad for nominert som beste barne- og ungdomsbok med boka Når morgonfrosken syng. Det same er Kolerud med Den som ikkje har gøymt seg no. Sjå saka og lenkjer vidare hjå Samlaget.

Lagt ut 16.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

NU med nye nettsider

Nynorsk.no ynskjer Noregs Ungdomslag til lukke med nye nettsider! Dei har òg fått ny adressa til nettsidene sine, nemleg ungdomslag.no. Sjå sidene hjå Noregs Ungdomslag.

Lagt ut 16.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Stadnamn er kulturarv

- Stadnamna som felles kulturarv er truga, står det i ei pressemelding frå Noregs Mållag. Dei går sterkt imot framlegget frå regjeringa om å endre prinsippa for skrivemåten av stadnamn. Regjeringa vil leggje meir vekt på synsmåtane til grunneigarar og mindre vekt på omsynet til fellesskapen og kulturvernet. Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen skal innstille i saka 17. februar. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 16.2.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Busselskap fekk målpris

Målprisen frå Kviteseid Mållag var høgdepunktet under Kviteseidmarken: Telemark Bilrutar fekk prisen for god og konsekvent nynorskbruk, skriv Varden.

Lagt ut 14.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kva gjer vi med importorda?

«Det 'främmande' i nordisk språkpolitik» er tittelen på ei ny bok redigert av Helge Sandøy og Jan-Ola Östmano som ledd i eit nordisk prosjekt om moderne importord. Debatten om kva ein skal gjere med framande ord er gamal, og levande, skriv Aftenposten.

Lagt ut 14.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Skulesamfunn og samfunnsmakter

"Her høver det vel særleg å nemne at nynorsk og bokmål skal vere med over alt, oftast er måla omtalte med sine rette namn òg, ikkje som hovudmål og sidemål. Eleven skal rett og slett meistre dei to offisielle måla som språkleg arbeidsreiskap i alle samanhengar. Om dei pedagogiske tiltaka kjem til å vere i samsvar med målformuleringane, kan vi oppleve monaleg styrking av nynorsken," skriv Bjørn K. Nicolaysen i Dag og Tid.

Lagt ut 13.2.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Einfald eller mangfald?

Synnøve Matre ved Høgskolen i Sør-Trøndelag skriv i dette innlegget om korleis det kjennest å ha eit morsmål som folk er for eller mot - og særleg korleis folk kan vera så mot at ho nyttar morsmålet sitt. Les meir hjå Adresseavisa.

Lagt ut 11.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Målform og SiR

Rennesøy Framstegsparti er framleis ikkje nøgd med korleis kommunen handsamar språkspørsmålet. Rennesøy er på vippen i spørsmålet om Sentralsjukehuset i Rogaland skal veksle mellom bokmål eller nynorsk eller berre bruke nynorsk. Les meir hjå Bygdebladet.

Lagt ut 10.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Intensiv nynorskundervisning ut skuleåret

Då ein lærar vart sjuk vart det dårlegare norskundervisning for ein 10.-klasse ved Grindvold skole i Moss. No har dei fått ein ny lærar på plass, og det blir intensiv nynorskundervisning resten av skuleåret. Les meir hjå Moss Avis.

Lagt ut 10.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

54 prosent av norsk ungdom tekstar på dialekt

Over halvparten av norske ungdomar skriv dialekt i SMS-meldingar.
- Det har noko med identitet å gjere, og at språk seier noko om kven vi er, seier fyrsteamanuensis i sosiologi ved NTNU, Berit Skog, til VG.

Lagt ut 10.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Forståing for nynorskval

Professor Knut Sydsæter ved Økonomisk institutt på Universitetet i Oslo bed om ei lita kost/nytte-analyse når det gjeld kravet om nynorske eksamensoppgåver. Han kan avsløre at somme av dei som bed om nynorsk faktisk skriv bokmål!! Då er sjølvsagt kravet deira ugyldig. Les meir hjå Universitas.

Lagt ut 9.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Målfreak

Dr. Vornoff bed om at alle innflyttarar i Oslo legg om til bokmål i tale så snøgt som råd, dersom dei vil opp og fram. Eller endå betre: hald kjeft! Les heile artikkelen i Universitas.

Lagt ut 9.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha valfritt sidemål i Trondheim

Framstegspartiet føreslår å gjere skriftleg nynorsk til valfag i Trondheim, skriv Adresseavisa.

Lagt ut 8.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Ulovleg blanding i Vågsøy

Å blande nynorsk- og bokmålselevar i grupper ut frå økonomiske omsyn er ulovleg. Det har fylkesmannen i Rogaland slått fast. Dermed har foreldra på Raudeberg skule fått nytt håp i sin kamp, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 7.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Gratulerer med samefolkets dag

6. februar er samanes nasjonaldag. nynorsk.no gratulerer! Les meir om nasjonaldagen hjå Sametinget.

Lagt ut 6.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Angrande syndarar og opne dører

Bernard Cassen set opp fleirspråklegheit som alternativ til det han kallar engelskens diktatur. "For å sjå meir positivt på det, kan det hende at sidemålet omsider er blitt ei eksportvare det går an å tene pengar på. Det må da vere noko for Høgre," skriv Stephen Walton i Dag og Tid.

Lagt ut 5.2.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Drammen er i feststemning

Teatret var fylt med menneske i klede anno 1905 under generalprøven på kveldens fjernsynsframsyning. Språk er blant det som står på programmet, skriv Drammens Tidende.

Lagt ut 5.2.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Kranglar om sex og bannskap

Romandebutant Lars Ove Seljestad hevdar at det ikkje har vore skrive rått og brutalt på nynorsk - og no meiner fleire nynorskforfattarar at Seljestad er historielaus, fortel NRK Kultur.
- Eg trur det er meir puling og banning i nynorske bøker enn i bokmålet, seier forfattaren Olaug Nilssen.

Lagt ut 3.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Føreslår folkeavstemming på alle skular

Gjesdal mållag har langt frå gjeve seg i kampen om å halde på nynorsk som opplæringsspråk på Ålgård skule, skriv Gjesdalbuen.

Lagt ut 3.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ny rettskulturhistoriebok

Jussen treng eit nytt språk, meiner Jørn Øyrehagen Sunde. Med si nye bok om norsk rettskulturhistorie gir han sitt bidrag, skriv forskning.no. Det har vore ei utfordring å skrive forståeleg om eit fagfelt dominert av stivt, gammalt embetsmannsspråk. Sunde skriv nynorsk.

Lagt ut 3.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk valentinfrimerke

FrimerkeI 2005 kjem heile 10 frimerke på nynorsk. Valentinfrimerket er det tredje nynorske frimerket i 2005 og kjem 4.februar. På frimerket står diktet «Nærast er du når du er borte» av Tor Jonsson. Les meir om frimerka hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 2.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Hemnsvolten bondestudent

Lars Ove Seljestad ser ut til å bli ein av dei store nynorske debutantane denne våren. Les meldinga av Blind hjå Bergens Tidende.

Lagt ut 2.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsknekt i Dagbladet

Dagbladet vil gjerne ha Olaug Nilssen som bokmeldar - om ho berre skriv bokmål. Helge Torvund, derimot, får skrive nynorsk. Han byrja nemleg før Jo Randen vart avdelingsleiar for kultur i Dagbladet. Les meir hjå Klassekampen.

Lagt ut 2.2.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Samlaget rettar omstridd lærebok

Samlaget vil om kort tid sende ut ei klistreside for å erstatte omstridde formuleringar i læreboka "Portal - Noreg etter 1850", skriv Dagens Næringsliv. I boka vart Einar Gerhardsen samanlikna med Vidkun Quisling.

Lagt ut 1.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha monument for Halldis Moren Vesaas

- Det er ille at Halldis Moren Vesaas ikkje er heidra i heimnbygda si, meiner arbeidarlaget i Trysil. No vil dei reise momument over ein av dei største nynorske forfattarane og lyrikarane vi har hatt, skriv NRK Hedmark og Oppland.
Stem på Halldis i kåringa over store nordmenn!

Lagt ut 1.2.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mars

  • 1868 Mållaget og forlaget Det Norske Samlaget vart skipa

27. mars

  • 1848 Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik

6. april

  • 1818 Aasmund Olavsson Vinje vart fødd
  • 1857 Per Sivle vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen