nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mars 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Skal kvenane få sitt eige skriftspråk?

Fleire kvenar i Noreg krev at kvensk blir eit eige skriftspråk. I ein kronikk i Nationen i dag åtvarar Olav Beddari mot dette; kvenane bør framleis skrive finsk, meiner han.

Lagt ut 31.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Full skarring i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane er eit område språkforskarane trur vil bli fullstendig dominert av skarre-r-en. Mykje av påverknaden kjem frå Florø, som har vore skarrande i meir enn hundre år, skriv Sogn Avis og Firdaposten.

Lagt ut 31.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt skriftspråk: Gjerstadmålet

- Gjerstaddialekta fungerer godt, ikkje berre lokalt, men òg ute i den store verda, seier leiaren i Gjerstad historielag, Olav Ulltveit-Moe. Dei lanserte nett ei bok om Gjerstadmålet, fortel Aust-Agder Blad.

Lagt ut 31.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa opna i dag

Utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet opna i dag det nye nasjonale senteret for nynorsk i opplæringa. Les meir om senteret på nynorsksenteret.no.

Omtale i media:

Lagt ut 30.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk for innvandrarar

«Det sjølvsagde kravet må vere at på alle nivå i andrespråksopplæringa må ein få det same læremiddeltilbodet på nynorsk som på bokmål. Først då vil det verte eit reelt val mellom dei to målformene,» skriv Hilde Osdal ved Høgskulen i Volda i Sunnmørsposten.

Lagt ut 30.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk røyndomsfjernsyn

Truleg kan me takka Ivar Aasen for dette, men det har snart gått tre år sidan Radio Røynda kravde fast plass i Noregsglaset på NRK P1. I kveld debuterer dei i fjernsynet. Les meir om dette hjå Nynorsk kultursentrum eller på NRK.no.

Lagt ut 29.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk i media - ei hovudoppgåve

Synnøve Midtbø Myking (20) frå Knarvik vart like før påske vald til ny leiar i Norsk Målungdom. Strilen har intervjua den påtroppande leiaren, og du kan lesa intervjuet her.

Lagt ut 29.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Posten - ein bokmålsbastion?

Informasjonssjef i Posten Norge as, Eivind Rossen, meiner at Posten i prinsipp fylgjer mållova og har om lag 25 prosent nynorsk i sin kundeinformasjon. Likevel, dei 15 variantane av kundeinformasjon som ein finn på Posten i dag er alle på bokmål, skriv Jakob Thingnes. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 29.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Påskeegg frå Språkrådet

Heimepåske? Kva passar vel då betre enn eit solid, velsmakande påskeegg frå Språkrådet? Eller kanskje er institusjon-en sine eigne kalorifattige påskenøtter å føretrekkje? God påskeaftan!

Lagt ut 26.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha meir dialekt

Nordnorske skodespelarar ynskjer at det vert meir dialekt i teiknefilmane. Les meir på Siste.no.

Lagt ut 25.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Åmås til doktordisputas

6. april disputerer Knut Olav Åmås over "Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge" ved Universitetet i Bergen. Både prøveførelesingane og disputasen er opne for publikum. Les meir hjå Universitetet i Bergen. Her kan du lesa bokmeldingar:

Lagt ut 24.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Clemet til opning av nynorsksenter

30. mars opnar det nye "Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa" ved Høgskulen i Volda. Den høgtidlege opninga blir gjort av statsråd Kristin Clemet. Les meir hjå Høgskulen i Volda og Nynorsksentret.

Lagt ut 24.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

God påske!

Nynorsk.no-redaksjonen ynskjer lesarane ei fredeleg og avslappande påskehelg. Vi rår de alle til å lese ei riktig god nynorskbok for å få timane til å gå. De kan høyre Radio Røynda om påskekrim i eit tri år gammalt opptak hjå NRK.

Lagt ut 24.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Køntri på nynorsk

Frå tid til annan har Sondre Bratland vore innom køntrimusikken i ein lang karriere, fleire gonger med eit visst hell, med flott song, gode melodiar og fine tilstellingar, skriv Egil Mikkelsen i ei platemelding av "Syng meg heim" i Bergens Tidende.

Lagt ut 24.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Sandnes kommune saboterer dom om nynorskklassar

- Sandnes kommune spelar høgt når dei no prøver å sabotere dommen frå Sandnes tingrett om å slutte med ulovleg blanding av nynorsk- og bokmålsklassar, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad.

Her fylgjer resten av fråsegna:

Sandnes kommune vart dømt i form av førebels avgjerd "midlertidig forføyning") som tilseier at domen er gjeldande frå rettsdatoen og fram til noko anna er rettsleg fastslege.

No har Sandnes kommune gjeve melding om at ein vil anke domen frå Sandnes tingrett. På den bakgrunnen har foreldre til elevar ved Figgjo skole fått melding om at skulen vil halde fram blandinga av nynorsk- og bokmålsklassar. - Denne framgangsmåten held ikkje juridisk, seier leiaren i Noregs Mållag. Ein kan ikkje gå vekk frå ei mellombels avgjerd før ein har fått ein annan dom. - Anten manglar Sandnes kommune elementær juridisk kunnskap eller så er ein ufatteleg frekk, seier Endre Brunstad.

Mållaget får støtte av professor i jus ved Universitetet i Bergen, Kåre Lilleholt. - Dersom ikkje noko anna er sagt i rettsavgjerda, skal ei mellombels avgjerd gjelde med ein gong.

For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175, eller professor i jus Kåre Lilleholt, telefon 997 15 468.

Årsmøtet til Oslo SV har vedteke at dei ynskjer å avbryte heile sidemålsforsøket i Oslo. - Forsøket held ikkje faglege mål, seier årsmøtet i ei fråsegn.

Her fylgjer heile fråsegna:

Nynorsk i Osloskulen

Fleirtalet i bystyret vedtok i 2004 å setja i gang eit forsøk med valfri skriftleg sidemålsundervisning. Vilkåret for å sejta i gang forsøket var at det skulle gjennomførast eit forsknings­prosjekt for å evaluera verknadene av forsøket. Alle fagmiljø i Noreg har svart nei til å evaluere forsøket. No har Universitetet i Gøteborg også gitt opp. Årsaka er eintydig: Forsøket held ikkje fagleg mål.

Mange elevar er negative til sidemål allereie før dei får det i 8. klasse, og møter gjerne ein umotivert lærar som gruar seg til å ta fatt på temaet. Nynorskundervisninga er mange stader for dårleg. Oslo SV ønskjer å snu denne utviklinga. I staden for å diskutera korleis ein kan hiva nynorsken ut av osloskulen så fort som mogleg, vil vi spørja: Kvifor får elevane dårlege karakterar i faget? Korleis kan ein gjera sidemålsundervisninga betre?

I Bærum har dei gått motsett veg. I staden for å ta bort det vesle som finst av sidemålsundervisning, har dei styrkt faget både gjennom etterutdanning av lærarar og utprøving av nye undervisningsmetodar.

På Holmlia skule i Oslo har dei òg gått andre vegen: Elevane møter nynorsk i andre fag enn norsk, og resultatet er at elevane både blir flinkare i og får meir positive haldningar til nynorsk.

Det skal lite til for å endre det faglege nivået og haldningane til nynorsk hjå skuleelevane. Når føresetnaden for forsøket ikkje er oppfylt, bør det avviklast og bli erstatta med t.d. forsøk tilsvarande dei som blir gjennomført i Holmlia og Bærum.

Lagt ut 22.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk vanskelegare enn latin

Over eit halvt år brukte Det medisinske fakultet ved NTNU på å laga eit nynorsk vitnemål utan skrivefeil. Men tittelen var skriven på korrekt latin. Dette skriv Universitetsavisa.

Lagt ut 22.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

NMU mot bokmålsdominans i Hundreårsmarkeringa

Den nye leiaren i Målungdomen er ute med kritikk av "Hundreårsmarkeringen" i høve 1905-jubileet. Dei som skal markere 100 år som sjølvstendig stat vil berre feire "Norge" og ikkje Noreg! Les meir hjå Bergens Tidende.

Lagt ut 22.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Rogalendingar i NMU-styringa

Rogaland gjer mykje ut av seg i den nyvalde leiinga i Målungdomen. Med to i sentralstyret og fem i landsstyret må det vera fylket med sterkast representasjon. Det likar vi, og det gjer òg Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 22.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Med Ivar Aasen som idol

Østfold er ikkje det fylket som er mest vidgjeti for nynorskoppslutnaden, men Østfold Mållag har eksistert i mange år. No er Østfold Målungdom på plass òg, les meir hjå Fredriksstad Blad.

Lagt ut 22.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk frå Slottet?

Astrid Versto er tilsett som ny informasjonssjef på Slottet. Ho seier til Budstikka at ho reknar med å halda fram med å bruka språket sitt i den nye jobben. Les meir i Budstikka.

Lagt ut 21.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Travel forfattardame

Den nynorske forfattarheltinna Olaug Nilssen (ja, vi er glade i deg!) kjem med ny essaysamling denne våren og roman til hausten, skriv Bergens Tidende.

Lagt ut 21.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vellukka landsmøte i Målungdomen

NMU skipa til landsmøte denne helga, og kring 50 utsendingar og observatørar var samla i Oslo. Det vart vald nytt sentral- og landsstyre, og politikken for den kommande perioden vart meisla ut: Sidemål og kamp for nynorsk i media blir dei viktigaste sakene.

Det 44. landsmøtet til Norsk Målungdom. Foto: Erik Bolstad

Nytt sentralstyre i NMU:

  • Synnøve Midtbø Myking (1985), leiar, Hordaland
  • Margit Ims (1983), nestleiar, Vestfold
  • Ola Haugen Havrevoll (1985), økonomiansvarleg, Rogaland
  • Morten Elster (1986), skrivar, Oslo
  • Elisabeth Haaland (1985), Rogaland
  • Trine Østereng (1987), Oslo

Sentralstyret er mest sannsynleg det yngste nokon sinne, med ein snittalder på 20,8 år.

Påtroppande sentralstyre i NMU

Les meir om landsmøtet hjå NMU, pressemeldinga om det nye sentralstyret eller artikkelen Nettavisa har frå landsmøtet.

Lagt ut 20.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemål og vitskapsetikk

I denne kommentaren problematiserer Bjørn Kvalsvik Nicolaysen alt som har skjedd rundt sidemålsforsøket i Oslo. NIFU Step som tidlegare sa nei til å evaluere, er no involvert igjen. Les meir hjå Dag og Tid.

Lagt ut 18.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Fagforeining utan nynorsksyn

Norsk Journalistlag ynskjer ikkje å kjempe for rettane til journalistar som vil skrive nynorsk i riksavisene. Det seier leiar Ann-Magrit Austenå til Klassekampen.

Lagt ut 18.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kvar er kulturpolitikarane??

Det lurar bokbransjen på, etter at moderniseringsministeren og Konkurransetilsynet har teki over ansvaret for norsk litteraturpolitikk. Les meir hjå Klassekampen.

Lagt ut 18.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kjempar for (ny)norsk

Sylfest Lomheim yppar til krig. Men ikkje mot bokmål. Nei, det er engelsk han verkeleg vil til livs. Direktøren i Norsk Språkråd vitja Ås i går. - Me nynorskfolk er vande med å kjempe. Me har alltid kjempa. No er det bokmålet sin tur til å bli skvisa, sa ein engasjert Lomheim til Østlandets Blad.

Lagt ut 18.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Truleg røysting på Holet etter påske

- Den andre underskriftslista var det ingenting å seie på, seier skulesjef Børre Evensen. Han varslar at det etter planen blir røysting om skulemålet etter påske, skriv Epost@visen - Hallingdal på nett.

Lagt ut 18.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk i riksavisene

Kringkastingsringen krev i ei fråsegn at dei norske riksavisene opnar for nynorsk på redaksjonell plass. I fleire av dei største avisene i Noreg vert journalistane nekta å skriva nynorsk. Dermed medverkar desse avisene til at nynorsken vert usynleggjort.

Nynorsk er i praksis forbode i dei største norske riksavisene. Avisene som skal med verka til å styrkja ytringsfridomen er såleis med på å innskrenka denne retten for journalistar med nynorsk som hovudmål. Truleg ville dei fleste av desse journalistane nytta nynorsk om dei hadde fått høve til det. Redaktørane i Aftenposten og VG har uttalt at dei ikkje ynskjer nynorsk på redaksjonell plass. I Dagbladet vart den profilerte nynorskforfattaren Olaug Nilssen nekta å melda bøker på nynorsk. Tradisjon og ynskje om ein einskapleg språkleg identitet vert ofte nytta som argument for ei slik diskriminering. Men kvifor er språkleg einsretting viktigare enn språkleg mangfald?

Det finst to jamstelte målformer i Noreg, men dette kjem ikkje tydeleg fram i riksdekkjande aviser. Avisene driv dagleg språkopplæring for barn og vaksne og er med og formar skrift- og talespråket vårt. Det gjev avisene stor språkleg makt og er eit ansvar som redaktørane må ta på alvor. Det må verta like normalt å få lesa nynorsk som bokmål i dei største norske riksavisene.

Lagt ut 18.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nifu Step lagar evalueringsplan

Utdanningsetaten i Oslo og Nifu Step underteikna i går ei avtale om å laga ein plan for evaluering av sidemålsforsøket i Oslo. Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 18.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Klart for nye nynorskpraktikantar

Vil du vere ein av fem i det tredje kullet med nynorskpraktikantar? Søknads­fristen til nytt opptak er 25. april. Høyr utlysinga eller les meir hjå Nynorsk mediesenter.

Lagt ut 17.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vinjeprisen til Ystad

Vidar Ystad vart i dag tildelt Vinjeprisen frå Riksfondet for nynorsk presse. Det vart mange rosande ord til journalist­veteranen med lang karriere i Adresseavisen, Dagbladet og sist Bergens Tidende. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 16.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny bok frå Nilssen

Forfattar Olaug Nilssen trur hun er ganske sjølvoppteken. Og so er ho innbitt likegyldig nynorskbrukar, skriv ho i boka «Hybrideleg sjølvgransking». Les meir i Aftenpostenog i Dagsavisen.

Lagt ut 16.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Må endra haldningane til nynorsk

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa blir offisielt opna den 30. mars med statsråd Kristin Clemet til stades. Men senteret ved Høgskulen i Volda har vore i drift frå 1. januar i år. Prosjektleiar Anne Steinsvik Nordal er på plass, og mandatet for senteret er skissert av Utdanningsdirektoratet. Les meir i Firda.

Lagt ut 16.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Posten og mållova

Både Noregs Mållag og Bokmålsforbundet har kritisert Posten for dårleg praktisering av mållova. Informasjonssjef Eivind Rossen forklarer Posten sin politikk i eit innlegg i Bergens Tidende.

Lagt ut 16.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Truleg skulemålsrøysting i Holet

Underskriftslistene som krev folkerøysting om skulemålet i Holet, blir no kontrollert opp mot manntalet. Skulesjefen seier alt så langt ser greitt ut, skriv Hallingdølen.

Lagt ut 15.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemål og evaluering

Det er liten tvil om at det blir vanskeleg å evaluere ordninga, av den enkle grunn at ein manglar eit utgangspunkt for samanlikning. Men det at ei forskings-oppgåve er vanskeleg, er ikkje noko argument for å leggje ho til side, skriv Aftenposten på leiarplass.

Lagt ut 14.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Rekordsal for «Blind»

Lars Ove Seljestads roman «Blind» er alt trykt i 8000 eksemplar og fleire opplag er på veg. - Eg har ikkje opplevd ei slik interesse for ein debutantroman på Cappelen sidan Anne Holt gav ut si fyste bok, seier salssjef i forlaget Odd Karsten Krogh. Les meir på Bok og Samfunn.

Lagt ut 14.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Magni fekk Målrosprisen

Sogn og Fjordane mållag heidrar Magni Øvrebotten for djervt arbeid for å fremje god nynorsk og dialekt i media. Les meir Sogn Avis.

Lagt ut 13.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje avklart sidemålsevaluering

Dagsavisen skriv i dag at Oslo kommune har kontakta NIFU STEP for å få sidemålsprosjektet i Oslo evaluert. Men om NIFU STEP skal gjennomføra sjølve evalueringa, er ikkje klart.

I dagens papirutgåve av Klassekampen står det om korleis NIFU STEP tidlegare trekte seg frå evalueringa av sidemålaforsøket i osloskulen av di dei manglar kompetanse på området.

Samstundes nemner dei at ein mellom dei tilsette på NIFU STEP finn forskingsleiar Randi Søgnen. Altså syster til utdanningsetatsdirektøren i Oslo kommune, Astrid Søgnen, som er ansvarleg for å finna eit kompetent forskarmiljø.

Les meir om sidemålsrotet i Oslo i Dagsavisen.

Lagt ut 12.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålsfritak er ikkje «i boks»

Noregs Mållag skriv på nettsidene sine at det ikkje er inngått nokon avtale om forskingssamarbeid. Fagmiljøet det her er snakk om, NIFU STEP, skal ha møte med kommunen om saka måndag eller tysdag neste veke. I fjor sa NIFU Step at "NIFU STEP alene ikke besitter nødvendig kompetanse for å gjennomføre denne evalueringa». Les meir på nm.no.

Lagt ut 12.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Ja til nynorsk i Dagbladet

Det skortar ikkje på toppkvalifiserte, gode journalistar som kan skrive nynorsk i riksmedia. Men altfor mange av dei er i dag tvinga til å skrive bokmål, viss dei vil ha arbeid i riksavisene og vekeblad. Olaug Nilsen sa nei til å late seg undertrykke. Det er alvorleg for heile nasjonen når Dagbladet og andre riksmedia stengjer dørene for slike, skriv Henning Rivedal i Bergens Tidende.

Lagt ut 12.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

NIFU STEP skal lage plan for evaluering av sidemålsforsøket

Forskingsstiftinga NIFU STEP skal lage planen for evalueringa av sidemåls­forsøket. Det er framleis uklårt om dei òg skal stå for sjølve evalueringa, skriv Utdanning.

Lagt ut 11.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskfolk til språkting på Voss

Emnet for årsmøtet i Hordaland mållag har spennvidde frå barnehagar til høgskular. Det største fylkesmållaget i landet, med 2304 betalande medlemmer, skal komme saman til språkting på Voss denne helga, skriv Avisa Hordaland.

Lagt ut 11.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nye forskarar klare i Oslo?

Utdanningsetaten i Oslo kommune skal ha skaffa eit nytt forskingsmiljø til å evaluera sidemålsprosjektet i skulane. Evalueringsplanen skal vera klar 15. april. Les om dette i Dagsavisen

Lagt ut 11.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hald på nynorsken, Tysvær

Tinghuset i Aksdal ynskjer å lausriva seg frå sin nynorske arv. Grunngjevinga er at ein kan stå på val mellom ein dugande fagperson og ein dugande nynorskperson. Det nynorske skriftsspråket har vakse fram av det livet som har vore levd her omkring frå uminnelege tider og fram til i dag. Språket er vårt fremste identitetsmerke. Det er gjennom språket vårt at me viser kven me er. Det må heilt klart vera ei kommunal oppgåve å slå ring om språk og kulturarv, skriv Steinar Aalvik i Tysvær Bygdeblad.

Lagt ut 10.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Berre eitt BUL-lag i Bergen

Etter 96 år med to bondeungdomslag i Bergen er det no ingen! 2. mars vedtok Bondeungdomslaget i Bergen og Bondeungdomslaget Ervingen å slå seg saman til Bergen ungdomslag Ervingen (BUL Ervingen). Les meir hjå Bergen ungdomslag Ervingen.

Lagt ut 10.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk for asylsøkjarar

Sunnmøre mållag ser med stor undring og misnøye på at vaksne minoritets­språklege innbyggjarar i nynorskbrukande område framleis ikkje får den opplæringa i nynorsk som er naudsynt for at dei skal verte integrerte og finne sin plass i arbeidslivet og elles. Les meir i Sunnmørsposten

Lagt ut 9.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Rasar mot «Noreg»

Statsraad Lehmkuhl på nynorskfrimerkeBokmålsforbundet rasar mot at frimerka Posten gjev ut i samband med hundreårsmarkeringa får nynorsk tekst, skriv Bergensavisa.

Lagt ut 8.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Bok 'n' roll

Frode Grytten er husdiktaren til gruppa The Margarets, og no har han skrive tekst til plateomslaget deira. Teksten insisterte han påskulle stå på nynorsk - med engelsk omsetjing for dei som berre les bokmål. Meir les du i Dagsavisen

Lagt ut 8.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skal spara pengar - kuttar nynorsk

Posten reduserer bruken av nynorsk for å spara pengar. Då bryt posten mållova, men posten det ikkje lenger er noko krav til dei om å bruka begge målformer etter at dei vart aksjeselskap. Les meir på NRK.no

Fleire oppslag om saka:

Lagt ut 7.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kritikerprisen til Arnfinn Kolerud.

Arnfinn Kolerud fekk 3. mars Litteraturkritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok for «Den som ikkje har gøymt seg no». Les meir hjå Samlaget

Lagt ut 7.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

SV vil avbryte sidemålsforsøket i Oslo

Årsmøtet til Oslo SV har vedteke at dei ynskjer å avbryte heile sidemålsforsøket i Oslo. - Forsøket held ikkje faglege mål, seier årsmøtet i ei fråsegn.

Her fylgjer heile fråsegna:

Nynorsk i Osloskulen

Fleirtalet i bystyret vedtok i 2004 å setja i gang eit forsøk med valfri skriftleg sidemålsundervisning. Vilkåret for å sejta i gang forsøket var at det skulle gjennomførast eit forsknings­prosjekt for å evaluera verknadene av forsøket. Alle fagmiljø i Noreg har svart nei til å evaluere forsøket. No har Universitetet i Gøteborg også gitt opp. Årsaka er eintydig: Forsøket held ikkje fagleg mål.

Mange elevar er negative til sidemål allereie før dei får det i 8. klasse, og møter gjerne ein umotivert lærar som gruar seg til å ta fatt på temaet. Nynorskundervisninga er mange stader for dårleg. Oslo SV ønskjer å snu denne utviklinga. I staden for å diskutera korleis ein kan hiva nynorsken ut av osloskulen så fort som mogleg, vil vi spørja: Kvifor får elevane dårlege karakterar i faget? Korleis kan ein gjera sidemålsundervisninga betre?

I Bærum har dei gått motsett veg. I staden for å ta bort det vesle som finst av sidemålsundervisning, har dei styrkt faget både gjennom etterutdanning av lærarar og utprøving av nye undervisningsmetodar.

På Holmlia skule i Oslo har dei òg gått andre vegen: Elevane møter nynorsk i andre fag enn norsk, og resultatet er at elevane både blir flinkare i og får meir positive haldningar til nynorsk.

Det skal lite til for å endre det faglege nivået og haldningane til nynorsk hjå skuleelevane. Når føresetnaden for forsøket ikkje er oppfylt, bør det avviklast og bli erstatta med t.d. forsøk tilsvarande dei som blir gjennomført i Holmlia og Bærum.

Lagt ut 7.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til turistvert

Turistverten på Uppigard Natadal i Telemark, fekk oppslag i New York Times då han avviste ein amerikansk reiselivsjournalist som ville ha hamburgar. Laurdag kveld fekk Dag Aanderaa Telemark Mållags målpris for 2004 for konsekvent bruk av nynorsk i marknadsføringa. Telemarksavisa

Lagt ut 7.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Årsmelding for Noregs Mållag

Årsmelding for Noregs MållagÅrsmeldinga for Noregs Mållag er no sendt i trykken, og blir sendt frå Mållaget om halvanna veke. nynorsk.no-lesarane får ho med ein gong! Les årsmeldinga (PDF).

Lagt ut 7.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk for vanskeleg for NTNU

Nynorsk er vanskeleg for det medisinske fakultetet ved universitetet i Trondheim. Ein nynorskfeil i eit vitnemål kan ikkje rettast opp før NTNU får tilsendt ny versjon av eit dataprogram frå Oslo. Bergens TIdende

Lagt ut 6.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ikkje gå av

«Nei, eg har ikkje tenkt å gå av», seier Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet. Heller ikkje utdanningsdirektøren i Oslo vil gå av etter at ingen fagmiljø vil evaluera sidemålsprosjektet i Oslo-skulen. Les meir i Dagsavisen

Lagt ut 5.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsksenteret tilbyd sidemålsopplegg for Oslo

- Vi vil gjerne hjelpe Oslo kommune med å lage eit forsøksopplegg som kan styrkje sidemålsopplæringa, seier prosjektleiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringha, Anne Steinsvik Nordal i ei pressemelding. Bakgrunnen er at forsøket med sidemålsfritak har hamna i ei krise, og at elevar i Oslo no vert skadelidande.

- Vi vil tilrå ei ordning som har vore prøvd ut med suksess ved Holmlia skole i Oslo. Der har elevane brukt nynorsken aktivt utanfor norsktimane. Resultata tyder på at elevane både er vortne flinkare i nynorsk og fått betre haldningar til nynorsk generelt, seier Nordvik vidare.

- Dersom Oslo kommune ønskjer det, vil Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa hjelpe til med å utvikle, gjennomføre og evaluere av eit slikt forsøk, seier Anne Steinsvik Nordal.

Nordal viser til at ingen faginstansar vil evaluere det kontroversielle forsøket med sidemålsfritak ved halvparten av dei vidaregåande skulane i Oslo. Dermed ser det ut til at føresetnadene for fritaksforsøket ikkje lenger er til stades, og det er på tide å prøve andre framgangsmåtar.

- Erfaringane til dei fleste elevar er at det vert brukt for lite tid på nynorsk sidemålsopplæring. No trengst det alternative og spennande forsøk som er i tråd med elementært kvalitetssikra forskingsopplegg, fastslår Anne Steinsvik Nordal. - Vi håper Oslo kommune vil vere opne for våre innspel.

Lagt ut 4.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Eigne lover for Askøy?

Askøyværingen, lokalavisa for Askøy skriv på redaksjonell plass i dag at klassedelingsdomen i Sandnes må endeleg gjelda i Rogaland, men tru ikkje at han skal gjelda for Fauskanger skule. Les meir om dette i Askøyværingen

Lagt ut 4.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Endeleg ein ny bokstav!

Ny norsk bokstavProgrammet Typisk norsk på NRK tek sjino-syndromet på alvor, og lanserer ein splitter ny bokstav.

Lagt ut 4.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Eit brennande spørsmål i tida

«Fløgstads avhandling bør vekkje alle oss sløve filologar opp av dvalen. Vi som berre let Clemet og Co få ture fram mot nynorsken utan å kny», skriv Marit Bernsen i Bergens Tidende.

Lagt ut 4.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Svenskane trekte seg

Gøteborgs universitet var håpet Oslo kommune hadde for å få evaluert forsøket om sidemålsfritak i Oslo. No vil heller ikkje svenskane vera med!

Taparane: Petter Skarheim (Utdanningsdir.), Astrid Søgnen (Oslo kommune) og Kristin Clemet (utdanningsminister)

Les om saka hjå Mållaget: Svaret frå Göteborgs Universitet til Oslo kommune, svaret frå Utdannings­komitéen m.m.

Les kva media skriv om saka:

Lagt ut 3.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny normeringsnemnd i Språkrådet

Det nye normeringsregimet etter omleggjingane i Språkrådet byrjar ta form: I alle fall kan ein på vevsidene til det nye instituttet ILN ved Universitetet i Oslo sjå at tre av dei tilsette der er med i eit normeringsutval. Kven den fjerde er, er ukjent.

Lagt ut 3.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vågsøy kommune er arrogant

Det seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, om kommunens oppførsel. Han viser til at kommunen ikkje vil ta omsyn til dommen mot Sandnes kommune, som slår fast at å blande nynorsk- og bokmålselevar i same klasse er ulovleg. Les meir på NRK.no

Lagt ut 3.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ulovleg klassedeling i Valdres

Domen om klassedeling frå Sandnes tingrett vil også få fylgjer for mellom andre Nord-Aurdal kommune, som har slege saman klassar med ulikt opplåringsmål for å spara pengar. Les meir i Avisa Valdres

Lagt ut 3.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vert Tysvær målnøytral?

Tysvær kommune har vore nynorskkommune sidan 1965. No vil administrasjonen «mjuka opp» litt og gjera kommunen språknøytral. Les meir i Haugesunds Avis

Lagt ut 3.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kven styrer språket?

Landssamanslutninga av Nynorskkommunar ber inn til dagsseminar i Oslo 15. mars. Seminaret har fått namnet «Kven styrer språket» og kanskje får du møta nokre av dei der. Meir om program og påmelding finn du hjå LNK

Lagt ut 3.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hissig nynorskdebatt i Aftenposten

Sidemål og nynorsk blir flittig debattert i ungdomsspalta "Si-D" i Aftenposten. Signaturen "Einar" skriv at "Alle språk er i bevegelse og når det ikke lenger er behov for dem dør de ut. Trenger vi å lære to norske skriftspråk? For meg ville det ikke være en tragedie om nynorsk døde ut." Les heile innlegget (og fleire skrivefeil) her. Andre innlegg:

Lagt ut 2.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Krev at EU-grunnlova blir omsett til norsk

Nei til EU og Europarørsla går saman og krev at EU-grunnlova blir omsett til både nynorsk, samisk og bokmål, skriv VG Nett. Det blir interessant å sjå korleis dei mest pompøse formuleringane blir på nynorsk!

Lagt ut 1.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ny orden på ord

Norsk er kanskje meir enn du trur. Rundt 25 000 dialektord frå heile landet er samla i femte bandet av Norsk Ordbok. Og det er berre ord som byrjar på h, i og j. Les saka på Forskning.no.

Lagt ut 1.3.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen