nynorsk.no

29.6.2017

Arkivet for
nynorsk.no: april 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Dialekterna vi inte tror på

Värmlänningarna må ha sola i Karlsta. Men deras dialekt saknar trovärdighet. -Vi är missförstådda. Vi är glada, trevliga - och seriösa, säger rallydrottningen Tina Thörner. Les meir om svenskar og dialektar i Aftonbladet.

Lagt ut 30.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kulturløft for nynorsk-kommunar

«Næringsutvikling og kultur må gå hand i hand» - det var gjennomgangstemaet på Landstinget til Landssaman­sluttinga av nynorskkommunar som var samla på Rauland frå onsdag til fredag, skriv Telemarksavisa.

Sjå òg nettsidene til LNK.

Lagt ut 29.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Privatgymnas og nynorsk?

Det svenske John Bauergymnas ynskjer å starta skule i Bergen frå hausten. På informasjonsmøtet i Bergen vart skuleseljaren sett ut då han fekk dette spørsmålet: - Kan eg ha nynorsk som hovudmål? Kva han svara les du i Bergens Tidende.

Lagt ut 29.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Odd Nordstoga

"Ein kunne sagt mykje om kva Odd har gjort for nynorsken. Men det seier seg sjølv skulle ein tru. Me vil heller sitera ein song: - Eg er glad når du syng litt, sa fuglen. Og jaggu skal me vera glade for at Odd gjer det" Meir om måålprisen frå Landssamanslutninga av nynorskkommunar i Kommunal Rapport eller på NRK.no.

Lagt ut 29.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Rekordsøknad til Nynorsk mediesenter

Heile 62 søkjarar kjempar om fem plassar som nynorskpraktikantar ved Nynorsk mediesenter til hausten.

- Kjekt at stadig fleire oppdagar oss og vil bruke nynorsken, seier leiar Magni Øvrebotten til Sogn Avis.

Lagt ut 28.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Debattmøte om osloforsøket

Studentmållaget i Oslo inviterer til debattmøte om sidemålsforsøket i Oslo:

Er det omstridte sidemålsforsøket i Oslo ei avvikling eller ei utvikling av nynorskundervisinga i Oslo? Held forsøket pedagogiske mål? Kva konsekvensar vil forsøket ha for sidemålsundervisinga i Oslo-skulen, og kva konsekvensar vil det ha for nynorsken på lang sikt?

Tid og stad: Samfunnet på Høgskulen i Oslo, tysdag 3. mai kl. 19.00

I panelet sit Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet, Liv Gulbrandsen, bystyrerepresentant for RV i Oslo, Steinulf Tungesvik, leiar i Norges Mållag og Bård Folke Fredriksen, leiar i bystyregruppa for Oslo Høgre.

Lagt ut 28.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Når skulen er dum

Mange minoritetsbarn vert behandla som mindre intelligente sjølv om dei eigentleg ikke har lærevanskar. Mange må læra B-norsk sjølv om dei er fødde i Noreg, og dei vert oppmoda om å droppa sidemålsopplæring, utan at dei får vita noko om fylgjene av det, skriv Wasim K. Riaz i Aftenposten.

Lagt ut 28.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sikra plass i historiebøkene

Steinulf Tungesvik- Han har vore leiar i Norges Mållag mindre enn to veker, men har allereie sikra seg ein plass i organisasjonen sine historiebøker. Med Steinulf Tungesvik sitt inntog har den norske måldebatten på rekordtid teke heilt av, kan du lesa i avisa Grannar i dag.

Lagt ut 28.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Henjum til Nynorsk mediesenter

Geirmund Henjum takkar farvel som informasjonssjef i Lotteritilsynet, og vender tilbake til NRK for å bli faglærar ved Nynorsk mediesenter, skriv Firda.

Lagt ut 28.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skeptisk til ny bokavtale

SV likar dårleg at den nye bokavtalen opnar for frie prisar på fagbøker og seier at at dette punktet kan verta omgjort dersom det vert regjeringsskifte til hausten, skriv Bok og samfunn.

Lagt ut 28.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Underskriftssuksess

Underskriftskampanjen for å få nynorsk inn i Dagbladet og VG går så godt at då Harald Heide Steen jr. i går fekk blomar for å vera nummer 10.000 i rekkja, var talet på underskrivarar allereie oppe i 13.000, skriv Dagsavisen.

Lagt ut 28.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Ikkje faen!

seier Morten M i VG.

Lagt ut 27.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kvensk vert eige språk

Regjeringa har bestemt at kvensk skal få status som eige språk. ? Dette er ei viktig symbolsak for den kvenske minoriteten, seier kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Les meir på Siste.no.

Lagt ut 27.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Brei støtte til nynorsk leksikon

I eit brev til statsminister Kjell Magne Bondevik oppmodar 46 samfunnstoppar regjeringa om å realisera planane for eit nynorsk leksikon på Internett. Sjå heile saka hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 27.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Møt underskrivar nummer 10 000

Noregs Mållag kallar inn til pressekonferanse 27. april klokka 14.15 i lobbyen på Det Norske Teatret. Overrekking av premie til "Slepp nynorsken til!"-underskrivar nr 10.000, Harald Heide-Steen jr. Kort seanse med overrekking, kort tale med status om kampanjen og høve til spørsmål til den tilfeldige underskrivar og nyvald mållagsleiar Steinulf Tungesvik. Kanskje kjem også Sylfest Strutle.

Lagt ut 27.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gratulerer Rita Røang!

27. april kl 00:25 vart Rita Røang nr 12.000 som skreiv under oppropet for nynorsk i Dagbladet og VG. Det strøymer framleis inn med underskrifter. Du har vel skrive under du òg?.

Lagt ut 27.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

«Noreg» på grensa

Grenseskilt: Norge NoregEndeleg kan vi ynskje folk velkomne til «Noreg». Statens vegvesen lovar no at grenseskilta ved Svinesund blir på både bokmål og nynorsk til opninga av nye Svinesundsbrua.

Les e-posten frå Statens vegvesen til Østfold Mållag

Eg ber om orsaking for seint svar, men kan stadfeste at grenseskilt av ny type med «Norge» og «Noreg» blir sett opp på Svinesund. Skiltet er i produksjon, og skal vere på plass til opninga av den nye brua. Det er meininga at det nye skiltet etter kvart også skal erstatte den eksisterande skiltinga på andre grenseovergangar.

Med vennleg helsing
Erik B. Hagen
Statens vegvesen Vegdirektoratet
Veg- og trafikkavdelingen
Trafikksikkerhetsseksjonen

Lagt ut 26.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ny bokbransjeavtale

Regjeringa har handsama bokbransje­avtalen, og føreslår mellom anna ei innkjøps­ordning for sakprosa. Skjønnlitterære bøker får fastpris i utgjevingsåret og ut april året etter. Les meir om den nye avtala i presse­meldinga frå Moderniserings­departementet.

Lagt ut 26.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Festspelvarieté frå Radio Røynda

- Det er mange måtar å kjempe målsak på, seier Halvor. - Nokon lagar bråk viss dei får rekningar og mjølkekartongar på bokmål. Me gjer det på vår eigen måte, seier Radio Røynda-folket til Bergens Tidende. Dei skal underhalde på Madam Felle under festspela i Bergen.

Lagt ut 26.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Krev ny skulemålsrøysting i Steinkjer

Bokmålsfolket i Røysing kring i Steinkjer gjev seg ikkje. I førre veke tapte dei røystinga på skulen, no hevdar dei at valet ikkje gjekk føre på rett måte, skriv Trønder-Avisa i dag.

Lagt ut 26.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vann språkstrid med biskop

Gjøvdølen Kåre Seland har han vunne ein oppsiktsvekkjande språkstrid med biskopen, der han skuldar kyrkja for umoral og lovbrot. Les meir i Agderposten.

Lagt ut 26.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mot meir nynorsk i BT

Nokre har lete seg provosera av kompanjen til målrørsla om nynorsk i riksavisene. Les om ein bergensjournalist som ikkje vil lesa eller skriva om saker frå Bergen på nynorsk på NRK.no.

Lagt ut 26.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Over 10 000 underskrifter!

Oppropet «Slepp nynorsken til» er ein kjempesuksess: På litt over ei veke har meir enn 10 000 skrive seg på. Gjer det du òg!

Lagt ut 25.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Einsretting

Det forundrar oss at store riksaviser berre gjev rom for det eine av våre to offisielle norske skriftmål, skriv Stavanger Aftenblad i dag.

Lagt ut 25.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Beklagar utegløyminga av nynorsksenteret

- NRK burde ha omtala opninga av Nynorsk mediesenter i årsmeldinga si. Men vi har ikkje dårleg samvit for nynorskens stilling i NRK, seier marknads- og kommunikasjonssjef Sigurd Sandvin i NRK til Firda.

Lagt ut 25.4.05 av Sigbjørn Hjelmbrekke
Gå til saka | Tips ein ven

Ros for hybrideleg sjølvgransking

Dagbladet rosar den siste boka til Olaug Nilsen, «Hybrideleg sjølvgransking».

«Morsomt og utpreget ufullendt fra ekshibisjonistisk nynorskdame», er blant karakteristikkane i Dagbladet.

Lagt ut 25.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk Wikipedia aukar sterkt!

Nynorsk Wikipedia har no over 6 000 artiklar på nett! Wikipedia er eit fritt oppslagsverk der alle som har lyst til å bidra er hjarteleg velkomne. Nynorsk.no-redaksjonen oppmodar fleire nynorskbrukarar til å skrive for Nynorsk Wikipedia! Les meir hjå Nynorsk Wikipedia.

Lagt ut 24.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Vestfold får ikkje sidemålsforsøk

Vestfold-elevar ved studieførebuande linjer skulle få velje om dei ville ha standpunktkaraktervurdering og eksamen i skriftleg sidemål. Det har Utdanningsdirektoratet no sagt nei til; dei vil ikkje godkjenne nye alternative undervisningsopplegg før evalueringa av Oslo-forsøket er ferdig, skriv utdanning.ws.

Lagt ut 22.4.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

NIFU fekk evalueringsjobben

NIFU Step fekk, ikkje overraskande, oppdraget med å evaluere sidemålsforsøket i Oslo. Dei fann ut at dei hadde kompetanse til det lell. Evalueringa skal gjerast ved å mæle karakterar og testresultat. Les meir hjå Dagsavisen.

Lagt ut 22.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Melsomprisen til Åmås

Knut Olav Åmås får Melsomprisen 2005 for biografien om Olav H. Hauge, "Mitt liv var draum". Prisen blir delt ut av Samlaget. Det skriv Bok og Samfunn.

Lagt ut 22.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Mediemålpris til Audhild

Alf Helleviks mediemålpris for 2005 er tildelt Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Prisen blir delt ut av Samlaget. Det melder Journalisten.

Lagt ut 22.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

7000 for nynorsk i tabloidane

Fire dagar etter at oppropet starta:
Kl. 22.29 21. april vart Anni Grasdal nr 7.000 som skreiv under for nynorsk i Dagbladet og VG! Skriv deg på du òg på www.nm.no/sleppnynorskentil/

Lagt ut 21.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

«Språkets betydning»

Dagbladet hevdar i dag aat språk er identitetsskapande, og at dagbladspråket har ein tradisjon og ei form dei er stolte av; «det sier noe om det jordsmonnet vi er vokst opp av, og om hvor vi tilhører», seier dei. Og me som trudde at jordsmonnet var det same som målrørsla voks fram frå. Les forsvaret for bokmål i Dagbladet.

Lagt ut 21.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

NRK-årsmelding utan nynorsk

Eit halvt år etter festtalane då Nynorsk mediesenter vart opna i Førde, skriv NRK ei årsmelding som ikkje nemner nynorsk. Stortingsrepresentant Heidi Grande (SV) reagerer med å sende brev til kulturministeren, skriv Firda og Firdaposten.

«Håpar det berre er tankeløyse», seier Magni Øvrebotn til Firdaposten.

Lagt ut 21.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Evalueringsplanen er påfallande fleksibel

- Det er påfallande at Utdannings­direktoratet lar saka om sidemålsfritak i Oslo skli ut - igjen, seier Steinulf Tungesvik, nyvald leiar i Noregs Mållag. Oslo kommune er allereie ni månader på overtid med å oppfylle premissa for forsøket, skriv Dagsavisa.

Ingen seriøse forskingsinstitusjonar ville evaluere forsøket før NIFU Step (der systera til utdanningsdirektøren i Oslo er sjef) plutseleg fann ut at dei likevel kunne gjere det.

Lagt ut 21.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsksiger i Steinkjer

Ved skulemålsrøystinga ved Røysing skole i Steinkjer vann nynorsken med 130 mot 121 røyster. Oppmøtet var på 61,1%. Les meir hjå NRK Trøndelag eller i Trønder-Avisa.

Lagt ut 20.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kulturminister for meir nynorsk

Kulturministeren har skrive under oppropet for Slepp nynorsken til i VG og Dagbladet. Svarstad Haugland mislikar sterkt språkpolitikken til dei to riksavisene. NRK Kultur og Kampanje har kasta seg over saka!

Lagt ut 20.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

NIFU STEP med plan

I går oversende NIFU STEP eit tilbod om å evaluera nynorskforsøket i Oslo-skulen. Oslo kommune skulle senda Utdanningsdirektoratet ein plan for evalueringa av forsøket «medio april», og den fristen er no gått ut. Les meir om tilbodet frå NIFU STEP i Dagsavisen og om fristen for levering av plan i Utdanning.

Lagt ut 20.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Er ikkje kulturelt opne

I leiaren i Bergens Tidende i dag vert det hevda at «Osloavisenes angst for nynorsk signaliserer mangel på kulturell åpenhet». BT utfordrar riksavisene til å også å vera tolerante på heimebane og ikkje stø opp om fordomar.

Lagt ut 19.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Feig frykt for nynorsk

«Sjefredaktørane i storavisene har lett spel med si språklege einsretting», skriv Nationen på leiarplass i dag. Les meir i Nationen.

Lagt ut 19.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Biskopen må lære nynorsk

Agder og Telemark bispedømme måtte gje seg til slutt: Etter at Språkrådet påla dei å fylgje mållova og nytte nynorsk, må alle dei tilsette på kurs, skriv Telemarksavisa.

Lagt ut 19.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Debatt i Dagsnytt Atten

I dag er det debatt mellom VG-sjefen og Steinulf Tungesvik i Dagsnytt Atten. Gå inn på nettsidene til Dagsnytt Atten og høyr på opptaket frå 18.04.05!

Lagt ut 18.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kjendisopprop for nynorsk i VG

Noregs Mållag har fått med seg ei rekkje kjendisar for å få VG og Dagbladet til å skrive nynorsk, registrerer VG i dag.

Åslaug Haga, Lars Sponheim, Dagfinn Høybråten, Hallgrim Berg, Dag Solstad, Per Petterson, Karsten Alnæs og Gunnar Staalesen har skrive under til no. Skriv under du òg!

Omtale i media

Lagt ut 18.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Steinulf Tungesvik ny leiar i Noregs Mållag

Steinulf Tungesvik. Foto: Noregs MållagSteinulf Tungesvik (39) vart vald til ny leiar i Noregs Mållag på landsmøtet i Tromsø sundag. Tungesvik er frå Skånevik i Hordaland, busett i Bergen og arbeider som forretningsadvokat. Han er tidlegare statssekretær i sentrumsregjeringa. Les meir om han.

Resten av styret er:

  • Eli Bjørhusdal (1972), Luster i Sogn. Nestleiar
  • Nils Ulvund (1948), Ålvundfjord
  • Unn Røyneland (1967), Oslo
  • Karstein Bjørge (1943), Sotra.
  • Berit Rekve (1966), Bergen
  • Signhild Stave Samuelsen (NMU-representant)
  • Anne Marit Godal (1972), Oslo. Fyrste vara.
Omtale i media: Haugesund Avis, Bergens Tidende

Lagt ut 17.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Målprisen 2005 til Kjartan Fløgstad

Kjartan FløgstadKjartan Fløgstad har fått Målprisen 2005 frå Noregs Mållag. Han fekk prisen for sitt brennande engasjement for nynorsken, skriv Mållaget i ei pressemelding.

Saka er dekt på svær mange nettstader, mellom anna VG og Vårt Land.

Lagt ut 17.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Bjørnar Østgård ny heiderslags­medlem i Noregs Mållag

Tidlegare leiar i Troms og Finnmark Mållag, og mangeårig nordnorsk nynorskaktivist, vart utnemnt til heiderslagsmedlem i Noregs Mållag på landsmøtet i Tromsø.

Vi gratulerer!

Lagt ut 17.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Ja til samiske flagg i hovudstaden på 17. mai!

Samisk flaggNoregs Mållag håpar å få sjå det samiske flagget i Oslo på 17. mai, både på Oslo kommune sine offisielle flaggstenger og i barnetoget. Det vedtok landsmøtet i dag.

17. maikomitéen i Oslo har vedteke at det ikkje skal vere lov å nytte sameflagget i toget i hovudstaden.

Lagt ut 16.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Magga opna andre landsmøtedag

Ole Henrik Magga heldt hovud­talen - Samisk og nynorsk i eit globalt perspektiv - under landsmøtet til Noregs Mållag i Tromsø.

Landsmøtesalen i Tromsø. Foto: Erik Bolstad

- Vi har mykje til felles, vi samar og målfolk, sa Magga til landsmøtet.

Lagt ut 16.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Målstrid i Hol

Det bryggar opp til målstrid i Hol. Aksjonsgruppa for bokmål har fått gjennomslag for kravet om språkrøysting i Holet krins - den siste nynorskkrinsen i kommunen, skriv Hallingdølen.

Lagt ut 16.4.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Slepp nynorsken til!

Slepp nynorsken til!- Opphev forbodet mot nynorsk i Dagbladet og VG, krev landsmøtet i Noregs Mållag.

Les meir om oppropet, og skriv under!

Lagt ut 15.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk barnelitteraturpris til Arnfinn Kolerud

Den som ikkje har gøymt seg noArnfinn Kolerud som vert tildelt Nynorsk barne­litteratur­pris 2004. Juryen meiner at boka "Den som ikkje har gøymt seg no" er ei djup, alvorleg og humoristisk bok om oppvekst, meiner juryen. Les meir om prisen hjå Mållaget

Lagt ut 15.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Appellerer for bransjeavtalen

Bokbransjen gjer eit siste forsøk på å påverke regjeringa om ny bokbransje­avtale. Eitt av argumenta deira er at ein treng avtalen for å sikre bøker, fortel Bok og Samfunn.

Lagt ut 14.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Noreg treng ein språkpolitisk handlingsplan

I dag er språk eit meir aktuelt emne enn på lenge, både på grunn av globaliseringa og den stadige svekkinga av nynorsken som skulemål. Likevel er språk eit ikkje-tema i norsk politikk, skriv Mats Indrefjord Høllesli, NMU-ar og redaksjonsmedlem i nynorsk.no hjå Adresseavisa.

Lagt ut 14.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Rennesøy blir språknøytral

Kommunestyret i Rennesøy har vedteke at kommunen skal vere språknøytral. Kultur- og kyrkjedepartementet har difor fastsett ny forskrift om målvedtak der vedtaket er innarbeidd. Endringa inneber at det i Rogaland er tri bokmålskom-munar, tolv nynorskkommunar og tolv nøytrale kommunar. Dette gjer at nynorsk framleis er fleirtalsmålform, skriv Fylkesmannen i Rogaland.

Lagt ut 13.4.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorske festspel med golf, Haugland og Hoem

For fyrste gong er ei golfturnering ein del av Dei Nynorske Festspela, men får vi sjå statsråd Valgerd Svarstad Haugland og festspeldiktar Edvard Hoem svinge køllene?, undrar NRK Møre og Romsdal.

Les òg om saka hjå Aasentunet, eller sjekk ut programmet for festspela.

Lagt ut 13.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Strid om sørsamisk ordbok

Elevar som skal ta eksamen i sørsamisk må greie seg utan ordbok i vår. Sametinget har byrja arbeidet med ordboka, men er ikkje ferdig. No får Sametinget kritikk for å nedprioritere sørsamisk, som er ein minoritet innan det samiske. Les meir hjå Utdanning.

Lagt ut 12.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Mobiliserer til skulemålsrøysting

Førehandsrøystinga om skulemålet i Røysing krins i Steinkjer er i gang. Onsdag 20. april kan 410 ogndalingar røyste over skulemålet. Trønder-Avisa har intervjua ein av bokmåls­forkjemparane, Ole Jakob Sørensen.

Lagt ut 11.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Godt nytt for dielaktar og nynorsk

Sylfest Lomheim var innleiar på møte i Inderøy Mållag i helga, fortel Trønder-Avisa. Journalisten frå avisa har i alle fall lært mykje om norsk målsoge!

Lagt ut 11.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskaviser premierte

Nynorskaviser til topps i Landslaget for lokalaviser si kåring av beste aviser. Les meir om dette på NRK Kultur.

Lagt ut 10.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dei språklause partia

Dei fleste partia kjem til å gå til val med nokre av dei magraste språkpolitiske kapitla på mange tiår. Særleg tynne blir avsnitta om norsk språkpolitikk. Kvifor er ikkje partia på parti med språket?, spør Ottar Grepstad i Dagbladet.

Lagt ut 10.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nyutgåve av Bibelen på nynorsk

Bibelselskapet arbeider med ei nyutgåve av nytestamentet på nynorsk. Prest og målmann Ivar Molde er ikkje tilfreds med språket, skriv Hordaland. Det er 27 år sidan bibelselskapet sist reviderte Bibelen på nynorsk.

Lagt ut 9.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Rustar til kamp for skulemålet

Hol mållag lovar kamp for nynorsken ved Holet skule. Målfolket har liten sans for at aksjonsgruppa for språkrøysting set nynorsk opp mot engelsk og spansk, skriv Hallingdølen.

Lagt ut 8.4.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Ny leiar i Juristmållaget

Gunnar O. Hæreid er ny leiar i Juristmållaget, som hadde årsmøte 6. april. Han er frå Årdal, og tilsett hjå regjeringsadvokaten. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 7.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskturné frå Aasentunet

Side Brok var med på turnéen. Foto: NRK
Nynorsk kultursentrum er ute med turnéen «Det undrande språket». I går var Aasentunet saman med Side Brok i Bærum. Der likte ungane nynorsk, og meinte at det var både kjekt og lett å lære språket.

- Folk trur nynorsk er vanskeleg på grunn av fordommar, sa ein av elevane til NRK Austlandssendinga.

Les meir om turnéen hjå Aasentunet eller sjå Austlandssendinga om turnéen.

Lagt ut 7.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Lærer norsk for å forstå black metal

90 prosent av fyrsteårsstudentane i norsk ved Universitetet i Roma har vald å studere norsk - ikkje på grunn av Ibsen og Hamsun - men på grunn av den norske black metal-musikken, skriv NRK Kultur.

Meir om norskstudentane i Roma i NRK-programmet Typisk Norsk (som du kan sjå i Nett-TV).

Lagt ut 7.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskgudsteneste i Oslo domkyrkje

Gudstenesta i Oslo domkyrkje 17. mai blir på nynorsk for fyrste gong. Nynorsklaget står bak tilskipinga, der m.a. Edvard Hoem skal halde preike, skriv Aftenposten.

Lagt ut 7.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk - noko for svenskar?

- Eg trur Ivar Aasen hadde fått problem om vi hadde hamna i union med Sverige fire hundreår tidlegare. Han hadde rett og slett hatt for lite å bråke om, meiner Arne Torp i Uniforum.

Lagt ut 7.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Rydd opp i nynorskrutinane

Tilsette skal kunne båe målformene, skriv Språkrådet i eit krasst brev til Universitets- og høgskulerådet, skriv Universitas.

Lagt ut 7.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Tungesvik innstilt som ny leiar

Steinulf TungesvikNoregs Mållag held landsmøte i Tromsø til helga. Endre Brunstad, som har vore leiar i Noregs Mållag i to år, har sagt frå seg attval. Valnemnda har samrøystes innstilt på at Steinulf Tungesvik vert ny leiar i Noregs Mållag. Les heile innstillinga hjå Noregs Mållag

Lagt ut 7.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Har du levert sjøvangivelsen?

Kvittering for levert SJØVANGIVELSE

Dei som ikkje har fått sjølvmeldinga enno kan gle seg over alle språkblomane. Rettleiinga er eit funn!: «Leverer du på www.skatteetaten.no, på telefon eller på SMS seinast 24. april er du med i trekningen av premier. Sjå side 3.» Kvitteringa er ikkje betre.
Vi ler.

Lagt ut 7.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Intervju? Om de skriv nynorsk!

«Elevaksjonistane som har lukkast med å sabotere to av årets nasjonale prøver, makta ikkje å leggje ut prøva for elevar på grunnkurs i går. Utdanning har kome i kontakt med aksjonistane per e-post, og dei stilte villig opp til intervju med ein føresetnad, at vi skriv artikkelen på nynorsk.» Les resten av saka i Utdanning.

Lagt ut 5.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kvadsheim krev svar på nynorsk

Sjølv om Bjarne Kvadsheim (Sp) alltid stiller spørsmål til Stavanger kommune på nynorsk, får han ofte svar på bokmål.. Les meir i Stavanger Aftenblad

Lagt ut 5.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bispestab på nynorskkurs

I vår vert heile staben på bispekontoret på Agder sendt på nynorskkurs, og vonleg vert det no slutt på mållovsbrota ved det bispekontoret. Les meir Fædrelandsvennen!

Lagt ut 5.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sjølvmelding på nynorsk?

Det er tid for å levera sjølvmeldinga att og heile Noreg skal innom nettsidene til Skatteetaten. Heller ikkje i år har etaten greidd å få nynorske nettsider, men dei har tydelegvis tenkt på å laga språkversjonerte sider. Berre sjå her!

Lagt ut 4.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

-Me pyntar oss med dumskap

Heile maset om lågt nivå i norsk skule handlar ikkje om ein beundringsverdig respekt for kunnskap, men kokar ned til ei dum, sosial markering: Nokre typar viten er meir verd enn annan. For tida er det matematikk og økonomi. Definitivt ikkje nynorsk og internasjonal kunnskap, skriv Heger i Dagsavisen i dag.

Lagt ut 3.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skandinavia burde vera eitt land

Noreg, Sverige og Danmark hadde gjort seg som eitt land, meiner Astrid Nøklebye Heiberg. Og ho føreslår nynorsk som hovudspråk i det nye landet. Les meir i Dagsavisen

Lagt ut 3.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Diverre 1. april-spøk

Oppslaget frå fredag om minst 25% nynorsk i statsstødde aviser var aprilspøken i Dagsavisen. Diverre, meiner kulturredaktør Cathrine Sandnes. Hadde eit slikt framlegg komi, ville det vori ein særs viktig og bra kamp tykkjer ho. Les meir hjå Dagsavisen.

Lagt ut 2.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Røysting til hausten

Underskriftslistene som krev folkerøysting om skulemålet i Holet, er godkjende.Det vert skulemålsrøysting etter sommarferien. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 2.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk i kyrkja

«Mellom oss prestane er det både nynorsk- og bokmålstalande. Men alle ser me det som viktig, her me bur og arbeider: Å ta vare på ein god og allsidig nynorsk i kyrkjeleg bruk», skriv Ivar Molde. Les heile innlegget i Bergens Tidende.

Lagt ut 2.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Manglar 21 mill. for nynorsk leksikon

Nynorsk kultursentrum arbeider for å få laga eit allment nynorsk leksikon på Internett. No manglar det 21 millionar kroner for få til prosjektet, skriv Utdanning.

Lagt ut 1.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Krev meir nynorsk for pressestønaden

Endeleg har Noregs Mållag og Kringkastingsringen fått gjennomslag for eit viktig krav: det blir no påbod om minst 25 prosent nynorsk i alle aviser som får pressestønad. Det er etter det vi skjønar gjennom EØS-avtala at Kulturdepartementet har kunna gjera framlegg om dette. Les meir hjå Dagsavisa eller Kampanje. (hugs kva dag det er i dag...)

Lagt ut 1.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kunnskap i nynorsk gjev makt

- Innvandrarar som buset seg i fylke som har nynorsk som hovudmål, bør få opplæring i nynorsk, og ikkje som i dag i bokmål, seier bystyrerepresentant i Oslo Reza Rezaee. På landsmøtet til SV gjer han framlegg om at dette punktet bør med i partiprogrammet. Les meir i Utdanning.

Lagt ut 1.4.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Clemet vil ha meir nynorsk

Utdanningsminister Kristin Clemet vart inspirert under opninga av Senter for nynorsk i opplæringa i går: No vil ho at alle talar, brev, meldingar, e-post o.l. frå departementet skal vere skrive på nynorsk, fortel Utdanning.

Lagt ut 1.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Sandnes får òg nynorsksenter

Etter at Sandnes kommune tapte rettsaka med Mållaget om språkblanda klasser, tek dei nye grep: Ei politisk heilomvending gjer at det gamle kinobygget no blir base for eit nynorsksenter, skriv Sandnesposten.

Lagt ut 1.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

30. juni

  • 1850 «Ordbog over norsk Folkesprog» av Ivar Aasen vart trykt
  • 1851 Arne Garborg vart fødd

1. juli

  • 1933 Norsk rikskringkasting startar opp

7. juli

  • 1873 Halfdan Koht vart fødd

10. juli

  • 1884 Olav Nygard vart fødd

12. juli

  • 1896 Noregs Ungdomslag vart skipa

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen