nynorsk.no

29.6.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mai 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Ny ordbok gjev sørsamisk optimisme

Ei etterlengta norsk-sørsamisk ordbok er på veg. Etter mange års frustrasjon lysnar det for utviklinga av språket, skriv Helgeland arbeidarblad.

Lagt ut 31.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Trønder-Avisa stør nye sjukehusnamn

I går gjekk Nynorsklaget ut med sterk kritikk av dei nye sjukehusnamna. I dag stør Trønder-Avisa kritikken, og krev namneskifte på sjukehusa i Nord-Trøndelag.

Lagt ut 31.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vil lage kurs i «offentleg østfoldsk»

Stoda er eigentleg ikkje så gale for østfolddialekta, skriv Benthe Kolberg Jansson i eit lesarbrev i Fredriksstad blad. Østfold Mållag arrangerer gjerne kurs i «offentleg østfoldsk» for østfoldingar som knotar, skriv ho òg.

Lagt ut 31.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Opera 8 på norsk

Den norske nettlesaren Opera blir lansert i norsk utgåve i dag. Både nynorsk og bokmålsverjsonane er med, skriv TV 2 Nettavisa.

Lagt ut 31.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Krev nye sjukehusnamn

Namna på St. Olavs Hospital, Blefjell sykehus og fleire andre sjukehus vert sterkt kritiserte i eit brev som Nynorsklaget har sendt til Kultur- og kyrkjedepartementet. Les meir hjå NRK Trøndelag.

Lagt ut 30.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Rammsund: Nynorsk Rammstein

Bandet Rammsund - frå Bærum og Oslo - er eit av dei hottaste nynorskbanda for tida. Dei presenterer seg sjølve som
Rammstein tribute-band, med nynorsk-oversatte tekstar. Beinhard musik, glimt i auget, skikkeleg live-show, og berre masse moro!

Rammsund

Du kan høyre dei på Urørt frå NRK P3. «Mutter» er særleg festleg!

Lagt ut 30.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Skryt av Startsida på nynorsk

- Startsiden gjer det VG og Dagbladet ikkje vil, skriv ABC Startsiden i ei pressemelding Propaganda refererer i dag. Startsiden.no er ei av dei største nettsidene i Noreg, og er no omsett til nynorsk på startsida.no.

Lagt ut 30.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ny sesong med Typisk norsk

Petter Scherven- Noregs mest utypiske TV-suksess kjem på skjermen att: Det blir meir «Typisk norsk» skriv Dagbladet og Propaganda.

Språkprogrammet er over for denne sesongen, men ein kan framleis sjå programmet i Nett-TV.

Lagt ut 30.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Målstriden - forklart på svensk!

Det är inte ovanligt att ett land består av invånare som talar olika språk. Men den norska språkstriden mellan bokmål och nynorska är unik. Den har pågått i 120 år. Varje gång den verkar dämpas, blossar den upp på en ny arena. Bokmålet är den vanligaste språkformen i dag, men nynorskans förkämpar är många, fortel Svenska Dagbladet.

Lagt ut 29.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Porrsajt ett stort framsteg för nynorskan

Det er ikkje berre nordmenn som har fått med seg at Mållaget jublar over nynorsk nettporno. Svenska Dagbladet har òg fått med seg storhendinga, og tek med ein orientering om norsk språkregulering medan dei fyrst er i gong.

Lagt ut 29.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Målungdomar heldt styrtkurs for klassekameratane

Elevar på Fredrik II vidaregåande skule i Fredrikstad håpar ei lyninnføring i nynorsk fire dagar før eksamen skal betre karakterane. Tællandes målungdom - det nyskipa laget til Norsk Målungdom i Østfold - tok initiativ til kurset, fortel Fredriksstad blad.

Lagt ut 29.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Enorm interesse

Nynorsk-Gynt har vore på plakaten i Oslo. No syner bergensarane ei enorm interesse for Fosse-omsetjingar i Den Nationale Scene. Les meir på Nettavisen.no.

Lagt ut 27.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sandnes ankar

Kommuneadvokaten til Sandnes kommune påkjærer avgjerda frå Gulating lagmannsrett til kjæremålsutvalet til Høgsterett. Lagmannsretten kom i sist vekt til at KS og Sandnes kommune mangla rettsleg interesse i gruppedelingssaka i Sandnes kommune og avviste kjæremålet frå kommunen. Dette skriv Sandnesposten i papirutgåva i dag. Meir om saka seinare.

Lagt ut 27.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Droppar tilskot til småkommunar?

Myndigheitene vurderer å droppe milliontilskot til små kommunar som har kort avstand til store naboar. Dette kan få store fylgjer for små nynorskkommunar. Les meir i Nationen.

Lagt ut 27.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk språkråd heiter no Språkrådet

Kultur- og kyrkjedepartementet har vedteke at det nye namnet på Norsk Språkråd vert Språkrådet. Før utgangen av 2005 skal òg den nye organisasjonen vera fastlagd. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 26.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nobelprisen neste?

Jon Fosses ambisjonar som skribent strekte seg ikkje lenger enn til å verta journalist i Gula Tidend. Der kunne han ha blitt verande, dersom det ikkje var slik at journalistar tidvis lyt snakka med folk. Det likte Jon Fosse dårleg. Så vart han heller forfattar og dramatikar, med heile verda som nedslagsfelt. I år er han festspeldiktar i Bergen. Les heile saka i Bergens Tidende

Lagt ut 26.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemål utanfor sidelinja?

Buskerud Mållag reagerer på at eit fleirtal i Hovudutvalet for utdanning vil ha valfritt sidemål i Buskerud før forsøka i Oslo med valfritt sidemål er evaluert. Les meir i Hallingdølen

Lagt ut 25.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Verdas tøffaste nynorskruss!

nynorsk.no-redaksjonen fekk tilsendt bilete av verdas tøffaste russebil i dag!

Verdas tøffaste nynorskrussebil!

Det er Sund-russ på Sotra vidare­gåande skule som er tøffingane bak bilen!

Lagt ut 25.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorsk har fornya norsk

Det meiner Sylfest Lomheim i eit intervju i Dagsavisen. Olaug Nilssen og Ragnfrid Trohaug er òg intervjua, med vekt på deira nynorskidentitet. Les meir hjå Dagsavisen.

Lagt ut 25.5.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Sterkare rettar for nynorskelevar

Utdanningsdirektoratet vil styrkja rettane til nynorskelevar etter domen mot Sandnes kommune. Les saka hjå NRK Sogn og Fjordane

Lagt ut 24.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Rettskrivingsendringar frå 1. juli

Dei nye rettskrivingsnormalane frå Kultur- og kyrkjedepartementet får verknad frå 1. juli 2005. For nynorsk vert det få endringar. Fullt oversyn over endringane i både nynorsk- og bokmålsnorma kan du lesa på nettsidene til Norsk språkråd.

Lagt ut 23.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fullt medhald saka om nynorskopplæring i Sandnes

Gulating lagmannsrett har avgjort at Sandnes kommune har brote opplæringslova når dei har påtvinga elevane i nynorske parallellklassar undervising på bokmål. Les meir hjå Noregs Mållag. Sjå òg ANB-meldinga på Siste.no.

Lagt ut 23.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Radio Røynda med Festpel-varieté

Radio Røynda presenterer Festpel-varieté med ein touch av basar. Her får du oppleva verdas einaste realityshow på nynorsk, no live on stage. Introducing det populære populærorkesteret Finn-Erix. Premieren finn stad på Madam felle på Bryggen i Bergen i onsdag 25. mai, og har du ikkje billettar til denne, byd det seg nye høve fredag 27. og laurdag 28. mai klokka 21.00 båe kveldane.

Lagt ut 23.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fjord1 med i LNK

Medan Flora kommune vurderer å melda seg ut av Landssamanslutninga av nynorskkommunar, går Fjord 1 motsett veg og melder seg inn, skriv Sogn Avis

Lagt ut 23.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Jublar for nynorsk porno

Noregs Mållag meiner det er ein milepåle at det har komme ei nynorsk pornoside på internett.

- Dette stadfestar at nynorsk er eit fullverdig bruksspråk, seier leiar Steinar Tungesvik til Dagbladet.

Lagt ut 22.5.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Startsida på nynorsk

Ei av dei mest brukte startsidene i Noreg er no komen på nynorsk! Startsida.no er omsett og er klar til å hjelpa deg å finna fram på nettet.

Lagt ut 20.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kategorisk norsk

- Vi er ikkje villige til å akseptere det som er annleis før vi ser at vi treng det. Når vi treng identitet, aksepterer vi bunader og dialektar. Det skriv Norunn Askeland i Tønsberg Blad.

Lagt ut 19.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Den norsk-svenske samtalen

Kva tid forstår nordmenn og svenskar kvarandre, og kva tid misforstår me kvarandre? I tilhøvet mellom svensk og norsk er det svensk som set tonen, fordi det er skilnad på storebror og veslebror når det gjeld språk, skriv Dag Frømyr i Aftenposten.

Lagt ut 19.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Golf på nynorsk

Nynorsk Kultursentrum samlar inn nynorske alternativ til dei gamle, engelske golfuttrykka, og tek gjerne imot framlegg frå deg. Les saka i Golferen.no

Lagt ut 18.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Utlysing av FoU-midlar ved Nynorsksenteret

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa lyser ut midlar til skuleretta forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid for hausten 2005. Særleg interessante område er nynorskopplæring i lærarutdanning og grunnutdanning. Les meir hjå Høgskulen i Volda

Lagt ut 18.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kjendisar krev nynorsk leksikon

Med tidlegare stortingsrepresentant Lars Gunnar Lie (KrF) i spissen, reiser kulturpersonlegdomar og medieprofilar som Arthur Arntzen, Jon Fosse, Ole Danbolt Mjøs og Kari Traa no krav om eit nynorsk nettleksikon, skriv Firdaposten i dag.

Lagt ut 18.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Tung start for Nynorsk pluss

Gloppen opplæringssenter slit med å få kommunar til å ta i bruk opplæringsprogrammet Nynorsk pluss, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 18.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kvar vil Dagbladet med språkpolitikken?

Kvar vil Dagbladet med språkpolitikken sin? Skal alle skriva bokmål? - Ei avis som har programfesta frisinn og kulturell toleranse, som Dagbladet, driv reinspikka språkleg undertrykking, skriv leiarane i fylkesmållaga på Vestlandet i Dagbladet i dag.

Lagt ut 18.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Aksjonerte med samisk flagg

Margit Ims med samisk flagg framfor Slottet. Foto: Erik BolstadStudentmållaget, BUL Oslo og NMU aksjonerte på 17. mai med samiske flagg i 17. mai-toget. 17. mai-komitéen i Oslo nekta skulane å ha med samiske flagg i toget, men målrørsla let seg ikkje stogge.

Aksjonistane fekk svært mange positive tilbakemeldingar, og ein stor takk frå Oslo sameforeining. Les meir og sjå fleire bilete.

Pressemelding frå Norsk Målungdom

Aktivistar frå Norsk Målungdom heldt det samiske flagget høgt og godt synleg på slottsplassen 17. mai. 2005.

Målungdomane ville syna støtte til ynskjet frå sameorganisasjonar om samiske flagg på kommunale flaggstenger i hovudstaden. Når dette vart avvist av bystyret var einaste løysinga å ta flagget i eigne hender.

Det samiske folket fortener oppreising hundrevis av år som undertrykt av den norske majoriteten. Som nasjonal minoritet og urfolk er bruk av samiske flagg på denne store festdagen ei lita, men viktig, kulturell oppreising.

.

Høgreklikk på bileta og vel Lagre som for å laste ned.

Samisk flagg på 17. mai Foto: Erik Bolstad Samisk flagg på 17. mai Foto: Erik Bolstad Samisk flagg på 17. mai Foto: Erik Bolstad Samisk flagg på 17. mai Foto: Erik Bolstad Samisk flagg på 17. mai. Foto: Erik Bolstad Erik Bolstad med samisk flagg på 17. mai

Lagt ut 17.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk bar i Bergen

Torsdag 19. mai klokka 1930 møter du Olaug Nilssen på Nynorsk bar på Café Opera i Bergen!

Mållaga i Bergen inviterer til Nynorsk bar. Olaug Nilssen, forfattar og bloggar kjem for å utfordra og mora nynorskingar og andre bergensarar denne kvelden. Ho har kalla seg ein innbitt likegyldig nynorskbrukar og kva er det eigentleg med den helvetes hovudstaden? Møt opp, kanskje får du svar på nett det?

Lagt ut 16.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dag og Tid med nye nettsider

Dag og Tid har fått nye nettsider! Ta deg gjerne ein tur innom sidene ved å klikka her. Samstundes kan du gje redaksjonen attendemeldingar om kva du tykkjer om omleggjinga.

Lagt ut 16.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Søkjer på nynorsk og bokmål

Høgskulen i Bergen har inngått eit samarbeid med Nynodata som har utvikla Norsk temasøk, og høgskulen no ei søkjeteneste med synonymsøk og parallellsøk for båe målformene. No får du treff på både bokmål og nynorsk uavhengig av kva målform søkjeordet er skrive på. Les meir i Høgskulen i Bergen.

Lagt ut 15.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dans og nynorsk skal fylla domkyrkja

Biskop Ernst Baasland vil så gjerne fylla Stavanger Domkyrkje 17. mai. I år satsar han på dans og song på kyrkjebakken og nynorsk preike og liturgi inne i kyrkja. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 14.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Arkitekt på nynorsk

Ragnhild Momrak arbeider i arkitektfirmaet Snøhetta og ho skriv nynorsk i alle samanhengar. Ho meiner til og med at ho har fått søknader godkjende på grunn av språkvalet sitt. Les meir i Vest-Telemark Blad.

Lagt ut 14.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Departementa nyttar meir nynorsk

Samla nynorskprosent i proposisjonar og meldingar til Stortinget kom siste året opp i 19 pst. Nynorskprosenten har aldri vore høgare enn dette, står det å lesa i språkstatistikken frå Kultur- og kyrkjedepartementet for 2004.- Dette er godt nytt for nynorsken, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag.

Lagt ut 13.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje spark nynorskjournalistane

Dagbladet er i krise og møter framtida med store stillingskutt. I tillegg skal redaksjonen revurdera stoffval, innretting og profil. Noregs Mållag utfordrar avisa til å nytta eit gyllent høve til å sleppe nynorsken til. Les meir om dette på sidene til Noregs Mållag.

Lagt ut 13.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Oslo-skular på nynorsktoppen

Påstanden om at elevane i Oslo er så dårlege i hovudmålet at dei må sleppe nynorsk for å få konsentrert seg om bokmålet, er berre tøv seier Roger Lockertsen i Nationen i dag.

Lagt ut 13.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

NSU kritisk til bokavtalen

- Å oppretthalda eit pensum på bokmål og nynorsk er eit viktig kulturpolitisk verkemiddel. Det er bra med billege bøker, men ikkje på kostnad av tilbodet, nestleiar i Norsk Studentunion (NSU) i Tromsø. Les meir i Utopia.

Lagt ut 13.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

120 år sidan jamstellingsvedtaket

12. mai 1885 vedtok Stortinget at «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.»

Les meir om Stortinget og språksaka hjå Språkrådet; eller les dagens kommentar i Telemarksavisa, der dei går inn for nynorsk i Danmark!

Lagt ut 12.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

DVD på nynorsk

Trønderfirmaet Datakjeden er truleg fyrst i verda med DVD-menyar på nynorsk.

- Eg må innrømme at det gjekk ein f... i meg då nokre riksaviser køyrde «ut med nynorsken»-kampanjar, seier dagleg leiar Arnstein H. Røsdal til Trønder-Avisa.

Lagt ut 12.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Einaste elev med sørsamisk hovudmål

Ho snakkar sørsamisk med bestemora og nordsamisk med systera. Ute blant vener går det mest i norsk. Helgeland Arbeidarblad har intervjua den einaste eleven i Noreg med sørsamisk som hovudmål.

Lagt ut 12.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Per Egil Hegge tilrår nynorsk

På eit føredrag ved Ytre Vikna vidaregåande skule i Rørvik, fortalde nyleg pensjonert Aftenposten-redaktør Per Egil Hegge at han meiner at trønderar bør lære nynorsk fyrst. Det styrkjer språkforståinga! Les meir hjå Namdalsavisa.

Lagt ut 12.5.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Oslo på nynorsktoppen

Osloelevane har minst grunn av alle til å velje bort nynorsk. Dei er nemleg best i landet, fortel Aftenposten i dag.

Lagt ut 11.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Rocka nynorsk i tre samfulle dagar

Programmet for den tredje tappinga av målrockfestivalen er klart. Gåte er tilbake i Årdal, og dei får godt følgje av andre spennande målartistar på den tre dagar lange festivalen, skriv Sogn Avis.

Les meir på malrock.no

Lagt ut 11.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Fjaler i 1905

Sokneprest i Solund, Rasmus Haugsøen, var aktiv målmann i Sunnfjord. Han kjempa hardt for nynorsk som kyrkjespråk og heldt gudsteneste på nynorsk i Dale kyrkje i 1905. «Kyrkja vart full og det gjekk bra» minnes han i Sunnfjord Ungdomslag sitt jubileumsskrift frå 1923. Les meir om målstrid og tidlege målfolk i Fjaler i Bergens Tidende.

Lagt ut 10.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høgre held nynorskhatet varmt

Høgre vil gjere den skriftlege sidemåls­opplæringa valfri både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. - Det er eit politisk vedtak, sa partileiar Erna Solberg. Ho påstår òg ho har forsking som stadfester at tospråksstoda i Noreg ikkje er brafor elevane. Les meir i Utdanning.

Lagt ut 9.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høgrelandsmøtet og sidemål

Høgre har hatt landsmøte og her skal dei mellom anna ha vedteke denne formuleringa:
Offentlig ansatte skal ikke tvinges til å skrive brev og utredninger på sidemål.
Dette kom sjølvsagt frå det «liberale» «kunnskaps»-Høgre, også kjent som Oslo Høgre. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 9.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Utropt av Dagbladet til Vestlandsfanden

Vi veit ikkje om Dagbladet prøver å kompensere for manglande nynorskbruk, men Radio Røynda har blitt svært populære der i garden i det siste.

Finn Tokvam er intervjua i Magasinet i helga, og fortel villig vekk om både sidemål, pissing og Ivar Aasen.

Lagt ut 9.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Gje meg tydelege nynorskmotstandarar

- Eg ønskjer meg tydelege motstandarar av nynorsken. Då tenkjer eg ikkje på at Riksmålsforbundet skal kvikna til att frå sottesenga, seier Steinulf Tungesvik, nyvald leiar i Noregs Mållag til Firda.

Lagt ut 8.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kampen om det normale

-Når toleransen for det annleis skrivne ordet ikkje er like stor som toleransen for det annleis talte ordet, har det først og fremst med vane å gjere, skriv Vikebladet Vestposten i dag.

Lagt ut 7.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Buskerud søkjer valfritt sidemål om 3-4 år!

Hovudutvalet for utdanning i Buskerud vedtok i går at dei vil søkja om valfri sidemålsopplæring når forsøket i Oslo er evaluert. Det vil tidlegast kunna skje etter at prøvekullet er ferdige på skulen i 2007 eller 2008. Les notisen i Drammens Tidende.

Lagt ut 6.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vert nynorskbibelen samnorskbibel?

Prestar i Hardanger og på Voss reagerer kraftig på den reviderte utgåva av Det nye testamentet. Her er det konsekvent brukt bokmålsformer der det er råd og prestelaget meiner utgåva liknar meir på samnorsk enn på nynorsk. Les meir hjå NRK Hordaland eller på P4.no.

Lagt ut 6.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Strid om forbrukar.no

Din Side har kapra domenet «forbrukar.no» framfor nasen på Aftenposten. -Det er veldig viktig for oss å nå ut til heile Noreg, seier administrarende direktør i Aller Internett, Bernhard Steen. No har Aftenposten kontakta advokat i saka. Les meir på Kampanje.no.

Lagt ut 6.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Slutt på nynorsk telefonkatalog

telefonkatalogen.no fanst tidlegare på nynorsk, bokmål og engelsk. No er sidene oppgraderte, og nynorsk­versjonen gjekk visst med i dragsuget.

Send ein e-post til kundesenter@gulesider.no og be om å få nynorsken attende! Mange klagemeldingar fører fram!

Lagt ut 5.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Side Brok blir eksamen i Trondheim

Saman med dikt av Jan Erik Vold og Tarjei Vesaas dukka teksten til låten «Setra» opp på nordisk eksamen ved universitetet i Trondheim i vår. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 4.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkrådet misnøgde med UiO

Språkrådet har i eit brev til Universitets- og høgskulerådet bede Universitetet i Oslo om å skjerpa inn reglane om målform på eksamen. Språkrådet reagerte etter at studentar i fjor fortalde om faglærarar som ba nynorskstudentar om å byta målform på eksamensoppgåvene. Les meir på Nova nyheter.no.

Lagt ut 4.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk for innvandrarar

Innvandrarar som kjem til nynorsk­kommunar får norskundervisinga på bokmål av di det manglar nynorske læremiddel. No krev leiaren i Kommunal­komiteen, Magnhild Meltveit Kleppa, at Stortinget sikrar at innvandrarane får læra nynorsk. Les meir hjå NRK Kultur.

Lagt ut 4.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Omkamp i Røysing

Bokmålsfolket i Steinkjer vann fram med klaga si, og det blir omvalg i skulemålsrøystinga i Røysing. For tre veker sidan vann nynorsken med 130 mot 121 stemmer, skriv Trønder-Avisa og NRK Trøndelag.

Lagt ut 4.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Høgislandsk - «det reinaste språket verda har sett»

Dei fleste nordmenn ser vel på islandsk som eit relativt «reint» språk, men nei då! nynorsk.no-redaksjonen har fått helsingar frå Miðstöð háfrónska tungu­málsins - «det høgislandske språk­senteret». Dei har laga eigne ordlister for høgislandsk, og har m.a. redusert talet lånord frå 16 til 0,5 prosent!

Les e-posten frå Hafronska, eller sjekk ut nettsidene deira.

Redaksjonen veit ingen ting om denne rørsla, eller kva dei står for elles.

E-posten frå Miðstöð háfrónska tungumálsins

The High Icelandic language centre is the result of 12 years of intensive word-building. I reduced the amount of loan-words from 16% to 0.5%. The translation of the names of the chemical elements took me 5 years.

The High Icelandic language is a study about how far you can go in linguistic purism without a unacceptable impoverishment of the lexical stock. The answer is: very far, but the neologistic efforts that need to be made in order to accomplish this are enormous. It has cost me 12 years of brain-torture to have this result. All I need is the support of Nordic linguists who can help me to fill up the gaps, replace the flaws and solidify the language model. The bulk of the model is already firm, we just need a finishing touch.

Can you ask people to put the link to my web-site on their home-page? I want to reach as many people as possible in order to find neologists. With a little support of motivated word-builders I hope to get the job done in short notice, maybe before the end of this year.

Best Regards,
Jef

Lagt ut 3.5.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk office på Stord

Stord kommune har, som første by i verda, teke i bruk nynorskversjonen av Microsoft sin Office-pakke, Nynorsk Office. Les meir om saka hjå Stord kommune. Kven vert neste by ut?

Lagt ut 3.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Meir nynorsk i Utdanning

Det krev Suldal lokallag i Utdanning. "Om ikkje vårt eiga blad evnar å visa språkleg mangfald, korleis skal me då greia å vinna skuleelevar, studentar og folk elles for språkleg mangfald, spør innsendarane." Les heile brevet i Utdanning.

Lagt ut 3.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Om å få elevar til å skriva nynorsk

Roger Lockertsen skriv i Utdanning at det er læraren sin jobb å "lura" elevane til å tenkja prinsipielt. Slik får ein bokmålselevar til å skriva nynorsk. Les meir i Utdanning.

Lagt ut 2.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

15.000 på oppropet

Til no har over 15.000 har skrive under på oppropet mot nynorskforbod i riksavisene. NRK Møre og Romsdal skriv at tre stortingsrepresentantar frå deira fylke står på lista. Vert det fleire? Les meir på NRK.no.

Lagt ut 2.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dagens namn i Dagsavisen

Steinulf Tungesvik er intervjua i Dagsavisen som dagens namn i dag. Vil du vita kvifor Tungesvik vil stå fast i heisen med Hege Duckert? Klikk her.

Lagt ut 2.5.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Til lukke med 1. mai!

Nynorsk.no-redaksjonen nyttar høvet til å ynskje til lukke med 1. mai, og vonar så mange som mogleg av lesarane går i tog under parola "Slepp nynorsken til!"

Lagt ut 1.5.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- Visst låter vi bonnigast

Aftonbladet held fram med ransjeringa av svenske målføre, og meiningsmælarane har t.d. funni ut at østgøtske målføre blir rekna som "bonnigast"! Les meir hjå Aftonbladet.

Lagt ut 1.5.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

30. juni

  • 1850 «Ordbog over norsk Folkesprog» av Ivar Aasen vart trykt
  • 1851 Arne Garborg vart fødd

1. juli

  • 1933 Norsk rikskringkasting startar opp

7. juli

  • 1873 Halfdan Koht vart fødd

10. juli

  • 1884 Olav Nygard vart fødd

12. juli

  • 1896 Noregs Ungdomslag vart skipa

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen