nynorsk.no

25.4.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juni 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Blandar klassar i Fjell

Foreldra ved Bratholmen skule meiner Fjell kommune er om å bryta den nye opplæringslova. Dei stastar på storklassar og tildelar resursar utan å ta omsyn til språkdelinga, seier Oddvar Karlsen til Vestnytt.

Lagt ut 30.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk aukar som avisspråk

Nynorsk aukar kraftig som avisspråk. Men det er urealistisk at den einaste avisa med bokmål i fylket, Fjordenes Tidende, blir rein nynorskavis. Les meir hjå NRK.no Sogn og Fjordane.

Lagt ut 30.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorsk vinn på nye rettskrivingsreglar i bokmål

- Nynorsk vil vinne på at bokmålet fjernar seg frå talemålet, meiner fleire nynorskforkjemparar. For fyrste gong på tjue år kjem det nye reglar for rettskriving på bokmål. Dei nye reglane vil fjerne dialektnære uttrykk på bokmål, skriv NRK Kultur.

Høyr saka frå Kulturnytt.

Lagt ut 30.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kjartan Fløgstad årets nynorskbrukar 2005!

Ved opninga av Dei nynorske festspela i Hovdebygda fekk Kjartan Fløgstad prisen som Årets nynorskbrukar 2005. Valger Svarstad Haugland delte ut prisen på vegner av Nynorsk kultursentrum, og sa at Fløgstad får prisen for framifrå og verdfull dokumentasjon av viktige trekk i norsk kulturhistorie og for at han med pamfletten Brennbart dreiv fram ein av dei viktigaste og mest avklarande språkpolitiske debattane i seinare tid. Les meir hjå Nynorsk kultursentrum.

Saka er òg kommentert hjå Kultur- og kyrkjedepartementet, Nettavisa og i Vikebladet.

Lagt ut 29.6.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- For mykje bokmål i lesekampanjane

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum hevdar at pengebruken i dei store lesekampanjane og Den kulturelle skulesekken forverrar situasjonen for nynorsken, skriv Utdanning.

Lagt ut 29.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk golf- og bibelspråk

Edvard Hoem er festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela, som opnar i Ørsta og Volda i dag. Golf og Bibelen er mellom emna på i alt 45 tilskipingar, skriv Dagen.

Lagt ut 29.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Rettar seg etter domsavgjerd

Lura, Ganddal og Bogafjell skular er alle vortne kritiserte for å blanda bokmåls- og nynorskelevar. No freistar dei å fylgja opp presiseringane i lovteksten. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 29.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høgre utan danning

Erna Solberg vil fjerna obligatorisk sidemålsundervising for alle elevar. Verdikonservative og liberale får stadig mindre innverknad i Høgre. Les dagens leiar i Bergens Tidende.

Målstrid inn i valkampen, skriv Nationen på kommentarplass i dag. «Høgre har gjort den primitive Unge Høgre-hetsen mot nynorsk til gjeldande politikk.» Les heile kommentaren her.

Lagt ut 29.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålet splittar regjeringa

KrF ristar på hovudet over Høgreutspelet om å gjera sidemålsopplæringa frivillig. - Partiet er heilt i utakt med eiga regjering, seier stortingsrepresentant Arne Lyngstad (KrF). Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 29.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Festspela opnar i dag

I dag opnar dei 14. Nynorske Festspela, med båtturar mellom fjord og fjell, platekåseri, konsertar, biletkunst, mat og debattar som nokre av ingrediensane. Les meir om festspela i Sunnmørsposten.

Avisa Dagen skriv òg festspela under oveskrifta Nynorsk golf- og bibelspråk.

Lagt ut 29.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Windows XP på gælisk

Hausten 2003 fekk vi nynorsk Office, og no fylgjer Microsoft opp med endå ein språkversjon: Irane kan gle seg over å kunne bruke gæliske program, skriv ANB.

Du kan laste ned både gæliske og nynorske språkpakker gratis frå Microsoft.

Lagt ut 28.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Halvparten av lærarstudentane strauk i norsk

72 av 142 studentar ved ålmen­lærar­utdanninga ved Høgskulen i Agder må ta norskeksamnen om att til hausten. Skulen meiner årsaka er at studentane har for lite skrivetrening, skriv NRK Sørlandet. For ein gongs skuld får ikkje nynorsken skulda!

Lagt ut 27.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget vann i Høgsterett!

Høgsteretts kjæremålsutval har i avgjerd oversend i dag slått fast at Sandnes kommune braut opplæringslova når dei blanda elevane i nynorske parallellklassar med bokmålsklassane i undervisninga. Les meir hjå Noregs Mållag, hjå Nettavisa eller i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 24.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Les for lite nynorsk

Det seier Ørsta-elevar som er spurde om kvifor nynorskelevar slit meir enn bokmålselevar. Dei meiner det er viktig at det blir meir nynorsk i samfunnet kring dei, og har skrivi under aksjonen for nynorsk i Dagbladet og VG! Les meir hjå Aftenposten.

Lagt ut 24.6.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskelevar slit meir

Det seier forskarar som analyserer tal frå PISA-granskingane. Nynorskelevane slit meir med hovudmålet enn bokmålselevane, og får òg dårlegare resultat i andre fag. Ein viktig hypotese er at aukande bokmålsdominans i samfunnet har skulda. Les meir hjå Aftenposten.

Lagt ut 24.6.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis strid i Steinkjer

Kommunestyret i Steinkjer vedtok med 40 mot 3 røyster å skifte frå nynorsk til bokmål på Røysing skole. Det ser likevel ut til at saka ikkje er avklart, sidan saka kan bli klaga inn for fylkesmannen. Grunnen er at administrasjonen på eiga hand lyste ut ny røysting etter at nynorsken vann i fyrste omgang. Les meir hjå Trønder-Avisa.

Lagt ut 24.6.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Senter for framandspråk opna

Det nye nasjonale senteret for framandspråk i opplæringa er no opna. Senteret er lagt til Høgskolen i Østfold og skal ha ei pådrivarrolle i arbeidet med å styrkje kompetansen i framandspråk hjå lærarar og elevar, skriv Utdanningsforbundet.no.

Lagt ut 23.6.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Doblar festspeltilskot

Ørsta kommune gjev Dei Nynorske Festspela 50.000 kroner i året frå 2006. Les meir hjå NRK.no Møre og Romsdal.

Lagt ut 23.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Trengst hallingdialekta?

Dei siste tiåra har ungar og ungdommar her stått overfor valet mellom to måtar å prate på. Dei kan prate halling eller dei kan prate bokmål. Truleg vel så mange som tre av fire bokmål, skriv Olav Randen i Hallingdølen i dag.

Lagt ut 23.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Reklame for nynorsk

På Greåker videregående skole i Østfold har norsklærarane laga infomasjonsbrev til dei nye 1. klassingane om å læra nynorsk på ein ny måte! Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 22.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hallingdialekten gått ut på dato?

Leiaren i Hallingdølen i dag meiner at mykje tyder på nettopp det. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 21.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gjev datamaskina språkøyre

Stephan Oepen arbeider med eit maskinelt omsetjingssystem frå norsk til engelsk i LOGON-prosjektet. Les meir om korleis dei får dette til på Forskning.no.

Lagt ut 21.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Oslo sluker utsette dialektar

? Om du held på dialekten din eller ikkje, handlar i stor grad om kva slags forhold du har til heimplassen din. Talemålet i Oslo har stor påverknadskraft over heile Austlandet, slår dialektforskaren Unn Røyneland fast. Les meir hjå Uniforum.

Lagt ut 21.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Det folk vil ha

Are Kalvø gjev folk det dei vil ha - i eit land som liknar unekteleg på Noreg. Resultatet kan bli både draum og mareritt. Les meir i Oslopuls.

Lagt ut 20.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gløymde sidemålet i ny læreplan

- Dette er overraskande. Fleirtalet i Stortinget var heilt tydeleg på at elevane skal ha ein standpunktkarakter i sidemål og ein i hovudmål. Eg går ut frå at Kristin Clemet rettar det opp, seier Arne Lyngstad (KrF). Les meir i Bergens Tidende. Utdanning fylgjer òg opp saka.

Lagt ut 19.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gratis folkrock til nedlasting

Gruppa Folque var banebrytarar innan rock på norsk og norsk folkrock. Plata Fredløs har vore utseld i årevis, men no har gruppa gjort plata tilgjengeleg på nettet. Sjå og høyr meir hjå Norsk folkemuseum.

Lagt ut 17.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Heile NT i ny omsetjing

I november får Noreg ei ny utgåve av Det nye testamente. - Jobben vår har vore å komme nærare den greske kjeldeteksten igjen, men utan å miste det gode norske språket som pregar 1978-omsetjinga, seier redaktør Hans Olav Mørk i Bibelselskapet til Vårt Land.

Studentmållaget i Oslo har nett lagt ut ei digital utgåve av 1921-bibelen som du kan kike på fram til Bibelselskapet blir ferdige!

Lagt ut 17.6.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Fyrste Redd barna-kampanje på nynorsk

For fyrste gong køyrer Redd barna ein heil kampanje på nynorsk. Buss-plakatkampanjen tek til måndag og det er Herborg Kråkevik og Are Kalvø som frontar han. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 17.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Granvin og Hareid på topp

Noregs Mållag har gått ut med tal for kor mange som har skrive under oppropet «Slepp nynorsken til» fordelt på kommune. Øvst på lista tronar Granvin herad, der heile 14 prosent av innbyggjarane har skrive under!

Vikebladet Vestposten jublar over at Hareid er på andreplass

Lagt ut 16.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kongeleg utmerking til Heggland

15. juni vart forfattaren Johannes Heggland heidra med St. Olavsorden. Les meir hjå Det Norske Kongehuset.

Lagt ut 16.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Utdanningsdirektoratet - eitt år med kaos

Utdanningsdirektoratet har eksistert i eitt år og i dette intervjuet held Petter Skarheim fast ved at sidemålsforsøket i Oslo er fagleg forankra. Les meir i Utdanning.

Lagt ut 15.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bruk makta, målfolk!

Med 25.000 underskrivarar på avisoppropet til Noregs Mållag , byrjar dette å nærma seg krav som er så tungt at aviseigarane i det lange løp ikkje kan neglisjera det, skriv Sogn Avis i dag.

Lagt ut 15.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny læreplan i strid med sidemålsforliket

Undervisningsminister Kristin Clemets under­liggjande etat, Utdannings­direktoratet, har laga utkast til ny læreplan i norsk for reforma "Kunnskaps­løftet". Læreplanen er eit brot med sidemåls­forliket på Stortinget våren 2004. Les heile saka hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 15.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Noregs vakraste dialekt

Reiseradioen har teke over for ni-timen att og med det er sommaren i gang. Og i sommar set dei i gang ein stor dialektstafett. Kvar dag vert ein dialekt presentert i programmet, og lydarane skal få kåra Noregs vakraste dialekt. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 15.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk forsvinn i Ålesund

Nynorsk er om å forsvinna frå skulane i Ålesund. Neste år tilbyr berre fire av 14 barneskular nynorsk til fyrsteklassingane. Les meir på NRK.no Møre og Romsdal.

Lagt ut 14.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Venndølane til ære!

I går var det nynorsk i VG! Til lukke! - Eg er både einig og ikkje einig i påstandane kring den påståtte «Jorun-effekten», seier direktør i Norsk språkråd Sylfest Lomheim. Klikk her!

Lagt ut 14.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hallingmål vert teater

7. klassingar i Ål slår eit slag for dialekten sin i teaterstykke «Nøgle moro med halling». Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 14.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny rekord for nynorsk.no!

Det har aldri vore fleire innom sidene på nynorsk.no: I førre veke vart det vist 26 159 sider. Dette er ei firedobling samanlikna med same periode i 2004!

Oppslaga om nynorsk porno i fleire av riksavisene er litt av grunnen til den store auka, sjølv om vitjingstala har gått kraftig opp i det siste!

Dei mest populære sidene er nyhendetenesta, NMU-sidene og nynorsk data-oversynet. Meir om statistikken på Om nynorsk.no.

Lagt ut 13.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Meir nynorsk gjev betre karakter

Nynorsk er undervisningsspråk i historie for 3. klasse på Vågsbygd vidaregåande skule. Difor har to tredelar av elevane fått betre karakterar sine i nynorsk. Les meir i Fædrelandsvennen.

Lagt ut 13.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Tradisjonsturisme er dialektbevarende

På stader der kultur- og tradisjonsbevaring står sterkt, og salet av lokale tradisjonar går inn som del av den moderne turistøkonomien, vert dialekten teken betre vare på enn på stader der dette ikkje er ein del av det økonomiske krinslaupet, seier språkforskar Unn Røyneland. Les meir på Forskning.no.

Lagt ut 13.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Til utlandet med nynorsk Gynt

Robert Wilson-oppsetjinga av «Peer Gynt», på nynorsk, skal på turné til USA, Tyskland og Sverige neste år. Dette kan bli viktig PR for Noreg i Ibsen-året 2006. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 13.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Studentmållagsbibelen på nett!

Studentmållaget i Oslo gav ut den fyrste nynorske Bibelen i 1921. No har laget lagt ut heile Bibelen i digital utgåve på nettsidene sine. Ta ein titt!

Lagt ut 13.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Uffdå, Radio Røynda

- Eg har trudd at Radio Røynda har sett det som si oppgåve å bygge distrikt-Vestlandet si sjølvkjensle og særleg språkkjensle. Ikkje rive den ned, skriv Elisabeth Netland i VestNytt i dag.

Lagt ut 11.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skal forska på Jorun-effekten

Er venndølane vortne meir venndølske i dialekten etter Idol-Jorun? Dette skal det no forskast på. Les meir i Fædrelandsvennen.

Lagt ut 11.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kritiserer språkrådet etter namnestrid

Bokmålsforbundet kjem med kritikk av Norsk språkråd, etter at leiaren av rådet gjekk inn for å byta namn på fleire sjukehus i Trøndelag. Les saka på NRK Trøndelag.

Lagt ut 9.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk på kinesisk

Han er den første nynorskforfattaren som nokon gong er gjeven ut på kinesisk. For få veker sidan kom Frode Grytten si bok "Bikubesong" ut i Kina, og no er han spent på kva mottaking romanen hans får der. Les meir hjå Noregsglaset.

Lagt ut 9.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

25. 000 seier Slepp nynorsken til!

No har 25000 personar skrive under på oppropet Slepp nynorsken til! Sjå oppropet eller skriv under her. Her kan du lesa pressemeldinga frå Noregs Mållag.

Lagt ut 9.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Alle prekær dialekt

No skal born i Noreg få møta Fredrikstad-dialekt i barne-TV.les meir om «Gjengen på taket» i Fredrikstad Blad.

Lagt ut 8.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

For lite nynorsk

Telemark Mållag kritiserer Høgskulen i Telemark for å bruka for lite nynorsk. Les meir på NRK.no Telemark.

Lagt ut 7.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

1905 - unionsstrid og målstrid

Noregs Mållag har samla ulike tekstar og hendingar om målrørsla og unionsoppløysinga på ei eiga samleside for 1905-2005.

Lagt ut 7.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Folket som ikkje vil vera annleis

«I vår iver etter å kaste nisselua, er vi også i ferd med å kaste mye av det særegne i den norske kulturen på båten», står det i ein kommentar i Nationen i dag

Lagt ut 7.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Tryllefløyta på nynorsk

Rikskonsertane set opp «Tryllefløyta - ein folkeopera» av Mozart med m.a. Odd og Aasmund Nordstoga. Det nyomsette stykket hadde première i går, fortel ANB.

Lagt ut 7.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Vest-telane har alltid vore i opposisjon

- Jakta etter det norske var spesielt sterk i Vest-Telemark. Ikkje minst at eigen dialekt som grunnlag for eige språk var viktig. Målrørsla var ei av dei viktigaste rørslene i denne perioden, seier ordførar i Vinje, Arne Vinje til Vest-Telemark Blad.

Lagt ut 7.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Verva 50, får datamaskin

Jørgen LyngværJørgen Lyngvær vart fyrstemann som passerte 50 nyvervingar i verve­kampanjen til Student­mållaget i Oslo, og han får ein ny Mac i premie. No ventar laget spent på om dei må dele ut fleire storpremiar. Les meir om kampanjen.

Lagt ut 6.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

«Med kringlyd i stova»

For ei tid sidan melde nynorsk.no at dei fyrste DVD-spelarane med nynorske menyval var i handelen. Adresseavisa har intervjua mannen bak DVD-spelarane i dag.

Lagt ut 6.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Løvlandavduking i Oslo

Tysdag 7. juni vert det avduka ei byste av Jørgen Løvland i Oslo. Jørgen Løvland, som var målmann, statsminister og sentral i arbeidet kring unions­oppløysninga, vert plassert på 7. juni-plassen utanfor Utanriks­departementet med avduking kl 1345. Mellom andre Jan Petersen, Hilde Frafjord Johsen og Jan Kløvstad vil halda talar under sermonien. Møt opp!

Lagt ut 6.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Arne Johannessen

Arne Johannessen fekk laurdag Målprisen 2005 frå Luster mållag under Lustramarknaden.

Hoel og Johannessen

Les meir på NRK.no Sogn og Fjordane. Klikkar du på Gå til saka, kan du lesa grunngjevinga frå Luster Mållag.

Leiar i Luster mållag, Oddmund L. Hoel, heldt denne tala i samband med prisutdelinga:

Luster mållag deler for fjerde gong ut Målprisen. Prisen skal gå til verksemder, institusjonar, organisasjonar eller personar i Luster

a.. som nyttar nynorsk på eit felt der målet i utgangspunktet ikkje står så sterkt

b.. som syner nynorsken fram til særleg utsette eller viktige grupper, til dømes ungdom og ungar

c.. som òg brukar nynorsk i møte med bokmålsbrukarar, i eller utanfor lokalsamfunnet

d.. som syner særleg interesse for målodling og god nynorsk

Jury for prisen er styret i Luster mållag. Tidlegare har prisen gått til verksemder, og det er med stor glede me i år gjev prisen til ein person.

Målprisen for 2005 går til Arne Johannessen.

Arne Johannessen skulle vera kjend for dei fleste, ikkje berre i Luster og Sogn, men òg på landsplan. Det er no lenge sidan hardingen kom til Luster som politibetjent og etterkvart markerte seg tydeleg både som politimann, lokalpolitikar og ikkje minst lensmann i Sogndal.

Det er likevel den høgprofilerte rolla som fagforeiningsmann i ei årrekkje som gjer at han får prisen, fyrst som forbundsleiar i Lensmannsetatens Landslag og dei siste åra i Politiets Fellesforbund. Han har markert seg som ein av Noregs dyktigaste og tydelegaste debattantar, og i den offentlege posisjonen har han konsekvent nytta nynorsk skriftleg og ein hardingfarga nynorsk munnleg. Det siste må understrekast i ei medieverd der radio og fjernsyn er så dominerande. Seinast denne veka kunne lesarane av Dagbladet og andre storaviser hyggja seg med innlegg av Johannessen, som alltid ikkje berre på nynorsk, men på god nynorsk. Eit kjennemerke ved Johannessen er nettopp den rolege og språksikre måten han ytrar seg på. For oppveksande nynorskbrukarar som i ein del samanhengar slit med å halda på målet sitt, kan det knapt overvurderast kva det har å seia at folk som Johannessen står fram som språklege førebilete i ei bokmålsdominert medieverd og i ein bokmålsdominert del av arbeidslivet.

Sidan Johannessen òg er kjend som ein ivrig friluftsmann, tykte me det høvde med eit fototrykk med motiv frå platået på Jostedalsbreen av jostedalskunstnaren Gry Celius.

Til lukke med Målprisen 2005!

Lagt ut 6.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språknytt frå 1905

Korleis var den norske språksituasjonen i tida rundt 1905? Dette er emnet for temanummeret av Språknytt som markerer 100-årsjubileet for unionsoppløysinga.

Lagt ut 6.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt Motmæle

Motmæle 1-2005Den fyrste utgåva av Motmæle i år er snart på veg i posten.

Lesarane av nynorsk.no kan ta ein smugtitt i medlems­avisa til Målungdomen.

Lagt ut 5.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje valfritt sidemål i Kristiansand

Bystyret i byen avgjorde i fjor at det ville søkja løyve om valfri sidemåls­opplæring. Men rådmannen meiner det vert for mykje arbeid til inga nytte. Les meir på NRK.no Sørlandet

Lagt ut 5.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Lever godt med nynorsk

Folk i Vålen skulekrins i Øvre Ogndal lever godt med nynorsk som målform. Dei fryktar heller inga umiddelbar endring som følgje av skulemålsrøystinga i Røysing, skriv Trønder-Avisa.

Lagt ut 4.6.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Meir golf på nynorsk

Aasentunet samlar i desse dagar inn nynorske golfuttrykk, og har no fått med seg Kulturbeitet i NRK P2. Målet er ei komplett nynorsk ordliste for golfarar, skriv NRK Kultur. Les meir om Dei nynorske golfspela.

Lagt ut 3.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Michelsen ville snudd seg i grava

Vetle-Ivar og Finn Tokvam i Radio Røynda har snakka med Atle Thowsen. Han kjem snart med ein biografi om Christian Michelsen, mannen bak både unionsoppløysinga og sidemåls-stilen. Og skal me tru Thowsen ville Michelsen snudd seg i grava om han fekk vita om sidemålspolitikken Høgre fører i dag. Den fantastiske samtalen med Thowsen finn du på sidene til NRK Noregsglaset.

Lagt ut 3.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Helse Midt-Noreg høyrer ikkje på Språkrådet

Etter at Sylfest Lomheim i Språkrådet sa at alle sjukehusa i Midt-Noreg må skifte namn til "sjukehus", reagerer leiinga i helseføretaket. Dei vil ikkje bruke millionar på namneendringar. Les meir hjå NRK Trøndelag.

Lagt ut 2.6.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålssiger i Røysing

Etter at det vart lyst ut ny røysting ved Røysing skole i Steinkjer, har tydelegvis bokmålsfolket mobilisert godt. Etter at nynorsk vann med ni røyster ved fyrste røysting vann bokmål med 55 røyster i går. Målfolket varslar klage. Les meir hjå Trønder-Avisa eller NRK Trøndelag.

Lagt ut 2.6.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Rånaren snakkar dialekt og sossen knotar

Unn Røyneland har undersøkt korleis ungdom snakkar i stasjonsbyen Tynset og fem mil unna, på Røros. Les meir om saka i Dagbladet.

Lagt ut 1.6.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny røysting i Røysing

Den førre skulemålsrøystinga i Røysing i Steinkjer - der nynorsken gjkk av med sigeren - vart ikkje godkjend. I dag er det ny røysting om målform på skulen. Trønder-Avisa har snakka med to av motstandarane.

Lagt ut 1.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Ka du sir? Hva sier du?

Eit nordisk «dream team» av forskarar skal ta for seg syntaksen i dei skandinaviske dialektane. Det er til dels store skilnader i syntaks og grammatikk i Norden, skriv forskning.no.

Lagt ut 1.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

UiO-rektor lovar nynorsk eksamen

- Universitetet i Oslo har som mål å gje studentane eksamensoppgåver på den målforma dei ber om ved oppmeldinga. Eg er lei meg for at vi ikkje alltid lever opp til den regelen, skriv rektor ved Universitetet i Oslo, Arild Underdal, i Universitas.

Lagt ut 1.6.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

26. april

  • 1945 Paal-Helge Haugen vart fødd

28. april

  • 1963 Avisa Dag og Tid vart skipa

3. mai

  • 1952 Henning Sommerro vart fødd

5. mai

  • 1841 Kristofer Janson vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen