nynorsk.no

24.3.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juli 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

- Snakker De nynorsk?

Det lurar NIFU Step på. I ei spørje­gransking dei har sendt ut til elevane i den vidaregåande skulen i Oslo, spør dei om elevane og foreldra snakkar "Norsk, bokmål", "Norsk, nynorsk" eller anna enn norsk. Les meir hjå Klassekampen.

Lagt ut 30.7.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Lita stor stjerne

Heidi Gjermundsen Broch blir intervjua i Aftenposten, og fortel mellom anna om korleis det er å vera østfolding og snakke nynorsk. Les meir hjå Aftenposten.

Lagt ut 30.7.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ny leiar i Noregs Ungdomslag

Gunnhild Berge Stang er vald til ny leiar i Noregs Ungdomslag. Meir finn du hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 26.7.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Du har rett, Hagen

Ferievikar Hilde Sandvik gav nynorsken ein dominerande plass på side to i Dagbladet i går, med dette stykket om hårsåre politikarar.

Lagt ut 26.7.05 av Sigbjørn Hjelmbrekke
Gå til saka | Tips ein ven

Mållova må gjelda i retten

- Domarar i fylket bør skriva rettspapira på nynorsk. Det meiner bokmålsbrukar og nynorskentusiast Svein Flåm Kant. Les meir på NRK.no Sogn og Fjordane.

Lagt ut 26.7.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Samnemnar for hip-hop og danseband

Danseband og hip-hop har meir felles enn ein skulle tru, seier Sylfest Lomheim, Språkrådet. Stadig fleire danseband og hip-hop artister syng og rappar på dialekt. Les meir på NRK.no Kultur.

Lagt ut 26.7.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kva planar har Høgre?

Unge Høgre-leiaren vil auka interessa for nynorsk mellom elevar, men ikkje gjennom sidemålsopplæringa. Sigbjørn Hjelmbrekke skriv at det ikkje hjelper på haldningane at Unge Høgre gong på gong hyler om kor meiningslaust nynorsk er. «Det er difor litt vanskeleg å taka Unge Høgre på ålvor når dei no er uroa for interessa for nynorsk.» Les meir i Nationen.

Lagt ut 26.7.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Politiet bryt lova

Trur leiinga i Politidirektoratet at dei er heva over lova? Det kan sjå slik ut, særleg når ein ser på praktiseringa av mållova! Les meir hjå Bergens Tidende.

Lagt ut 26.7.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Heftig måldebatt i Firda

Debatten om Slepp nynorsken til-aksjonen har teke seg opp i debattforumet til Firda. Kast deg med!

Lagt ut 25.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorskens fiendar?

- Nynorsk er ikkje ein fiende, skriv Torbjørn Røe Isaksen, leiar i Unge Høgre, i eit lesarbrev i Nationen. Brevet er eit svar til målungdomsleiar Sigbjørn Hjelmbrekke, som mellom anna skreiv at Høgre kjem med stadig meir ekstreme åtak på nynorsken.

Senterungdomen har òg kasta seg inn i ordskiftet: Nynorsk er viktig, skriv Marianne G. Trøyflat i kristenavisa Noreg i dag.

Lagt ut 22.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

KKD refsar mållovsbrot

Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) refsar ti høgskular og universiteta i Oslo og Tromsø for brot på mållova. Dei brukar alt for lite nynorsk. Les meir hjå Hegnar Online.

Lagt ut 18.7.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Språkleg mangfald berre i bokmålsdistrikta?

Formann Steinar Øksengård i Bokmåls­forbundet meiner det er einsretting når nynorskrørsla går imot oppretting av bokmålsklassar. Han hevdar òg at «Offentlig statistikk viser at det i gjennomsnitt i samfunnet er maksimalt 10 prosent nynorskbrukere, trolig i underkant av dette.»

Men ifølgje skulestatistikken har om lag 17-18 prosent av alle nolevande nordmenn hatt nynorsk som hovudmål, så det er tydeleg at ein ikkje les særskilt godt sjølv om ein berre skriv bokmål ... Les heile innlegget i Bergens Tidende.

Lagt ut 17.7.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

- Språkdebatten er forflata og populistisk

- Debatten om nynorsk og bokmål har blitt meir og meir forflata og populistisk, seier kulturminister Valgerd Svarstad Haugland i eit intervju med Adresseavisa.

- Nynorsk er med på å gjere språket vårt rikare. Noreg er eit lite språkområde. Vi treng ikkje gjere det fattigare, held ho fram.

Lagt ut 14.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Målungdomen på veg mot målet!

NMU manglar ein medlem på målet om 1000 teljande medlemer før sommarleiren opnar 2. august! Dette ligg langt føre medlemstala dei siste åra. Hjelp NMU med målarbeidet mellom ungdomen og verv medlemer til dei! Les meir hjå Norsk Målungdom.

Lagt ut 14.7.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Vil lage fond for nynorsk journalistikk

Ap, SV og Sp har tidlegare gått saman om å love eit kulturløft dersom dei vinn valet til hausten. No lovar dei ei særskild satsing på nynorsk, m.a. eit eige fond for nynorsk journalistikk, kjem det fram i eit lesarbrev frå Ap-folk i Laagendalsposten.

Lagt ut 14.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Bruk hjarta. Og hovudet. Og stemma!

Høgre kjem med stadig meir ekstreme åtak på nynorsken. Dette stiller nye krav til Venstre og Krf, skriv målungdomsleiar Sigbjørn Hjelmbrekke i eit lesarbrev i m.a. Fredriksstad Blad og Bergens Tidende.

Lagt ut 14.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Alle har rett til opplæring på eiga målform

Utdanningsdirektoratet har sendt ut rundskriv til alle kommunar og fylkeskommunar der retten til opplæring på eiga målform blir understreka.

Les meir om saka hjå Fylkesmannen i Rogaland, eller les heile rundskrivet frå Utdanningsdirektoratet.

Lagt ut 13.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Aftenposten resirkulerte gamal undersøking om nynorsk

I går refererte Aftenposten ei undersøking som viser at ein av fem nynorskelevar vurderer å skifte hovudmål. No viser det seg at denne undersøkinga er om lag eitt år gamal.

Tala er såleis ikkje nye, men er ei rein agurktid-resirkulering frå ein av dei største avisene i Noreg. Slapp og dårleg journalistikk, meiner nynorsk.no!

I dag prenta Aftenposten svaret frå mållagsleiaren på oppslaget.

Faksimile av Aftenposten-oppslag 12.07.2005.

Oppslaget finst diverre ikkje elektronisk, men du kan lese det både som faksimile og i rein tekst på nynorsk.no.

Aftenposten 12.07.2005

- Færre dropper nynorsk

- Færre ønsker å skifte fra nynorsk til bokmål i dag enn for noen år tilbake, sier formann i Noregs Mållag, Steinulf Tungesvik.

Av Cato Guhnfeldt

Noregs Mållag slår tilbake mot gårsdagens oppslag i Aftenposten, der en undersøkelse blant elevene ved fem videregående skoler i Sogn og Fjordane, viste lunken oppslutning om nynorskspråket.

Ifølge undersøkelsen vurderer hver femte elev å skifte over til bokmål. Over 40 prosent synes ikke det er viktig at lærebøkene er på nynorsk, mens nær en fjerdepart tror det er en ulempe å ha nynorsk som hovedmål.

Ifølge Tungesvik er tallet på 19,2 prosent av elevene som vurderer å skifte over til bokmål, velkjent.

- Men stilt opp mot prosentandelen av nynorskfolk som skiftet til bokmål for en del år siden, er tallet lavt. Vårt inntrykk er at tallet var langt høyere for noen år siden. Jeg tror derfor nynorsk som bruksspråk er styrket, sier han.

Lederen i Noregs Mållag mener det slett ikke er politisk ukorrekt å sette søkelyset på situasjonen, slik lektor Svein Magne Sirnes har uttalt. Sirnes har ledet undersøkelsen utført ved Hafstad vidaregående skule.

Annet forbilde?

I Riksmålsforbundet har man forståelse for at nynorskfolk ikke synes det er trivelig med tall som viser lav oppslutning.

- Men nynorskfolket bør egentlig selv ta seg sammen når man ikke engang kan få en lærer med god nok nynorsk som forbilde fordi vedkommende foretrekker dialekt, sier nestformann i Riksmålsforbundet, Tor Guttu.

- På landsbasis vet vi at det stadig blitt færre elever som har valgt nynorsk som hovedmål i grunnskolen. I midten av 1990-årene var det 17 prosent, mot 14,2 prosent i dag, sier han.

cato.guhnfeldt@aftenposten.no

Lagt ut 12.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Språkpraksis i strid med regelverket

Helse Midt-Norge driv ein språkpraksis som kan vere i strid med regelverket: - Vi vil kontakte Språkrådet for å få ei vurdering, seier kommunikasjonsdirektør Synnøve Farstad til Trønder-Avisa.

No ber helseføretaket om hjelp frå Språkrådet, skriv Helserevyen.

Lagt ut 12.7.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nord-Gudbrandsdalen leiar i dialekttevlinga

I år er det Noregs finaste dialekt som skal kårast i Reiseradioen. Valdres låg lenge på topp, men i dag tok Nord-Gudbrandsdal over i toppen. Les meir om tevlinga hjå Reiseradioen.

I dag manar Hallingdølen til kamp for hallingmålet, og oppmodar alle avislesarane om å røyste.

Lagt ut 12.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Me treng nynorskkonsulent

Sogn og Fjordane treng ein offentleg tilsett nynorskkonsulent, meiner lektor Svein Magne Sirnes ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. Sirnes er lei av sjuskete språk i publikasjonar frå offentlege og private aktørar i fylket. Les meir på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 11.7.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

«Den gode forteljinga»

«Den gode forteljinga - fleire bokelskarar» er eit prosjekt som skal inspirere elevar på mellom- og ungdomstrinnet til leseglede og skrivelyst. No har dei fått nye nettsider, der lærarar og andre kan hente inspirasjon.

Lagt ut 11.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vågsøy må dele klassar

Frå nyttår vart elevar frå nynorsk- og bokmålsklassane ved Raudeberg og Skavøypoll skular slegne saman, trass i protestar frå foreldra. No er dette ikkje lenger lov og saka må opp att. Les meir på NRK.no Sogn og Fjordane.

Lagt ut 11.7.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høgre-åtaket på nynorsken

Spelar det ei rolle for deg som veljar kva for levekår nynorsk har her i landet, så er det eit godt argument for ikkje å røysta Høgre ved valet til hausten, skriv Sogn avis på leiarplass i dag.

Lagt ut 11.7.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Svik nynorsken

Nynorskelevane kjempar ikkje for språket sitt: Kvar femte elev i Sogn og Fjordane vurderer å byte hovudmål, fortel Aftenposten. Undersøkjinga - som er laga av ein lektor på Hafstad vgs - blir kritisert av direktøren i Språkrådet, Sylfest Lomheim.

Oppslaget til Aftenposten er basert på tal frå i fjor, og vart referert på nynorsk.no då.

Lagt ut 11.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemål under press

- Det er ein myte at nynorsk er så vanskeleg. Det er også ein myte at «byfolk» ikkje skjønar nynorsk, skriv avisa Valdres på leiarplass i dag.

Lagt ut 8.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Firefox treng nynorskhjelp!

FirefoxFirefox er på stutt tid truleg vorten den nest mest bruka nettlesaren i Noreg. No jobbar Mozilla Noreg med nynorsk­omsetjing av versjon 1.1. Dersom du er språkleg stødig og vil gjera ein innsats for nynorsken kan du gå til Mozilla Noreg.

Lagt ut 7.7.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Sjå: Bokmålsforbundet kan skrive lesarbrev!

Den eine halvparten av Bokmåls­forbundet, formann Steinar Øksengård, svarer på lesarbrevet frå Noregs Mållag om skulepolitikken til Høgre. I lesarbrevet tek han m.a. opp att gamle fantasital om at Høgre stør nynorsken med over ein milliard kvart år.

Fleire fantasiar frå Bokmålsforbundet finn du på heimesidene deira, sjekk særleg ut «Rapport om språksituasjonen i Norge».

Lagt ut 7.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Sylfest refsar høgskular

Språkrådsdirektør Sylfest Lomheim refsar høgskulane i Bodø og Narvik for manglande nynorskbruk, skriv NRK Nordland i dag.

Lagt ut 6.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Flo rekruttert på nynorsk

Då Tore André Flo fekk kontraktsutkastet frå Vålerenga, var det på nynorsk! VIF-direktør Kjetil Siem meiner at det nok gjorde utslaget for at Flo takka ja til tilbodet... Nynorsken eignar seg ikkje berre til golf! Les meir hjå Bergens Tidende. Sjå òg saka i Dagbladet.

Lagt ut 6.7.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

«Mykje rart på nynorsk»

Bladet Golfaren har fanga opp golford-konkurransen frå Aasentunet. Dei er overraskande positive: «Lista over føreslegne ord innheld noko gull og mykje tull.»

Meir om konkurransen hjå Aasentunet

Lagt ut 5.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk Barneblad i ny nettbunad

Norsk Barneblad har fornya nettstaden sin monaleg, og ungar i alle aldrar kan gå dit og finne nyhende, spel, artiklar og mykje anna. Ikkje minst: du kan tinge bladet der! Les meir hjå Norsk Barneblad.

Lagt ut 4.7.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Festspela: 47 tilskipingar, 220 utøvarar, 6300 gjester

- No er Dei Nynorske Festspela til å rekne med nasjonalt. Så mange programpostar av så høg standard har vi aldri greidd å samle på fem dagar før, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum til Vikebladet dagen etter at Dei Nynorske Festspela blei avslutta.

Lagt ut 4.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Samnorsk lagt i grava

- Endringane i bokmålsrettskrivinga inneber at heile samnorskprosjektet endeleg døyr, etter eit svært langvarig sjukeleie. Prosjektet vil ikkje bli sakna, Aftenposten på leiarplass.

Lagt ut 3.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Prisvinnar på nynorsk

Arnfinn Kolerud (36) skreiv ein roman i året i fleire år, uten å få gitt ut ein einaste ein. Så byrja han å skrive nynorsk. Då tok det av, skriv Sunnmørsposten.

Kolerud er innleiar på Dei nynorske festspela i dag laurdag.

Lagt ut 2.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

No kan ein spele golf på nynorsk!

Nynorsk kultursentrum har skipa til nyord-konkurranse i samarbeid med Kulturbeitet i NRK P2. Mesteparten av golfterminologien har vore på engelsk, men no finst det gode nynorske alternativ.

Lagt ut 1.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

«Endelig er bergensk lovlig språk»

Bergens Tidende jublar i dag over rettskrivingsendringane i bokmål. No er det ikkje lengre brot på rettskrivinga å bruke formar som bygden, hytten, jenten, solen, barnene og syv på bokmål, fortel Bergens Tidende entusiastisk.

Lagt ut 1.7.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Knudahei-brev i ny drakt

Som ein av våre største forfattarar har Garborg ofte kjendest litt utilgjengeleg for nye lesarar. Det gjer Sigbjørn Reime noko med, og har no gjevi ut Knudaheibrev i "modernisert" utgåve. Les Jan Inge Sørbø si bokmelding hjå Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 1.7.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Sørbø-samling blir studiesenter

Forlags- og målmannen Fridtjof Sørbø døydde i 2003. No har familien gjevi heile samlinga med bøker, bilete og teikningar til Dovre kommune, som no planlegg å opne eit studiesenter. Les meir hjå Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 1.7.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kvifor røyste Høgre om ein vil nynorsken vel?

Det spør Noregs Mållag om i dette lesarbrevet som har vori på prent i fleire aviser. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 1.7.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mars

  • 1868 Mållaget og forlaget Det Norske Samlaget vart skipa

27. mars

  • 1848 Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik

6. april

  • 1818 Aasmund Olavsson Vinje vart fødd
  • 1857 Per Sivle vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen