nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: august 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

SV og Sp får toppkarakter frå Noregs Mållag

Noregs Mållag har testa nynorsk­politikken til partia, og oppmodar veljarane om å tenkje nynorsk ved valet. Sjekk ut alle resultata i valkamp­flygebladet frå Mållaget, les valsidene til Mållaget eller les omtale i Bergens Tidende.

Bergens Tidende 29.8.2005:

Bergens Tidende 29.8.2005

Lagt ut 31.8.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Høgskulen med språksertifikat

Høgskulen i Sogn og Fjordane vil gje studentane språksertifikat. - Meininga er å heve kvalitetsstempelet til skulen, seier rektor Johs. Thaule til NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 30.8.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Eit ord i rett tid

Mange tykte det var på høg tid då bokmålbrukar og Høgre-mann Lars Lie ba ungdomspartiet sitt om å tenkje seg om. Men Harald Viktor Held held fram forsvaret at bokbål/valfridom. Dette går ikkje Vestnytt hus forbi. Og i Bergens Tidende oppmodar Johan K. Monsen alle Høgreveljarar i Hordaland til å stryka Hove frå røystesetelen.

Lagt ut 30.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

UiT bryt framleis mållova

Universitetet i Tromsø får nok ein gong refs frå Kultur- og kyrkjedepartementet fordi nynorskprosenten i skriftleg materiale er for låg, skriv universitetsorganet Tromsøflaket.

Lagt ut 29.8.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Ikkje Høgre si oppgåve å harselere med nynorsken

Bokmålsmannen Lars Lie frå Høgre er oppgitt over kampen Unge Høgre fører mot nynorsk i skulen. Les meir i Vestnytt.

Lagt ut 27.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Flora stør krav om nynorsk­opplæring for innvandrarar

Flora kommune stør kravet frå Noregs Mållag om at innvandrarar skal få tilbod om å lære nynorsk når dei kjem til nynorskkommunar.

Journalisten i Firda har misforstått heile saka, og trur Mållaget vil lære innvandrarar både nynorsk og bokmål.

Lagt ut 26.8.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Oslo-dialekten under lupa

Forskarane Unn Røyneland og Bente Ailin Svendsen har saman med andre språkforskarar fått 10 millionar kroner frå Forskingsrådet for å studere ungdomsspråket i blant anna Oslo. Les heile saka i Uniforum eller hjå Startsida.

Lagt ut 26.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Høgre er imot Hordaland

- Høgre respekterer ikkje vestlendingar, skriv Roger Lockertsen i eit lesarbrev i Bergens Tidende i dag.

Lagt ut 26.8.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kva lovar partia om nynorsk i valkampen?

Noregs Mållag har sendt ut seks spørsmål om viktige målpolitiske saker som vert avgjort på Stortinget. Alle partia har svart og svara finn du nettsidene til Noregs Mållag.

Lagt ut 25.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

«Uverdig åtak»?

Odd E. Rambøl skriv i BT i dag at han ikkje kjøper argumenta frå høgreleiaren i Hordaland om kven som er vorte utsett for uverdige åtak i bokbålsaka. Les heile lesarbrevet i Bergens Tidende.

Lagt ut 25.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorsk-hat er barbari

- Harald Victor Hove si brenning av nynorske ordbøker må vere ein av dei beste søknadane som er levert frå Høgre om å sleppe regjeringsmakt, skriv Erling Gjelvsvik i Bergensavisa.

Lagt ut 24.8.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

"Der de brenner bøker, vil de også til slutt, brenne mennesker."

Dette skriv magasinet Monitor i dag, og seier at det helgidvis er sjeldan at representantar for demokratiske parti hiv seg ut i ufyselegheiter. Vidare oppmodar dei veljarane til å halda Høgre-Hove langt utanfor Stortinget til han er tørr bak øyro. Les meir i Monitor.

Lagt ut 23.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dagbladet på nynorsk - om dikt

Dagbladet kårar sommardikt, og det skjer på nynorsk! Les meir om Øyvind Rangøy skreiv om fiskeslo og blei månadens poet i Dagbladet.no.

Lagt ut 23.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Det går nedover med høgrekadrane

Bokbrennaren Hove er «eit av dei største politiske talenta i fylket vårt og Hordaland Høgre er svært glade for at vi har ein ung mann av hans kaliber høgt på vår stortingsliste». Dette seier Nils Marton Aadland, fylkesleiar Hordaland Høgre i Bergens Tidende når han skal kommentera bokbålsaka.

Lagt ut 23.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høgre si brennande nynorskinteresse

«Harald Victor Hove er Høgre sin femtekandidat i Hordaland og har spela inn video der han brenner nynorskordlista, Alf Hellevik si gule frå Samlaget. Det er tid for å undra seg over kva som får høgresida til å ta fram bokbrenningsvåpenet om att», skriv Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag i Bergens Tidende.

Lagt ut 23.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Meir om bokbål

«At humoren i Unge Høgre er plump og primitiv («spynorsk mordliste»), gjer ikkje så mykje. Slikt veks dei av seg. Langt verre er det at ungdomskandidaten ikkje skjønar at han krenkar norsk bygdekultur og at bokbrenninga hans fører vidare mørke og uhyggelege tradisjonar», skriv Sverre Bungum i Bergens Tidende.

Lagt ut 21.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålsforbundet reknar

Bokmålsforbundet har lang historie med å produsera fantasirike lesarbrev. No har Steinar Øksengård, høgremann og formann i dette tomannsforbundet, skrive eit nytt, kreativt innlegg for Høgre og mot nynorsk. Les eventyret på Nationen.no.

Lagt ut 19.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Klassane blir delte

Vågsøy kommune gjev no etter for kravet frå foreldra, og delar opp klassane med nynorsk og bokmålselevar på Raudeberg Skule. Slik vert dei òg ein lovlydig kommune att. Les meir på NRK.no Sogn og Fjordane.

Lagt ut 19.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Are + Benny = sant

Kven er eigentleg «folk», og kva vil folk «eigentleg» ha? spør Are Kalvø i den premiereklare revyen hans. Sjølv satsar han på at folk vil ha Benny Borg i rolla som ny-svorsk diktator. Les meir om kva folk vil ha i Dagsavisen.

Lagt ut 19.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fagbokpris til Olaf Almenningen

Ved haustlanseringa til Samlaget fekk Olaf Almenningen den samanslegne Nynorsk fagbokpris og Halvdan Koht-stipendet på til saman 100.000 kr. Les meir hjå www.utdanning.ws.

Lagt ut 18.8.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk dominerer i Odda

I Odda blir det fleire nynorskelevar enn nokon gong, 80% av 6-åringane skal ha nynorsk som opplæringsmål. Odda er tradisjonelt ein kommune med halvt om halvt med nynorsk og bokmål i skulen. Les meir hjå Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 18.8.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nattframsyning med Jesus Christ Superstar

Natt til laurdag og natt til sundag vert storsatsinga Jesus Christ Superstar, på nynorsk ved Rolf Losnegård, sett opp på torget i Florø. Les meir i Firdaposten.

Lagt ut 18.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Unge Høgre vil ikkje sende bokbrenningsfilmen likevel

Unge Høgre legg seg flate og orsakar reklamefilmen der dei brenn ei nynorsk­ordbok, skriv Dagbladet.
Få med deg bortforklaringane!

Lagt ut 17.8.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Er ikkje tida for bokbål forbi?

Guttorm Johnsen skriv i BT i dag og femtekandidaten til Høgre i Hordaland, Harald Victor Hove, har «vist sitt politiske sinnelag og sin totale historieløshet» når han nyttar bokbål i valkampen. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 17.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Åtte forskingsprosjekt ved nynorsksenteret

I haust får pedagogar på Høgskulen i Stord/Haugesund, Holmlia skule, Sandnes vidaregåande skule, Ringsaker vidaregåande skule, Våland skule, Høgskulen i Oslo, Høgskulen i Austfold og Høgskulen i Volda får fou-midlar frå Nynorsksenteret for å finna ut meir om kva som er god nynorskopplæring. Les meir om forskingsprosjekta hjå Nynorsksenteret og på Utdanning.ws.

Lagt ut 16.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Innvandrarar får ikkje nynorskbøker

Det finst ingen lærebøker i nynorsk som kan nyttast til norskopplæring av innvandrarar. Lærarar i nynorskkommunar er frustrerte, skriv NRK Tekst-TV.

Lagt ut 14.8.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Steinulf Tungesvik: - Høgre driv nazi-valkamp

- Å brenne bøker er det ultimate maktmisbruket mot ein meinings-motstandar. Vi har heldigvis sett lite til det etter 30- og 40-åras Tyskland. Starten på Høgres valkamp vitnar om ei kunnskaps- og historieløyse som ikkje tek seg godt ut for det tidlegare kunnskapspartiet, seier Tungesvik. Les meir i Bergensavisen.

Lagt ut 14.8.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Hordaland Høgre brenn nynorskbøker

I ein reklamefilm for å vinna veljarar hiv Høgre sin femtekandidat i Hordaland nynorskordlista i eit brennande oljefat. «Det er den gule, ja. Spynorsk mordliste, som vi kalte den, hehe. Jeg brenner den for å vise at vi vil ha bort tvungent sidemål», seier han til Bergensavisen.

Lagt ut 13.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nye læreplan ferdig

Den nye læreplanen for grunnskulen og vidaregåande opplæring er klar. Læreplanen presiserer at det skal vera sjølvstendig karakter for hovudmål og sidemål i ungdomsskulen og i andre og tredje klasse i vidaregåande. Planen seier ikkje noko om kor mykje sidemålsdelen skal telja i norskkarakteren i grunnkurs på allmennfag. Heile læreplanen finn du på Odin.dep.no.

Lagt ut 12.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil blanda nynorsk- og bokmålselevar

Rogaland Mållag er svært negative til framlegget frå John Peter Hernes (H) om å blanda nynorsk- og bokmålselevar. Audun Steinnes er redd slik blanding kan øydeleggja for nynorskelevane. Les saka i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 12.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Partitoppar seier: «Slepp nynorsken til»

Trine Skei Grande, Venstre, Eli Sollied Øverås, Senterpartiet, Knut Arild Hareide, Kristeleg Folkeparti, Reidar Sandal, Arbeidarpartiet og Erna Solberg, Høgre er mellom dei 30 000 som har skrive under på oppropet. Les pressemeldinga frå Noregs Mållag.

Lagt ut 11.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skriftspråkinnlæring, hjernefunksjonar og dysleksi

I denne artikkelen skriv Inge Gåsemyr Reigstad om ny språkforsking, om dysleksi og om fordelane dyslektikarar har med å skriva eit språk som der uttale fell saman med skriftbiletet, og han konkluderer slik:
Men de som har noenlunde kjennskap til norske dialekter og lokalkunnskap utenom Oslogryta, eller Oslo Vest med omliggende herligheter, vil være klar over at nynorsk er langt mer lydrett i forhold til talespråket enn bokmål for store deler av Norges befolkning. Slik er det også for mange som har bokmål som hovedmål, eller som foretrekker å bruke denne skriftspråksvarianten når de skal skrive noe selv.
Artikkelen finn du på Utdanning.ws

Lagt ut 11.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Karkterane til nynorskelevar

Dei som skreiv Pisa-rapporten «Godt rustet for framtida» tilbakeviser at det er hemmeleg at skuleelevar med nynorsk som hovedmål har dårlagare karakterar både i matematikk og naturfag. Og legg til at dei ikkje har testa skrivedugleikane til elevane. Les meir på Utdanning.ws

Lagt ut 11.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk i gode og vonde dagar

Om nynorsk er livkraftig eller står med ein fot i grava, kjem heilt an på auga som ser. Det er tydeleg etter at Dagen har snakka med ein nynorskmotstandar og ein nynorskforkjempar. Les meir i Dagen.

Lagt ut 11.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Over 30.000 har skrivi under!

Oppropet "Slepp nynorsken til" har no passert 30.000 underskrifter! Lena Solberg vart nr. 30.000. Nynorsk.no-redaksjonen ynskjer Noregs Mållag og Norsk Målungdom til lukke med oppslutnaden så langt. Skriv under hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 11.8.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Høgre står på sitt

Erna Solberg skreiv seg på oppropet frå Noregs Mållag om å sleppe til nynorsk i Oslo-avisene. Men elles står Høgre på sitt når det gjeld sidemål og nynorsk, skriv Nationen.

Lagt ut 11.8.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Mindre nynorsk i Stavanger

For fyrste gong på mange år blir det ikkje nynorskklasser i 1.- eller 2.-klassene i Stavanger. Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 10.8.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk Wikipedia passerer 10.000 artiklar

192 år og to dagar etter at Ivar Aasen vart fødd, passerte det største nynorske leksikonet på nett 10.000 artiklar. Heile leksikonet er basert på dugnadsarbeid, nynorsk.no-redaksjonen oppmodar alle nynorskbrukarar til å delta i arbeidet! Les meir hjå nn.wikipedia.org.

Lagt ut 9.8.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Sviktar partia nynorsken?

Det lurar Ole Peder Kjeldstadli på i denne kronikken i Østlendingen.

Lagt ut 8.8.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

UiO får meir språkrefs

UiO må innan 1. oktober gjera greie for kva rutinar og tiltak universitetet vil setja i verk for å kunna etterleva mållova, skriv Uniforum og Bergens Tidende.

Lagt ut 5.8.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Fjellklatring og bursdagsfeiring i Aasen-tunet

Fredag 5. august er det 192 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Nynorsk kultursentrum feirar dagen med gratis fødselsdagskake til alle. Same dagen kjem fjellklatraren og villmannen Jarle Trå til Ivar Aasen-tunet for å halda føredrag om fantastiske og risikable naturopplevingar. Etterpå tek han oss med på tur til Helgehornet. Les meir hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 4.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Det einaste forbodet

«Éin i brodden stadig gjekk når eit forbod skulle vekk. Det var Dagblad, svirebror, sterk i vilje», sterk i ord, skriv Ingolv Vevatne i Grannar i dag.

Lagt ut 4.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Slår eit slag for dialektane

Eit brennande engasjement for skogerdialekta førde 17 år gamle Magnus Martinsen inn i NMU og gav han oppslag på NRK. Les meir på NRK.no Buskerud.

Lagt ut 4.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dårleg nynorsk frå teaterhøgskulen

Mange skodespelarar er for dårlege i nynorsk og Teaterhøgskulen har skulda. Det hevdar Olav Aarrestad. leiar i Vikværingen. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 2.8.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen