nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: september 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Are Kalvø fekk kringkastingsprisen

Are Kalvø (pressebilete)- Are Kalvø er ein av kringkastinga sine fremste nynorsk­brukarar. Han har nytta nynorsk og dialekt i satire­programmet «Hallo i uken» sidan 1993, og har her vore med å forma satiresjangeren og gjort han til sin eigen, skriv juryen for Kringkastingsprisen i ei pressemelding.

Saka har fått brei omtale:

Lagt ut 30.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

50-års krig for meir nynorsk i NRK

Kringkastingsringen vart starta som ein motaksjon mot mobbinga av nynorskmedarbeidarane i NRK. Etter 50 år er Kringkastingsringen framleis ei vaktbikkje i forhold til nynorsken i media, og dette vert feira med stor jubileumsmarkering på Det Norske Teatret 1.oktober. Les meir på Nesteklikk.no eller hjå Kringkastingsringen.

Lagt ut 29.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Studentmållaget utfordrar rektorkandidatane

Det er rektorval ved Universitetet i Oslo, og Studentmållaget engasjerer seg! Les innlegget frå leiar Eva Marie Mathisen hjå Universitas.

Lagt ut 28.9.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Målungdom på Sametinget

Kirsti Guvsam Kirsti Guvsám frå Steinkjer kom inn på Sametinget frå Sør-Noreg krins. Ho var aktiv i Steinkjer Målungdom for nokre år sidan. I år heldt ho 17. mai-tale hjå BUL i Oslo. Nynorsk.no-redaksjonen ynskjer både til lukke og lukke til! Les meir hjå Trønder-Avisa.

Lagt ut 28.9.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Valgerd til Dagsavisen

Valgerd Svarstad Haugland har fått ny jobb. Ho skal skriva for Dagsavisen og har sett eitt vilkår for engasjemenet
Eg kjem til å skriva på nynorsk. Hadde eg ikkje fått lov til det, hadde eg ikkje teke jobben.
Les oppslaget i Dagsavisen.

Lagt ut 28.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Domstolane og politiet bryt lova

Politiet og rettsvesenet er verstingar når det gjeld brot på mållova, seier dagleg leiar Vidar Høviskeland i LNK til NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 27.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Den europeiske språkdagen

Logoen til Den europeiske språkdagen 2005I dag - 26. september - er det den europeiske språkdagen. Europarådet står bak markeringa, og du kan lese meir om ho hjå Det europeiske senteret for moderne språk.

Du kan òg ta ein titt på nettsidene til Det europeiske byrået for mindre nytta språk (!) som òg markerer dagen.

Lagt ut 26.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Døbbar på dialekt

For fyrste gong blir ein heil NRK-produksjon døbba på ein dialekt. Dennis Storhøi og Heidi Gjermundsen Broch får snakke austfoldsk i Barne-TV, fortel ANB.

Lagt ut 25.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Vinje tek feil

Språkrådsdirektør tek til motmæle mot det siste utspelet frå anti-nynorsk-professor Vinje:

- Det er om lag 600.000 vaksne som hellar til nynorsk, og kravet om 25 prosent nynorsk er difor heilt på sin plass, seier han til Dagsavisa.

Lagt ut 25.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ny utgåve av Motmæle

Motmæle nr 2, 2005Sjekk ut siste nummer av medlemsbladet til Målungdomen - denne gongen med dei heftigaste sumarbileta og avsløring av medlemstal!

Les Motmæle 2-2005 (PDF-format).

Lagt ut 24.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Oslo-elevar får gratis nynorsk-tekstbok

For å få prosjektet med valfritt sidemål i Oslo godkjend, må Oslo-elevane lese meir nynorsk litteratur enn andre. No (over eitt år etter prosjektstart) ligg den nynorske tekstsamlinga frå Samlaget føre, kan ABC Startsida fortelje.

Lagt ut 23.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vinje ute med anti-nynorsk-propaganda igjen

- Kravet om 25 prosent nynorskandel i offentleg sektor er for høgt, og bør liggje på 6-8 prosent, seier Finn Erik Vinje til NRK Kultur.

Lagt ut 23.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Opera endeleg heilt gratis!

Vi i nynorsk.no-redaksjonen fekk eit hyggeleg tips i går:

Opera er ikkje reklamefinanisiert meir! Det er berre gratis gratis gratis og på nynorsk nynorsk nynorsk!

Hipp hurra seier vi, og oppmodar alle til å laste ned Opera på nynorsk!

Lagt ut 23.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ny nynorsknekt

Nok ein gong er ei av riksavisene ute og spør nynorskbrukarar om å verta spaltistar, for så å leggja til at tilbodet berre gjeld om vedkomande skriv bokmål. Denne gongen var det Aftenposten som ynskte seg Olaug Nilssen - på bokmål. Historia kan du lesa

Lagt ut 22.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskfritt frå Stortinget

Stortinget har opna ein ny nettstad for ungdom. Nettstaden er nynorskfri. - Det er politisk sett ei pinleg sak og pedagogisk forkasteleg, seier Jon Grepstad i Språkrådet. Les meir på Utdanning.ws.

Lagt ut 21.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dagbladet stør nynorsken - i prinsippet

Dagbladet drøftar årstalen til Ottar Grepstad på leiarplass i dag. Dei understrekar at "prinsippet nynorsk" må starte i stortingsdokument som har kultur og språk som tema. Dei skriv inkje om at "praksisen nynorsk" burde ha plass i Dagbladet. Les meir hjå Dagbladet.no.

Lagt ut 21.9.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Den falske valfridomen

I årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur sa Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum mellom anna at "Det finst altså ingen valfridom på nynorsk, men det finst ein valgfrihet på bokmål". Les pressemeldinga og heile talen på Aasentunet.no.

Lagt ut 20.9.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Frustrert over eige tilsyn

Etter fokuset dei siste dagane på statsetatar som bryt mållova, kjem det fram at Mattilsynet for Sunnfjord og Ytre Sogn er frustrert over Mattilsynet sentralt. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 20.9.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

BKK på nynorsk

Kraft- og breidbandsleverandøren BKK har lenge gjeve alle kundane sine e-postadresser som slutta på hjemme.no, noko mange har vore misnøgde med. No er det slutt på det, for alle kundane deira kan no få nynorskadresser! Vel mellom heimplass.no og heimtuft.no. Les meir om korleis dette kan ordnast på BKK.no.

Lagt ut 20.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skriv store, stygge dikt

Eit tilfeldig møte med ei gamal dame fekk Ruth Lillegraven frå Granvin til å skriva. No debuterer ho på Tiden. Les meir i Nationen.

Lagt ut 20.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk faktabok er ute!

Aasentunet presenterte i dag Nynorsk faktabok 2005 på ein eigen pressekonferanse. Boka er svært omfattande: 785 sider i den trykte utgåva, 351 tabellar og 45 figurar! Gå til Nynorsk faktabok 2005.

Lagt ut 19.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nederlandske målfolk

Visste du at det finst målfolk i Nederland? Som arbeider for nynorsk? nynorsk.no har fått «lesarbrev» frå Roald van Elswijk.

Roald van Elswijk framfor plakatar med Slepp nynorsken til på Universitetet i Groningen, Nederland

Roald van Elswijk har hatt aksjon for Slepp nynorsken til på Universitetet i Groningen!

Helsinga frå Roald van Elswijk

Visste du at det finst målfolk i Nederland òg? Nederlandske målfolk, som arbeider for nynorsk? Faktisk finst det to studentar i norsk her nede som har nynorsk som hovudmål. Eg er ein av dei!

Namnet mitt er Roald van Elswijk og eg studerer nordistikk og gammalgermansk språkvitskap ved Universitetet i Groningen. Sidan eg er den einaste ved universitetet vårt som skriv nynorsk, kjennast det som eit stort ansvar å forsvare «målet mitt». No har eg i mange år kjempa for å få meir oppslutning for nynorsken hjå norskstudentane våre. I det siste har eg støtta opp om «Slepp nynorsken til!»-aksjonen ved å hengje plakatar over heile fakultetet vårt. Dessutan har eg vel «erta» nokre av dosentane våre litt ved å dele ut mange flygeblad... Dette er kan hende ikkje stort, men eg synest at alle bør yte sitt for å stø målsaka.

Då eg hadde studert norsk i halvanna år avgjorde eg at eg ville ha nynorsk, og ikkje bokmål, som hovudmålet mitt. Eg vart kjend med språksituasjonen i Noreg gjennom førelesingar på Universitetet i Groningen. For dei fleste nederlendarar verkar den norske språkstoda svært innfløkt, men eg forsto poenget og bytta til nynorsk! Korfor måtte eg lære eit språk som i grunnen ikkje er norsk i det heile teke?

Etter mi meining er det naudsynt med nynorsk i Noreg. Det er eit faktum at mange nordmenn frå ulike landsdelar ikkje kjenner seg att i bokmålet. Eg for min del synest ikkje at det representerer «det verkelege» norske, då er eg meir oppteken av dialektane der nynorsk har røtene sine. Bokmålsfolk må berre akseptere at det finst to skriftspråk i Noreg, utan vidare. Eg skal for min del ikkje la vere å kjempe for nynorsken her i Nederland. Stå på!

Helsingar frå
Roald van Elswijk

Lagt ut 19.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Statsforvaltninga bryt lova

Statsforvaltninga gjer ikkje som Stortinget har føresett om bruk av nynorsk på Internett. Etter oppmoding frå Nynorsk kultursentrum har Språkrådet undersøkt målbruken på 173 statlege nettstader; berre 12 fylgjer lova, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Saka har fått brei omtale:

Lagt ut 19.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Bø fekk Storegutprisen

Radiomannen Bjørn Bø fekk Storegutprisen under Litteraturdagane i Vinje i helga, skriv Telemarksavisa og Varden. Prisen blir delt ut til ein som nyttar levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.

Lagt ut 19.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ny nynorsk faktabok

Tysdag 20. september held Ottar Grepstad årstalen for nynorsk skriftkultur, denne gongen i Oslo. Han vil òg presentere ei ny nynorsk faktabok, fortel ABC Startsida.

Lagt ut 16.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Conradi med nynorskviser

Kåre Conradi kjem med ny plate, og ho er delvis på nynorsk. Noko som ikkje er utan grunn. «Jeg var vel den eneste i klassen som likte nynorsk. Nynorsken gir oss lov og mulighet til å uttrykke større følelser enn vi tør på bokmål,» seier Conradi til Smaalenene.no.

Lagt ut 15.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nordstoga skal redda nynorsken

Nynorske viser er om å gå i gløymeboka, men no deler nynorskkommunar ut songboka til Odd Nordstoga for å sikra at den nynorske songtradisjonen ikkje døyr ut. Les heile saka på NRK.no.

Lagt ut 15.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Soria Moria-erklæringa må skrivast på nynorsk

Valresultatet er løfterikt for nynorsken, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag. Den sida som har villa svekkja nynorsken har gått tilbake, og dei raud-grøne partia har lova meir nynorsk, både i programma og i "Kulturløftet". Les pressemeldinga hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 13.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis nynorsk i Ålgård

Elavane ved Ålgård skule i Gjesdal kan framleis få nynorsk­undervisning. Det vart resultatet av ei folkerøysting i samband med valet i går, fortel NRK Rogaland.

Lagt ut 13.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Språkpolitikken ligg fast i det nye Stortinget

- Det nye Stortinget står på målpolitisk trygg grunn. Trass i store veljarvandringar og endringar partia imellom ligg språkpolitikken fast i det nye Stortinget, og valresultatet gir von om betre vilkår for nynorskbrukarane i landet, skriv Aasentunet.

Lagt ut 13.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Det nynorske sjølvmordet

Når eg ikkje lenger klarer å halde styr på formverket i nynorsk, misser eg då oversynet? Mistar eg det? Mister? Missar . . .? Faen veit. Og han er snart den einaste. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 13.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Soleklar nynorsksiger i Holet

Skulemålavrøystinga i Holet enda med formidabel siger til nynorsk: Over 75 prosent røysta for nynorsk, skriv Hallingdølen.

Lagt ut 12.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Røyst nynorsk måndag!

Måndag er det stortingsval, og nynorsk.no oppmodar alle til å tenkja nynorsk før de vel ut kva røystesetel de skal bruka måndag. På nettsidene til Noregs Mållag kan de lesa kva dei ulike partia meiner om viktige nynorsksaker. Godt val!

Lagt ut 12.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Duka for målstrid i Aure

Medan elevane i Tustna kommune lærer bokmål, får elevane i Aure opplæring i nynorsk. Dermed er det duka for målstrid når kommunane slår seg saman frå årsskiftet. Les meir på Adressaavisa.no.

Lagt ut 12.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hol kommune fylgjer endeleg lova

Elevar med nynorsk som hovudmål får no norskundervisning i eigne grupper ved Hol ungdomsskule, fortel Hallingdølen. Hol kommune har ikkje vore kjend for å fylgje lova tidlegare, så dette er gledeleg!

Lagt ut 10.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

To av tre vel bokmål på nynorskskule

Måndag blir det folkerøysting om Ålgård skule framleis skal vera nynorskskule. I dag er elevane som vel nynorsk i mindretal. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 9.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Krev nynorsk for innvandrarar

Nettavisa har fått med seg kravet frå Noregs Mållag om at innvandrarar må få tilbod om opplæring på nynorsk.

- Nynorskopplæring er naudsynt for å integrerere innvandrarane i lokalsamfunnet, seier Nils Kristian Skarpeteig frå Fyresdal kommune til Nettavisa.

Den fleirkulturelle nettstaden Utrop har òg plukka opp saka.

Lagt ut 9.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaga rir på dialektbølgja

Valdres mållag satsar utover hausten og vinteren på ein foredragsserie om valdresdialektane, dialektkonferanse, skrivetevling med bedriftsklasse og dialektsatsing overfor barn og ungdom. Les meir i avisa Valdres.

Lagt ut 9.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Tverrpolitisk velvilje for nynorsken

Det er eit klart fleirtal blant dei politiske partia for mange av dei viktigaste målpolitiske sakene. Og dei som går inn for å svekkje sidemålsundervisninga og mållova er i klart mindretal. SV og Sp er dei mest "nynorsk-venlege". Les meir på Nesteklikk.no.

Lagt ut 8.9.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Språk, kultur og stortingsval

- Nynorsken er i framgang. I aviser og media blir nynorsk brukt meir enn nokon gong, skriv Hemsedal Mållag i eit lesarbrev i Hallingdølen.

Lagt ut 6.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Høgre sentralt er mot nynorsken

- Ved stortingsvalet no 12. september bør me som er nynorskbrukarar og glade i språket vårt, røyste på eit anna parti enn det noverande Høgre, skriv Birger Risnes i Varden.

Lagt ut 6.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Debut med kvensk pop

Karine Jacobsen og Kine Johansen. Foto: Helgeland ArbeidarbladKarine Jacobsen (15) og Kine Johansen (16) spelar inn singel med kvensk pop. Det har ingen andre gjort før dei, fortel Helgeland Arbeidarblad.

Lagt ut 5.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Med kultur for bokbål

Victor Mæland tek eit kraftig oppgjer med nynorsksynet til Høgre - både Gamle- og Unge Høgre - i Bergens Tidende i dag.

Vi har særleg sans for «Elevene må ikke belastes med skolefag som i øyeblikket virker vanskelige og arbeidskrevende. De kan visst ta skade av det.»

Lagt ut 5.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Idol-støtte til Slepp nynorsken til!

Idol Idol-jentene Tone Damli Aaberge og Eva Weel Skram var på Gaulamarknaden på Sande i Sunnfjord i helga. Etter konserten sikra lokale målfolk seg underskriftene deira til kampanjen Slepp nynorsken til. Du finn dei på lista for Sogndal.

Har du skrive under sjølv? Gjer det no!

Lagt ut 5.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kalvø fekk teaterpris

Are KalvøAre Kalvø fekk pris for innsatsen for nynorsk som scenespråk då Hedda-prisene vart delt ut på Nationaltheatret i helga, kan Kulturspeilet fortelje.

Lagt ut 4.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Brit Bildøen og Volda Maskin

Forfattar Brit Bildøen og verksemda Volda Maskin (!) fekk prisar for godt nynorsk språk av Volda Mållag og Sunnmøre Ungdomslag på laurdag, skriv Sunnmørsposten.

Lagt ut 3.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

«Målbart usamde»

Mållagsleiar Steinulf Tungesvik og Harald Victor Hove (høgremannen som brende ordlister) møtte kvarandre til debatt på Nynorsk Bar i Bergen i går.

Dei klarte å bli samde om eitt mål: Dei vil gjere sidemålsundervisninga meir interessant for elevane, skriv BA.

Lagt ut 2.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Blir framleis nynorsk i Holet

Det blir nynorsk ved Holet skole også i framtida, skal ein tru engasjementet under diskusjonsmøte på Bygdahall måndag, skriv Hallingdølen.

Lagt ut 1.9.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen