nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: oktober 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Oslo-dialekta forsvinn

Ein ny forskingsrapport frå Universitetet i Oslo viser at skilnadene mellom aust og vest i Oslo er i ferd med forsvinne, fortel NRK Kultur.

Lagt ut 31.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Målblome til Setesdal mat

Ikkje før har Idol-Jorun fått dialektpris, så er leiaren i Vest-Agder Mållag på farten igjen. Laurdagskvelden var Aslak T. Fjermedal på Evjemoen og «Oktoberfest» for å overrekkja Setesdal Mat målblome og diplom. Verksemda får dette for å ha gått over frå bokmål til nynorsk i marknadsføringa.

Lagt ut 31.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

«Mulla Lomheim og nynorsken»

Nettavisa likar ikkje framlegget om meir nynorsk i avisene, og har no døypt Lomheim «Mulla Sylfest Lomheim» og hevdar han er misnøgd med utbreiinga av ans eiga fundamentalistiske lære. Les meir på TV2 Nettavisen. Det liberale folkeparti har òg lete seg provosera av Lomheim.

Lagt ut 31.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kva meiner du?

Kva meiner du om framlegget om å knyta språkkrav til pressestøtta og momsfritak? Dagbladet har lagt spørsmålet ut til røysting på nettsidene sine. Klikk deg inn på Dagbladet.no og gje di røyst.

Lagt ut 31.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Undheim

Fredag fekk Bjarne A. Undheim Målprisen frå Time mållag. Sjeldan, om nokon gong, har det vel vore ein verdigare vinnar. Les heile saka i Jærbladet.

Lagt ut 31.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Om å ikkje få skriva nynorsk

Olaug NIlssen er intervjua om framlegget frå Språkrådet om å knyta språkkrav til pressestøtta. - Framlegget er ikkje oppsiktsvekkjande, meiner ho, det er jo ikkje avisene som blir tvinga til å bruke nynorsk, det er nynorske journalistar som blir tvinga til å bruke bokmål. Heller enn ein nynorskkvote vil eg likevel ha oppheving av forbodet mot nynorsk. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 31.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil fjerne pressestønad til nynorsk-nekt-aviser

- Det bør innførast språkleg ytrings­fridom i avisene. Avisene som nektar journalistane sine å skrive nynorsk bør ikkje lenger få momsfritak eller presse­stønad, seier Sylfest Lomheim og Frank Aarebrot til Bergens Tidende (som er mot ei slik ordning). Saka er òg dekt av Aftenposten/NTB.

Koplinga mellom å tillate nynorsk og pressestønad er eit gamal mållags­framlegg.

Lagt ut 30.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Are og Odin kåra til årets radionamn

Dagen etter at gromgutane fekk dialektprisen av Norsk Målungdom fekk dei ei endå større utmerking: Årets radionamn 2005! Les meir hjå NRK P3 eller i Adresseavisa.

Lagt ut 29.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Stolte dialektbrukarar

- Då eg var liten, vart eg beden om å snakke "fint", sa Are Sende Olsen. Målungdomsleiar Synnøve Midtbø Myking er glad han ikkje følgde oppmodinga. I dag fekk han og Odin Jensenius dialektprisen til Norsk Målungdom. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 28.10.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Offensiv språkstrategi

Språkrådet presenterte i dag «Strategiar for vern om norsk i globaliseringa si tid». Mållaget helsar dette initativet velkomen! Les meir hjå Noregs Mållag eller i Utdanning.

Lagt ut 27.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Heilt topp altså

Det sa Jorunn Stiansen då ho fekk dialektprisen 2005 frå Mållaga på Agder. Les meir hjå Mållaga på Agder.

Lagt ut 27.10.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Global språkstrid

I dag kjem Språkrådet med eit framlegg til ein strategi for norsk språkpolitikk. På tide, meiner Gudleiv Forr i Dagbladet, som òg trekkjer fram Mållaget sin aksjon for nynorsk i riksavisene som eit døme på folkeleg språkengasjement. Les meir hjå Dagbladet.no, Morgenbladet, Dagens Næringsliv eller Aftenposten.
Dette skriv òg Tom Egil Hverven om hjå NRK: - Norge har ingen språkpolitikk.

Lagt ut 27.10.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskuniversitetet

Universitetet i Bergen er framleis universitetet med flest nynorskstudentar. Om lag 14 % har valt nynorsk som målform til eksamen. Med det dankar dei ut NTNU og Universitetet i Oslo. Les meir hjå Studvest.no.

Lagt ut 27.10.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Møt Are og Odin på fredag!

Are og Odin. Foto: NRK Are og Odin frå NRK P3 får Dialektprisen til Norsk Målungdom 2005! Utdelinga vil skje i teatersalen til BUL, Rosenkrantz' gate 8 fredag 28.10 klokka 14.00.

Møt opp, ta med alle du kjenner og skaff deg eit møte med godgutane!

Les meir om saka: Dialektpris til Are og Odin, NRK Nyheter.

Lagt ut 26.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Olaug Nilssen festspeldiktar

Olaug Nilssen frå Førde blir festspel-diktar under Dei Nynorske Festspela 2006. Ho er med sine 27 år den yngste festspeldiktaren til no. Les meir på NRK Sogn og Fjordane og hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 26.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

VG om dialektprisen

Jorun Stiansen får dialektpris i dag, og leiaren i Kristiansand Mållag seier til VG at Stiansen talar dialekten sin reint og klart og at ho har språksans. Ho er trygg på seg sjølv og sin eigen dialekt.

Lagt ut 26.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sjølvsikre stordabuar

Stord-ungdomen er ikkje nådige. Dei meiner at haugesundarar er snobbete og dialekten er stygg og utvantna. Sjølve er dei rimeleg sjølvsikre i høve til eigen dialekt. Det seier Randi Høyland til Haugesunds avis.

Lagt ut 26.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vekas nettstad

Nynorsk.no er vald ut til vekas nettstad på Forfatterportalen.no. Nynorsk.no-redasjonen takkar og er stolte.

Lagt ut 26.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Førde-biografi på bokmål?

- Det er ikkje noko krav at biografien om Einar Førde kjem på nynorsk. Det seier Thor Viksveen, som representerer familien, til NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 26.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Medlemsrekord i Målungdomen

Hittil i år har 1529 medlemer betalt medlemspengar til Norsk Målungdom, og det er ny rekord! 1130 av desse er under 26 år.

Bli medlem i målrørsla!: Meld deg inn i Norsk Målungdom eller Noregs Mållag!

Lagt ut 25.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Drøftar strategiar for vern om norsk språk

Språkrådet har oppnemnt eit utval for å å drøfte strategiar for å verne om norsk språk. I eit skriv på nettsidene til Språkrådet skriv dei mellom anna:

- For å sikra at norsk held fram som nasjonalspråk i Noreg, må det utformast ein samla språkpolitikk for framtida. (...) Det overordna målet er å sikra at nynorsk og bokmål blir brukt på alle område i samfunnet.

Utvalet kjem med ein endeleg rapport torsdag 27. oktober.

Lagt ut 25.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Frå bokmål til nynorsk

25 år etter debuten og etter tolv bøker på bokmål, kjem Terje Dragseth no med nummer 13. Og for fyrste gong skriv han på nynorsk. Dette finn du meir om på Fædrelandsvennen.no.

Lagt ut 25.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Time Warner gjev ut Grytten

Verdas største medieselskap, Time Warner, skal gje ut den nyaste romanen til Frode Grytten i England og USA. Les om dette i Dagens Næringsliv.

Lagt ut 25.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fritt fram for nynorsk i Bergen

No er det lov å nytte nynorsk for sakshandsamarar i Bergen kommune! Det var brei semje om det i bystyret i går kveld, der byrådsleiaren frå Høgre til og med las opp saksutgreiinga på nynorsk. Les meir hjå bt.no.

Lagt ut 25.10.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Side Brok nede for telling

Hip-hop-gutane i Side Brok er landskjende, men har likevel hamna som uteliggjarar på gata i heimbygda Ørsta. Scenariet er dramatisk og vart festa til film i helga. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 24.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dagbladet på nynorsk?

Det kan sjå ut til at målrørsla sine krav om nynorsk i Dagbladet og VG driv og slær gjennom i Dagbladet iallfall! Hittil har dei hatt kronikkar, lesarbrev og bokmeldingar på nynorsk. Denne gong blir Frode Grytten intervjua på nynorsk. Les meir hjå Dagbladet.no.

Lagt ut 24.10.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektpris til Jorun Stiansen

Dialektprisen 2005 frå Mållaga på Agder vert i år gitt til fjorårets Idol-vinnar Jorun Stiansen, skriv Fædrelandsvennen og NRK Sørlandet.

Lagt ut 24.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nye versjonar av OpenOffice

OpenOffice er ein gratis, open og fri kontorpakke som konkurrerer med Microsoft si Officepakke. No har OpenOffice kome i ny versjon, med fleire forbetringar. Last ned den nye pakka!

Lagt ut 24.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ei sjeldan plante

Dersom moderne norsk litteratur er ein storm, så står Olaug Nilssen roleg og med eit skeivt smil i auga av stormen. Det skriv Aftenposten etter å ha intervjua Nilssen om den nye boka hennar. Les meir i Aftenposten.no.

Lagt ut 24.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dagbladet fekk 36.000 underskrifter

Laurdag avslutta Noregs Mållag kampanjen Slepp nynorsken til! Markeringa skjedde på Det Norske Teatret der Gudleiv Forr frå Dagbladet fekk overrekt oppropet med fantastiske 36 000 underskrifter! Les meir om overrekkinga hjå Noregs Mållag eller Propaganda.

Lagt ut 23.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Finn-Erik Vinjes kjelder

- Kva Finn-Erik Vinje hadde på tapetet eller i sinne da han skreiv sin artikkel NS, riksmålet og nynorsken, kan ein ha sine tankar om, det som kom på trykk fortel meir enn nok, skriv Ola E. Bø i Dagbladet i dag.

Lagt ut 23.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

P2 slaktar Finn-Erik Vinje

P2-kommentaren i dag handlar om flaumen av språkbøker som har kome den siste tida. P2s Tom Egil Hverven er ikkje nådig når han omtalar boka til Vinje, Ut med språket:

[Jeg] skal jeg begynne med den verste av de fire bøkene. Det er Finn-Erik Vinjes "Ut med språket". Den boka gir meg lyst til å si "ut med Finn-Erik Vinje"!

Og han held fram:

Det er jo et påfallende misforhold mellom Vinjes professortittel, sidetallet i bøkene han gir ut, og etterretteligheten i det som står der.

Det er fleire frydefulle utspel mot Vinje i kommentaren hjå NRK Nyheiter.

Lagt ut 22.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Mållagsleiaren vart statssekretær

Advokat og mållags­leiar Steinulf Tungesvik, Bergen, er i statsråd i dag utnemnd til stats­sekretær i Samferdsle­departementet. Les meir på NRK Hordaland og på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 21.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Slepp nynorsken til!

Har du skrive under oppropet? Kampanjen "Slepp nynorsken til!" vert avslutta i morgon laurdag, så dette er siste innspurt. Sjekk listene og sjå om det er nokon du ser har gløymt å skriva under og tips dei! Oppropet ligg HER!

Lagt ut 21.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Hurra for Grande Røys

Norsk Målungdom og leiar Synnøve Midtbø Myking jublar over den nyvalde statsråden Heidi Grande Røys. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane eller les helsinga frå NMU.

Lagt ut 21.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fornying er namnet

- Fornyingsdepartementet blir det offisielle namnet på det noverande Moderniseringsdepartementet. Dette namnet skal brukast både på bokmål og nynorsk. Namneskiftet vil gjelde frå årsskiftet. Les heile pressemeldinga her.

Lagt ut 20.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kalvø og Ullern-elevane

- Det heiter ikkje å svømme. Det heiter å symje, sym, sumde, har sumt. Skal vi ta det i kor? Are Kalvø vitja Ullern vidaregåande skule i går. Les om korleis det gjekk i Aftenposten.no.

Lagt ut 20.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skulemålsrøysting i Flora

Nynorsk eller bokmål ved Florø barneskole? 14. november er det rådgjevande folkerøysting i krinsen. Les meir på Firdaposten.no.

Lagt ut 20.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskkupp på måndag?

Måndag kjem varaordførar i Bergen, Kristian Helland, til å krevja meir nynorsk mellom dei sju fjell, både i bystyret, i Bergen by og i Bergen kommune. Saman med Oddny Miljeteig har han no planlagt eit aldri so lite nynorskkupp i Vestlands­hovudstaden. Innslaget startar 8.00 minutt ut i sendinga. Sjå det på BTV.no.

Lagt ut 20.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis nynorsk i Telemark

Telemark fylke skal framleis ha nynorsk som administasjonsspråk. Det vart resultatet av ein lang og dels ellevill debatt i fylkestinget onsdag, skriv Varden.

Lagt ut 20.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Fornyingsministeren tek opp att bokbransjeavtala

Heidi Grande Røys - den nye nynorskministeren! Foto: SVI debattprogrammet Tabloid på TV 2 i kveld varsla fornyings­minister Heidi Grande Røys at ho vil sjå på bokbransje­avtala på ny. Ho nemnde særleg konsekvensane avtala har hatt for nynorsk­elevane:

Bokbransjeavtala handlar ikkje berre om pris, men om så uendeleg mykje meir. Vi må sjå på korleis avtala har sikra oss eit utval smale bøker, korleis ho slår ut for nynorskbrukarar og om nynorskelevane får skulebøkene sine fyrste skuledag slik som bokmåls­brukarane gjer. Vi må ikkje berre tenkje pengar når vi snakkar om konkurranse.

Du kan sjå programmet i Nett-TV.

Dette er oppsiktsvekkjande gode nyhende for målrørsla, nynorskbrukarar og nynorskelevane!

Lagt ut 19.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Og namnet vart: Fornyingsdepartementet!

I går melde nynorsk.no at Modern­iserings­departementet skulle skifte namn til Fornyelsesdepartementet for å få eit namn som òg fungerte på nynorsk.

I dag har departementet skifta namn ein gong til: På nettsidene er ordet «fornyelse» fjerna, og det er «fornying» for alle pengane! Hipp hurra for den nye nynorskstatsråden!

Lagt ut 19.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Oslo-elevar trur ikkje dei forstår nynorsk

Dei aller fleste Oslo-elevane tykkjer nynorsk er kjedeleg, og nesten halvparten meiner at det er lettare å forstå svensk enn nynorsk, kjem det fram i ei undersøkjing NRK Austlandssendinga omtalar i dag.

Lagt ut 19.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Målstrev

Noregs Mållag set no punktum for ein vellukka kampanje for å styrke nynorskens stilling i media. Når Dagbladet og VG unntaksvis svarer på kritikken frå målrørsla i ope lende, er det med prinsipplause argument og ved hjelp av underordna redaktørar som ikkje har ansvaret for språkpolitikken, skriv Klassekampen i dag.

Lagt ut 19.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kvensk er akseptert i Kanada

Pia Lane ved Universitetet i Tromsø har samanlikna målstoda på Bugøynes i Sør-Varanger og Lappe i Ontario i Kanada, og funni ut at det på mange vis er lettare å vera finskætta i Kanada! Les meir hjå NRK.

Lagt ut 19.10.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ny rekord for nynorsk.no!

Førre veke var det 26 308 sidevisningar på nynorsk.no, og det er ny rekord!

Litt meir statistikk: Om nynorsk.no.

Lagt ut 18.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Endra departements-namn for å bli meir nynorsk

Moderniseringsdepartementet er døypt om til Fornyelsesdepartementet, og grunngjevinga er mildt sagt oppsiktsvekkjande:
Et poeng [med namneskiftet] var også å velge et navn som fungerer på nynorsk, opplyste den nynorsktalende statsråden som kommer fra Sogn og Fjordane.

Sist vi sjekka sto nemleg «modernisering» i nynorskordlista, medan «fornyelse» heldigvis ikkje er der!

Les meir om saka hjå Utdanning.

Oppdatetering 19.10: Journalisten i Utdanning har feilsitert statsråden. Sitatet hjå Utdanning er no endra frå «fornyelse» til «fornying». Seint 19.10 vart òg nettsidene til departemnetet endra frå «fornyelse» til «fornying»...

Lagt ut 18.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

35 000 har skrive under oppropet!

Oppropet «Slepp nynorsken til» har no fått over 35 000 underskrifter. Skriv deg på du òg, eller vil du kanskje melde deg inn i Mållaget eller Målungdomen?

ABC Startsida har dekt hendinga: 35 000 for nynorsk

Lagt ut 18.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk nettleksikon har passert 11 000 artiklar

Nynorskversjonen av dugnadsleksikonet Wikipedia har passert 11 000 artiklar, og er no blant dei største språka i Wikipedia-verda. Bokmålsversjonen har nesten 40 000 artiklar, så det er berre å brette opp armane for å slå dei!

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterungdom har sendt helsingsfråsegn for å gratulere med det gode arbeidet med nynorskversjonen.

Lagt ut 18.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Høyr debatten mellom Vinje og Tungesvik

Mållagsleiar Steinulf Tungsvik møtte nynorsk-hatar og professor Finn Erik Vinje til debatten om målrørsla og nazisme i Dagsnytt Atten på NRK P2.

Gå til nettsidene til Dagsnytt Atten og klikk på opptaket frå 17. oktober.

Lagt ut 17.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vert Kulturløftet innfridd?

Vinteren 2004 lova Ap, SV og Sp å stå saman om eit felles kulturløft. No må dei innfri. Lista er lang og god og for nynorsken lova dei mellom anna: «[...] å sikre skoleelever god opplæring i begge målformer, og at sidemålsopplæringa må utvikles og utbedres, ikke reduseres.» Les meir på Nrk.no.

Lagt ut 17.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skriftserie frå nynorsksenteret

No kjem den fyrste utgjevinga frå Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda. Boka har fått tittelen Didaktiske perspektiv på nynorskopplæring og inneheld alle innlegga frå opningskonferansen til Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i mars 2005. Les meir hjå Høgskulen i Volda.

Lagt ut 17.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Grov munnbruk, seier Vinje

Finn-Erik Vinje svarar i dag på at han er teken i sitatfusk og å ha kome med tull og tant i Dagbladet sist veke:
Ettersom Steinulf Tungesvik, lederen i Noregs Mållag (Dagbl.13.10.), er så grov i munnbruken og vil «skyta ned mediafiguren Vinje som professor og språk-ekspert», gjelder det for meg å handle mens det ennå er liv.
. Les svaret i Dagbladet.

Lagt ut 17.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kvelden då folkemusikken kuppa operaen

Sondre Bratland seier at folkemusikken vart markert på ein svært gledeleg og tydeleg måte, med folkemusikkversjonen av «Tryllefløyta» - Eg er glad for at nynorsk får innpass i eit offentleg rom som scena på Den Norske Opera.Les meir i Varden.no.

Lagt ut 15.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Grått for nynorsken

Den avtroppande regjeringa vil ha to nye stillingar i Språkrådet som skal fronta nynorsk. Men dette blir for magert, meiner Nynorsk kultursentrum. TV2.no. les pressemeldinga frå Nynorsk kultursentrum her.

Lagt ut 14.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken treng ny regjering

Det siste framlegget til statsbudsjettet frå Bondevik-regjeringa inneheld ikkje det nødvendige lyftet for nynorsken. Dette lyftet vonar Noregs Mållag at den nye regjeringa er klar til å gje. Les pressemeldinga hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 14.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Stavanger 2008 får kjeft for engelske prosjektnamn

Kvifor snakke om prosjekt som «Sounds from the Cathedral», «Neighbourhood Secrets» eller «The Arts of hospitality»? Reint jåleri eller eit utslag av globaliseringa spør Stavanger Aftenblad om kulturbyen Stavanger.

- Engelsk meir presist, seier Nils Henrik Asheim.

- Berre vås, svarar Sylfesten.

Lagt ut 13.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

God regjeringsplatform for nynorsken

Regjeringserklæringa frå dei raud-grøne er lagt fram, og det ser bra ut for nynorsken. Mellom anna seier regjeringa fylgjande:
Norge er et lite språkområde, og det norske språket er under konstant press. Det er behov for en offensiv språkpolitikk, slik at norsk forblir det foretrukne språk i alle deler av norsk samfunnsliv. Skriftkulturen er bærebjelken i norsk samfunns- og kulturliv. Regjeringen vil peke på det verdifulle mangfoldet som ligger i det å ha to norske skriftkulturer. Nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskeligere vilkår. Det er derfor særlig viktig å sikre nynorsken gode utviklingsmuligheter.
I tillegg til dette skal nynorsk nettleksikon vera sikra og offentlege nettstader skal fylgja mållova! Heile platformen kan du lese hjå SV.


Fleire reaksjonar:

Lagt ut 13.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektpleie på dugnad

Valle Mållag pleier Valle- og Hylestad-dialekten på dugnad, og vil at ein ny nettstad skal hjelpa til med å halda dialekten levande. Les meir hjå NRK Sørlandet.

Lagt ut 13.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ivar Aasen takk skuldig

Ivar Aasen sitt utrulege arbeid lyser som aldri før. Han har ei stigande stjerne i mange land. Det skriv Hallgrim Berg i Hallingdølen i dag.

Lagt ut 13.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vinje over streken

- Quisling skreiv utelukkande bokmål, og ingen ting tyder på at han hadde noko til overs for nynorsk. Det skriv Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, som svar på Finn Erik Vinje sin kronikk. Les meir hjå Dagbladet.

Lagt ut 13.10.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- Lettare å seie «I love you»

- For mange ungdomar kan det vere meir naturleg å uttrykkje seg på engelsk enn norsk, skriv Stavanger Aftenblad.

Liknande - og endå meir idiotiske utsegner - kan du òg lese i språkdebatten i avisa.

Lagt ut 13.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Heikki heikki er her att

Han var ein av åtte som skreiv i «Åtte fra Bergen» i 1969. No er heikki heikki tilbake med noko han kallar fliser, og dei er sjølvsagt på nynorsk: «Nynorsk er norsk. Og bokmål er fornorsket dansk. Jeg skriver på norsk. Så enkelt er det». Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 12.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nobelkandidat

Nobel-komiteen har skaffa seg bøkene til Jon Fosse og vurderer han til Nobelprisen i litteratur. Det skriv Dagbladet.no.

Lagt ut 12.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålsforsøket i Oslo

Siste utgåva av Språknytt skriv professor Kjell Lars Berge om Sidemålsforsøket i Oslo og forskingsmiljøa. Bladet og teksten kan du lasta ned hjå Språkrådet.

Lagt ut 12.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Frå luring til fersking

Odd Nordstoga hadde lagt skodespelarambisjonane på hylla. So fekk han tilbod om den perfekte rolla i folkemusikkversjonen av Mozarts opera "Tryllefløyta". Les saka i Oslopuls.

Lagt ut 11.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fana Mållag i harnisk

No har kultursjefen for Fana og Ytre bygda greidd å omsetja ein tekst frå Fana mållag til bokmål og deretter prenta han i programmet for kulturdagane 2005. Les kva mållaget og kommunen har å seia til dette i Fanaposten.

Lagt ut 11.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vonar å slå gjennom på nynorsk

Ho har gjeve ut fire romanar på bokmål. No legg Marita Liabø (34) siste hand på den femte - den kjem på nynorsk. - Det blei litt feil, bokmål er liksom ikkje meg, seier forfattaren frå Førde til Firdaposten.

Lagt ut 10.10.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Sting på nynorsk

- Nynorsk er ei veldig sangbar målform, som uttrykkjer kjensler godt. Bokmål er meir eigna til å betale rekningar i nettbanken og sånt. Dessutan trur eg Sting ville ha skrive på nynorsk om han hadde budd i Noreg, seier Kjell Inge Torgersen, som skal spele inn 11 Sting-songar i norsk språkdrakt på Utstein kloster. Les meir hjå Aftenbladet.

Lagt ut 10.10.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk er ikkje berre vestlandsk

- Bjørn Kristen Ørbæk frå «Norsk Språkforening» gjekk i Finnmark Dagblad 14.09. ut med eit sterkt forsvar for dialektane. Eg er heilt einig i at dialektane har ein stor verdi som må takast vare på mot det sterke presset mot språkleg einsretting, skriv Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag i Nordlys.

Lagt ut 10.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vinje blæs liv i Brennbart-ordskiftet

Finn-Erik Vinje fornektar seg ikkje; i ein kronikk i Dagbladet i dag slengjer han på nytt ut tvilsame påstandar om NS og nynorsken. Språkprofessoren skriv m.a.

Mange i NS betraktet Gulbrand Lunde som en fordekt målmann, og ikke uten grunn. Særlig fordekt var hans nynorsksympatier for øvrig ikke. Iblant - ved høytidelige anledninger - snakket han nynorsk, og naturligvis en arkaisk, klassisk nynorsk. Språket skulle være høynorsk, det skulle bygge på det gammelnorske.

Les heile kronikken i Dagbladet.

Lagt ut 8.10.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

UiO lovar meir nynorsk på nettsidene

Studieinformasjon på nettet skal i større grad enn i dag vera på nynorsk. Det er eitt av tiltaka UiO vil setja i verk for å få opp nynorskprosenten, skriv Uniforum, avisa til UiO.

Les brevet: Les heile brevet frå UiO til Språkrådet (PDF).

Lagt ut 7.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Firhendig forfattarskap

Radio Røynde-karane Tokvam og Folgerø har brukt fire hender på tastaturet og no kome ut med boka «Tyl». Og forsyne meg slo dei ikkje ut Frode Grytten på Boktoppen denne veka. Les alt om vågestykket i Bergens Tidende.

Lagt ut 6.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ja til rock på norsk!

I eit norsk rockmuseum må rock på norsk få ein framtredande plass, skriv Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom, i eit lesarbrev som m.a. er publisert i Grannar.

Lagt ut 6.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

St. Olav til Fosse

Jon Fosse, foto: Bergens TidendeForfattaren og dramatikaren Jon Fosse (46) er utnemnd til kommandør av den kongelege norske St. Olavs Orden. Ordenen får han fyrst og fremst for teaterstykkar han har skrive og som vert spela over heile verda. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 5.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Seine med nynorsksvar

Sandnes kommune har ikkje svara Fylkesmannen i rett tid om korleis dei organiserer læringa i norsk hovudmål ved Bogafjell, Ganddal og Lura skular. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 5.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ungt teiknetalent med ny serie

Fonna Forlag har stått opp frå dvalen, og kjem med ein ny teikneserie: "3 Chicks"! Serien blir presentert på teikneseriefestivalen "Raptus" i Bergen. Les meir hjå Neste klikk.

Lagt ut 5.10.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Songbok til dei minste

Ordførar Olav Tho delte i går ut «Songbok for deg og meg» til alle nyfødde i Hjartdal kommune. Kommunen har bestemt seg for å markera kvar einaste nye innbyggjar, anten dei er nyføddw eller flytter til bygdekommunen. Les meir i Telemarksavisa.

Lagt ut 4.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Tverrfagleg nynorsk for bokmålselevar

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa set i gang fleire forsøk med å bruka lærebøker på nynorsk for elevar som har bokmål som hovudmål. Fem vidaregåande skular og to ungdomsskular har fått støtte til å setja i gang forsøk for å styrkja nynorskopplæringa i undervisninga utanom norskfaget. Les meir hjå Nynorsksenteret.

Lagt ut 4.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kamp for nynorsk som mediespråk

- Eg vil påstå at den liberale språkpolitikken til Bergens Tidende har vore viktigare for nynorsken enn noko anna dei siste femti åra, sa Olav Kobbeltveit under 50-årsjubileet til Kringkastingsringen, fortel ABC Startsida.

Lagt ut 4.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Firda med barnestoff på bokmål

I helga lanserte avisa Firda ei ny barneside på bokmål. Firda reklamerer med at dei er verdas største nynorskavis, og Maria Brosvik i Firda Målungdom seier til NRK Sogn og Fjordane at ho er skuffa over at dei yngste lesarane får stoff på bokmål.

Lagt ut 4.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Får vi IKEA på nynorsk?

IKEA opnar no den fyrste tospråklege butikken sin i Sverige, med skilting på både svensk og finsk, fortel Eurolang. Når får vi skilting på både nynorsk og bokmål i Noreg?

Lagt ut 4.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vil straffe språkverstingar i staten

Direktøren for Nynorsk kultursentrum i Volda, Ottar Grepstad, krev no tiltak mot statlege leiarar som neglisjerer pålegg frå Stortinget om målbruk, skriv Bergens Tidende.

Lagt ut 4.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorsk blir eit vestlandsspråk

«Nynorsk er i ferd med å bli endå meir av eit vestlandsspråk og eit språk for kulturliv og offentleg administrasjon». Dette skriv Knut Olav Åmås - på nynorsk i Aftenposten - etter å ha lese Nynorsk faktabok. Heile saka les du i Aftenposten.

Lagt ut 3.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Irske politimenn slepp «sidemålseksamen»

Til no har irske politimenn måtte teke ein eksamen i irsk før dei kunne starte i tenesta. I ein ny kampanje for å få fleire poitimenn slakkar no «Garda» av på krava, skriv Eurolang.

Lagt ut 2.10.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk redaktørpris til Nationen

Mediemållaget har delt ut Nynorsk redaktørpris 2005 til Tove Lie, sjefsredaktør i Nationen. Avisa har gjennom fleire år drivi ein aktiv politikk for å få nynorsk i avisa, og avisa har støtta nynorsken både prinsipielt og gjennom praktisk bruk. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 1.10.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk, månefiskar og høgretaktikk

Stephen Walton skriv mellom anna om partidyr, aktivt språkdrap og Høgre sin taktikken for å svekkja nynorsken ved å opna for valfritt sidemål og statusmessig degradering, og å skuva heile ansvaret for framtida til språket over nynorskelevane i Dag og Tid i dag.

Lagt ut 1.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skjerp dykk, Dagsavisen!

Dagsavisen gav sist veke spalteplass til ein av landets mest rabiate nynorskmotstandarar, Finn-Erik Vinje. Resultatet vert mellom anna slik: «På lengre sikt er nok nynorskens dager talte» Det skriv leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Myking og oppmodar avisa om å leita fram seriøse intervjuobjekt i framtida. Les meir i Dagsavisen.no.

Lagt ut 1.10.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen