nynorsk.no

24.3.2017

Arkivet for
nynorsk.no: november 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Vann med Jorun-effekten

Elevar ved Vennesla vidaregåande skule vann Holbergprisen for studie av eigen dialekt, skriv Fædrelandsvennen.

Lagt ut 30.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Enklare på nett

Moderniseringsdepartementet opnar MiSide på nyåret. Med din eigen ElektroniskeID kan du mellom anna søkja om fastrente hos Lånekassen. Les meir om denne sida, som kjem i nynorskutgåve, på Forbruker.no.

Lagt ut 30.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Strilameisterskap

Kor god er du i strilamål? Vel, det kan du finna ut om du tek testen Bergens Tidende har lagt ut på nettsidene sine!

Lagt ut 29.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Blåmann klarer seg bra trass ny bokavtale

- Låg pris har aldri vore det viktigaste for våre medlemer, forklarer Erle Stokke i Blåmann barnebokklubb til Bok og Samfunn. Blåmann klarer seg langt betre enn andre bokklubbar under den nye bokbransjeavtalen.

Kjenner du ein unge som bør lese meir nynorsk? Blåmann barnebokklubb er svaret!

Lagt ut 29.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Morsmålsopplæring - eit offentleg andsvar

Språkrådet har i den nye innstillinga si, «Norsk i hundre! ? Strategiar for vern om norsk i globaliseringa si tid», definert retten til morsmål som grunnleggjande saman med retten til nasjonalspråk og retten til framandspråk. Dette er Norsk Målungdom glade for. Les meir på nettsidene til Noregs Mållag.

Lagt ut 29.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

100% portoauke

- Me forventar at dei raud-grøne gjer valkampløfta om satsing på organisasjonslivet til røyndom! seier Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom. Kravet kjem som fylgje av at Posten aukar portosatsane, noko som vil føra til 100% portoauke for organisasjonen. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 29.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Døden i Odda

«Flytande bjørn» av Frode Grytten frå strålande kritikkar i Aktuell. Det er likevel omtala av nynorsken i artikkelen som er det mest oppløftande:

Grytten skriver altså på det vakreste og mest poetiske skriftspråket vi har her i landet: nynorsk. Måtte Gud fordømme den skoleelev som får anledning til å velge bort nynorsken!

Lagt ut 29.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Eva laga eigen opera

Steinkjerjenta Eva Holm Foosnæs (22) har laga sin eigen opera - på nynorsk. I neste veke syner Trøndelag Teater operaen. Les meir hjå Trøndeavisa.

Lagt ut 29.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

«Ein revolusjonær kamp for målselvdialekta»

- Ingerid Stenvold er den fyrste i NRK-historia som får snakke dialekt i riksdekkjande nyhendesendingar, skriv avisa Nye Troms i eit portrettintervju med sportsankeret.

Sjølv om dette nok ikkje er heilt sant, er dialektintervjuet godt!

Lagt ut 28.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Krosstog for «løye»

- Eg har tenkt å starte eit krosstog for å få ordet «løye» (= morosamt, merkeleg) inn i det norske språket, seier Stavanger-forfattaren Tore Renberg.

Stavangeravisene er positive til å ta i bruk lokale uttrykk i språket:

- Vi er ikkje framande for at vi i takt med utviklinga kunne tenkje oss å ta i bruk nokre av dei typiske Stavanger-uttrykka i spaltene våre, seier sjefredaktør Harald Minge i Rogalands Avis. Les meir her.


Løye ER med i norsk skriftskpråk
Løye er sjølvsagt, til liks med andre gode norske ord frå heile landet, med i nynorskordlista. Det skriv Arild Torvund Olsen i dag på nettsidene til Rogalands Avis.

Lagt ut 26.11.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Lær skandinavisk med DR

Danmarks Radio har lansert ei ny nettside om dei skandinaviske språka i samarbeid med Nordisk Ministerråd:

Hvad har svensk, norsk og dansk med hinanden at gøre? Alt. Og hip hop binder dem sammen.
Sidene er vel verd ein titt! Sjekk ut dr.dk/nordisksprog.

Lagt ut 25.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk «Chess»-premiere på Bømlo

Neste sommar vert musikalen Chess spela for fyrste gong i Noreg. Og til og med på nynorsk. Dette skjel sjølvsagt i Moster Amfi. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 24.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vestlendingane held godt på dialekten

Vestlendingane held godt på dialekten sin og let seg ikkje prega av bergensk i same grad som folk på Austlandet tek opp i seg trekk frå Oslo-talemålet. Det seier Gunnstein Akselberg til Firda.no.

Lagt ut 24.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Look to Norway

Det sardinske språket har ikkje greidd å koma fram til ei standardform som er godteken av brukarane. I dag to ulike ortografiske system i bruk, og båe møter motstand av di dei ikkje greier å syna att dei ulike språkvarietetane som vert nytta på øya. No ser dei til Noreg. Les meir om dette på Eurolang.net.

Lagt ut 22.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bokkveld med Åshild Ulstrup

Torsdag 24. november kl. 19.00 vert det bokkveld i kantina på Rådhuset i Rosendal. Kvelden tek utgangspunkt i boka Hundre pluss som Åshild Ulstrup har skrive. Innhaldet er frå samtalar ho hatt med informantar som minnast tida kring 1905. Rosendal bokhandel vert med på bokkvelden med informasjon og sal av nye og aktuelle nynorskbøker.

Lagt ut 21.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Morsmålet i globalt perspektiv

Martin Skjekkeland, professor i nordisk språkvitskap Høgskulen i Agder er redd at fridomen og mangelen på kvantifisering i den nye læreplanen, L-2006, kan føra til at emne som er viktige for språkleg identitet, fell ut, til dømes innføringa i den nynorske skriftkulturen. Les heile saka i Fædrelandsvennen.no.

Lagt ut 21.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Er det grunn til å forby nynorsk?

Leiarteigen i «Journalisten» er forsiktig positiv til kravet om å oppheve nynorskforbodet i riksavisene, og skriv mellom anna:

I en tid da skoleungdom brenner nynorskbøkene sine i protest, må vel heller vi som er opptatt av ytringsfrihet svare med å vise språklig toleranse. Redaktører mot nynorsk kaster dessverre bensin på bokbålene.

Les heile leiarteigen i Journalisten.

Lagt ut 19.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Eli Bergsvik fekk Målkipo

Då Sotra Mållag delte ut Målkipo denne gongen, gjekk prisen til ei smålåten Eli Bergsvik, rektor ved Høgkulen i Bergen. Les heile saka frå Vestnytt.

-Eg vart overraska då eg fekk prisen på sundag. Det var uventa og kan hende litt ufortent, seier Eli Bergsvik smålåte, men munnvikane trekkjer på eit lite smil.

Då ho fekk Målkipo på sundag, fekk ho også ein historisk pris. For første gong gjekk prisen til ei kvinne.

-Det var på tide. Det finst mange gode kvinnelege kandidatar. Men kjønn har heller ikkje vore eit kriterium, utdelinga har gått på person, seier Bergsvik til sitt forsvar for sitt eige mållag.

Rektor og politikar

For Eli Bergsvik har vore både leiar og styremedlem i Sotra Mållag i ei årrekkje, sjølv om det er ei stund sidan no.

- Ho har gjort ein kjempejobb for nynorsken, seier Karstein Bjørge, leiaren i mållaget.

Bjørge presiserer likevel at det ikkje er for virket i mållaget ho no får prisen. Det er snarare for innsatsen som medviten nynorsk språkbrukar både i yrkeslivet - som høgskulelektor og høgskulerektor, og i politikken for SV på kommune- og fylkesnivå.

I grunngjevinga frå mållaget står det å lese at ho har «alltid målbore nynorsken på ein framragande måte både i skrift- og talemål». Og vidare at ho har «profilert nynorsken i rein og usminka form» både i media og i den offentlege debatten.

Alminneleg rektorkontor

Me skal møte prisvinnaren på arbeidsplassen inne i byen. Innaføre hovudinngangen på høgskulen kjem ei kvinne mot oss. Korrekt i svart dress og ei raud skjorte, eit stort smil og ei varm hand som strekkjer seg ut for å helse på.

For to år sidan gjekk Eli Bergsvik frå mangeårig lærarvirke på Høgskolen i Bergen til rektorstillinga same stad.

Me følgjer etter opp på rektorkontoret. Rektoren orsakar rotet, men det romslege kontoret avslører ikkje meir enn ein kontorpult overlessa av kvardagslege og heilt alminnelege papirhaugar, slik det hopar seg opp på så mange andre kontor kringom i landet.

Språk og identitet

Kvifor er nynorsken viktig for deg? byrjer me.

- Eg snakkar dialekt og skriv nynorsk, den målforma eg i folkeskulen fekk opplæring i. Språket er knytt til identiteten min, svarar Bergsvik enkelt og greitt.

Kombinasjonen av språk og identitet gjer at val av målform er eit kjensleladd tema.

- Målforma er knytt til identitet og noko personleg. Difor kan åtak på nynorsken, som harselas og latterleggjering, takast ille opp, det kan opplevast som krenkande, seier Bergsvik.

Medvitne språkbrukarar

Eli Bergsvik tilhøyrer ikkje dei som trur at det norske språket som heilskap vil forsvinne i framtida, ettersom engelsken trengjer seg på frå alle kantar. Ho trur at ein i Noreg er så medviten om språket at det vil verte teke vare på.

- Det er uansett noko som ikkje gjev seg sjølv. For at språket skal overleve, må ein ha ei medviten haldning til språket både i tale og skrift.

Og det er her mållaget kjem inn. Ho meiner mållaget speler ei viktig rolle for at nynorsken skal overleve. Ei viktig rolle i form av ei vaktbikkje, og som ein motkultur.

Ungdom med bymål

Sotra Mållag har for få medlemmer til å vere i ein nynorsk region særleg der dialekten og målforma er truga, seier ho og skulle ynskje ein kunne rekruttere fleire unge til mållaget.

Når ho som god sosialist tek bussen heimover, lytter ho til ungdomane som pratar seg i mellom. Sjølv om bussen har passert brua, hender det at ho undrar seg over om dei faktisk har kome heim til strilelandet. Ungdomane pratar ikkje lenger strilemål.

- For ungdomar er det kan hende meir status med bymålet, men mange ungdomar kan begge dialektene, og nyttar dei i ulike høve, seier Bergsvik.

Stolt av strilen

Ho er innflytta nordhordlending, og like fullt stolt av strilen. Og dei seinare åra har ho merka seg ei endring i det å vere stril.

- Dei seinare åra har strilekulturen fått eit løft. Det er eit nytt, meir positivt syn på det å høyre til ein region der strilen og strilemålet høyrer til. Det har vorte eit større medvit om det verdfulle i kulturarven frå kysten, seier ho og viser til arrangement som torgdagane i Bergen, og ikkje minst Strilesoga som gjev det å vere stril ei ny meining, noko å vere stolt av.

-Gudrun Sylte

Lagt ut 18.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Aasen-bjørka sagd ned

Aasen-bjørka
Aasen-bjørka i Aasentunet vart hardt skadd i ein storm i vinter. I går vart dei siste restane sagd ned, melder NRK Møre og Romsdal (Nett-TV).

Sjå bilete av Aasen-bjørka gjennom 100 år hjå Aasentunet.

Lagt ut 17.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Lyser etter senterleiar

Kunne du tenkt deg å leia arbeidet ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa? Stillinga som senterleiar er no lyst ut. Les meir om dette på nettsidene til Høgskulen i Volda.

Lagt ut 17.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Om drit av alle ting

- Her ein kveld var eg sliten og grå. Så opna eg magasinet Kraftsentrum, dei unge nynorsk- og bergensforfattarane Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen si nye kraftsalve. Av alle ting handlar det om drit. Dette skriv Maria Børja, på nynorsk, om Kraftsentrum i Dagbladet.no.

Lagt ut 17.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny bibelomsetjing lansert

Den nye bibelomsetjinga er lansert. Bibelselskapet seier (t.d. i Dagen) at noko av grunngjevinga er at barn og barnebarn skal skjøne teksta. For nynorsken vil det t.d. seie at ein ikkje skal forlate sine skuldmenn lenger, ein skal tilgje sine skuldnarar. Du kan lesa den nye omsetjinga på www.bibelen.no.

Lagt ut 17.11.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Vill språkkamp på bandy-banen

Spelarane frå Kautokeino vart nekta å snakke samisk seg i mellom under ein innebandykamp i Hammerfest, fortel Altaposten og Neste Klikk.

Lagt ut 16.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

«Hjartet mitt brenn»

nynorsk.no har tidlegare skrive svært rosande omtaler av nynorsk-bandet Rammsund som syng coverlåtar av det tyske hardrockbandet Rammstein.

No har Neste klikk òg oppdaga gutane, og har ein lang artikkel om bandet: Tung tysk hardrock på nynorsk.

Lyst å høyre låtane? Gå til heimesidene til Rammsund.

Lagt ut 16.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Universitetsstøtte til Garborg-senter

Universitetet i Stavanger vil bidra til at Garborgsenteret vert realisert. Det var konklusjonen etter eit møte mellom Universitetet i Stavanger, Time Mållag og Jærmuséet på måndag, skriv Jærbladet.

Lagt ut 16.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis Florø barneskole

Bokmål fekk flest røyster då folket i Florø sentrum skulle velja skriftspråk for barneskulen. Les meir i Sogn avis.

Lagt ut 15.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Borghild Løver tilsett i Mållaga på Agder

Mållaga på Agder har tilsett Borghild Løver (38) frå Sør-Audnedal som konsulent i 50 % frå 1. januar 2006. Les meir på sidene til Mållaga på Agder.

Lagt ut 14.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

VG-redaktør imponert over Mållaget

- Eg er veldig imponert over kampanjen til Noregs Mållag, seier VG-redaktør Bernt Olufsen til Journalisten og DN.

Kampanjen «Slepp nynorsken til» har samla inn 36.000 underskrifter med krav om å oppheve nynorskforbodet i Dagbladet og VG.

Trass i alle underskriftene, vel VG å sjå bort frå folkekravet, skriv Neste klikk. Dagens næringsliv dekkjer òg saka.

Lagt ut 14.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Bryt mållova, men får skryt av mållaget

Universitetet i Tromsø bryt framleis mållova, men prøver å bli betre: No er 25 prosent av skiltinga på universitetet nynorsk, og då vankar det diplom frå Tromsø Mållag, skriv Radio Tromsø.

Lagt ut 14.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Folkerøysting om målform ved Florø barneskole

Dei aller fleste elevane ved Florø barneskole nyttar nynorsk, men skulen har likevel status som bokmålsskule. Måndag blir det folkerøysting om målforma ved skulen, skriv Firda.

Lagt ut 11.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Årets beste budsjettkommentar

Me vil alltid klaga og kyta
at det ganga so seint og so smått;
nei, me vil ikkje slutta å tyta
me vil byggja so mangt og so flott.

Dei fleste klagar over framlegget till statsbudsjettet. Jernbaneverket klagar ikkje: Dei feirar heller budsjettframlegget med Aasen-inspirerte dikt og nynorsk jubel. Les heile diktet frå Jernbaneverket hjå Teknisk vekeblad.

Lagt ut 11.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Forsvarer fornyings-namnet

Heidi Grande Røys har vore på nettmøte hjå Aftenposten, og svarte m.a. på spørsmål om ikkje namnet på Fornyingsdepartementet var for nynorsk. Sjå nettmøtet i Aftenposten.

Lagt ut 11.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Full fest for Telemark Tidend

Telemark Tidend fyller 60 år, og markerer dagen med magasin og konsert, skriv mor-avisa Varden.

Telemark Tidend vart starta av Mållaget Dag i 1945 og er i dag eit fast bilag i Varden. Redaksjonen hevdar sjølv at dei er den største nynorskavisa i Noreg!

Lagt ut 10.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Lysta ved språket

- Det er få tema som vekkjer så sterke kjensler i dette landet som språksituasjonen. Eller for å vera heilt konkret: eksistensen av nynorsk, skriv Knut Olav Åmås i leiarteigen i Samtiden 4-2005.

Lagt ut 10.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

1,5 millionar til leksikon

Regjeringa Stoltenberg føreslår å løyva 1,5 millionar kr til eit allment nynorsk leksikon på Internett i 2006! Les meir på Nynorsk kultursentrum eller i statsbudsjettet.

Lagt ut 10.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Jubileumsgåve frå Regjeringa

Regjeringa har lagt fram endringane sine til statsbudsjettet, og der har dei gjeve Noregs Mållag ei jubileumsgåve på 500.000 kroner! Nynorsk.no takkar og neier!

Sjå punktet om Noregs Mållag i statsbudsjettet.

Lagt ut 10.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Meir pengar til Norsk ordbok enn til Riksmålsordboka

Norsk Ordbok for dialekt og nynorsk får ti gongar så mykje i statstønad som Riksmålsordboka. Tor Guttu, som åleine lagar ei ny utvida utgåve av Riksmålsordboka, og som får 1 million i året til det, opplever dette som urettvist. Les meir om dette underlege utspelet på NRK.no.

Lagt ut 9.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høgskulen i Telemark bryt mållova

Høgskolen i Telemark (HiT) er på kollisjonskurs med mållova. I fjor hadde denne utdanningsinstitusjonen berre ti prosent av den trykte informasjonen på nynorsk, medan kravet er 25 prosent. Les meir i Varden.

Lagt ut 9.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målblome til Monica Mæland og Herman Friele!

Noregs Mållag har gjeve målblome til ordførar Herman Friele og byrådsleiar Monica Mæland, etter at bystyret vedtok å opna for bruk av nynorsk i forvaltninga. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 8.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nettstad­kåring

Nettstaden til Miljøvern­departementet, Universell utforming, er kåra til den mest til­gjengelege av 70 offentlege nett­stader, men det finst ikkje nynorsk på sidene. Statens lånekasse oppfyller språkkrava og er kåra til årets statlege nettstad. Det er Noreg.no og Kommunal rapport som deler ut prisen. Les meir i Computer­world.no. Språkrådet gratulerer Lånekassen med utmerkinga. Lånekassen som ein av dei få nettstadene som faktisk har nok nynorsk på sidene sine.

Lagt ut 7.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mors og fars historie

Edvard Hoem er komen ut med ny bok, og denne går inn i ei trend av romanar bygd på verkelege personar. Tom Egil Hverven, som har meldt boka i NRK, meiner romanen er dristig og god. Boka heiter kort og godt "Mors og fars historie". Les meir på NRK.no.

Lagt ut 7.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk frasesamling

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har samla ein del nynorske frasar til bruk i resonnerande/drøftande fagtekstar. Interessert i å å skriva eit betre nynorsk fagspråk? Frasesamlinga finn du på nettsidene til Nynorsksenteret.

Lagt ut 7.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vart morosam på nynorsk

Etter fire bøker på bokmål har Marita Liabø konvertert til nynorsk. Det har gjort forfattaren frå Førde mindre ordrik og beint fram humoristisk. Les meir i Nationen.

Lagt ut 7.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sudanarar i språkstrid

Sudanske flyktningar i Gjemnes har ufriviljug vortne innblanda i noko så heilnorsk som ein språkdebatt, skriv Romsdals budstikke. Borna lærer nynorsk, medan foreldra må læra bokmål.

Lagt ut 7.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

To språk

Kunnskapsminister Øystein Djupedal (SV) har gjeve utdanningsbyråd i Oslo, Torger Ødegaard, ei lissepasning ved å reversera stortingsvedtaket om to obligatoriske språk i ungdomsskulen, skriv Dagbladet.no.

Lagt ut 6.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lite nynorsk i høgare utdanning

I Noreg har me om lag 40 universitet og høgskular. Berre fem av dei oppfylde i 2004 kravet om ein nynorskdel på 25%. Universitetet i Bergen er av dei beste, Høgskolen i Østfold er ein av verstingane. Les meir på Neste klikk.no.

Lagt ut 4.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kviss for språknerdar

Sylfest Lomheim, Helen Uri og Per Egil Hegge har laga kvissbok «Quizleis», om språk. Ideen til boka fikk dei ein kveld på Smuget i vinter, då dei hadde regien på ein quizkveld om norsk språk. Den kvelden sto folk i kø utenfor for å vera med. Les meir i Bergensavisen.

Lagt ut 3.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Avisene må styra språket sjølve

Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske ynskje ikkje å innføra lover og reglar for å sikra nynorsken plass i avisspaltene. - Dette må vera ei utvikling som avisene styrer sjølve. les heile saka i Bergens Tidende.

Lagt ut 3.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Måtte omsetja fjellmatbok til bokmål

Ihuga nynorskfolk i Vest-Telemark blei vonbrotne då dei oppdaga at Bodil Nordjore si bok «Bodils fjellmat» er skriven på bokmål. Forfattaren seier ho i det opphavlege manuskriptet nytta nynorsk, men at forlaget i Oslo ville ha bokmål for å nå ut til fleire lesarar. Les meir i Vest-Telemark Blad.

Lagt ut 3.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Regjeringa varslar kompensasjonar

Posten aukar avisportoen monaleg frå årsskiftet og regjeringa vil hjelpa avisene i Dag og Tid-klassen. - Meldinga herifrå er at regjeringa ønskjer å treffe tiltak som avbøter konsekvensane for dei mest utsette avisene, seier Steinulf Tungesvik, statssekretær i Samferdsledepartementet. Les meir i Nationen.

Lagt ut 3.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gigantisk portoauke for Dag og Tid

Posten har auka portoen og med ein avisdag i veka, eit opplag på vel 7000 og tingarar over heile landet, går dette hardt utover Dag og Tid, psom å lik line med Ny Tid og Morgenbladet, er ei avisgruppe som blir ekstra hardt ramma av portoauken til Posten. Les meir i Nationen.no.

Lagt ut 2.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

I hundre for dikt - og litt nynorsk

Dagbladet og Orkla forlag inviterte i vår lesarane til å kåra hundre yndlinggdikt. Mellom desse dikta er det sjølvsagt mange dikt på nynorsk. No har dei intervjua nokre av dei som bidrog - og sist i artikkelen slepper nynorsken til! Sjå meir på Dagbladet.no.

Lagt ut 2.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil endra haldningar

Ved å nytta sidemålet i andre fag enn norsk, skal aksepten og kunnskapen for nynorsk aukast. Torsdag held Nordmøre Mållag seminar om emnet på Tingvoll. Les meir i Tidens krav.

Lagt ut 2.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målmann med mange ballar i lufta

Steinulf Tungesvik har hatt mange ballar i lufta, men no sig lufta ut av eit par av dei. Denne veka pakka han kontoret i Kluge advokatfirma og sa frå seg leiarvervet i Noregs Mållag. No blir han politikar på heiltid. Les meir i Dag og Tid.

Lagt ut 1.11.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Aprilspøken blir verkeleg

- Røyndom kan overgå fantasi; som når Språkrådet gjer aprilspøken til Dagsavisen til eige alvor, og tek til orde for tvungen bruk av nynorsk i avisene, skriv Dagsavisen i dag.

Bergensavisa skriv òg om «moms og nynorsk»-saka i ein svært famlande leiarteig i dag.

Lagt ut 1.11.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mars

  • 1868 Mållaget og forlaget Det Norske Samlaget vart skipa

27. mars

  • 1848 Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik

6. april

  • 1818 Aasmund Olavsson Vinje vart fødd
  • 1857 Per Sivle vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen