nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: desember 2005

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Jubileumsfrimerket lansert

Det har lenge vori klart at Posten kjem med eit jubileumsfrimerke til 100-årsjubileet til Noregs Mållag. No er merket lansert, du kan lesa meir hjå Posten.

Lagt ut 30.12.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

«Bikubesong» set norsk rekord

Teaterframsyninga «Bikubesong», på Det Norske Teatret i Oslo, skaper historie. Framsyninga, som er basert på romanen til Frode Grytten, kan verta den mest spela nyskrivne samtidsdramatiske teaterframsyninga for vaksne i nyare tid. Les meir på NRK.no Kultur.

Lagt ut 29.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ivar Eskeland er død

Målmannen, forfattaren, litteraturkritikaren og kåsøren Ivar Eskeland gjekk vekk veslejulaftan, 78 år gamal. Eskeland har mellom anna vore leiar og storskrivar i Noregs Mållag og i 1998 vart han utnemnd til heiderslagsmedlem. Me lyser fred over minnet hans. Du kan lesa meir om Eskaland i Bergens Tidende, på NRK.no og på VG.no.

Lagt ut 26.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Juleknask frå Språkrådet

Medan ribba og pinnekjøtet godgjer seg i ovn og gryte, kan det alltid vere godt å korte ned ventetida med nokre saftige julenøtter. Språkrådet har sjølvsagt tenkt på dette, så her er det berre å kaste seg ut i det.

Lagt ut 24.12.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

God jul!

Redaksjonen i nynorsk.no vil ynskja alle ei god jul!

Lagt ut 24.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Året sett frå innsida

«Eit år er gått, men var det godt for noko? Vi er ved eit skifte, eit årsskifte, som sender høgtid utover folket og får statsminister og konge til å kringkaste velvalde ord.» Tiril Rem ser med skråblikk på 2005 i dagens Dag og Tid.

Lagt ut 24.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt løft for kyrkjemusikken

Staten satsar sju millionar ekstra på kyrkjemusikk i år og neste år. Aasen-tunet skal mellom anna skipe til konkurranse om nye, nynorske feiringssalmar, skriv Bergens Tidende.

Les meir om konkurransen hjå Aasentunet.

Lagt ut 21.12.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Svenskan är så stark att den inte behöver försvaras

Sverige er eit av få europeiske land utan eit definert nasjonalspråk. No går debatten om språkpolitikken høgt i nabolandet.

Svenska Dagbladet har bode inn til debatt, i dag med innlegg frå kulturministeren.

Lagt ut 20.12.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kvasir med nynorsk parallellsøk

Nettsøkjeteneste Kvasir tilbyr no nynorsk synonymsøk frå Nynodata, skriv Dagens IT.

D.v.s. at dersom du søkjer på ordet begravelse, føreslår søkjemotoren at du skal utvide søkjet til òg å omfatte gravferd, gravlegging, jordfesting.

Lagt ut 17.12.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kulturdept.: - Tenesteplikt for leiarar å følgja opp mållova

Statlege leiarar har eit særleg ansvar for å følgja opp lov om målbruk i offentleg teneste. Regjeringa ventar no at alle med leiaransvar i staten gir eit klart og tydeleg signal internt i eigen organisasjon om at målbruksreglane skal etterlevast til punkt og prikke. Dette blir slått fast i ei stortingsmelding som passerte statsråd fredag, skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding.

Lagt ut 16.12.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskspråkleg integrering av vaksne innvandrarar?

Vaksne har ein individuell rett til å velja opplæringsmål. Fylkesmannen i Hordaland meiner at dersom valfridomen for vaksne innvandrarar skal vera reell, må opplæringstilboda i nynorsk og bokmål framstå som to likeverdige tilbod med omsyn til læremiddel og lærarkompetanse. Les meir hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Lagt ut 14.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Film om «Side Brok»?

Filmselskapet Aldeles AS, ved regissør Turid Rogne, søkjer offentleg støtte til ein dokumentarfilm om «Side Brok». Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 13.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skal engelsk bli Nordens språk?

- Svensk-undervisninga går tilbake i Finland, danskundervisninga på Island. I Noreg arbeider sterke krefter for å redusere opplæringa i nynorsk. Engelsk kommer inn. Alt dette fører til svekka nordisk språkkunnskap, skriv Åsulv Edland i Aftenposten.

Lagt ut 13.12.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kulaste nynorske nettstad?

Kari Traa har opna sin eigen nettstad, der ho mellom anna har nettbutikk med kleskolleksjonen sin. Ho fylgjer opp at ho var med på "Hald på nynorsken"-kampanjen for nokre år sidan, og har sjølvsagt sidene på nynorsk! Sjå karitraa.com.

Lagt ut 12.12.05 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Eige forum for nynorsk i skulen

Utdanningsdirektoratet har etablert eit forum for nynorsk i skulen, med deltaking frå mange av dei viktigaste institusjonane for nynorsk, skriv Nynorsk Pressekontor. Les meldinga hjå Neste Klikk.

Lagt ut 12.12.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

«Åt songa tå stjernom»

Jan Erik Vold har gått gjennom store mengder manuskript etter Kristofer Uppdal. Dikta er no samla i boka «Åt songa tå stjernom», som får svært god mottaking i Dagbladet.

Lagt ut 12.12.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kan vi tru Wikipedia?

Stadig fleire journalistar festar lit til eit leksikon som hevdar at Jens Stoltenberg er pedofil og at «marsdalismen» er ein sentral politisk ideologi, skriv Klassekampen.

Lagt ut 11.12.05 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ny bjørk i Aasentunet

Storebjørka i Aasentunet vart felt 16. november, men genetisk autentiske avleggjarar av bjørka er sikra og ny bjørk skal plantast under Dei nynorske festspela i 2006. Les meir hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 8.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Telemark fylke heidra Odd Nordstoga

Odd Nordstoga fekk kulturprisen frå Telemark fylke i går kveld. Les meir om prisen og prisvinnaren i Telemarksvisa.

Lagt ut 8.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Forum for nynorsk i skulen er skipa

Utdanningsdirektoratet har skipa eit forum for nynorsk i skulen med deltaking frå mange av dei viktigaste institusjonane for nynorsk, melder direktoratet. Les meir på Utdanning.ws.

Lagt ut 8.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Side Brok «ristar på raua» att

Årets nynorskbrukar frå i fjor er snart klar med det nye albumet «Kar me kjøme frå», som blir slept på nyåret. Les meir på Neste klikk.no.

Lagt ut 6.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Sjå bort frå folkerøysting

Foreldrearbeidsutvalet ved Florø Barneskole meiner politikarane må sjå bort frå folkerøystinga som gav eit fleirtal for bokmål på skulen. Les meir på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 6.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målmedveten bruk av nynorsk gav pris

Liv Lia har fått Nissedal Mållag sin målpris fordi ho i butikken sin, Tveitsund Blomar og Gåver, målmedvete nyttar nynorsk på plakatar og i lysingar. Les meir i Vest-Telemark blad.

Lagt ut 6.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fantasy på nynorsk er tingen

Elevar ved Karuss skule i Vågsbygd les no fantasy­litteratur so det står etter, sjølv om bøkene er omsette til nynorsk, seier lærar ved skulen.
Den store forfatteren i øyeblikekt er danske Lene Kaaberbøl. - Da vi oppdaget at hun ble oversatt til nynorsk, rev vi oss i håret. Hva gjør vi? Vi valgte å følge opp og opplever at bøkene hennes leses som varmt hvetebrød. Både svake og sterke elever fra 5. til 10. klasse leser i skjønn forening. Spenningen og magien driver dem. Denne litteraturen vil de ha, nynorsk eller ikke, sier hun.

Les heile saka i Fædrelandsvennen

.

Lagt ut 4.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kontorstøtteprogram i skulen skal finnast på begge målformer

Vanlege kontorstøtteprogram som blir brukte i skulen, skal finnast på begge målformer. Det er eitt av punkta i den reviderte forskrifta til opplæringslova som no er til høyring. Meldinga om dette er på finna på sidene til Språkrådet.

Lagt ut 4.12.05 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen