nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: januar 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Får ros for nytt slagord

Med slagordet «Mange røyster - felles mål» går Noregs Mållag inn i jubileumsåret. - Utmerka slagord, og vel så det, seier reklameguru Ingebrigt Steen Jensen. les meir i nationen.no.

Lagt ut 31.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ynskjer meir undervising på nynorsk

Noregs Mållag har i år hundreårsjubileum. No vil målfolket ha nynorsk tidlegare inn i skulen, og gjerne i andre fag enn norsk, skriv Utdanning.ws.

Lagt ut 30.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

For nynorsken i 100 år

Til helga blir det stor nynorskfest i hovudstaden. Det lovar daglege leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, som òg varslar ei framoverskodande jubileumsfeiring for Mållaget. Les meir på Klassekampen.no.

Lagt ut 30.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Jubilerer på 600.000 frimerke

Noregs Mållag fyller hundre og har fått eige frimerke. - Spesielt i jubileumsåret er det viktig å vere synleg på alle moglege område, seier dagleg leiar i Mållaget, Gro Morken Endresen. Les meir på Nationen.no.

Lagt ut 27.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målet mitt

«Redaktørar kan bruke redaktørplakaten til å dekke over sine eigne språklege fordommar og nekte nynorsk i mange aviser.» Dette skriv Magni Øvrebotn, leiar for Nynorsk mediesenter i spalta Nationen. Visste du at for 30 år sidan vart ho truga med oppseiing i same avisa av di ho skreiv nynorsk?

Lagt ut 26.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vinn PC i skrivetevling!

100-årsjubilanten Noregs Mållag skipar til skrivetevling for ungdom. To vinnarar får kvar sin berbare PC. Les om skrivetevlinga på Startsida.no.

Lagt ut 26.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil sjå bort frå bokmålsfleirtal i folkerøysting

Florø barneskole bør bli nynorskskule, meiner rådmannen i Flora, sjølv om bokmålet fekk eit lite fleirtal i ei folkerøysting om saka. Les heile saka på Firda.no.

Lagt ut 26.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

UiO bak mål

Universitetet i Oslo greier framleis ikkje å gje studentane eksamenar på nynorsk. Statsvitskapsstudent, Marianne Granheim Trøyflat, har skrive lesarbrev om dette i Universitas.no.

Lagt ut 25.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mange røyster - felles mål!

Laurdag 4. februar inviterer Noregs Mållag til jubileumskonferanse i Gamle Festsal på Karl Johan. Høyr Knut Kjeldstadli, Valgerd Svarstad Haugland, Aase Norunn Digernes, Oddmund L. Hoel, Jens Johan Hyvik, Ottar Grepstad med fleire diskutera fortid og framtid for norsk målreising i Noregs Mållag. Les programmet og meld deg på hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 23.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

«Ned til sol»

Erlend Sandem kom på tredjeplass i fjorårets nordiske dramatikartevling, og vert no sett opp på Det Norske Teatret. Oppsetjinga har fått mykje skryt, men språkdrakta i stykket har vorte lagt merke til:
Litt underlig er det også at forestillingen ikke spilles på nynorsk. Stykket er riktignok ikke skrevet for nynorskteatret, men til fjorårets nordiske dramatikerkonkurranse. «Ned til sol» fikk tredjeprisen og muligheten til å settes opp på et institusjonsteater, men det forhindrer ikke bruken av en nynorsk språkdrakt.
Dette skriv Oslopuls.no om språket i stykket.

Lagt ut 20.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Humørlause nynorskingar - del

Synnøve Midtbø Myking, leiar i NMU svarar i dag Kvalshaug i Nasjonen. Ho meiner han ikkje fekk med seg poenget med innlegget ho hadde på trykk i Nasjone tidlegare i veka: «Poenget var ganske enkelt dette: Om ein vil at nynorsk skal ha ein plass i Noreg, kjem ein ingen veg med å rakka ned på målrørsla. Rett og slett av di det er hennar forteneste at han finst. Inga målrørsle, ingen nynorsk. Frode Grytten og Are Kalvø kan i dag hausta fruktene av hundre års intensivt målarbeid.» Les meir i Nationen.

Lagt ut 20.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Rockar ved tradisjonane

I mange år har me snakka om bergensbylgja i norsk musikkliv. Kan me snakka om nynorskbylgja innanfor rock? I dag kan du lesa nok eit band som syng på nynorsk; Vandring. -Musikken er ei blanding av rock og elektronika. Tekstane fortel oss eventyr på nynorsk, skriv Bergens Tidende.

Lagt ut 19.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

100 år, like sur

- Mållaget rundar 100 år om to veker. I Nationen i går kom Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom, med eit utspel som gjer at nynorsken faktisk stoppar her. Nynorsk blir ikkje større eller meir populær og meir brukt om dette skal vere måten å svare skulelærarar og litteraturelskarar på. Dette skriv kulturansvarleg i Nationen, Vidar Kvalshaug i Nationen i dag. Les det opphavlege innlegget frå Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom.

Lagt ut 18.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Framtidas norskfag

Statssekretær Lisbet Rugtvedts opna konferansen Framtidas norskfag 12. janaur i år. I opningstala la ho mellom anna vekt på utfordringane for nynorsk som sidemål og stilde spørsmål om kvifor elevar byter skriftmål frå nynorsk til bokmål.

Les talen hjå Kunnskaps­departementet, eller last ned rapporten Framtidas norskfag - språk og kultur i eit fleirkulturelt samfunn.

Lagt ut 17.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Slutt med sytinga!

Norsk Målungdom har skrive lesarbrev, der dei oppmodar bokmålsfolk til å slutte å syte over bittelitt nynorsk i kvardagen. Brevet er m.a. prenta i Nordlys.

Lagt ut 16.1.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Boktips frå Sigmund Løvåsen

Sigmund debuterte på Samlaget i 2003 med boka «Nyryddinga». No er han attende, med romanen «Brakk».

Denne veka presenterer han dei fem favorittbøkene sine i Dagbladet. Sjå den overraskande og gode lista!

Lagt ut 16.1.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

111 fleire medlemer i SmiO!

Den store vervekampanjen til Studentmållaget i Oslo fungerte: Laget har no 371 medlemer, fleire enn på mange, mange år. Les meir hjå SmiO.

Lagt ut 15.1.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

«Mein Teil» = «Lemmen min», syng Rammstein

Dagsavisen skriv om rock på nynorsk i dag. Les artikkelen om Rammsund frå Dagsavisen.no her.

Lagt ut 13.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Motorpsycho på nynorsk

Det starta på eit nachspiel, då Anne Lise Frøkedal sat med kassagitaren og spontanoversette «Waiting For The One» til «Ventande på den eine». Les meir i Dagsavisen.no.

Lagt ut 13.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

På Bye-tur til Hjelmeland

Kristin Bringaker Kleppa (36) frå Årdal gav i fjor haust ut eit album som hylla Erik Bye på rogalandsdialekt. Nå skal ho til heimkommunen og spela frå plata. Les meir på Strandbuen.no.

Lagt ut 13.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Svenska dialektmysterier

SVT held fram serien Svenska dialektmysterier, skriv Dagens Nyheter i dag. Svenskane har blitt meir interesserte i eige språk og dialektar dei siste åra som fylgje av m.a. Svenska dialektmysterier og Värsta språket.

Lagt ut 12.1.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Røys får låna «MiSide.no»

Minister Heidi Grande Røys skal få lov å låna nettadressa miside.no i eit halvt år. Om nynorsken på nettsida er god nok, skal ministeren få ho til evig tid. Det lovar ordførar Jan Utkilen. Les meir i Vestnytt.no.

Lagt ut 12.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språk er ikkje ei einsam sak.

«I redselen for å bli mistolka kan vi rett og slett bli så engstelege at vi ikkje lenger tør å bruke vårt eige språk.» Dette skriv Nina Refseth i Nationen i dag.

Lagt ut 11.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhistorie i leksikon

I Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane har det no kome til historia om eit av dei eldste mållaga i landet: Norskelaget i Holmedal frå 1874. Les den fascinerande historia om Norskelaget i Askvoll.

Lagt ut 11.1.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Uppdal får 5 i VG

5Samlinga med etterlatne Kristoffer Uppdal-dikt, «Åt songa tå stjernom», redigert av Jan Erik Vold, får strålande kritkkkar i VG.

Lagt ut 10.1.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Må forhandle om «MiSide»

Fornyingsminister Heidi Grande Røys har kome for seint på bana og må no forhandle med Fjell kommune om å få rettane til domenenamnet «MiSide», skriv NRK Hordaland.

Lagt ut 10.1.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Strålande kritikkar for Anna Gavalda

Boka «Saman er ein mindre aleine» av Anna Gavalda, omsett frå fransk til nynorsk av Tove Bakke, får strålande kritkkar i Adresseavisa. Kanskje eit godt boktips i januarmørket?

Lagt ut 9.1.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Quizleis - spørjebok om språk

Helene Uri, Per Egil Hegge og Sylfest Lomheim har laga spørjebok om språk, og berre tittelen er lovande: Quizleis, skriv Vårt Land.

Veit du kva det tradisjonelle nynorskordet for dusin er? Eller kvifor det heiter brennevinsflaske med s, men vinflaske utan s?

Lagt ut 6.1.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Fjerde praktikantkullet på plass

Rekordmange søkjarar var inne til intervju då det fjerde kullet med nynorskpraktikantar skulle plukkast ut ved Nynorsk mediesenter i Førde. Dei nye praktikantane les du om på nettsidene til Nynorsk mediesenter.

Lagt ut 5.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Løvåsen fylgjer opp suksessen

Sigmund Løvåsen har laga oppfylgjar til kritikarfavoritten «Nyryddinga». På den rikhaldige lista til Samlaget finn du òg Øystein Vidnes, Hildegunn Dale og Ottar Grepstad. Les meir om bøker som kjem på Samlaget i Nationen.

Lagt ut 5.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Austerrike får fleirspråklege vegskilt

Den sør-austerrikske provinsen Kärnten (ja, der Jörg Haider er guvernør) har gått med på å setje opp skilt på både slovensk og tysk i 324 område, skriv Der Standard og Eurolang.

Fleirspråklege vegskilt er blitt vanlegare dei siste ti åra i heile Europa, Austerrike er blant dei siste landa som tek i bruk slike verkemidel for språkminoritetane sine.

Lagt ut 5.1.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Største nynorske nettstad?

Førebels finst det ingen statistikk over det, men ein god kandidat som største nynorske nettstad ligg i Oppland. Valdrisar og folk som har lyst til å finne seg ein valdris kan sjå på Valdresromantikk.no.

Lagt ut 4.1.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Lettseld elende

15 500 billettar er alt selde til «Les Miserables», som vert sett opp på nynorsk på Trøndelag teater. No startar ei beinhard prøvetid. Les meir i Adresseavisa.

Lagt ut 3.1.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

13 prosent skriv nynorsk

I ei ny undersøking, betalt av Riksmålsforbundet og utført av TNS Gallup, går det fram at 7,5 prosent av den norske folkesetnaden utelukkande skriv nynorsk, medan 5,5 prosent nyttar båe målformer. Sandefjord og Sandar Mållag meiner at undersøkinga syner at nynorsken er eit uvanleg stabilt minoritetsspråk, men i hovudartikkelen er Sandefjords Blad meir kritisk.

Lagt ut 1.1.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Konkurranse for salmediktarar

- Vi meiner det er viktig at nynorsken held fram med å vere ein sterk språk- og kulturtradisjon i kyrkja. Det er difor ynskjeleg å fornye salmetradisjonen på nynorsksida med fleire feiringssalmar. Det vil Nynorsk kultursentrum hjelpe til med ved at vi lyser ut denne konkurransen, seier informasjonsleiar Gaute Øvereng til Firda.

Lagt ut 1.1.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen