nynorsk.no

25.4.2017

Arkivet for
nynorsk.no: februar 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Send spørsmål om skriving!

Førstkomande torsdag er det igjen duka for nettmøte om skriving på Startsida.no. Dei har tjuvstarta litt og har snakka med to jenter som tek nynorsken på alvor! Les meir og send inn spørsmål til Neste klikk.no. Nettmøtet byrjar på Startsida.no torsdag 2. mars frå klokka 17 og varer til 19.

Lagt ut 28.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk for innvandrarar

Nytt kurs på nynorsk for innvandrarar vert starta i Kalvåg. Kurset er obligatorisk for nye innvandrarar som ønskjer opphald og busetjing i Noreg. Les meir i Firdaposten.no.

Lagt ut 28.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fleire droppar nynorsk

På Fitjar vidaregåande skule er bokmål blitt den dominerande målforma. Det kan du lesa om i Haugesunds avis i dag.

Lagt ut 28.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha nynorsk i media

-Eg meiner det er heilt uhaldbart at Askøyværingen ikkje skriv på nynorsk i det heile teke, seier den nyvalde leiaren i Hordaland Mållag, Einar Ådland. Les meir i Askøyværingen.

Lagt ut 24.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vulgære bokmålsfolk...

Det er tabu-ord som er mest søkt på i bokmålsordlista på nett, medan verb er mest vanskeleg for nynorskfolket. Nettavisen har undersøkt kva slags ord folk søkjer på i nettordbøkene.

Lagt ut 23.2.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsknominasjon til kritikarprisen

Forfattaren Marianne Havdal (55) frå Nesset er nominert til Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok med boka "Når traktoren kjem ut er det vår". Romsdals budstikke.

Lagt ut 23.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt Motmæle!

MotmæleFyrste utgåve av Motmæle - medlems­bladet til NMU - i 2006 er på veg til prenteverket. Lesarane av nynorsk.no kan smugtitte på bladet alt no!

Lagt ut 22.2.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk Firefox innan juni

Nynorskbrukarar har vorte førespegla ei komande nynorsk omsetjing av den frie nettlesaren Mozilla Firefox sidan den første ferdige versjonen av nettlesaren kom ut på bokmål i november 2004. Mozilla Noreg ser no ut til å nærme seg målet. Les meir på Wikinytt.

Lagt ut 21.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken vann i Oltedal

I skulemålsrøystinga i Oltedal vann nynorsk kampen om å vera opplæringsmål med 55% av røystene. Les meir om røystinga i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 20.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

På ekskursjon til Noreg

Elevane på Brannfjell skule i Oslo reiser no på skuletur til Etne for å lære meir nynorsk, skriv Grannar. Kanskje alle bokmålselevar i landet bør få reise til Noreg i ny og ne?

Lagt ut 20.2.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Skule vert skole

Nynorsken tapte i Kvinesdal. 33 % røysta for nynorsk, men berre 34% av dei som hadde røysterett møtte fram ved røystinga. Les meir hjå NRK Sørlandet eller Fædrelandsvennen.

Lagt ut 17.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Frisk måldebatt i Time

Time skal framleis vera nynorskkommune, men saksbehandlarar skal få lov til å skriva på bokmål. Det har kommunestyret bestemt. Les meir i Jærbladet.no.

Lagt ut 17.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Viljen til språk - ei nynorsk grunnbok

Det skriv Sunnmørsposten, og held fram: «For det første er dette ei nynorsk kulturhistorie som dette landet har mangla fram til no. For det andre er det også eit hovudverk i norsk kulturhistorie» Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 15.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bygdeborn flyktar frå nynorsk

«Midt i tjukkeste nynorsk-land i Arna, ville bare en brøkdel av elevene ha nynorsk som hovedmål på skolen. Krisen førte til at rektorene ville tvangsinnføre nynorsk», skriv TV2 Nettavisen i dag.

Lagt ut 14.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språket mitt

- Alle elevar får opplæring i nynorsk. Noregs Mållag er opptekne av at elevane får eit positivt møte med nynorsken i klasserommet, seier nestleiar i mållaget, Eli Bjørhusdal, og inviterer elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule til skrivekonkurranse. Les meir på Utdanning.ws.
Nettmøte
Torsdag 16. februar er det nettmøte om språk i samband med skrivetevlinga. Her kan du spørja ekspertar om råd. Les meir på Nesteklikk.no.

Lagt ut 13.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Svein Midtsund

Svein Dag Midtsund, leiar for Øvre Telemark jordskifterett og ein høgt skatta statt upp-komikar, blei fredag kveld heidra med målprisen i Kviteseid. Les meir i Telemarksavisa.no.

Lagt ut 13.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskvenleg statsminister måtte gå

Målsaka har skapt mykje strid i Noreg opp gjennom åra, men det er sjeldan at ho har felt regjeringar. Men det hende i 1912. Les meir om dette på Nesteklikk.no.

Lagt ut 10.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

UiO satsar på nynorsk

UiO har valt å ta i bruk eit dataverktøy som gjer det enklare å bruke nynorsk som arbeidsspråk. Verktøyet Nyno omset tekstar frå bokmål til nynorsk og blir mykje brukt i offentleg forvaltning som ein reiskap til å oppfylle mållova, heiter det i ei pressemelding frå Nynodata. Les meir på Lnk-nytt.no.

Lagt ut 9.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nilssens metode

Olaug Nilssen vart portrettintervjua i Magasinet sist laurdag. Les intervjuet i Dagbladet.no.

Lagt ut 9.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ja, me treng nynorsk

På spørsmål om me treng nynorsk svarar Helgelands Blad - Ja. Ubetinget ja, på leiarplass i dag.

Lagt ut 9.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nye sider frå Side Brok

- To år etter brakdebuten er Side Brok tilbake med nytt album. «Kar Me Kjøme Frå» leikar stadig med bygdekulturen, men har også ein alvorleg undertone, skrriv Bergens Tidende.

Lagt ut 7.2.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Sigrane overdøyver sorgene

- Er hundreåringen døyande? - Slett ikkje, kjem det kontant frå dagleg leiar i jubilanten Noregs Mållag. Gro Morken Endresen har sidan 2001 styrt skrivarstova i Noregs Mållag og dette året skal ho syna organisasjonen si kraft 100 år etter den blei etablert. Les heile intervjuet på Nesteklikk.no.

Lagt ut 6.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Noregs Mållag - sprek hundreåring

Natt til sundag var det akkurat hundre år sidan Noregs Mållag vart skipa. Hundreåringen er i betre vigør enn på lenge, men har store utfordringar. Dette skriv Sunnmørsposten.no.

Lagt ut 6.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje nynorsk nyttårstale

Nyttårstalen på nynorsk? - Nei, det tror jeg ikke kommer til å skje. Det blir bare å knote, svarte ein smilande kong Harald - som alltid på pent riksmål. Les saka hjå VG.

Lagt ut 4.2.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Moderne mållag

Nynorsk har gjeve oss eit språkleg mangfald og ei sosial mobilisering som har vore verdfull for landet. Denne folkelege motkulturen må brukast til integrering av nye minoritetar, meiner Bergens Tidende.

Lagt ut 4.2.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Er nynorskfolk smartare enn andre?

Noregs Mållag får ei årslang feiring i lyst og glede over at nynorsken blømer mellom bakkar berg, faktisk finare og meir enn nokon gong, og det sjølv om den liberale urban-eliten spyr i "fornem vemmelse" og den språklege globaliseringa rullar rundt i syningom som eit trugande torever, skriv NPK-redaktør Sigurd Haugen i Hallingdølen.

Lagt ut 4.2.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Målmoro frå Vinje

Hundreårsfeiringa i Det Norske Teatret i Oslo blei akkurat så alvorleg som ein kunne vente frå ein organisasjon som har kjempa hardt for målfolkets rett sidan 1906. Heldigvis var fjernsynsvertane Yasmin Syed og Aasmund Nordstoga frå Vinje hyra inn for å lette trykket. - Dersom det er nokon som ikkje forstår kva vi seier, er det lov å spørre oss, fleipa Syed. Les meir i Telemarksavisa.

Lagt ut 4.2.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Olaug Nilsen om Noregs Mållag

I dag markerer vi at det er 100 år sidan Noregs Mållag vart skipa, og det gjer vi sjølv om det akkurat i dag berre er 99 år, 363 dagar og ni timar sidan det hende, skriv Olaug Nilsen i Dag og Tid.

Lagt ut 4.2.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Dramatisk for nynorsken

Elvane ved Sauland ungdomsskule forstår at dei må «lete att dynna», etter at dei har opna døra. Men nynorsken tapar terreng. På ungdomsskulen i Atrå i Tinn har berre fem av 100 elevar nynorsk. Les meir i Telemarksavisa.

Lagt ut 4.2.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Kvifor er målfolk så sure?

I min første journalistjobb i Trønder-Avisa dreiv eg vekselbruk mellom nynorsk og bokmål. Men så ga eg opp. Ikkje fordi arge byfruer frå Levanger og Steinkjer klaga inn sine lesevanskar til redaktørane, men fordi eg vart lei av irettesetjingane frå mållagsmafiaen, skriv Yngve Kvistad i VG-bloggen.

Lagt ut 4.2.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Treng me nynorsk?

Dette lurer Dagbladet på og har invitert Ottar Grepstad til nettmøte. Still spørsmål eller les kva han svarar på Dagbladet.no.

Lagt ut 3.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk - meir enn eit språk

I år fyller Noregs Mållag 100 år. Det skal feirast. Og det trengst! Vi treng minna kvarandre om at nynorsken ikkje er komen for å bli - automatisk. Det skriv Valgerd Svarstad Haugland i Bergens Tidende.

Lagt ut 3.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gratulerer med dei fyrste 100!

Det står på mange vis betre til med nynorsken enn på fleire tiår. Motstanden mot nynorsk har blitt mindre. Riksmålsrørsla er ein parentes. Nynorsken finst og er ein del av den norske felleskulturen. Gratulerer med dei fyrste 100 åra til Noregs Mållag! Det skriv Varden.

Lagt ut 3.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Motkultur med sprengkraft

Muslimar brenn det norske flagget. Men det er kanskje meir tankevekkjande at udanna pøbel frå Oslo vest - hundre år etter jamstellingsvedtaket - lagar bokbål av bøker skrivne på eit av Noregs to offisielle mål, skriv redaktør Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende i dag.

Lagt ut 3.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

4 av 10 vil ha meir nynorsk i tabloidavisene

Om lag 40 prosent av folket vil gjerne at VG og Dagbladet brukar meir nynorsk på redaksjonell plass. Les meir på Nesteklikk.no.

Lagt ut 3.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil byte ut svensk med engelsk

Ein svensk-polsk professor trur at Sverige vil tene mykje på å erstatte det svenske språket med engelsk. - Eg kan berre ikkje forstå korleis han kan føreslå noko sånt. Det er veldig dumt og lite gjennomtenkt, seier Birgitta Lindgren i det svenske språkrådet. Les saka hjå Dagbladet.

Lagt ut 2.2.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Lomheim får stryk av professor

Jan Terje Faarlund, professor i nordisk ved Universitetet i Oslo, er sterkt kritisk til jobben språkdirektør Sylfest Lomheim gjer i Språkteigen på NRK P2. Les meir hjå nrk.no.

Lagt ut 2.2.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Mållagsjubileum i Nitimen

Dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, var gjest i Nitimen i NRK P1 i dag for å snakke om mållagsjubileet. Høyr intervjuet i NRK Nettradio.

Lagt ut 2.2.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

VG på nynorsk

VG: Omtale av Viljen til språk VG brukte i går to heilsider på omtale av boka Viljen til språk av Ottar Grepstad. Artikkelen var på nynorsk og spalte­namnet «Bevegelser» var omsett til «Rørsler» i høve dagen. Sjå VG-oppslaget (PDF)

Lagt ut 2.2.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorsk er norsk

- Det må vere lov å kalle Mållaget ein suksess. Når berre 15 prosent av oss har nynorsk som hovudmål og det likevel er klin umogleg så mye som å tenkje seg eit Noreg utan nynorsken, har nokon jobba godt, høgmælt og hardt. Og det i 100 år. Les resten av kommentaren om Mållaget i Nationen.

Lagt ut 2.2.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk på Florø barneskule

Florø barneskule skal endre målform frå bokmål til nynorsk. Det bestemte bystyret med solid fleirtal, etter ein lang og til dels oppheita debatt. Les meir på Firda.no.

Lagt ut 1.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Songen som aldri stilnar

Det var såvisst ikkje bruk for forsongarar då 200 røyster samla seg om Lars Sørås si gamle skulesongbok og den eviggrøne songskatten. Folk strøymde til frå alle kantar av Nordhordland for å vera med på allsong i beste "Håttar du"-sjanger. Les meir om dette i avisa Nordhordland.

Lagt ut 1.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til tradisjonsmat-produsent

Knarvik Catering marknadsfører tradisjonsmat på tradisjonsmål, og har no fått Alversund mållag sin pris for 2005. Les meir i avisa Nordhordland.

Lagt ut 1.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Forsking på språkskifte

Ein av tre nynorskelevar i Noreg byter målform til bokmål i løpet av skuletida. No skal Eli Bjørhusdal, som er doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, forska på kva som er årsakene til dette språkskiftet. Les meir på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 1.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målrøysting i Kvinesdal

Om 16 dagar er det skulemålsrøysting i Austerdalen i Kvinesdal. Dette er nest siste nynorskkrinsen i kommunen, skriv NRK Sørlandet.

Lagt ut 1.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Er nynorskfolk smartare enn andre?

- Norsk er eit fint språk synest eg. Vi er eit lite språksamfunn i verda, men stort nok i massevis til å ha god plass både på bokmål og nynorsk, skriv Arne Sigurd Haugen, Redaktør i Nynorsk Pressekontor i Nationen.no i dag.

Lagt ut 1.2.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Viljen til språk

Viljen til språkI dag blir boka «Viljen til språk - ei nynorsk kulturhistorie» av Ottar Grepstad lansert.

Jubileumsboka for Noregs Mållag får brei omtale:

Lagt ut 1.2.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Klart for 100-årsfest i Noregs Mållag

Dagleg leiar Gro Morken Enderesen, nesleiar Eli Bjørhusdal og leiar Nils Ulvund i Noregs Mållag. Foto: Nynorsk pressekontor - Vi må kunne håpe på at Noregs Mållag ein dag blir overflødig, så vi ikkje treng å feire 200-årsjubileum, seier mållagsleiar Nils Ulvund. Les meir om mållagsjubileet hjå Neste Klikk.

Lagt ut 1.2.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

26. april

  • 1945 Paal-Helge Haugen vart fødd

28. april

  • 1963 Avisa Dag og Tid vart skipa

3. mai

  • 1952 Henning Sommerro vart fødd

5. mai

  • 1841 Kristofer Janson vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen