nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mars 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Ny Syn og Segn-redaktør

Hilde Sandvik og Marit Eikemo takkar for seg og Bente Riise er tilsett som ny redaktør i Syn og Segn. Les meir om redaktørskiftet hjå Samlaget.no.

Lagt ut 31.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målrockprogrammet er klart

Kaizers Orchestra, Side Brok, Raga Rockers, Big Bang, CC Cowboys og Nephew er blant banda som toppar plakaten under årets Målrockfestival i Årdal. NRK Sogn og Fjordane. Ta òg turen innom nettsidene til Målrock for å lesa meir.

Lagt ut 31.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

NTB og Nynorsk Pressekontor går saman

Norsk Telegrambyrå (NTB) og Nynorsk Pressekontor (NPK) slår seg saman. Men NPK vert ståande som eigen organisasjon. Det melder Journalisten. Les òg Nynorsk på nynorsk på sidene til Propaganda.

Lagt ut 31.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sugne på sidemål

Bokmålselevar synest faktisk det er kjekt å læra nynorsk, berre dei får byrja tidleg nok. - No er det endeleg bevist at ein ikkje vert betre i bokmål av ikkje å læra nynorsk. Jo lenger ein utset nynorskundervisinga, di meir får negative haldningar til faget utvikla seg, seier Sylfest Lomheim. Les meir på Siste.no.

Lagt ut 31.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-teneste frå ANB

Avisenes Nyhetsbyrå lanserer ei eiga innhaldsteneste for lokalaviser på nynorsk. Tjensta er utvikla i samarbeid med Norsk Plan, som alt leverer nynorsk innhald. Les meir på Kampanje.com.

Lagt ut 30.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Elevane tener på tidleg nynorskstart

Tidleg start og meir skrivetrening er viktig for å kunna skriva betre nynorsk. Dette viser ei undersøking gjort mellom elevar og lærerarar på 10. steget og Vk1 allmennfag av TNS Gallup på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Les meir om dette hjå Utdanningsdirektoratet.

Lagt ut 30.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Framhald: Bokmålsårsmeldinga til agderbispen

Såpeoperaen kring språkpolitikken til agderbispen held fram. I dag skriv Harald Eintveit at dersom bispen opplever det som strevsamt for bispekontoret å oppnå ein naturleg omgang med nynorsk skriftmål får han skaffa seg ein språkkonsulent. Soknepresten i Tinn melder seg. Hald deg oppdatert på saka på Varden.no.

Lagt ut 30.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Universitas slepper nynorsken til

UiO-avisa Universitas SmiO og har lenga krangla om språkbruken i avisa. No har avisa teke til vettet, og SmiO-leiar Ylva T. Tyssing jublar. Les meir om sigeren i Journalen.

Lagt ut 29.3.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Kjempar mot språk-kannibalisme

Norske fagmiljø samarbeider med universitetet i Yaoundé, Kamerun, for å sikre språkmangfaldet i landet. Forskarane trekk òg parallellar til norske forhold, skriv UiB-avisa På Høyden.

Lagt ut 29.3.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

HiT annonserer på bokmål

Leiinga ved Høgskulen i Telemark lova bot og betring etter at dei braut mållova i fjor. No annonserer HiT på bokmål i nynorskavisa Dag og Tid. Les meir på Varden.no.

Lagt ut 29.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Grytten beste krimforfattar

Frode Grytten har fått den prestisjetunge Rivertonprisen for boka «Flytande bjørn». - Eg står i gjeld til krimtradisjonen. For det er krimbøker som gjorde at eg byrja å lesa, sa Frode Grytten på pressekonferansen i dag. Les meir på Dagbladet.no og i Bergens Tidende.

Lagt ut 28.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Synnøve Midtbø Myking attvald som leiar i NMU

Synnøve Midtbø Myking (21) frå Knarvik vart samrøystes attvald på landsmøtet i helga. Med seg får ho mellom anna eit fleirtal av austlendingar i sentralstyret, skriv nm.no.

Lagt ut 27.3.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Storslått hundreårsfeiring i Skien

Dovregubbens Hall i Ibsenhuset var nesten fullt då Mållaget Dag inviterte til hundreårsfest, skriv Telemarksavisa i ein svært entusiastisk artikkel (på bokmål...). Sjå bilete frå festen.

Lagt ut 27.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Målungdomen har fått ny leiing

Synnøve Midtbø Myking frå Knarvik vart samrøystes attvald som NMU-leiar på landsmøtet på Lista. Med seg får ho desse i sentralstyret:

  • Politisk nestleiar: Margit K. I. Ims, Re
  • Organisatorisk nestleiar: Jens Kihl, Oslo
  • Skrivar/ dagleg leiar: Ola Haugen Havrevoll, Suldal
  • Økonomiandsvarleg: Morten Elster, Oslo
  • Stentralstyrelemer: Ingebjørg Før Gjermundsen, Os i Østerdalen, og Hans-Petter Strøm de Fine, Bergen

Lagt ut 26.3.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

«Det stod mellom nynorsk og nakenheit»

Are Kalvø. Foto: AdressaAre Kalvø forklarer korleis han får oppmerksomheit, i eit nettmøte i Adresseavisa.

Lagt ut 26.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt arbeidsprogram for NMU

Landsmøtet har vedteke nytt arbeidsprogram for organisasjonen. Sam vanleg er programmet abisiøst og fullt av viktige saker. Mellom anna skal NMU arbeida for å gje mållova ein straffeparagraf, førebu sidemålsjubileet i 2007, få nynorsk teksting på kinoar og DVD og satsa knallhardt på eit løft i organisasjonen. Det nye arbeidsprogrammet kan du sjå på NMU-vevsidene.

Lagt ut 26.3.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Reza Rezaee heldt landsmøtetalen

Reza Rezaee, bystyremedlem i Oslo frå SV, heldt ein framtidsretta og spanande landsmøtetale på NMU-landsmøtet.
- Sjå på innvandrarane som ein ressurs i målstriden, var mellom dei interessante poenga han kom med, og møtelyden svara med ståande trampeklapp. Les meir om landsmøtet på Lista hjå NMU.

Lagt ut 26.3.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Opnar for bokmål ved Herad skule

Det er i dag nynorsk som er opplæringsmålet ved Herad skule. Utval for oppvekst og levekår i kommunen føreslår frå og med skuleåret 06/07 å bruka både nynorsk og bokmål i undervisninga ved Herad skule. Med dette trur dei at det vil verta flerier elevar ved skulen. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 25.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kjempar for nynorsk

Signhild Stave Samuelsen (22) er lei av klisjéen om at nynorsk er fint i dikt. Denne helga er ho med på å tala nynorsksaka under landsmøtet i Norsk Målungdom på Lista. Les meir i Farsunds avis.

Lagt ut 25.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

100 år og (minst) like nynorsk

Det er inga grunn til å spå nynorskens snarlege død, ifølgje den daglege leiaren i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen. Ho tala til Mållaget Dag på festmiddagen i høve deira 100-årsdag. Les meir i Varden.

Lagt ut 25.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Syng Rammstein på nynorsk

nynorsk.no har tidlegare reklamert heftig for nynorskversjonen av Rammstein. No har Adressa òg kasta seg på Rammsund-feberen:

«Mein Teil» heiter «Lemmen min» når Rammsund syng Rammstein på nynorsk, skriv Adressa i dag.

Lagt ut 24.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Landsmøtet i NMU byrjar i dag

I dag opnar Norsk Målungom landsmøtet på Lista i Vest-Agder. Les meir hjå nm.no eller NMU-sidene.

Lagt ut 24.3.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålselevar i nynorskland

- Det er eit bra tiltak. Det er ikkje mange som våger å reisa til Vestlandet for å læra seg nynorsk, seier Sondre på Enge skule i Etne til Grannar.

Ei heil 10.-klasse frå Brannfjell skule i Oslo er på språkutvekslingstur til Vestlandet for å lære meir nynorsk. Både elevar og lærarar er godt nøgde.

Lagt ut 23.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Blir hetsa for nynorsk

NRK-journalist Inger Johanne Sæterbakk (24) i Vadsø får e-post, telefonar og avisinnlegg når ho nyttar nynorsk på radioen, skriv Nordlys.

Lagt ut 21.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

G for grisgrendt

? Eg tykkjer det er sinnsjukt gøy å skrive på hedmarksdialekta mi, og eg er veldig stolt over dialekta, forklarar Idol-Gaute til Dagsavisen.

Lagt ut 21.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk - eit problem?

KrF meiner at det offentlege har eit særskilt ansvar for å leggja til rette for at nynorsk kan utvikle seg på ei god måte. Bruk av nynorsk i offentleg forvaltning er ei motvekt til dei delane av samfunnet der nynorsk har dårlege rammevilkår. Det skriv May-Helen Molvær Grimstad leiar i kulturkomiteen på Stortinget, i Sunnmørsposten og på KrF-sidene.

Lagt ut 20.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nm med nye nettsider

Nynorsk.no ynskjer Noregs Mållag til lukke med nye nettsider! Ta sin tur innom sidene og sjå.

Lagt ut 20.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Åtvarar mot nynorskkutt

Konsekvensane av å kutta nynorsk skriftleg i grunnskulen vil melda seg raskt. Det meiner rektor Jan-Helge Atterås i Drammen. Les meir i Drammens Tidende.

Lagt ut 20.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kvifor så stille når mållova vernar bokmålet?

Biskop Olav Skjevesland meiner det blir galt å bruke nynorsk bare fordi det er eit fleirtal av nynorsk-kommunar i bispedømmet. Han har skrive årsrapporten frå Agder bispedømme på bokmål. Vil han at biskopen i Tunsberg og Hamar skal demonstrere mot mållova ved å nytte nynorsk i sine årsrapportar?, spør Margit Ims, nestleiar i Norsk Målungdom i Varden.

Lagt ut 18.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Opnar for bokmål og namneskifte

30-åringen Tysvær Bygdeblad vil fornya seg for å få fleire abonnentar. Om årsmøte gjev grønt lys, vert det både namneendring og bokmål i spaltene. Les meir i Haugesunds avis.

Lagt ut 17.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkrådet kritiserer praktiseringa av namnelova

- Ein del personar i vårt land har i det siste fått godkjent namn som folk flest ikkje oppfattar som namn: Gudergod, Hværsaagod, Bånnski, Kolaautomat. Kvifor skal slike namn fylla opp registera og ha krav på offentleg saksbehandling og status? spør språkrådsdirektør Sylfest Lomheim. Les meir på nettsidene til Språkrådet.

Lagt ut 17.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Berre 17 prosent nynorsk i staten

Av 51.000 trykte sider med dokument som har gått frå Regjeringa til Stortinget sidan 2001, er berre 17,3 prosent på nynorsk. No trugar kulturministeren med «sanksjonar av meir negativ karakter», skriv Firda.

Lagt ut 16.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Meir om Drammen og nynorsk

- Drammen får garantert avslag på søknaden om å droppa nynorsk­undervisninga i ungdomsskulen. Det seier Berge som er professor i tekstvitenskap ved Universitetet i Oslo. Han viser til at ingen innen forskningsmiljøet ville gå inn og evaluere ei tilsvarende forsøksordning ved vidaregåande skular i Oslo. Les meir i Drammens Tidende.

Vonar elevane slepp nynorsk

Norsklærar Geir Egil Norbom, derimot, vonar elevane hans slepp å skriva nynorsk i framtida. Meir om det i Drammens Tidende.

Lagt ut 16.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Færre i Lom med nynorsk hovudmål

I nynorskkommunen Lom har 60 prosent av elevane på den vidaregåande skulen nynorsk som hovudmål. Les meir om språkval i den vidaregåande skulen i Fjuken.no.

Lagt ut 16.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Krev pensum på norsk

Studentparlamentet i Oslo krev no alternativ pensumlitteratur på norsk og at alle emne skal lage lister med fagterminologi på engelsk, nynorsk og bokmål, skriv Universitas.

Lagt ut 15.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Ny versjon av Skulelinux

Etter 21 månaders utvikling er ein ny versjon av Skulelinux ferdig. Alle programma er gratis, utan lisenskostnader og er tilgjengelege på både nynorsk og bokmåk, skriv Computerworld. Rundt 250 skular har teke i bruk alternativ programvare

Lagt ut 15.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Drammen fjernar nynorsk?

Politikarane i Drammen vender nynorsken ryggen. For fyrste gong her i landet kan nynorsken bli fjerna frå timeplanen i ungdomsskulen. Les saka i Drammens Tidende.

Lagt ut 15.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Pisk på nynorsk

Dagens Næringsliv er ikkje så gald i nynorsk, men dei har sett at det for lite nynorsk i staten. Kulturminister Trond Giske trugar med straff for brot på mållova. No har dei sett opp 11 spørsmål og svar om kvifor. Les lista i Dagens Næringsliv.

Lagt ut 15.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språk på prøve

Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo krev no alternativ pensumlitteratur på norsk og at alle emne skal laga lister med fagterminologi på engelsk, nynorsk og bokmål. Les meir på Universitas.no.

Lagt ut 15.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Lær dykk nynorsk!

- Viss biskopen og de andre tilsette i kyrkja på Agder ikkje kan nynorsk, bør dei lære seg det raskt, seier kyrkjeminister Trond Giske til NRK Sørlandet.

Lagt ut 14.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Bispen svarar på nynorskkrev

Det har vore stort ordskifte om målbruken til biskopen i Agder etter at han bad om fritak frå mållova. I dag svarar biskopen på fleire av åtaka i eit lesarbrev i Varden.

Lagt ut 14.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Skrik om språk

- Sjølv om språkkampen er minst hundre år, varmar den like godt som før. Den som kastar bensin på bålet svir tupeen grundig. Likevel ser det ikkje ut til at Unge Høgre og andre reaksjonære krefter tek skrekken. Dei som har følgt den generelle skuledebatten dei siste tiåra, har vel ikkje akkurat registrert at det er dei svakaste i skulen som har opptatt juniorane og seniorane i Høgre mest. Tvert imot! Det skriv Jan Atle Stang i ein leiar i Firda.no.

Lagt ut 14.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Million-rulling for Løland

Feiringa av Rasmus Løland har fått ein prislapp på nær 10 millionar kroner. Torsdag blei forprosjektet presentert, og det er lagt opp til ei storstilt lokal og nasjonal markering av forfattaren frå Hylsfjorden. Les meir i Suldalsposten.no.

Lagt ut 14.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Valens symfoni i skrift

Fartein Valen var ein pietistisk mann som skreiv avantgardistisk musikk. No har Jan Inge Sørbø skrive roman om Noregs første atonale meister. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 13.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Deler ut journalistpris på nynorskfestspel

Dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland offentleggjorde opprettinga av ein nynorskpris for journalistar i samband med opninga av Nynorsk mediesenter i Førde 2004. No er det bestemt at prisen skal delast ut 22. juni i år, under Dei Nynorske Festspela. Les meir i Firda.no.

Lagt ut 12.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Biskop utan mål

- Biskop Skjevesland klaga over lange og smale vegar frå Kristiansand til Telemark då han skulle forsvara manglande frammøte her i fylket. Men lang veg stogga ikkje biskopen frå å ta turen heilt til Oslo for å be departementet sitt om lov til å sleppe å skrive nynorsk. Dette skriv Varden på leiarplass.

Lagt ut 12.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Vi har ikkje noko nynorskforbod

- Vi likte godt den BA-framsida Målungdomen lanserte for oss, seier sjefredaktør i BA, Olav Terje Bergo, i eit intervju i BA.

Les meir om kampanjen for meir nynorsk i BA i BA og skriv under oppropet!

Lagt ut 10.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Gler oss til barnekanal

- NRK ynskjer nå å oppretta sin eigen Barnekanal i konkurranse med Disney Channel. Dette er nytt, positivt og gledeleg. Kringkastingsringen har lenge vore opptekne av å få meir nynorsk og dialektbruk i barnesendingane i NRK, skriv Unn Aarrestad i eit lesarbrev i Nationen.

Lagt ut 10.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Biskopen må bruke nynorsk

Nynorskmotstanden ved Agder og Telemark bispedømmekontor får kritikk frå Kultur- og kirkedepartementet, skriv NRK Sørlandet.

Lagt ut 10.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha nynorsk i BA

Bergen Målungdom krev nynorsk i Bergensavisen, skriv Journalisten.no. Ei falsk BA-framside gjev ikkje rom for tvil: Nynorsken skal inn i BA! Skriv under oppropet på Opprop.no.

Lagt ut 9.3.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

- Rett til å nytte nynorsk!

- Kampen for nynorsk har endra seg frå å være ein kamp for nynorsk som einaste riksmål, til retten til å nytte nynorsk til dagleg, sa tidlegare kulturminister Valgerd Svarstad Haugland då Follo Mållag markerte Noregs Mållags 100-årsjubileum, skriv Østlandets Blad.

Lagt ut 9.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Elitistisk å ikkje ville modernisere Duun

Ordskiftet om modernisering av klassikarane rullar vidare. I innlegget "Fylkesmannens berter" (Amtmandends døtre) i Aftenposten i dag, skriv Helene Uri om m.a. kor vanskeleg tilgjengeleg Duun er reint språkleg.

Lagt ut 8.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskdebatt i Redaksjon EIN

- Politikarane planlegg å auke løyvingane for å styrkje nynorsken. Er det rett bruk av offentlege midlar, er det «retoriske» spørsmålet Redaksjon EIN i NRK stiller. Bli med i debatten!

Lagt ut 8.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk vert valt bort i grunnskulen

I berre 16 av nesten 40 skulemålsrøystingar har nynorsk sigra over bokmål. Les meir på Nationen.no.

Lagt ut 7.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målprisen til Gudrun Bøthun

Gudrun Bøthun har fått Buskerud Mållag sin målpris for 2005. Prisen vart overrekt av leiaren i Buskerud Mållag, Odd Oleivsgard, under årsmøtet i Buskerud Mållag 28. februar. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 6.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sigmund Birkeland vart æresmedlem

Sigmund Birkeland er utnemnd til æresmedlem i Sandefjord og Sandar Mållag. Les meir i Sandefjords Blad.

Lagt ut 5.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Moderniser Duun!

Olav Duun har ord og uttrykk som knapt er råd å forstå for dagens og morgandagens unge lesarar. Språket i bøkene bør endrast for å gjera forfattaren meir tilgjengeleg, meiner forfattar og språkvitar Helene Uri. Les meir i Namdalsavisa.no.

Lagt ut 3.3.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Vern om dialektane

Tinn Dialekt og Mållag har gått til kommunestyret i Tinn og bede dei ta stilling til kva kommunen kan gjere for å auke interessa for målet, skriv NRK Austafjells.

Lagt ut 1.3.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen