nynorsk.no

25.4.2017

Arkivet for
nynorsk.no: april 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Hege Myklebust ny mållagsleiar

Hege MyklebustMed stor jubel og applaus vart Hege Myklebust (36) frå Stord er vald til ny leiar i hundreårsjubilanten Noregs Mållag. Ho seier at det viktigaste no blir å få nynorsken inn i skulen alt på barnesteget, dette vil gje både betre kunnskapar i og haldningar til nynorsk. Les meir hjå Noregs Mållag.

Saka er dekt i m.a. Akershus Amtstidende, ANB, Arbeidets Rett, Aura Avis, Aust-Agder Blad, Avisa Nordland, Bergensavisa, Bergensavisa, Bygdeposten, Dagsavisa, Demokraten, Finnmark Dagblad, Finnmarken, Firda, Firda, Framover, Glåmdalen, Hadeland, Halden Arbeiderblad, Halden Dagblad, Hardanger Folkeblad, Haugesunds Avis, Helgeland Arbeiderblad, Indre Akershus Blad, Jarlsberg, Lofotposten, Moss Avis, Moss Dagblad, Namdalsavisa, Nordhordland, Nordlys, NRK Nyheiter, Opdalingen, Oppland Arbeiderblad, Porsgrunns Dagblad, Rana Blad, Ringerikes Blad, Rogalands Avis, Romerikes Blad, Sarpsborg Arbeiderblad, Smaalenes Avis, Sogn Avis, Stjørdalens Blad, Telemarksavisa, Tidens Krav, TV 2 Nettavisa, Tvedestrandsposten, Østlands-Posten og Øyene.

Lagt ut 30.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Olaug Nilssen fekk Målprisen 2006

- Forfattar Olaug Nilssen har markert seg som ein flott frontkjempar for retten til å få skriva nynorsk, sa mållagsleiaren. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 30.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

NM-jubileum på Kveldsnytt

Laurdag kveld hadde Kveldsnytt innslag frå jubileumsmiddagen i Oslo Rådhus. Du kan sjå innslaget i NRK Nett-TV (gratis).

Lagt ut 29.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nyno og Microsoft lanserer nynorsk synonymordbok

Nynodata og Microsoft lanserte fredag ei ny nynorsk synonymordbok for Office i samband med landsmøtet i Noregs Mållag, skriv NRK Austafjells.

Lagt ut 29.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Microsoft med XP på nynorsk

For to år sidan måtte Microsoft bøye seg for kravet om å levere program­pakka Office på nynorsk. No kjem dei med neste steg: Heile operativsystemet XP på nynorsk, skriv Neste Klikk.

Lagt ut 29.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Barnelitteraturpris til Maria Parr

Nynorsk barnelitteraturpris 2005 går til Maria Parr for boka Vaffelhjarte, skriv Firda.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 29.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk litteraturpris til Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes (33) er tildelt nynorsk litteraturpris 2005 under landsmøtet til Noregs Mållag, skriv Firda. Les meir om tildelinga hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 29.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Hevar stemma i målkampen

Nynorskforkjemparane må ropa høgare, krevja meir og synast betre, skal nynorsk bli viktigare i dei neste 100 åra enn i dei førre 100 åra, sa Frank Aarebrot til landsmøtet i Noregs Mållag i går. Les meir i Dagsavisen.no.

Du finn føredraget til Aarebrott hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 29.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

ANB-redaktør får målblome

Sjefredaktør Hallgeir Westrum i Avisenes Nyhetsbyrå er tildelt pris frå Norges Mållag Det skjer ikkje ofte at ein sjefredaktør i tjukkaste Oslo bestemmer seg for å skrive på nynorsk. No heidrar Noregs Mållag Hallgeir Westrum i Avisenes Nyhetsbyrå for innsatsen, skriv m.a. Ringerikes Blad (på nynorsk).

Lagt ut 28.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorsk verkar meir intelligent

- Nynorsk er noko folk nyttar for å verke mer intelligente, sa Are Kalvø då han vitja Strømmen vidaregåande med alle bøkene sine, skriv Romerikest Blad.

Lagt ut 28.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ikkje ha nynorsk i spaltene

Redaktøren i avisa Nye Troms, Gjermund Nilssen, har sansen for nynorsk, men ikkje i avisspaltene. Målfolka, som fremja saka på generalforsamlinga, nådde ikkje fram med kravet. Les meir i Nye Troms.

Lagt ut 27.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bli ein betre nynorsking

Kor nynorsk er du? Kan du bli betre? Neste klikk viser deg vegen til eit betre liv - på nynorsk.

Lagt ut 27.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mange deltakarar i skrivetevling

Over 530 tekstar frå elevar på ungdomssteget og i vidaregåande skule er kome inn til Noregs Mållags landsomfattande jubileumsskrivetevling. Oppgåvelyden var ?Språket mitt? og svara skal vere på nynorsk dialekt. Les meir i Utdanning.

Lagt ut 27.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språk og teknologi

Fredag lanserer Nynodata og Microsoft Ordrik, ei nynorsk synonymordbok for Office. Dette er ei tilleggsteneste som hjelper brukaren til enkelt å slå opp nynorske synonym og finne nynorske omsetjingar av bokmålsord. Samstundes kjem Microsoft med operativsystemet Windows XP i nynorsk språkdrakt. Lanseringa finn stad på Handtverkaren i Oslo fredag 28. april klokka 1200. Nynorsk.no kjem tilbake med meir om saka.

Lagt ut 26.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Gje mållova ein straffeparagraf

Norsk Målungdom har sett seg kraftig leie på at det offentlege slepper unna med å bryta sine eigne lover om 25 prosent nynorsk ved statlege institusjonar. Målungdomen vil innføra ei straff for lovbrytarane, kan ein lesa i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 26.4.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

- Skjerp dykk, Barneombodet!

Norsk Målungdom krev at Barneombodet gjer ein jobb for å auka nynorskbruken på heimesidene sine. Les resten i Utdanning.

Lagt ut 26.4.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Språkrådet har fått nye vedtekter

Språkrådet har fått nye vedtekter, og dei kan du lesa hjå Kultrudepartementet.

Lagt ut 26.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Drammen søkjer nynorskfritak

I går vedtok eit knapt fleirtal i bystyret i Drammen å søkja departementet om fritak frå skriftleg opplæring i nynorsk i grunnskulen. Les heile saka i Drammens Tidende eller Nynorsk tente politikarane frå same avisa.

Lagt ut 26.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kringkastingsprisen til Harald Bøe

NRKs oljemedarbeidar Harald Bøe får Kringkastingsprisen for 2006, skriv Journalisten. Kringkastingsprisen blir delt ut av Kringkastingsringen, og går til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Lagt ut 25.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen

I morgon startar Noregs største dokumentarfilmfestival i Volda, laga av studentane ved Høgskulen i Volda. Her får du oppleva fem dagar med kvalitetsfilm for 20 kroner, og festivalen er sjølvsagt marknadsført på nynorsk. Les meir hjå Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.

Lagt ut 25.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

NM storfestar i Oslo

Fredag 28. april slepper målfolket seg laust i ein heidundrande fest på Det Norske Teatret i Oslo. Les meir i Dag og Tid.

Lagt ut 24.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skriv for å trøyste

Erna Osland skriv ikkje for å underhalde barn og unge. - Eg vil trøyste. Eg ynskjer å skape ein tryggleik i borna om at dei kan klare seg. Les meir i Vårt Land.

Lagt ut 23.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil auka leselysta

Biblioteka i Vest-Telemark har gjeve ut den lettlesne boka «Triks». Målet er å vekkje leselysta hjå dei unge, og særleg blant gutane. Les meir om prosjektet i Vest-Telemark Blad.

Lagt ut 22.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nøgde med nynorskklasse

Jo og Silje er stort sett som andre elevar ved Sagene skole. Men berre nesten. For saman med ti andre i klasse 5C har dei nynorsk som hovudmål, og det midt i tjukkaste Oslo. Les meir i Østkantavisa.

Lagt ut 19.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målungdom mot straumen

Ekte oslogut Jens Kihl (20) valde å byta frå bokmål til nynorsk på vidaregåande. Det burde ikkje vera så oppsiktsvekkjande, meiner han sjølv. Les meir i Østkantavisa.

Lagt ut 19.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målrock får kritikk for Big Bang

Målrock i Årdal får flengande kritikk for å hyre inn grupper som syng på engelsk. No har styremedlem Kari Vigen trekt seg i protest. Les meir på NRK Sogn og Fjordane eller i Bergens Tidende.

Lagt ut 19.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk litteraturpris til «Ekko»

Øyvind Vågnes (33) frå Sunnmøre får Nynorsk litteraturpris 2005 for romanen «Ekko». Les meir i Smaalenene.

Lagt ut 19.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskpris for transatlantisk bok

Som forskar er han fiksert på verdas dyraste amatørfilm. Men det er ei fiktiv kjærleikshistorie i Skivebakken og New York som gir Øyvind Vågnes Nynorsk litteraturpris for 2005. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 19.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Reklame er best på dialekt

Dialektbruk i reklame gjev truverde og nærleik, melder Aftenposten. I tillegg er Helene Uri intervjua om fenomenet, og ho applauderer dialektbruken, i fylgje same avis.

Lagt ut 15.4.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Ståande applaus for «Peer Gynt»

«Peer Gynt» på nynorsk i New York fall tydeleg i smak då stykket hadde premiere i metropolen. Les meir om mottakinga stykket fekk på NRK Trøndelag.

Lagt ut 12.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk.no på odalsk!

Øivind Borgenholt har laga sine eigne nettomsetjingsverkti, så no kan du få både VG og Dagbladet på odalsk hæll trødersk. Muligens bør Noregs Mållag filgje opp ved å utvikle eit liknandes program som set om frå bokmål tell ninorsk? Tell det stønner kan du klikke dæ innom Odalizer og Trøndalizer før å læsa rikspressa på dialekt! Hæll du kan læsa ninorsk.no på noko som i alle fall minner om odalsk .

Lagt ut 12.4.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Ein sogning vender heim

Med romanen Under brua skifter Marita Liabø språk, frå bokmål til nynorsk, og dette er eit lykkeleg val: Nynorsken ser ut til å gje henne eit materiale til å forma romanpersonar og språkleikar med som i alle fall resulterer i overtydande sprelsk, saftig og original prosa, skriv Knut Ødegård - òg han på nynorsk - i Aftenposten.

Lagt ut 10.4.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Hege Myklebust innstilt som ny leiar i NM

Hege Myklebust (36) frå Stord i Sunnhordland er samrøystes innstilt som ny leiar i Noregs Mållag. Åsmund Lien (58) frå Os i Hordaland er innstilt som ny nestleiar. Les heile innstillinga hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 8.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Satsar ti millionar på Rasmus Løland

Rasmus Løland skal heidrast, og det er ikkje med måte. Markeringa byrjar neste år og varer i fire år. Les meir om Lølandferienga i Dag og Tid.

Lagt ut 8.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Djupedal best i nynorsk

Departementa brukar meir nynorsk enn nokon gong tidlegare. Kunnskapsminister Øystein Djupedal er flinkast. Mens finansminister Kristin Halvorsen knapt nyttar nynorsk i det heile tatt. Les heile saka i Ringerikets blad. PS! ANB-meldinga er på nynorsk! Hurra!

Lagt ut 7.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Konkurranse om Førde-biografi

Både Samlaget og Spartacus arbeider med biografiar om tidlegare kringkastingssjef Einar Førde, skriv Kampanje. Båe biografiane vil kome på nynorsk.

Lagt ut 7.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

God trafikk for startsida.no

I fjor lanserte Startsiden - Noregs tredje største nettstad - ein eigen nynorskversjon, startsida.no. I dag er det om lag 5.500 daglege brukarar av denne sida, skriv Propaganda.

Lagt ut 6.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Unge og spreke nynorske festspel

Olaug Nilssen, den hittil yngste festspeldiktaren - Jakob Sande for barn, hiphop og mykje meir. Dei nynorska festspela 2006 har lagt fram programmet sitt, skriv NRK Møre og Romsdal.

Les meir om Dei nynorske festspela.

Lagt ut 5.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Typisk norsk var i god tro

Petter Schjerven tykkjer at påstandane om plagiat i boka «Typisk norsk» går på truverdet laus. Han lovar å ta skuldingane på alvor, seier han til Aftenposten.

Lagt ut 5.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nye språkfakta

- Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum la fram nye fakta om språkutviklinga her til lands under årsmøtet i Mållaget Ivar Kleiven i Vågå, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 5.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Typisk norsk-plagiat

I forordet til boka Typisk norsk skriv forfattarane til lesarane sine at det er viktig «dere leser nøye igjennom alle lister over folk som har hjulpet oss, og alle bøkene vi har lest i og stjålet fra - det er nemlig en del (både bøker og folk)». I dag skriv Ottar Grepstad om korleis Typisk Norsk stel både kjelder og sitat utan å oppgje kvar dei hentar det frå. Du finn saka i Aftenposten.

Les også

Lagt ut 4.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Klart for lausare målROCK

Stiftinga målROCK utfordrar sin eigen profil når band som Big Bang, Raga Rockers og CC Cowboys får innta meieriparken i august, skriv Sogn Avis.

Lagt ut 3.4.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nominer til nynorskpris for journalistar

Kultur - og kyrkjedepartementet oppretta ein nynorskpris for journalistar i samband med opninga av Nynorsk mediesenter. Prisen skal delast ut under Dei Nynorske Festspela i Ørsta, 22. juni i år og fristen for å nominera kandidatar til prisen er 1. mai. Les meir om prisen og korleis du nomonerer kandidatar hjå Nynorsk mediesenter.

Lagt ut 3.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-Mania i Røyken

Det er mykje bråk om sidemålet i drammensskulen for tida. Men Mania Kazemzadeh (15), går motsett veg, og fortel om kvifor ho elskar nynorsk i Daglbladet.

Lagt ut 3.4.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Ein strålande dag for nynorsken

- Ein viktigare dag for nynorsken enn 31. mars 2006, skal ein leite lenge etter. Vi må kanskje tilbake til året 1338 og eit bondebrev der namnet Volda er nemnt første gongen. Påstanden finn du i leiarartikkelen i Nationen.no i dag.

Lagt ut 3.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fagspråk i fare

Det trengs ei samordning av norsk språkpolitikk, meiner leiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetjarforeining Kjell Lars Berge. Skal språkpolitikk fungera må det ikkje vera noko som kulturdepartementet har ansvar for medan det som skjer i andre departement, ikke regnes som språkpolitikk, sier han. Les meir i Klassekampen.

Lagt ut 3.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Blæs liv i stavekontrollprosjekt

Etter fem år med stillstand vekkjer staveentusiastar til live det norske stavekontrollprosjektet. No treng dei språkentusiastar til å korrekturlesa nyord. Les meir Computerworld.no.

Lagt ut 2.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Opnar for bokmål ved Herad skule

Kommunestyret i Gol gjekk tysdag samrøystes inn for å opne for både bokmål og nynorsk ved Herad skule. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 1.4.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

26. april

  • 1945 Paal-Helge Haugen vart fødd

28. april

  • 1963 Avisa Dag og Tid vart skipa

3. mai

  • 1952 Henning Sommerro vart fødd

5. mai

  • 1841 Kristofer Janson vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen