nynorsk.no

24.6.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mai 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Nynorsken vann i Løykja

Oppteljinga etter dagens skulemålsrøysting er over. Den syner uavgjort i Gjøra, medan ved Løykja skule vann nynorsken med 40 røyster. Les meir i Aura avis.

Lagt ut 30.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fadese i bokbransjen

Når bokhandlane og dei organiserte forlaga kuttar ut den felles julekatalogen "Årets bøker", er dei godt i gang med å demontere den unike posisjonen denne bransjen har hatt, skriv Ottar Grepstad i Aftenposten i dag.

Lagt ut 30.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gjer det enklare å lage nettsider

Ulstein it-senter lanserer i desse dagar eit nytt publiseringsverktøy for internett. Dette skal gjere det enklare for kulturorganisasjonar å lage og oppdatere nettsider. Verktøyet er sjølvsagt på nynorsk. Les meir i Vikebladet Vestposten.

Lagt ut 30.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Greier ut valfritt sidemål i Øvre Eiker

Med 40 mot ei røyst gjkk kommunestyret i Øvre Eiker inn for å utgreia, for så å leggja fram sak, på om ungdomsskuleelevar i kommunen skal få høve til å velja vekk norsk sidemål frå timeplanen. Dette kan du lesa om i Drammens Tidende.

Lagt ut 26.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Planarbeid for nynorskfaget i gang

Ein rapport om norskfaget i framtida tilrår blant anna at det blir lagt ein strategiplan for nynorsk i skulen, og at det skal utarbeidast digital programvare og oppslagsverk også på nynorsk. Les meir hjå Neste klikk.no.

Lagt ut 26.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skulemålsrøysting i Løykja og Gjøra

Om ei veke er det skulemålsrøystingar i Løykja og Gjøra skulekrinsar, og temperaturen i debatten er stigande, melder Aura avis.

Lagt ut 24.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skulen øydelegg nynorsken

Nynorskelevar på Fjell ungdomsskule får all undervisning på bokmål. Sjølv om det er nok elevar til å lage to reine nynorskklassar ved skulen, vel skuleleiinga å berre ha klassar med målformblanding. Det resulterer i at all undervisning i andre fag enn norsk føregår på bokmål. Også all informasjon frå skulen til elevane kjem på bokmål. Les meir i VestNytt.
Mor redd for språket til dottera
Mette Bøthun fryktar for språkkarakteren til dottera Ingri som skal byrje på Fjell ungdomsskule til hausten. Les saka i Vestnytt.

Lagt ut 23.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Karakterstatistikken er lagt ut

Jenter gjer det best i alle fag utanom kroppsøving, og norske elevar gjer det dårlegast i matte. I sidemål skårar jentene 0,6 høgare enn det gutane gjer, skriv Nettavisen. Vil du sjå heile statistikken, finn du han hjå Utdanningsdirektoratet.

Lagt ut 22.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Etterlyser nynorskstudentar i Tromsø

Juristmållaget skal skipe til samling for nynorsk-skrivande jus-studentar i Tromsø. Meir informasjon hjå Universitetet i Tromsø.

Lagt ut 19.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Wilson set opp Fosse-stykke

Eit teatersamarbeid som kan gje gjenklang verda rundt er no stadfest. Robert Wilson har sagt ja til å setja opp eit nyskrive Jon Fosse-stykke i Bergen i 2008. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 18.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Jon Fosse attdiktar Grundtvig

Støvet forsvann og ein saftig Grundtvig har stige fram for Jon Fosse dei siste månadene. Dagens salmediktarar er berre sjeldan så direkte og kraftfulle som 1800-talsdiktarane, meiner Jon Foss som har attdikta Grundtvig. Les meir i Oslopuls.

Lagt ut 18.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Femte kullet ved Mediesenteret klart

No er det femte kullet praktikantar ved Nynorsk mediesenter plukka ut. Dei fem heldige utgjer det yngste kullet til no. Les kven dei nye nynorskpraktikantane er hjå Nynorsk mediesenter.

Lagt ut 16.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- It's in bergensk

På spørsmål frå franske journalistar om Eurosong-melodien «Alvedansen», er på bokmål eller nynorsk, var svaret frå Christine Guldbrandsen inkje mindre enn «It's in bergensk!», skriv Bergens Tidende.

Lagt ut 16.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Språkforvirring og andre bokmålsplager

Eg lir av språkleg schizofreni. Men no har eg tenkt å prøve å kvitte meg med diagnosen. Blir du med? spør Astrid Folkedal i Hallingdølen i dag.

Lagt ut 16.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gullruteheider til NRK-Ragnhild

Ragnhild Sælthun Fjørtoft fekk ståande applaus då kulturminister Trond Giske offentleggjorde at ho fekk årets heiderspris under Gullruteutdelinga i går. Giske viste mellom anna til at ho er ein profilert nynorskbrukar i NRK. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 14.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ikkje bruakst av FrP

Revetal ungdomsskole vil ikkje brukast som døme av Framstegspartiet i Øvre Eiker. Revetal ungdomsskole har gjennomført eit sidemålsforsøk over tre år utan skriftleg nynorsk med målsetnad om å auka nynorskinteressa mellom elevane. Les meir i Drammens Tidende.

Lagt ut 14.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Idegrunnlaget og vegen fram til Høgskulen i Telemark

Telemark mållag har publisert ein artikkel om idegrunnlaget og utviklinga fram mot Høgskulen i Telemark. Her kan du lesa om innhaldet i den nynorske ideologien som låg bak Telemark distriktshøgskule - og om korleis denne ideologien har blitt sterkt redusert ved sentraliseringa av den høgare utdanninga i Telemark. Les meir om dette hjå Telemark Mållag.

Lagt ut 14.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk kultursentrum med nye nettsider

Nynorsk kultursentrum har fått nye nettsider og nynorsk.no gratulerer! Ta ein tur innom sidene til Nynorsk kultursentrum og sjå resultatet.

Lagt ut 12.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Aksel Kloster er død

Målmannen og politikaren Aksel Kloster frå Kvinnherad, døydde natt til torsdag på Haukeland Universitetssjukehus. Les meir i kvinnheringen.no.

Lagt ut 11.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Store namn til Vossastreken

20. mai går teikneseriefestivalen «Vossastreken» av stabelen på Mølstertunet. Dette er tredje året festivalen går av stabelen. Fastivalen, som satsar på nynorsk teikneseriar, kan skilta med store namn også i år. Les meir i Avisa Hordaland.

Lagt ut 11.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Etterlyser ord

Til no har ikkje Norsk Ordbok fått inn så mange ord frå finnmarksdialektane. No håpar dei at fleire vil setje seg ned og tenkjer over korleis dei snakkar, for så å skrive ned orda og sende dei til Norsk Ordbok. Les meir hjå NRK Troms og Finnmark.

Lagt ut 10.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sterkt samarbeid frå Seglem og Fosse

«Den nye Ibsen», nynorskforfattaren Jon Fosse, og «verdas einaste nynorske musikar», saksofonist Karl Seglem, oppsummerar no det ti år lange samarbeidet sitt. Les meir i Firdaposten.

Lagt ut 10.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målreising i ung alder

Ølen Mållag deler ut songbøker til alle dei elleve barnehagane i Vindafjord. Dei har ein aksjon mot språkleg likesæle, og fokuserer mellom anna på nynorske songskattar for dei yngste. Les meir i Grannar.

Lagt ut 10.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gratis-telefon no på nynorsk

Dataprogrammet Skype - som gjer at du kan snakke gratis over breibandslina di - er no tilgjengeleg på nynorsk. Les om korleis du kan skaffe deg Skype på nynorsk data-sidene.

Lagt ut 9.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

«Typisk norsk»-forlaget må betala

Dinamo Forlag og Nynorsk kultursentrum er no samde om ein avtale i etterkant av plagiatsaka om norskboka «Typisk norsk». Les meir om dette på Dagbladet.no

Lagt ut 9.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Grammatikk og kjærleik på Nynorsksenteret

Nynorsksenteret har kjøpt rettane til musikalen Grammatikk og kjærleik, som handlar om ungdomstida til Ivar Aasen. No har eit stort stjernelag av songarar og musikarar lagt siste hand på verket på ein CD med songane frå musikalen. Les meir hjå Høgskulen i Volda.

Lagt ut 9.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

UDI ber om å sleppa nynorsk

Men arbeidstakarane i UDI får ikkje lov til å rydda vekk nynorsk ordliste frå skriveborda sine. Kultur- og kyrkedepartementet seier nemlig nei til søknaden om delvis nynorsk-fritak. Les meir i Firdaposten.

Lagt ut 9.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-offensiv frå Microsoft

- Me treng å kvalitetsikra språket. Det krev omsetjing, korrektur og søkjeverkty for nynorsk og bokmål, seier Statssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdsledepartementet, som var med på lanseringa av MS XP på nynorsk og Ordrik. Les meir på Computerworld.

Lagt ut 8.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Feitt i Margarin

Øystein Runde har no fått samla teikneseriestripene til Margarin mellom to permar. Stripene er tidlegare trykte i Smult. Les meir om serien hjå Dagbladet.no

Lagt ut 8.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sjekkar inn på hotell

Nynorskforfattarane Øystein Hauge, Edvard Hoem og Brit Bildøen får kvart sitt rom på hotell Bondeheimen midt i Oslo sentrum. Les meir om forfattarhotellet i Oslo i Romsdals Budstikke.

Lagt ut 8.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Talegåver til ein jubilant

- Kva gjev ein i gåve til ein hundreåring? Høyreapparat? Briller? På Det Norske Teatret stod talegåvene høgst i kurs, skriv Dag og Tid i ei teatermelding frå hundreårsfesten til Noregs Mållag.

Lagt ut 6.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Regjeringa kan utløyse IT-politisk jordskjelv

IT-minister Heidi Grande Røys utreiar no om staten skal halde fram med eller kutte ut Microsoft Office. Eitt av argumenta som ligg bak utreiinga er at berre delar av Office-pakka er tilgjengeleg på nynorsk, skriv digi.no.

Lagt ut 5.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk utblåsning i Kristiansand

Bandet Rammsund - som syng Rammstein-låtar på nynorsk - hadde konsert i Kristiansand i går. Fædrelandsvennen hadde stor sans for både låtar og scenesjåvvet!

Lagt ut 5.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kampanje for Gmail på norsk

Kvifor finst ikkje eposttenesta Gmail på nynorsk? Bli med å påverke Google til å få ut fingeren. Skriv under her eller les meir hjå Neste Klikk.

Lagt ut 4.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Mindre til nynorsk meir til vegar

Siv Jensen har fortald kven som skal betala for skattelette og vegsatsingar når FrP kjem til makta. Det er born og bønder, arbeidslause og fattige i Afrika. For ikkje å snakka om samar, sigøynarar og nynorskbrukarar. Ingen statleg stønad til særinteresser. Les meir på Klassekampen.no.

Lagt ut 4.5.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

SmiN lanserer ny ordliste

«Indusert strøm» blir til «inkveikt strøm» når Studentmållaget i Nidaros (SmiN) gjev ut Realfagsordlista, skriv studentavisa Under Dusken.

- No finst det ikkje fleire orsakingar for at studentane på Gløshaugen skal få eksamenstekstar på sjanselaus nynorsk, seier leiaren i laget Jens Morten Nilsen.

Lagt ut 3.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Men Hegge, da!

I førre veke kalla Per Egil Hegge språkrådsdirektør Lomheim ein «forvrøvlet direktør» fordi Lomheim er mot å lansere eit eige stort ordboksverk for bokmål no. Lomheim svarar i eit innlegg i Dagbladet i dag.

Lagt ut 3.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Hoem fekk Melsomprisen 2006

Edvard Hoem er tildelt Melsomprisen 2006 for romanen «Mors og fars historie», skriv ANB. Melsomprisen er den største prisen for nynorsk skjønnlitteratur.

Lagt ut 2.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Vil lage verdsspråksenter på Island

- Når norsk ligg på dødsleiet, kjem vi islendingar straks for å hjelpe dykk, lovar Vigdís Finnbogadóttir i Aftenposten. Den tidlegare presidenten arbeider no m.a. med å få skipa eit senter for all verdas språk på Island.

3. mai held Finnbogadóttir gjeste­førelesinga «Språka er nøkkelen til verda» på Universitetet i Oslo

Lagt ut 2.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget vil ha tidlegare start med nynorsk

- Di tidlegare sidemålsundervisninga startar i skulen, di betre vert haldningane til faget. Dette provar det Noregs Mållag lenge har hevda: Nynorskopplæringa må byrja tidlegare, seier Hege Myklebust, nyvald leiar i Noregs Mållag til Utdanning.

Lagt ut 2.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nye heidersmedlemer i Mållaget

Marie Lovise Widnes, Berge Furre og Audun Heskestad vart utnemnde til heiderslagsmedlemer under landsmøtet til Noregs Mållag i Helga.

Lagt ut 1.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Lanserte nynorsk lettlest-bok med stil

Biblioteka i Vest-Telemark har gått saman om eit felles bokprosjekt: Ei lettlest bok på nynorsk for ungdom. Lanseringa vart markert med sjampanje og fest i førre veke, skriv Kviteseid bibliotek.

Lagt ut 1.5.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

28. juni

  • 1909 Alf Hellevik – mannen bak Nynorsk ordliste – vart fødd

30. juni

  • 1850 «Ordbog over norsk Folkesprog» av Ivar Aasen vart trykt
  • 1851 Arne Garborg vart fødd

1. juli

  • 1933 Norsk rikskringkasting startar opp

7. juli

  • 1873 Halfdan Koht vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen