nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juni 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Grammatikk og kjærleik - på plate

No finst musikken til suksessmusikalen Grammatikk og kjærleik på cd. Eit stjernelag av songarar og musikarar, som Simone Larsen, Beate Slettevoll Lech, Side Brok, har spelt inn songane frå musikalen som handlar om barndomen og ungdomstida til Ivar Aasen. Korleis du får tak i cd-en ser du på sidene til Nynorsksenteret.

Lagt ut 29.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

No kjem det nynorske læremiddel for innvandrarar!

Departementet har kunngjort at "Det kan gjevast tilskot til ulike typar læremiddel som grunnbøker, arbeidsbøker, tilleggsmateriell (ressursperm for lærarar, ordlister, lydmateriell) og nynorsk grammatikk for vaksne innvandrarar. Det kan gjevast støtte til trykte og nettbaserte komponentar." Dette er ein stor siger for målrørsla og for dei innvandrarane som bur i nynorskområde. Nynorsk.no kjem tilbake med meir om saka.

Lagt ut 28.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hundre nye salmar

Salmekonkurransen som Nynorsk kultursentrum inviterte til i vinter, har resultert i meir enn 100 nye salmar på nynorsk. Les meir i Vårt Land.

Lagt ut 28.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken sin plass i HSD og Gaia

Det samanslegne Tide (HSD/GAIA) skal frakta folk og varer i eit fylke som høyrer til kjerneområda for nynorsken. Både fylkeskommunen og dei aller fleste kommunane i Hordaland har vedteke at nynorsk er deira språk. Etter vårt syn vil det difor vera naturleg at nynorsken får ein framskoten plass i det nye selskapet, skriv Åsmund Lien (NM) og Einar Ådland (HM)i Bergens Tidende i dag.

Lagt ut 27.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk er eit problem

Det meiner iallfall Asker og Bærum Boligbyggelag. No åtvarar dei mot problem med nynorsk i bustadbyggjelagslova og burettslagslova. Les meir i Budstikka.no.

Lagt ut 26.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Linda Eide fekk departementsnynorskpris

NRK-medarbeidaren Linda Eide har fått Kultur- og kyrkjedepartementets pris for nynorskjournalistar. Prisen vart delt ut første gongen under Dei nynorske Festspela i Ørsta torsdag. Les meir på nettsidene til KKD.

Les òg «Gjev pris til Linda» på sidene til NRK Hordaland.

Lagt ut 22.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk på Gjøra

Nynorsk vert framleis målformen ved Gjøra skule. Det avgjorde fleirtalet i kommunestyret tysdag. Les meir i Aura avis.

Lagt ut 22.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kari Traa er «Årets nynorskbrukar»

Kulekøyraren og forretningskvinna Kari Traa frå Voss vart under opningshøgtida for Dei Nynorske Festspela onsdag kveld tildelt prisen som «Årets nynorskbrukar». Les meir i Firda.

Lagt ut 22.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mot skulemålsrøysting i Aure krins?

Ei gruppe foreldre ved Aure barne- og ungdomsskule har gått saman om ein underskriftskampanje skulemålsrøysting i krinsen. Les meir i Tidens Krav.

Lagt ut 21.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Festspel med fantestrekar

Bøker, brød, bilete, blogg, bannskap og bedehussalmar. Ingen skal klage over spennet i Dei Nynorske Festspela. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 20.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Festspela opnar onsdag

I morgon, onsdag, opnar Dei nynorske festspela i Ørsta. Programmet er fullt av godbitar for kropp og sjel. Les meir om festspelkunst, -mat og -moro hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 20.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Eit språknøytralt Møre og Romsdal?

Nynorskfylket Møre og Romsdal skal vurdera språkleg nøytralitet. Les meir i Tidens Krav.

Lagt ut 14.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Stifting for Løland-markeringa på plass

Stiftinga for Rasmus Løland-markeringa blei etablert måndag og tilsette samstundes Marny Skeie Henkel som dagleg leiar. Les meir i Suldalsposten.

Lagt ut 14.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk takk for riksmålspris

Aftenpostens Harald Stanghelle snakkar eit nydeleg nynorsk normaltalemål og er med andre ord ein aktiv nynorsktalar. Då Riksmålsforbundet ringde og ville gje han Gullpennen, la han på. I går tok han i mot Riksmålsprisen. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 14.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ordbok gjev sjølvrespekt

Norske krefter står bak eit omfattande ordbokprosjekt for swahili. Dette arbeidet handlar om å styrkja kutlurell og nasjonal identitet, kan ein lesa i Aftenposten.

Lagt ut 12.6.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Mot siste song i bikuben

Ein sliten Diamant-sykkel hjelper skodespelar Hans Rønningen gjennom ein vanleg dag på jobben. No er det snart slutt. «Bikubesong» skal gje seg etter 172 framsyningar. For godt. Les meir i Nationen.

Lagt ut 9.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Eit språknøytralt Møre og Romsdal?

Høgre-representanten Torkild Solli Haukaas, som er kjend som ein ivrig sidemålsmotstandar, har fremja ein interpellasjon til Fylkestinget i Møre og Romsdal, der han spør om ikkje fylkesordførar Jon Aasen kan støtte ei fjerning av nynorsk som administrasjonsmål i fylket og i staden bli språkleg nøytralt. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 9.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt Motmæle

Siste utgåva av Motmæle er på veg frå prenteverket. Bladet inneheld m. a. artiklar om målbyte, NMU-sumarleiren og den nynorske sumaren. Om du ynskjer å lesa bladet på nett, gjer det her.

Lagt ut 9.6.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskklassar kom opp i spørjetimen

På Fjell ungdomsskule har praksisen den seinare tida vore å blande elevar med bokmål og nynorsk. Mange foreldre fryktar dette går ut over nynorsken til nynorskelevane, ettersom desse oftast er i sterkt mindretal i klassane. No skal nynorsktilhøva ved Fjell ungdomsskule vurderast av kunnskapsminister Øystein Djupedal. Les meir om saka i Vestnytt.

Lagt ut 8.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målform på høyring

Administrasjonen i nye Aure kommune ser ingen grunn til å tilrå skifte av målform. Saka skal likevel ut til høyring. Les meir i Søvesten.

Lagt ut 7.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Verneverdig bokmål

«Det interessante og spesielle med norsk språksituasjon er (...) ikkje at vi har nynorsk ved sida av bokmål. I internasjonal samanheng er det spesielle og heilt særnorske faktisk bokmålet. Denne skriftspråksvarianten vart til ved at det innvandra herrespråket som hadde vorte skriftspråk og høgare talespråk i landet, altså dansk, vart modifisert (...)», skriv professor Jan Terje Faarlund i Morgenbladet.

Lagt ut 6.6.06 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka | Tips ein ven

Aura avis misnøgd med røystinga

«Politikerne slipper imidlertid unna i denne omgang. De har fått den ryggdekning de trenger for å gjøre det minst ubehagelige», skriv Aura avis i ein heller gretten leiarteig etter skulemålsrøystinga på Nordmøre førredagen.

Lagt ut 1.6.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen