nynorsk.no

22.10.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juli 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Kjappe BUL-lag

BUL-laga i Oslo og Tromsø er nokre sprintarar! Det synte seg under NM i friidrott i helga, der IL i BUL Oslo og IL i BUL Tromsø til saman fekk 3 gull, 1 sylv og 1 bronse. Les meir hjå Noregs Ungdomslag.

Lagt ut 31.7.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Lærebøker for seine til skulestart

Når elevane i midt- og norddalen kjem på skulen igjen i august, vil dei truleg mangla fleire lærebøker. Forlaga slit med å bli ferdige til skulestart. Les meir i Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 29.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lae med sans for namn

Erling Lae, mest kjend som byrådsleiar i Oslo, er hytteeigar i Hallingdalen. På eitt kart har han funni 56 namnefeil! Dette må Statens kartverk ta tak i, meiner Lae i fylgje Hallingdølen.

Lagt ut 28.7.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ta her va fole!

No blir romsdalsdialektane samla! Ove Orvik samlar ord, og skal gje ut bok om romsdalsdialektane. Arbeidstittelen er førebels "Ta her va fole!". Les meir hjå Romsdals Budstikke.

Lagt ut 25.7.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Sjakkbrikkene på plass i Moster amfi

3. august er det Noregspremiere på Chess i Moster Amfi. Musikalen er, som alle gode musikalar, sjølvsagt omsett til nynorsk. Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 24.7.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Aldri tomme for ord

Helene Uri og Per Egil Hegge er to markante språkfolk, som deler syn på mykje - men dei må av og til konsultere ordboka for å avgjera tvistar. Og kommareglar er dei ikkje samde om... Les meir hjå Aftenposten.

Lagt ut 22.7.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Eit skot i foten

Korkje språkrådet sin direktør eller NRKs mest profilerte nynorskfilial, NRK Sogn og Fjordane, bør kvi seg for å lesa eller skriva solid nynorsk. Å ta til orde for sanering av nynorskord som er i overkant nynorske er det reinaste våset, står det i leiaren i Sognavis i dag.

Lagt ut 20.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Løland-bøker blir drama

Bøkene til barnebokpioner og suldøl Rasmus Løland blir til forestilling i kulturskulane. Det er Rune Belsvik som skal gjera drama av bøkene. Les meir i Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 19.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Språdirektøren er heilt på jordet

Det meiner iallfall Målungdomen, som tykkjer det er pinleg at språkdirektør Sylfest Lomheim kritiserer valet av ord på nynorskversjonen av Google. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 19.7.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

- Google gir unge nynorskskrekk

Språkdirektør Sylfest Lomheim kritiserer søkjemotoren Google for å bruke for gammaldags nynorsk, skriv NRK Sogn og Fjordane. Døme på gamaldagse ord er «attende» og «snøggast». Språkdirektøren bør òg vurdere om «eg» og «ikkje» er litt skremmande.

Lagt ut 18.7.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

TV 2, P4 og Kanal 24 får kjeft

Alle dei tre kommersielle ålmen­kring­kastarane får refs av Medietilsynet for brot på konsesjons­vilkåra. P4 har for lite dialektar og TV 2 for få norsk­språklege program for ungdom. NRK får ikkje refs - trass i at det er for lite nynorsk i samtlege kanalar unnateke P1 og P3. Les meir om ålmen­kringkastar­rapporten hjå Medietilsynet.

Lagt ut 17.7.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Otto er eit leshorn!

Otto Hageberg er 70 år, og har fått eit festskrift i samband med det. Les intervju med han i Morgenbladet.

Lagt ut 14.7.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Dagleg leiar for Løland-markeringa tilsett

Marny Skeie Henkel er tilsett som ny dagleg leiar for Rasmus Løland-markeringa 2007-2011. Les meir hjå Hardanger Folkeblad og på Rasmus Løland-markeringa sin eigen nettstad, nashornet.no.

Lagt ut 14.7.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-feministen

«Ho må tvingje seg sjølv til å skrive. Dessutan er ho feminist og for nynorsk. Og ho vil ikkje høyre noko om at ho er forfattar enno.» Slik startar ein relativt nesegrus artikkel om forfattaren Tone Magni Finstad Vestheim i avisa Glåmdalen!

Lagt ut 14.7.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

For lite nynorsk i mattilsynet

Mattilsynet må ta eit krafttak for nynorsken. I fjor var nynorskbruken deira på seks prosent! Les meir hjå NRK Hordaland.

Lagt ut 13.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gunhild Berge Stang attvald som leiar i Noregs Ungdomslag

Gunhild Berge Stang vart attvald som leiar på årsmøtet i Noregs Ungdomslag i dag. Dette er den andre perioden hennar, og ho har m.a. markert seg som ei tydeleg måldame. nynorsk.no gratulerer med attvalet! Les meir på ungdomslag.no.

Lagt ut 11.7.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Øvrebotten nestleiar i Språkrådet

Leiaren for Nynorsk mediesenter i Førde, og mangeårig sjef for NRK Sogn og Fjordane, Magni Øvrebotten, blir nestleiar i Språkrådet. Les meir i Firda.

Lagt ut 5.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ynskjer ikkje folkerøysting

Framlegget frå Høgre om å halda folkerøysting om målform i den nye kommunen, vart avslått i kommunestyret. Les meir i Søvesten.

Lagt ut 5.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt styre i Språkrådet

Det er oppnemnt nytt styre for Språkrådet. Frå nynorsksida er Magni Øvrebotten, Jan Olav Fretland og Ottar Grepstad oppnemnde. Lars Rottem Krangnes er vararepresentant for desse. Les meir om det nye styret på sidene til Kultur- og Kyrkjedepartementet.

Lagt ut 4.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kva skal katten heite?

Tunkatten i Ivar Aasen-tunet i Ørsta får sin eigen nettstad i september, men han har enno ikkje fått eit namn. Les meir på Neste klikk.no.

Lagt ut 4.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkleg situasjonsrapport frå Vinje

Finn-Erik Vinje har gjort det til ein årviss vane å gje ut ein språkleg ?situasjonsrapport?.
Kritikk av undervisningen i nynorsk som sidemål i det norske skolesystemet opptar mye plass i årets ?situasjonsrapport?, og han har argumentert så iherdig mot denne undervisningen at en lett kan tro det er hele den nynorske målformen han vil utrydde.
Det skriv Utdanning om årets bok.

Lagt ut 4.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken tapte i Tide

Storebror HSD er ei nynorskverksemd. Veslebror Gaia driv med bokmål. Likevel får nyfusjonerte Tide vedtekter på bokmål. No vil Bergen Målungdom vil gjere nynorsk til forretningsspråk i bussgiganten Tide. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 4.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Medrivande bortrykkingar

Stol og ekstase, av Gunhild Øyehaug får gode kritikkar i Aftenposten. Mariann Enge, som har meldt boka, skriv: "Øyehaug sirkler inn noen vesentlige ting, og hun gjør det i et medrivende språk." Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 3.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Får betalt for å lesa

Marthe Selås Olsen får betalt for å gå i djupna i nynorsklitteraturen i sommar. Aurland kommune går nye vegar i sommer og har tilsett 12 ungdomar i alderen 16-19 år som litteraturkritikarar. Les meir i Dagens Næringsliv.

Lagt ut 3.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hordamuseet del av Bergen Bymuseum

Frå 1. januar 2007 vert folkelivsmuseet innlemma i Bymuseet, men dei vil halda på særpreget sitt og nynorsk skal framleis vera målforma. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 3.7.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

31. oktober

  • 1900 Studentmållaget i Oslo vart skipa.

1. november

  • 1864 Den fyrste folke­høg­skulen, Sagatun, vart skipa på Hamar.

3. november

  • 1911 Hartvig Kiran vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen