nynorsk.no

22.10.2017

Arkivet for
nynorsk.no: august 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Nynorskpraktikant i NRK?

Nynorsk mediesenter i Førde lyser no etter det sjette kullet med nynorskpraktikantar. Les meir om det NRK Nyheiter eller hjå Nynorsk mediesenter.

Lagt ut 31.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Berre 20 av 160 følgjer mållova

Berre eit tjuetal av 160 sentrale statsorgan brukte lovpålagd mengd nynorsk i fjor, viser tal frå Språkrådet. Les meir i Nationen.

Lagt ut 31.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bjørnsonstipendet til Øyehaug

Gunnhild Øyehaug (31) er, mellom mykje anna, ein kvinneleg nynorskforfattar. Det gjer henne til «dobbelt minoritet», meiner ho sjølv. No får Øyehaug Bjørnsonstipendet 2006. Les meir på Dagbladet.no.

Lagt ut 30.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ber lærarane ta ansvar

Når det ikkje ligg føre lærebøker på nynorsk, bør lærarane undersøke med forlaga korleis elevane kan få tilgang til læremiddel på nynorsk ved skulestart, seier Gro Morken Endresen i Noregs Mållag. Les heile saka på Utdanning.ws.

Lagt ut 30.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Forlaga sit med svarteper

For å få lærebøkene ferdige i tide, må forlaga samarbeida med styresmaktene i samband med skulereformer. Leiar i Læremiddelutvalet i Forleggjarforeininga og redaktør i Gyldendal Undervising meiner det er djupt urettvist at forlaga no sit att med svarteper i høve til lærebøker på nynorsk. Les meir på Utdanning.ws.

Lagt ut 30.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Jubileumsverk i rute

No har Paal-Helge Haugen fullført teksten til Weidemann-konserten i Steinkjer kyrke i samband med 150-årsjubileet for Steinkjer i 2007. Koserten heiter «Skin» med undertittelen «Ein regnboge for Steinkjer og Jakob Weidemann».TrønderAvisa.

Lagt ut 30.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkschizofreni

Rettskriving er ein elementær basiskunnskap som alle professorar og andre som arbeider med det skrivne ord burde lære seg, skriv Anne Viken i Universitas i dag, der ho ber om å få forståelege eksamensoppgåver frå UiO.

Lagt ut 30.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fræna språknøytral?

Det er duka for språkdebatt når kommunestyret i Fræna kjem saman til fyrste etter ferien på måndag. Høgre har føreslege at kommunen skal stille seg språkleg nøytral, og fått fleirtal for det i plan- og økonomiutvalet. Les meir i Romsdals Budstikke.

Lagt ut 30.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Riksrevisjonen bør granske forlaga

Elevar med nynorsk hovudmål vert tvinga til å kjøpe bokmålsbøker eller klare seg utan bøker på uviss tid. Forlaga skuldar mellom anna på nynorskomsetjarane. Finn Stenstad, leiar i i læremiddelutvalet i NFF meiner det er forlaga som fuskar og meiner Riksrevisjonen burde granske dei. Les meir på Utdanning.ws.

Lagt ut 29.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-Rema på Stord òg

Hurra! Rema 1000 på Stord erstattar «gryteretter» med gryterettar, og haustar jubel frå Noregs Mållag - og frå nynorsk.no. Les meir om kva som skjer på Stord i Bergens Tidende.

Butikksjefen på Stord seier at det ikkje kostar rare greiene, og det er verd det. Les meir hjå NRK Hordaland

Lagt ut 28.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Tradisjonen med nynorsk døyr?

Ein årelang tradisjon med nynorskklassar på Olderskog skule i Mosjøen er om å døy. Siste nynorskklassenstarta i 2002 og etter det har det ikkje vore nok elevar til å få til klasse. Les meir i Helgeland Arbeiderblad.

Lagt ut 28.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk REMA i Volda

I Volda kan du no handla på nynorsk på ein REMA 1000-butikk. Alle skilta er på nynorsk og snart får kundane òg kassalappen på nynorsk. Hurra! Nynorsk.no er over seg av glede og gratulerer! Les (litt) meir i Handelsbladet FK.

Lagt ut 26.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Null nynorsk i Oslo

Nye rapporteringar viser at lærestadene i Oslo brukar nynorsk minimalt. Verst er Musikkhøgskulen, med ein nynorskandel på null prosent. Les meir i Universitas.

Lagt ut 24.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Melding av læreverk

Skulen er i gang att og dei nye læreverka skal under lupa. Er dei nye bøkene gode nok og korleis står det til med nynorsken? Nedst i denne artikkelen finn du meldingar av læreverk for norsk-og samfunnsfag på 8.trinnet. Ikkje alt står bra til. Les meir på Forbruker.no.

Lagt ut 23.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Den sinte nynorskmannen

Marte Michelet meiner "Den sinte nynorskmannen" er det perfekte dømet på "den radikale taparen". Les kommentaren i Dagbladet.

Lagt ut 23.8.06 av Tarjei Vågstøl
Gå til saka | Tips ein ven

Gyldendal: Norsk og nynorsk

Aftenposten medler i dag nye læreverk for 8.trinnet. Fleire bøker vart kritiserte for ikkje å ha god nok, eller heilt manglande, nynorskdel. I siste Norsklæraren vert det referert til ei bokmesse i Kristiansand, der Gyldendal forlag selde eit bokverk til norskfaget, på begge målformer. På omslaget av halvparten av bøkene stod det norsk, på resten av bøkene stod det nynorsk, skriv Guffen på nettsida si. Nynorsk.no er interesserte i fleire tips om liknande oppdagingar.

Lagt ut 23.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskprolog på T-banen

"Eg, T-baneførar 5783 Norheim, vil ta dei lærde med på ei danningsreise over og under jorda i den vesle storbyen Oslo, for å koma nærmare sanninga - om T-banen har sjel." Slik opnar prologen som Jørgen Norheim skreiv til opninga av den nye T-baneringen i Oslo. Les meir hjå Oslo Sporveier.

Lagt ut 23.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkleg mangfald i EU

Målsaka har alltid vore inspirert av internasjonale og spesielt europeiske impulsar. Fleire av dei nynorske føregangsmennene var europeisk orienterte. Dette heng saman med at norsk kultur ikkje kan isolere seg, men utvikle seg i samspel med det beste frå andre kulturar, skriv Finn Myrstad, leiar i Europeisk Ungdom. Les saka på Jasiden.no.

Lagt ut 22.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kule-Kari med sjølvbiografi

Kulekøyrar-pensjonist Kari Traa (32) har dårlege bein, men godt hjerte. No klemmer ho til med sjølvbiografi, og overskotet går til SOS barnebyar i Zambia. Les meir i Nationen.

Lagt ut 22.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Jon Lilletun er død

- Nynorskbrukarar over heile landet har mykje å takke Lilletun for. Vi gjer det i djup respekt for det Lilletun stod for, og sender våre varmaste tankar til hans nære og kjære, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i samband med at tidlegare statsråd Jon Lilletun døydde natt mandag. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 21.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dumt å mangla lærebøker

Ved skulestart manglar førsteklassingane på vidaregåande fleire lærebøker og blir vist til internett. Det synest ikkje Kim André og Lene Mari er riktig. Les meir i Strilen.

Lagt ut 19.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Blåmann - ein suksess!

Bokklubben Blåmann, som tilbyr nynorske bøker til born og unge, har sju tusen medlemer, og har selt 75.000 bøker. Barnebokklubben er rett og slett ein sukesess! Les meir på Utdanning.ws.

Lagt ut 17.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

No kjem "Ringdrotten"!

Nynorske Tolkien-lesarar kan glede seg: no kjem Ringdrotten på nynorsk! Eller som boka heiter på hitt målet: Ringenes Herre. Les meir hjå Utdanning.ws.

Lagt ut 15.8.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

To halve nynorskklassar - ikkje godt nok

Etter foreldreopprøret i vår har Fjell ungdomsskule gjort om på klasseinndelinga. På torsdag går elevane til skulen att. I to av 8. klassane har halvparten nynorsk, istaden for oppretta ein rein nynorskklasse. Les meir i VestNytt.

Lagt ut 15.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkdelt lærebok får skryt

Norsk-læreverket Tema frå Samlaget får skryt i den store lærebokteksten til Aftenposten. Ein av forfattarane er Benthe Kolberg Janson - kjend mållagsdame frå Østfold.

Lagt ut 14.8.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Haua har finast dialekt!

Hauge i Dalane vart fredag ettermiddag kåra til vinnar i dialektiske leikar i NRK Rogaland. Haua vann ein knepen siger framfor Suldal i finalen. Les meir hjå NRK Rogaland eller høyr lydklypp frå NRK.

Lagt ut 14.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ingen rabatt på nynorskbøker

Gyldendal forlag trekte tilbake innkjøpsrabatten før lærebøkene på nynorsk var klare for bestilling. Nynorskkommunene kan ha tapt store summar. Les meir på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 12.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Utgår

Høgsterettsdommar Karl Arne Utgård har fått den fyrste målprisen frå Juristmållaget. Les meir i Propaganda.

Lagt ut 12.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målrock med unnatak

Styreleiar Arvid Fodnes føretrekkjer nynorskband på Målrockfestivalen. Men for Bigbang gjorde han eit unnatak. I helga er det Målrock. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 12.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kvensk er blitt pop

På kort tid har kvensk blitt det mest populære språkstudiet på Universitetet i Tromsø, skriv NRK Troms og Finnmark.

Lagt ut 7.8.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Rekneark i båe målformer

Kunnskapsdepartementet har vedteke ei endring av paragraf 17-3, slik at administrativ programvare (kontorstøtteprogram) ikkje lenger er unnateke frå kravet til språkleg parallellutgåve. Dette gjeld frå 1. august 2006. Les meir på Nesteklikk.no.

Lagt ut 4.8.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsksutring frå GD og NRK

Resultatet av folkerøystinga i Engjom i fjor vart nynorsk. No har Gudbrandsdølen Dagningen og NRK Hedmark og Oppland sett i gong ein regelrett kampanje mot resultatet.

Lagt ut 3.8.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

31. oktober

  • 1900 Studentmållaget i Oslo vart skipa.

1. november

  • 1864 Den fyrste folke­høg­skulen, Sagatun, vart skipa på Hamar.

3. november

  • 1911 Hartvig Kiran vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen