nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: september 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Kantate om Garborg

Det kan bli ei mektig oppleving når nærare 70 songarar og musikarar dirigert av komponisten sjølv, Sigvald Tveit, framfører Garborg-kantaten «Å hjelp meg du» i Bryne kyrkje laurdag kveld. Les meir på Jærbladet.no.

Lagt ut 29.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Firefox endeleg i nynorskversjon!

Firefox har lagt ut ein førebels versjon av nettlesaren til nedlasting. Den endelege versjonen av Firefox 2.0 er venta i slutten av oktober. Les meir om nye Firefox hjå IT-avisen eller Firefox.no.

Lagt ut 28.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Status for nynorsk

- Legar, ingeniørar og datafolk oppfører seg altfor ofte som ein språkleg elite som trur dei kan gjere som dei vil. I kvar sjette nynorskkommune er det avdelingar eller yrkesgrupper som ikkje følgjer gjeldande vedtak om administrasjonsspråket i kommunane. Det sa Ottar Grepstad då han i går heldt årstalen sin for den nynorske skriftkulturen. Les meir om korleis det står til på Neste klikk.no.

Lagt ut 28.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil berge dialektane

Det har for lengst kome i gang eit offensivt samarbeid mellom fjellregionane på politisk nivå. No får samarbeidet også ein språkleg parallell. No skipar mållaga i regionen til ein dialektkonferanse for heim, barnehage og skule. Les meir i Avisa Valdres.

Lagt ut 27.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Jazza mållagsfeiring

Fyrstkomande laurdag feirar Ålvundfjord og Ålvundeid mållag 100-årsjubileet til Noregs Mållag. Det skjer på Hals i Ålvundfjord, med ein kveld vigd diktaren Kristofer Uppdal. Les meir i Tidens krav.

Lagt ut 27.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fråfall av kompetanse er ikkje likestilling

Førre veke sa likestillings- og diskrimineringsombodet, Beate Gangås, at målkravet i staten inneber språkleg og ulovleg diskriminering. - Utspelet frå Gangås diskriminerar nynorskfolk so vel som innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn, skriv Sergej Alexander Munkvold i Nationen i dag.

Lagt ut 27.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

«Ringdrotten» kjem før jul

«The Lord of the Rings» har fått nynorsk språkdrakt, og kjem i bokform i slutten av november. Akkurat i tide til å bli den store, nynorske julegåva. Omsetjar Eilev Groven Myhren kunne tysdag presentera arbeidet for elevar ved Sunndal vidaregåande skule. Les meir om dette i Tidens krav.

Lagt ut 26.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fryktar ubrukeleg framtid for norsk språk

Noregs Mållag fryktar norsk kan bli utilstrekkeleg i forretningar - Eg er meir uroa for at studentane ikkje lærer engelsk, seier BI-forsker. Les meir på N24.no.

Lagt ut 26.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Strålande frå Bildøen

Brit Bildøen er ein av våre fremsta samtidsforfattarar. Måndag kom ho med ny bok. «Mitt milde vesen» fekk strålande kritikkar og torsdag kan du møta Bildøen i nettmøte i Dagbladet.

Lagt ut 26.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Hardingrock på nynorsk

Knut Buen har slått seg saman med Vegard Tveitan og Heidi Solberg Tveitan. Dei smeltar saman slåttemusikk, nynorsk, elektronika, progrock og mykje anna til noko heilt nytt; hardingrock, skriv Telen.

Lagt ut 25.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-rapp med «stål i ondebrellå»

Det er ikkje meir enn fem-seks år sidan norske hipphopparar begynte å rappe på nynorsk, men til gjengjeld har nyskapinga breidd seg like fort som eit slagsmål på ein bygdefest, skriv Neste Klikk.

Lagt ut 22.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Er det plass til nynorsk?

- Dersom Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Aftenposten og Fædrelandsvennen kjem fram til semje om fusjon, må dei nynorskbrukande avisene krevja fellesstoff på nynorsk, det skriv Håvard B. Øvregård i Bergens Tidende.

Lagt ut 22.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskkrav kan diskriminera

Diskrimineringsombodet fryktar at kravet om å kunna svara både på nynorsk og bokmål hindrar innvandrarar i å få jobb i staten. Les heile saka i Aftenposten.

Lagt ut 21.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

20 nynorskinstitusjonar med felles språkpolitikk

20 riksdekkjande nynorskinstitusjonar har no samla seg om ein felles språkpolitikk. Fredag overleverte Nynorsk Forum til Kultur- og kyrkjedepartementet eit femten siders manifest med ti prioriterte reformtiltak og ein handlingsplan med i alt 38 framlegg til tiltak. Les meir om og sjå heile manifestet på Aasentunet.

Lagt ut 20.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Jubilerer i Stavanger Domkyrkje

Tysdag kveld opptrer Ragnar Hovland og Henning Sommero saman i Stavanger Domkyrkje under urframføringa av verket «Salmar for born». Publikum vil denne kvelden møta nynorske salmar i ny drakt. Rogaland Mållag har valt å bruka konserten som markering av 100-årsjubileet til mållaget. Les meir i Vårt Land.

Lagt ut 19.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Norsk på veg ut av børsen

Kverneland har 96 prosent norske eigarar. Likevel vil plogprodusenten frå no av berre nytte engelsk når dei sender ut børsmeldingar.

Og dei er ikkje åleine: Nær 40 prosent av selskapa på Oslo Børs held seg til engelsk når dei sender ut meldingar, skriv Dagens Næringsliv.

Lagt ut 19.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Sigmund Groven fekk Storegutprisen

- Sigmund Groven nyttar ein god nynorsk med grunnlag i målføret sitt, i all sin språklege kommunikasjon, seier juryen som grunngjeving for prisen, skriv Varden.

Lagt ut 18.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Gjev politimeisteren nynorsk-refs

Nynorsk-lækjar Audun Vevatne gjev politimeister Karl-Henrik Sjursen ei skikkeleg skyljebøtte under sitt vitneprov i tingretten. Sjursen lovar bot og betring. (Teikning: Lars Slettebø, Haugesunds Avis). Audun Vevatne frå Stord likar dårleg å få vitneinnkalling frå eit nynorsk-politidistrikt på bokmål. Politimeisteren legg seg flat og lovar å endre praksis, skriv Haugesunds Avis.

Lagt ut 18.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Politikk for nynorsk

20 riksdekkjande nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter har sendt eit samla innspel til stortingsmeldinga om språk og makt. Les meir hjå Aasentunet.

Lagt ut 17.9.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Jazz på nynorsk!

Roald Helgheim har skrivi på nynorsk om jazz i ein mannsalder. Endeleg har han fått eit anna ynske oppfylt: ei jazzplate på nynorsk! Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 17.9.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Mål med meining

Familien Stulien Lauen både syng og «preker» dialekt, noko Marnar Mållag set pris på. I kveld får familien frå Byremo «Mål og meining-prisen» i samband med Marnar Mållag si hundreårsfeiring. Familien tar vare på tradisjonane, men er også nyskapande, noko som er heilt i mållaget og ungdomslaget si ånd. Les meir i avisa Lindesnes.

Lagt ut 16.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sande feira med biografi

Jakob Sande fridde til Halldis Moren dagen før Tarjei Vesaas gjorde det same. Alle veit korleis det gjekk. Den forsmådde friaren vert no presentert i eit nytt stort verk. Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 15.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkskrømtet Finn-Erik Vinje

Professor Finn-Erik Vinje ser skrømt ved høglys dag, og meiner Språkrådet er eit reir av nynorskaktivistar som motarbeider bokmålet.
Det er som om Ap skulle erklære RV til sin hovedmotstander ved neste valg,
skriv Jan Nyberg i Bergens Tidende i dag.

Lagt ut 14.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny diktsamling frå Einar Økland

I går kom diktsamlinga Krattet på badet av Einar Økland ut. Økland har gjeve ut over 40 bøker i ulike sjangrar sidan debuten i 1963. Les meir i Bokavisen.

Lagt ut 13.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje nynorsk i Dagbladet med det første

Tysdag hadde Noregs Mållag og Kringkastingsringen møte med den nye sjefredaktøren i Dagbladet, Anne Aasheim, med von om at nye kostar kan opne for meir nynorsk i spaltene. Les meir om møtet på Nesteklikk.no.

Lagt ut 13.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Tunkatten har fått eigen nettstad

TunkattenI dag vart nettstaden til tunkatten i Ivar Aasen-tunet opna. Tunkatten kan by på spel, leikar, aktivitetar og konkurransar, mest for dei yngste av oss. Les om kva Aasen-tunet eller Utdanning skriv om opninga, ellr sjekk ut Tunkatten.no!

Lagt ut 12.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

-Språkrådet styrt av nynorsk-forkjemparar

Det at Språkrådet er styrt av nynorskforkjemparar grunnen til at nynorsk vert favorisert på kostnad av bokmål, hevdar Finn Erik Vinje. Få av dei involverte torer å seia frå om det Vinje kallar «målfolk si overkøyring av nordmenn». Les meir gruff frå Vinje i Dagbladet.

- Dette tykkjer eg høyrest utruleg ut, for språket har vore dominert av bokmål i alle år. Eg kan ikkje skjøne at han skal ta slik på veg fordi det no er litt meir nynorsk i Språkrådet enn det har vore før, seier leiaren i Sogn og Fjordane Mållag, Anna Sofie Skaar, til NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 12.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

NRK-skodespelarar kan ikkje snakke trøndersk

Skodespelarane i TV-serien basert på Anne Rogde-romanane «Berlinerpoplane» og «Eremittkrepsane» skal likevel ikkje snakke trøndersk, melder NRK Trøndelag. Dialekta vart rett og slett for vanskeleg for dei!

Lagt ut 11.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Detaljert bokstatistikk

Forlagssentralen har no kome med detaljert språkstatistikk for norske skjønnlitterære bøker for dei siste ti åra. Statistikken viser at nynorskdelen held seg stabilt mellom 11 og 15 prosent av utgjevingane, skriv Boknett.

Lagt ut 8.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Måne og stjerner frå Aasentunet

- Haustnatta skin over kulturprogrammet til Nynorsk kultursentrum. Månen og stjernene er nemleg tema for arrangement, i tillegg vil publikum i Aasentunet møte både gamle og nye stjerner frå litteraturen, seier programansvarleg Åshild Widerøe til Vikebladet.

Lagt ut 7.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Setesdalsforlaget snart over 150 titlar

Einmannsføretaket Setesdalsforlaget har snart nådd 150 boktitlar etter starten i 1997:

- Eg hadde sett meg så lei på at det snart ikkje er nokon som gjev ut bøker på nynorsk lenger. Du kan vel kalle meg ein idealist, seier forleggar Homme, til Fedrelandsvenen.

Lagt ut 7.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kampanje for bokmål i Aure-skulane

Foreldreutvalet i Aure skulekrins sette i gong underskriftskampanje for å skifte opplæringsspråk frå nynorsk til bokmål før sumarferien. No har fleire av skulekrinsane i kommunen hengt seg på, skriv lokalavisa Søvesten.

Lagt ut 6.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Femte kullet på plass i Førde

Det femte kullet med nynorskpraktikantar er no på plass i Førde og skal vera der fram til jul. Etter det skal dei ut i praksis i andre redaksjonar før dei er ferdige som nynorskpraktikantar. Nynorsk mediesenter har vore i drift i to år og har til no lært opp 20 nynorskbrukande journalistar. Atten av dei har heil- eller deltidsarbeid i media. Les meir hjå Nynorsk mediesenter.

Lagt ut 6.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Verdas mest forelska par - på scena

Alle stadar i verda fins det forelska par, i dei største byar og i dei minste bygder. Det er dette Belsvik si nye forestilling på Det Norske Teatret handlar om. - Stykket er for alle kjærastar, alle som har lyst til å vera kjærastar og alle som har vore betatt av nokon, seier forfattaren Rune Belsvik til avisa Sunnhordland.

Lagt ut 6.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

14 prosent nynorsk i skjønnlitteratur

Delen nynorsk skjønnlitteratur frå norske forlag har vore svært stabil det siste tiåret: 14 prosent av titlane er på nynorsk, 79 prosent på bokmål, skriv Bok og Samfunn.

Lagt ut 5.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis nynorsk i Fræna

Høgre gjorde framlegg om at Fræna skulle bli språknøytral kommune, men fekk berre støtte frå Frp og éin Ap-representant då kommunestyret røysta over saka i går kveld, skriv Romsdals Budstikke.

Lagt ut 5.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Skotlands fyrste gæliske vidaregåande skule

Denne veka opna den fyrste gæliske vidaregåande skulen i Skotland. No kan elevane for fyrste gong få undervisninga på gælisk frå dei er tre til dei er 18 år. Les meir hjå Eurolang.

Lagt ut 4.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bikubesong for kinesarar

«Bikubesong» er den første boka som har blitt omsett direkte frå nynorsk til kinesisk. Les meir på Neste klikk.no.

Lagt ut 4.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Manglar lærebøker på nynorsk

Mange av dei nynorske lærebøkene for elevar i den vidaregåande skulen er enno ikkje på plass, skriv NRK Sogn og Fjordane. No krev lærarane på Hafstad vgs i Førde at forlaga som ikkje leverer nynorskbøker i tide dekkjer kopi-kostnadene.

Lagt ut 4.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Rema betre enn staten på nynorsk

- I ein butikk er det likevel frivillig kva språk ein vil bruke. I det offentlege er det ikkje frivillig, i eit land med to likestilte, offisielle språk. Men fleirtalet av statlege organ ser ut til å boikotte nynorsken, skriv Nationen på leiarplass i dag.

Lagt ut 4.9.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Samde om nynorsktiltak

Elevar med nynorsk som hovedmål vil ikkje få lærebøkene sine før seinhaustes. No går forlaga samen med Utdanningsdirektoratet for å korta ventetida. Les om tiltaka hjå Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 2.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålsforbundet er sinte på Skarheim

Innleiinga direktøren i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim, heldt på landsmøtet til Noregs Mållag har sjokkert Bokmålsforbundet. Det er særleg fylgjande sitat som har fått det til å koka over for dei to:
I dag er problemet at mange ungdommer skifter frå nynorsk til bokmål, og at det er få som skifter frå bokmål til nynorsk.
No skuldar dei Skarheim for å vera "mållagets forlengete arm i skolen". Les meir på Utdanning.ws.

Lagt ut 1.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Meir nynorsk på NRK.no

Dei tidlegare praktikantane ved Nynorsk mediesenter i Førde har lenge synt att som tydelege nynorsk­journalistar. No òg på nettsidene til NRK, der nynorsken mange stader har vore nedprioritert. Birte Njøsen Horne ser no til at nettsidene til Kjempesjansen vert på nynorsk i år og Solveig Hareide skriv mellom anna på nettsidene til NRK P3-satsinga Urørt. Hurra!

Lagt ut 1.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Yrkesfaga får lærebøkene sist

Mange av lærebøkene for yrkesfaga i vidaregåande skule er sterkt forseinka. Verst står det til med nynorskbøkene. Les meir i Dag og Tid, som frå denne veka vart fredagsavis.

Lagt ut 1.9.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen