nynorsk.no

29.6.2017

Arkivet for
nynorsk.no: oktober 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Fem år med Blåmann

Blåmann Barnebokklubb har 5-årsjubileum i haust. Det markerer dei med å gje ut Roald Dahl på nynorsk. Neste år kjem det nynorske utgåver av både «Charlie og sjokoladefabrikken» og «Georgs magiske medisin». Les meir hjå Bok og samfunn.

Lagt ut 31.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Rørande nynorsk kulturkveld

I samband med Noregs Mållag sitt 100 års jubileum skipa Ullensvang og Odda Mållag til ein flott kulturkveld i Odda kino sundag. Les meir om dette i Hardanger Folkeblad.

Lagt ut 31.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Intelligent liv på Vestlandet?

Dei fokuserer på seg sjølv og har bart, bandbil og fine dressar. Dei jaktar på intelligent liv på baksida av Vestlandet. I kveld er Radio Røynda tilbake på NRK2. Les meir på Side2.no.

Lagt ut 31.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken vann ved Stokke skule

Det har vore skulemålsrøysting ved Stokke skule i dag og nynorsken vann stort med 167 mot 61 røyster. Sjå oversynet på nettsidene til Ålesund kommune eller les om røystinga i Sunnmørsposten.

Lagt ut 30.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mellom oss sagt

Mellom oss sagt er debutromanen til tidlegare Syn og Segn-redaktør, Marit Eikemo. Boka er ei vittig og skarp, tragisk og sår skildring av venskap og einsemd, om suget etter å høyre til - og om fellesskapets klaustrofobi. Les intervju med forfattaren i Dagbladet.no.
Les forlaget sin omtale av boka hjå Samlaget.

Lagt ut 30.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bønner i byen

Kaffistovene til målrørsla er meir enn møteplassar for bygdefolk på bytur: Kafédrifta har også betydd pengar i kassen, og har dimed finansiert nynorskrørslas største kulturelle bragder. Les meir om dette i Klassekampen.

Lagt ut 28.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Traa eller Nilssen årets rollemodell?

Bladet Det Nye skal kåre årets norske rollemodell. Forfattar Olaug Nilssen og kulekøyrar Kari Traa er blant finalistane. Les meir om dette på Nesteklikk.no.
Du kan røysta på kandidatane her
.

Lagt ut 27.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sande, Eide og Eikemo, trur eg

Ein sutrande biograf har teke mål av seg til å refsa Jon Eikemo for at han har halde liv i Jakob Sande på scena. Det er vorte ein underleg debatt. Les kva Harald Stanghelle skriv om dette, på nynorsk! i Aftenposten.
Olav Kobbeltveit har òg kommentert Sande-biografien: - Jakob Sande-biograf Ove Eide vil oppgradera Jakob Sande som seriøs forfattar. Det er bra. Men det er ingen grunn til å la det gå ut over Jon Eikemo. Les heile kommentaren i Bergens Tidende.

Lagt ut 26.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vakre og groteske Takvam-dikt på ny plate

Elisabeth Vannebo og Gunhild Hovden Kvangarsnes har tonesett dikt av Maria Takvam. No er duoen Kvann klare med plata «Eg vil møte deg». Les meir i Nationen.

Lagt ut 24.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Last ned Firefox 2.0 på nynorsk

Lanseringa av Firefox 2.0 er på onsdag, men alt no kan ein lasta ned netlesaren: Windows Mac Linux

Lagt ut 23.10.06 av Magnus
Gå til saka | Tips ein ven

Nylansering av Firefox på onsdag

Microsoft lanserte sin etterlengta nye Internet Explorer onsdag, no fylgjer det dugnadsbaserte prosjektet bak Firefox rett etter. Men i motsetnad til Internet Explorer, kjem Firefoxutgåva på norsk frå dag ein. I både bokmål og nynorsk versjon. Les meir i VG.

Lagt ut 23.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Berg dølamålet

Me må få fleire som Hellbillies og Odd Nordstoga til å bruke dialekt. Då blir det ikkje sett på som sidrumpa, men urbant, kult og trendy å prate dialekt, sa Arne Torp på Dialektkonferansen på Fagernes fredag. Les meir i Hallingdølen.

Lagt ut 23.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Aarnes råka av nynorsken

Kva skjer når ein riksmålsmann blir råka av røyndom? Han skriv på nynorsk. Les meir om den siste boka til Asbjørn Aarnes i Nationen.

Lagt ut 23.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

NRK-språkprisen til Teigene

NRKs språkpris for 2006 er tildelt journalist Ingolf Håkon Teigene. - Ingolf Håkon tør vere personleg, og han tør å bruka heile paletten, sa kringkastingssjef John G. Bernander under prisutdelinga i dag. Les meir på TVNYTT.NO

Lagt ut 20.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Heim til mor

Du har sikkert høyrt den nye slageren til Odd Nordstoga, Heim te mor. No kan du storkosa deg med årets musikkvideo her! Odd Nordstoga er òg intervjua i Vårt Land. Her fortel han mellom anna om den nye plata si og om tilhøve sitt til nynorsken. Intervjuet les du her.

Lagt ut 18.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk statsborgarløfte

«Som norsk statsborgar lovar eg truskap til mitt land Noreg og det norske samfunnet, og eg stør demokratiet og menneskerettane og vil respektere landets lover». Slik lyder truskapsløftet nye norske statsborgarar frivillig kan gje i statsborgarseremoniane 17. desember i år. Les meir i Bergensavisen.

Lagt ut 18.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kontroll på Kaizers

Jan Zahl har skrive boka Kontroll på Kaizers, eit slags atlas om kraftrockarane i konsertbandet Kaizers Orchestra. Les meir om dette i Helgeland Arbeiderblad.

Lagt ut 18.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Erna Osland blir festspeldiktar

Forfattaren Erna Osland frå Høyanger blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2007. Les meir i Firda.

Lagt ut 16.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Odelsjord og menneskehjarta

Femte bandet i romanserien frå det sunnhordlandske øyriket stadfester Johannes Hegglands posisjon som ein ein av våre fremste forteljarar. Det skriv Knut Ødegård i bokmeldinga av Oppkoma i Aftenposten i dag.

Lagt ut 16.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til fotballfilm

Suksessfilmen Lange, flate ballær får no Østfoldmålprisen. Prisen er delt ut sju gongar sidan 1996. Les meir i Sarpsborg Arbeiderblad.

Lagt ut 13.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Tvinga til samisk

Norsktalande elevar i Karasjok blir diskriminerte. Det meiner foreldre ved Karasjok barne- og ungdomsskule, fordi skulen sender ut all informasjon på samisk. Les meir hjå NRK Torms og Finnmark.

Lagt ut 13.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk nettbank

Sogn og Fjordane sin fyrste nettbank på nynorsk når Sparebanken Sogn og Fjordane måndag legg om datasystemet sitt. - Gjennom dette vil vi styrke identiteten vår, seier banksjef Hallvard Klakegg til Sunnmørsposten.

Lagt ut 13.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Trohaug ny barnebokredaktør

Forfattar Ragnfrid Trohaug tek over etter Guri Vesaas og vert ny barnebokredaktør i Samlaget. Det verste med jobben vert å flytta frå Bergen, seier Trohaug til Bergens Tidende.

Lagt ut 12.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Which Witch til Håkonshaugen

Ein full sceneversjon av musikalen Which Witch vert sett opp på Håkonshaugen neste sommar. Leif Egil Vatnøy og Linda Fosse kjem til å arbeida for fullt med prosjektet frå november. Dette vert første framsyninga her i landet på norsk, og teksten vert omsett frå engelsk til nynorsk. Les meir i Strilen.

Lagt ut 12.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget glad for auka løyving

- Det er gledeleg at regjeringa set pris på det viktige arbeidet Noregs Mållag har gjort gjennom mange år, og viser det ved å auka løyvinga vår i statsbudsjettet, seier leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 6.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vekslepengar til nynorskbrukarane

Nynorsk digitalt leksikon får 1,5 mill kr i statsbudsjettet for 2007. Elles er det ikkje stort meir enn vekslepengar til nynorsken i det budsjettet finansministeren la fram i dag, melder Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 6.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Dialektpris til Hopalong Knut

Nimannsorkesteret Hopalong Knut kan no smykka seg med Dialektprisen til Norsk Målungdom for 2006. Dette les du meir om på Trønder-Avisa.no.

Lagt ut 4.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Stipend til masteroppgåve om nynorsk i media

Kringkastingsringen lyser ut eit stipend på 25 000 kroner til ein student som vil skriva masteroppgåve om eit emne knytt til nynorskbruk i media. Stipendet er ikkje bunde til noko fag. Vilkår og kontaktinformasjon finn du på nettsidene til Kringkastingsringen.

Lagt ut 3.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk fagbokpris 2007

Har du bruk for 100 000 kr? Skriv du på nynorsk faglitteratur? Då bør du - eller andre - nominere deg til Nynorsk fagbokpris!

Nynorsk fagbokpris er på kr 100 000 kroner og er oppretta av og blir forvalta av Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget. Prisen skal gå til eit fag- eller lærebokprosjekt på nynorsk. Les meir om prisen hjå Studentmållaget.

Lagt ut 3.10.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Unni Løvlid årets artist

Songaren Unni Løvlid frå Hornindal i Nordfjord vart i helga kåra til Årets Folkemusikkartist på Folkelarm i Oslo. 150 artistar og 150 bransjefolk frå heile Europa gjorde årets Folkelarm til eit svært vellukka arrangement. Les meir i Nationen.

Lagt ut 3.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Trondheimselevar får læra nynorsk

Fyrst etter eitt års strid mot skulen og kommunen får dei ti elevane ved Rosenborg ungdomsskule i Trondheim nynorskundervisninga dei har krav på. Rektor ved skulen hevda at elevane ikkje hadde krav på nynorskundervisning i ein bokmålskommune. Les meir hjå NRK Trøndelag.

Lagt ut 3.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Gmail på nynorsk

I helga kom gmail på norsk, det vil seia på bokmål. Og nynorskversjonen er like om hjørnet, skal me tru utviklingsdirektøren i Google Noreg, Knut Magne Risvik. Les meir på VG.no.

Lagt ut 2.10.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

30. juni

  • 1850 «Ordbog over norsk Folkesprog» av Ivar Aasen vart trykt
  • 1851 Arne Garborg vart fødd

1. juli

  • 1933 Norsk rikskringkasting startar opp

7. juli

  • 1873 Halfdan Koht vart fødd

10. juli

  • 1884 Olav Nygard vart fødd

12. juli

  • 1896 Noregs Ungdomslag vart skipa

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen