nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: november 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Nynorsk matmagasin frå Drageset

For første gong i Noreg vert det no lansert eit nynorsk magasin om mat. Det er daglegvarekjeda Drageset som gjev ut bladet, og Noregs Mållag jublar. Les meir i Propaganda.

Lagt ut 30.11.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskpoliti blir bokmålspoliti i VG

Politimeisteren i Sogn og Fjordane har sendt ut pressemelding - på nynorsk - om at han går av. Dagbladet siterer pressemeldinga på nynorsk, det gjer Aftenposten òg.

VG valde derimot ein annan strategi:

- Jeg beklager hendelsen som har oppstått, og ber om forståelse for at jeg ikke ønsker å kommentere saken nærmere, heter det i presse­meldingen som opprinnelig er skrevet på nynorsk.

Lagt ut 30.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Mytar om Dagbladet

Dagsavisen kritiserer på leiarplass Dagbladet for ikkje å sleppa nynorsken til. «Myten om at bare bokmål duger i den kulturradikale høyborg er åpenbart seiglivet», skriv Dagsavisen.

Lagt ut 30.11.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Plate-slepp med Sande-dikt i færøysk tonedrakt

Færingen Hanus G. Johansen har sett musikk til 30 av Jakob Sande sine dikt, og i ettermiddag lanserer han plata «Frå leddiken» med 15 av dei i Dale, skriv Firda.

Lagt ut 30.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Skal dele ut gratis norsk-leseprogram

IT-minister Heidi Grande Røys har fått Microsoft og Telenor til å lage eit program som kan lese opp tekst på både bokmål og nynorsk, skriv Digi.no. Noreg blir med det eit av dei fyrste landa i verda med eit gratis tilgjengeleg nasjonalt talesynteseprogram.

Lagt ut 28.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Marie Lovise Widnes får Kongens gull

Marie Lovise WidnesLyrikaren, visesongaren, kåsøren, debattanten og politikaren Marie Lovise Widnes (76) frå Hareid er tildelt Kongens fortenestmedalje i gull, skriv Vikebladet.

Lagt ut 26.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Dag og Tid-spalte er blitt bok

Professor, forfattar og tingvollgjelding Asbjørn Aarnes har snakka og skrive riksmål det meste av livet sitt. Då han på sine gamle dagar blei fast spaltist på nynorsk i vekeavisa Dag og Tid, "var det som det gjekk hol på ei tunne," seier han sjølv. No er stubbane frå Dag og Tid blitt bok, skriv NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 22.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Silje Vige fekk målpris

Ei svært overraska men glad Silje Vige kunne torsdag motta Strand mållag sin målpris for 2006, skriv Strandbuen.

Lagt ut 22.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Åpne kontorprogram fekk Rosingprisen

Rosingprisen for språk har gått til stiftinga «Opne kontorprogram på norsk».
Juryen har valt å premiera eit IT-miljø som gjennom stor dugnadsinnsats, høg fagkunnskap og utbreitt prosjektsamarbeid har fått fram eit kontorstøtteprogram på norsk, bokmål og nynorsk, som er brukarvennleg og har høg språkleg kvalitet.
Les meir om språkprisen og dei andre Rosing-prisane hjå Dataforeininga.

Lagt ut 21.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Blix-prisen til Troms-poet

Blix-prisen for 2006 er tildelt Irene Larsen for diktsamlinga "Anemonepust", som kom i 2005. Prisen blir delt ut av Det Norske Samlaget i samarbeid med Nordnorsk kulturråd og Nordnorsk forfatterlag, og utdelinga skjedde på Sør-Varanger bibliotek på Nordnorsk bokdag 17. november. Les meir hjå Bladet Tromsø.

Lagt ut 17.11.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Valfri målform på Engjom

Elevane ved nynorsk-skulen Engjom får velje bokmål dersom det er bokmåls-fleirtal i klassa. Eit samrøystes kommunestyre har gått inn for å lage ein lokal vri på regelverket, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 17.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Hobbitane svallar halling

RingdrottenNo er Ringrotten (The Lord of the Rings) på veg, og omsetjar Eilev Groven Myhren kjem med ei avsløring i Hallingdølen: Hobbitane svallar halling! Les meir hjå Hallingdølen.

Lagt ut 16.11.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Frp mot sidemål i Tromsø

Tromsø Frp føreslo valfritt sidemål i Tromsø for nokre veker sida. Ordførar Herman Kristoffersen (Ap) avviste å ta opp framlegg til røysting, og i dag sutrar Frp-politikar Kristoffer Kanestrøm over dette i Nordlys.

Lagt ut 16.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Amfi-senteret på Stord fekk målpris

- Amfi Stord omfattar mange ulike næringsdrivande, som igjen er tilknytt større kjeder. Difor er det imponerande at alt stoff som kjem frå senteret er skrive på plettfritt nynorsk. No vonar me prisen kan vera ei oppmuntring til kvar enkelte butikk om å nytta nynorsk i eige hus, sa Stord kommune då dei delte ut målpris i førre veke, skriv Sunnhordland

Lagt ut 14.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Kvardagsleg - kva er det?

som lita skreiv Solfrid Sivertsen utan stans, på serviettar og lappar. I år har ho 20-årsjubileum som forfattar. Les meir hjå bt.no.

Lagt ut 14.11.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kulekøyring

Tore Rem er definitivt ikkje positiv etter å ha lesi biografien om Kari Traa. Kor mykje kan ein 32-årig toppidrottsutøver eigentleg ha opplevd?? Les bokmeldinga hans på dagbladet.no.

Lagt ut 14.11.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget er letta over språkrådsretrett

Noregs Mållag er letta over at Sylfest Lomheim og Språkrådet no angrar på fråsegna om at berre etnisk norske kan kallast nordmenn, skriv NRK Kultur.

Lagt ut 10.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk næringslivpris til Lerum

Noregs Mållag delte for første gong ut Nynorsk næringslivspris i dag. Prisen gjekk til Lerum AS, etter at dei la om til nynorsk på saftflasker, syltetyglas og i all marknadsføring i 2003. Les meir om prisen hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 10.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

- Redd fagråda i Språkrådet får lite å si

- Striden om omgrepet "nordmann" har vist at dei dårlege sidene ved arbeidsformene til Språkrådet. Nye fagråd tyder ikkje at alle problema automatisk er løyste, skriv Aftenposten.

Lagt ut 10.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskvegring i Bokklubben

Bokklubbane prioriterer vekk nynorske bøker, hevdar forlagsredaktør i Samlaget. Det er vanskeleg å sjå at me som forbrukarar har reelle val når leverandøren av ei vare siler vekk produkt basert på språk og ikkje kvalitet, skriv Neste Klikk i ein kommentar.

Lagt ut 10.11.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Næringslivspris til Lerum

I dag deler Noregs Mållag ut Nynorsk næringslivspris for fyrste gong. Og prisvinnaren er sogndalsverksemda Lerum AS. Les meir i Firdaposten.

Lagt ut 10.11.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Meiningsmåling for nynorsk

Noregs Mållag har fått laga ei meiningsmåling om nynorsk i Møre og Romsdal. Folk i Møre og Romsdal vil framleis ha nynorsk som administrasjonsmål for fylkeskommunen, med 50,6% for nynorsk og 44,8% for bokmål/nøytral. Les meir hjå Neste Klikk.

Lagt ut 6.11.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget kritisk til Språkrådet i nordmannsdebatten

- Det finst fleire nordmenn enn Språkrådet ser ut til å meina. Noregs Mållag tek avstand frå den snevre definisjonen av ordet «nordmann» som blir brukt i brevet frå Språkrådet til Ny Tid, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 6.11.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kåre Glette fekk litteraturpris i Vestfold

Under opninga av Litteraturveka i Vestfold sundag kveld fekk Kåre Glette Vestfold litteraturpris. Han fekk prisen for sine faglitterære verk og for sitt store engasjement for litteraturen gjennom mange år. Du finn verka hans hjå Nasjonalbiblioteket. Les meir hjå Tønsberg Blad.

Lagt ut 6.11.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Mange kjem på konferanse i Bergen

- Denne konferansen passar for alle som er interesserte i internasjonale språktilhøve. Det gjeld sjølvsagt studentar, vitskapleg tilsette og lærarar, men òg nyfikne lekfolk. Målfolk har vist interesse for slike spørsmål lenge, seier Endre Brunstad, medlem i Internasjonalt utval og tidlegare leiar i Noregs Mållag. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 5.11.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskkonsulentar i Sunndal

Sunndal er ein språkdelt kommune - no hjelper ein klasse ved Sunndal vidaregåande skule til med å omsetje informasjon for ein barnehage i ei nynorskbygd. Les meir i Driva: "Konsulenter i nynorsk" og "Et vinn-vinn-prosjekt".

Lagt ut 5.11.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Gulating lagmannsrett må fylgja mållova

Sogndal mållag kjempa og vann, og no må alle dokument frå Gulating lagmannsrett skrivast på nynorsk. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 4.11.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bokklubbane er feige

Bokklubben seier nei til mange nynorske bøker, men vil ha dei når dei sel godt i butikk. «Bikubesong» tok dei ikkje før det vart ein salssuksess, seier den ferske forlagsredaktøren Ragnfrid Trohaug. Ho vil synleggjera den nynorske litteraturen. Les meir i Dagbladet.

Lagt ut 3.11.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Held koken på salmetoppen

Det var dåpssalmen Du er Guds barn, nett no som vann Nynorsk kultursentrum sin store salmekonkurranse. Ein glad Andreas Bjåstad frå Hareid fekk 2. pris for bryllaupssalmen Å, måtte denne dagen. Les meir i Sunnmørsposten
Les òg om dei nye salmane i Vikebladet.no.

Lagt ut 2.11.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høyr dei nye salmane på DNT

Nynorsk kultursentrum fekk inn over 100 salmar til konkurransen om nye nynorske feiringssalmar tidlegare i år. Torsdag 2. november kl 1200 syng Sveinung Hølmebakk vinnarsalmane frå salmekonkurransen på Det Norske Teatret i Oslo. Les meir hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 1.11.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny Uppdal-biografi

Hausten 2008 kjem Aschehoug forlag med ein ny biografi om Steinkjer-diktaren Kristofer Uppdal (1878-1961). Det er journalist og tidligare distriktssjef ved NRK Nord-Trøndelag, Arild Bye (50), som skal skriva biografien. Lem meir i Trønderavisa.

Lagt ut 1.11.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen