nynorsk.no

25.4.2017

Arkivet for
nynorsk.no: desember 2006

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Språkåret 2006

2006 var eit spanande språkår, meiner Ruth Vadtvedt Fjeld, språkkonsulent i NRK. Nordmenn, negrar og nynorsk var noko av det me brydde oss om i 2006, i fylgje NRK kultur.

Lagt ut 29.12.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Irsk vert offisielt EU-språk

Frå 1. januar 2007 vert irsk offisielt språk i EU, jamvel om BBC melder at språket ikkje får heilt dei same rettane som andre EU-språk. Språket får fylgje av rumensk og bulgarsk, og dimed vert det samla talet på offisielle språk i unionen 23, kan ein lesa på Startsida.no.

Lagt ut 29.12.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålsklasse i nynorskskule på Askøy

På nynorskskulen Træet skule på Askøy kjem 2. klasse til å bli delt i to, ein bokmålsklasse på 10 elevar og ein nynorskklasse på 4 elevar. Dette er mogleg etter at kravet om at det skal vera att minst 10 elevar med skulen sitt hovudmål er oppheva. Les meir hjå Askøyværingen.

Lagt ut 29.12.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Les nyårsboka hjå Dagbladet

Kvar dag i mellomjula får du lesa utdrag frå Edmund Austigard sin kritikarrosa roman "Krinsereglane". Dette er absolutt ei leseverdig bok - du kan lesa meir hjå dagbladet.no.

Lagt ut 25.12.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Jaktar på nynorske draumeopplegg

Nynorsksenteret i Volda og produksjonsselskapet Snöball Film er i gang med eit nytt filmprosjekt der målet er å dokumentera gode og solide undervisningsopplegg i nynorsk som sidemål. Føremålet med filmane er å inspirera norsklærarar til å tenkja nytt rundt eigen underviningspraksis. Les meir her.

Liknande filmar er tidlegare laga for matematikk og naturfag, sjå Skole i praksis.

Snöball Film har allereie vore i kontakt med mange skular om lærarar for å få innspel til kva opplegg som kan vera eigna for film og har fått inn mange gode tips og råd. Det er inga tvil om at det vert drive solid og spennande sidemålsundervisning mange stader i landet.

Det er eit mål å syna fram gode sidemålsopplegg både frå barnesteget og i ungdomsskulen. Opplegga treng ikkje vera store og ressurskrevjande. Det kan vera enkle opplegg innan lesing, skriving eller språklære. Ønsket er at andre lærarar skal seia: Det der skal jammen eg òg prøva med elevane mine.

Har du tips om skular eller lærarar som Snöball Film burde snakka med, send ein e-post til Knut Åge Teigen på knut@snoball.no eller ring 22 40 47 00/951 47 914. Har du eit nynorsk draumeopplegg i ermet sjølv, nøl ikkje med å ta kontakt!

Lagt ut 23.12.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Skal vere "mjølk" i Sogn og Fjordane

TINE Meieriet Vest lovar at i den grad dei kan styra det, skal folk i Sogn og Fjordane få mjølk, ikkje melk, til jul, fortel Sogn Avis.

Lagt ut 23.12.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Tide blir språk"nøytralt"

Dei tilsette i Tide - samanslåinga av transportselskapa Gaia og HSD - får lov til å bruke nynorsk og bokmål som dei vil. Men årsmeldingar og styrerapportar skal skrivast på bokmål, skriv NRK Hordaland.

Lagt ut 19.12.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Til topps med nynorsk

Tromsø Mållag og Nordlys skipar kvart år til skrivetevling for ungdomar i Troms. Vinnarane i år heiter Astrid og Sille - og er entusiastiske nynorskskrivarar! Les meir hjå Nordlys.

Lagt ut 19.12.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Noregs Mållag lyser ut to stipend á kr 50.000

Dette er ei gåve frå Kultur- og kyrkjedepartementet i samband med Noregs Mållags 100-årsjubileum. Det brei semje om at nynorsk er fint i dikt, og kan brukast til skulestilar og reportasjar om husmorlaget og skyttarstemnet, men på mange område er nynorsken meir eller mindre fråverande. Noreg Mållag meiner nynorsk kan brukast til kva som helst, og ynskjer å inspirera til å få nynorsken inn på område der han frå før har lite rom. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 19.12.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Kongens gull til Marie Lovise Widnes

Marie Lovise Widnes frå Hareid fekk laurdag tildelt kongens gull på grunn av sin innsats som medmenneske og samfunnsbyggjar. Sjølv har ho brukt yrkestittelen husmor gjennom store delar av livet. Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 16.12.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Manglande nynorskopplæring hindrar integrering

Dette seier høgskulelektor Hilde Osdal, mellom anna av di opplæring i nynorsk for minoritetar er fornuftig av di det gjev innpass i ein særeigen, norsk kultur. Les meir i Dagbladet.

Lagt ut 16.12.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sankta Lucia på nynorsk

Aasentunet har lagt ut den nynorske versjonen av Luciasongen, omsett av Ingvar Moe.
Natta har svart og stor
gøymt stall og stover.
Sola har gått sin veg.
Dagen er over.

Lagt ut 13.12.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis nynorsk i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylke skal framleis bruke nynorsk som målform. Det vedtok fylkestinget tysdag, då dei avviste framlegget frå Vedlemøy Hungnes (H) om å gjere fylket språknøytralt, skriv NRK Møre og Romsdal. Les lesarbrevet frå Noregs Mållag i Tidens Krav.

Lagt ut 12.12.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

250 000 ekstra til Nynorsk kultursentrum

Dei smiler stort i Hovdebygda etter at fleirtalet i kulturkomiteen på Stortinget løyvde 250 000 kroner ekstra til Nynorsk kultursentrum. Dette kjem i tillegg til det regjeringa føreslo i statsbudsjettet. Les meir om dette hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 8.12.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Alle i Vågå kommune skal skrive nynorsk

Vågå kommune har fått utarbeidd utkast til informasjonsplan der alle tilsette blir pålagt å skrive nynorsk - sjølv på førespurnader som kjem på bokmål, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.

Lagt ut 8.12.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsktilbod òg hjå Kvasir

Informasjonssjef Gurli Høeg Ulverud i Eniro Norge meiner Kvasir har eit tilbod til nynorskbrukarar, mellom anna med synonymsøkjeord og at kundane sjølve vel om dei vil ha firmaomtale og søkjeord på nynorsk. Lesa meir i Bergens Avisen.

Lagt ut 7.12.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nissar med kulturpris

Fire nissar kom inn på juleavsluttinga til Lindesnes Ungdomslag. Kva dei hadde med seg? Kulturprisen frå Lindesnes kommune! Lindesnes Ungdomslag er eit lokallag i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag, og heitte tidlegare Audnedal Mållag. Les meir hjå Lindesnes Avis.

Lagt ut 6.12.06 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Målungdomen rosar amerikansk selskap

Amerikanske Google gjev eit betre tilbod til nynorskfolk enn norske Kvasir. - Pinleg for Kvasir, meiner Norsk Målungdom. Les pressemeldinga hjå Noregs Mållag, eller saka i Bergensavisa.

Lagt ut 6.12.06 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Støtte til Vesaas-jubileum

Neste år er det 100 år sidan Halldis Moren Vesaas vart fødd og no har Vinje kommune fått 250.000 kroner frå Kultur- og kyrkjedepartementet til feiringa av diktardronninga. Les meir i Akershus Amtstidende.

Lagt ut 5.12.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Linux-dugnad skal redda nynorsk

Dei norske skriftspråka overlever ikkje i det digitale Noreg uten hjelp. NUUG (Norwegian UNIX User Group) ber no Giske om hjelp. Brukergruppa etterlyser ein dugnad for å oppdatere norske ordlister som kan brukast i opne løysninger. Les meir på IDG.no.

Lagt ut 5.12.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Møre og Romsdal framleis nynorskfylke?

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal gjorde møte 28. november framlegg til fylkestinget i Møre og Romsdal i saka om målform i fylket. Det ser ut til at fylkestinget vil gjere eit klart vedtak for nynorsk. Tilrådinga kan de lesa på sidene til Møre og Romsdal fylke.

Lagt ut 5.12.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Vinjer spreier mytar

Finn Erik VinjeVinje gjenfortel gamle myter og lyfter fakta ut av samanhengen når han hevdar at målfolk levde i eit «naziunivers» under krigen, hevdar Ragnhild Bjørge til Klassekampen. Sjå òg laurdags-Klassekampen der Vinje uttalte seg fyrste gong.

Lagt ut 4.12.06 av Tarjei Vågstøl
Gå til saka | Tips ein ven

Stor Sande-markering på Ål

Buskerud Mållag skipa til Jakob Sande-kveld i kulturhuset i Ål på fredag. Kvelden var ein stor suksess, i fylgje Hallingdølen.

Lagt ut 4.12.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Olaug vart Årets Rollemodell

- Det er ikkje kor biletskjønne folk er som avgjer kor glad du blir i dei, seier den nyutnemnde rollemodellen Olaug Nilssen til Det Nye.

Lagt ut 2.12.06 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Europa er eit kulturelt lappeteppe

- Det er heilt vanleg å ha fleire språk i eit land. Island er det einaste landet i heile Europa som berre har eitt språk, fortel Sigve Gramstad, avtroppande leiar av ekspertkomiteen for den europeiske språkpakta til Neste Klikk.

Lagt ut 1.12.06 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

26. april

  • 1945 Paal-Helge Haugen vart fødd

28. april

  • 1963 Avisa Dag og Tid vart skipa

3. mai

  • 1952 Henning Sommerro vart fødd

5. mai

  • 1841 Kristofer Janson vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen