nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: januar 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Diktarprest og målkunstnar

Presten, måldyrkaren, ordbokforfattaren og lyrikaren Eigil Lehmann feira 100-årsdagen sin på Øvsttunheimen i går. Les meir om feiringa i Bergens Tidende.

Lagt ut 30.1.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Får ikkje fjerna nynorsk frå timeplanen

Med Frp i spissen ville lokalpolitikarar i Hobøl i Østfold ville fjerna nynorsk frå timeplanane i skulen, men fekk nei frå Kunnskapsdepartementet. Nationen.

Lagt ut 24.1.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Strid om Nynorsk mediesenter

NRK-journalistar organiserte i Journalistlaget reagerer på at NRK-avdelinga Nynorsk mediesenter organiserer mediekurs for institusjonar og verksemder. Leiar Magni Øvrebotten avviser kritikken, og meiner at kursverksemda ligg klårt innanfor mandatet til Nynorsk mediesenter.

Lagt ut 22.1.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Krev målrøysting

Det kan bli målrøysting i Aure kommune på Nordmøre. Etter kommunesamanslåinga med Tustna har 4 av 6 skular i kommunen nynorsk. No tek foreldre initiativ til målrøysting ved 3 av nynorskskulane. Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 22.1.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Berit Rekve ny leiar i Mediemållaget

Mediemållaget valde Berit Rekve til ny leiar under årsmøtet 21.januar. Rekve er frå Oslo og arbeider som kommunikasjonsrådgjevar. Ho er også styremedlem i Noregs Mållag. Les meir hjå Noregs Mållag.

Lagt ut 22.1.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nei til sexy nynorsk

Hittil har litterær sensur vori mest kjend frå fundamentalistiske miljø i USA - men på Hokksund vart Frode Grytten-novella Fittetjuven for sterk kost for sarte 14-åringar. Les meir hjå nrk.no.

Lagt ut 20.1.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk redaktørpris til NRK Austlandssendinga

Distriktsredaktør Per Arne Kalbakk i NRK Austlandssendinga er vinnaren av Nynorsk redaktørpris 2006. Han får prisen som den fyrste redaktøren for lokalsendinga i Oslo og Akershus som har sleppt til nynorsk i nyhendesendinga. Les meir hjå NRK Austlandssendinga.

Lagt ut 20.1.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Pris til Økland

Den mangesidige forfattaren Einar Økland er tildelt Gyldendalprisen for 2006. Les meir om dette i Bergens Tidende eller i Dagbladet.

Lagt ut 19.1.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

An10Boyband innfridde

Onsdag kveld hadde gruppa An10Boyband sleppfest på Inderøy Kulturhus for si nye plate Soga om bananstativet del 1: Meininga med livet. Konserten vart ein suksess, les meir hjå Trønder-Avisa.

Lagt ut 19.1.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Lukka er "Le Mis"

Les Misérables har gjevi Hanna, Henriette og Jørgen mange røynsler, noko bra på CV-en og eit nytt syn på nynorsk! Les meir hjå Romerikes Blad.

Lagt ut 19.1.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Fem månader utan bokmål

Andreas (12) og Sander (10) Thaule har venta eit halvt år på bokmålsundervisning ved Hjelmeland skule. No meiner skulen tilbodet er på plass. Les meir i Bygdaposten.

Lagt ut 19.1.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Brenner bøker mot sidemål

Vidaregåandeskuleelevar i Askim vil avskaffa sidemålet. I Smaalenene seier Petter Mælnes at «Den eneste terroren Norge utsettes for, er tvungen sidemålsopplæring!» før han tenner på ei nynorskordliste.

Lagt ut 16.1.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Færre nynorskbrukarar i Telemark

Dei siste 14 åra har talet på nynorskbrukarar gått ned med 33 prosent i Telemark. Det melder NRK Telemark i dag.

Lagt ut 15.1.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Prestane undergrev nynorsken

Trass i at det er berre ein nynorsk skulekrins att i Nord-Trøndelag står nynorsken sterkt i kyrkjelandskapet. I Nord-Innherad prosti (Steinkjer med omland) er 9 av 15 kyrkjelydar nynorsk. Det tykkjer tydelegvis ikkje prosten noko om. Les meir hjå Trønder-Avisa.

Lagt ut 9.1.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Brecht på Riksteatret

Har du sett Bertolt Brechts «Tolvskillingsoperaen»? I vår reiser Riksteatret tundt med framsyninga, som vert spela på nynorsk. Les meir i Klassekampen.

Lagt ut 9.1.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nytt Garborg-senter i gang

Planleggjinga av det nye, nasjonale Garborg-senteret på Bryne er godt i gang, skriv NOKU-Rogaland. Les meir om senteret på garborg.no.

Lagt ut 5.1.07 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

«Nynorskens skjebne»

- Frykta for at nynorsken skal døy er kraftig overdrive. Det er større fare for at nynorsk skal ende som eit elitespråk, skriv Bergens Tidende på leiarplass i dag.

Lagt ut 5.1.07 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Millionløyving til Ivar Aasen-tunet

Det nye året startar bra for Ivar Aasen-tunet, med 250.000 kroner ekstra frå Stortinget og ei løyving på ein million kroner frå Fritt Ord, skriv Sunnmørsposten. No lovar Ottar Grepstad eit endå betre tilbod til publikum.

Lagt ut 4.1.07 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Fryktar at nynorsken forsvinn i Hordaland

På fem år har nynorskbruken i grunnskulen i Hordaland gått ned med 3,2 prosentpoeng, til 41,8 prosent av elevane. Det er lågaste nynorskbruk på mange år, skriv Bergens Tidende.

- Eg er evig nynorskoptimist, seier Oddny Miljeteig.

Lagt ut 4.1.07 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen