nynorsk.no

29.6.2017

Arkivet for
nynorsk.no: februar 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Rasjonering på nynorsk

Historisk institutt på Universitetet har kome over ei artig brevveksling mellom Noregs Telegrafmållag og Forsyningsdepartementet under krigen. Les og le på nettsidene til Universitetet i Oslo.

Lagt ut 28.2.07 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til Grimstveit

Buskerud Mållag har delt ut målprisen 2006. Denne gongen var det Gunnar Grimstveit i NRK Østafjells som kunne smykke stua med diplom og grafisk trykk, skriv arbeidsplassen til Grimstveit.

Lagt ut 26.2.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Meir målstrid i Morgenbladet

Morgenbladet er framleis på krigsstien mot nynorsken. Hadde det ikkje vore meir praktisk med Arne Garborg på bokmål, spør dei denne veka.

Lagt ut 26.2.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Enga på nynorsk

Vålerenga er fleirkulturelle i praksis - her jobbar Glenn Roberts med nynorskstilen på La Manga, med Harald Aabrekke som "lærar". Og som så ofte i skulen: læraren tykkjer at eleven bruker altfor tradisjonell nynorsk... Sjå meir hjå VIF TV.

Lagt ut 22.2.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Spår språkdaude utan millionstøtte

No vert Språkrådet omorganisert mellom anna for å møta utfordringa frå engelsk. Direktør Sylfest Lomheim ynsker seg også 100 millioner til en norsk språkbank. Les saka i Dagsavisen.

Lagt ut 21.2.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målstrid i Morgenbladet

Det kom mange svar til artikkelane Den nye målstriden og Flyplassfilosofi som Simen Sætre har skrive i Morgenbladet Hege Myklebust, Synnøve Midtbø Myking, Arild Torvund Olsen har svara Sætre og er ikkje samde med han i høgttenkjinga hans rundt språkstoda i Noreg.

Lagt ut 21.2.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Windows XP på nynorsk

No kan du få heile XP på nynorsk! Last ned og installer! .

Elles seier vi oss samde med Microsoft:

Language Interface Packs (LIP) for Windows XP Professional og Windows XP Home Edition gir eit lokalisert brukargrensesnitt for nye marknader i vekst og minoritetsgrupper.

Lagt ut 20.2.07 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Rezaee mest stolt over målblom

Av alt Reza Rezaee har oppnådd er han mest stolt over å ha fått Målblomen frå Noregs Mållag i 2005. Utmerkinga fekk han for arbeidet sitt for nynorsken i skulen. Les meir om dette i Dagsavisen.

Lagt ut 17.2.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ny festival for nynorsk barne- og ungdomslitteratur

Sunnhordlendingane kan sjå fram til ein splitter ny festival for barne- og ungdomslitteratur på nynorsk til hausten. Og det er grunn til å tru at tiltaket kjem til å bli populært: - Vi les mest nynorske bøker. Eg held på med tre samstundes, seier Kristoffer-André Bakkland Kalliainen i femteklasse på Sveio skule. Les meir i Haugesunds avis.

Lagt ut 14.2.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Kva er mangfald?

Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, svar på utfordringane i Morgenblad-artikkelen Den nye målstriden gjennom eit lesarbrev i bladet Utdanning.

Lagt ut 12.2.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Flørtar med nynorsk i dameblad

Til no er det bokmål som har rådd grunnen i verda til dei glansa dameblada. No skal damebladlesarane testet på om dei tåler nynorsk. Det skriv Bergens Tidende i dag.

Lagt ut 7.2.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Frå nynorsk til finkultur

Ein gong var Fokus «Bøndernes Bank», skreiv nynorsk og sponsa Det Norske Teatret. I dag skriv dei bokmål og sponsar Operaen, oppsummerer E24. Artikkelen har ei nyttig oppsummering for målfolk som framleis er Fokus-kundar...

Lagt ut 5.2.07 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

Frå nynorsk til finkultur

Ein gong heitte dei Bøndernes Bank, skreiv nynorsk og sponsa Det Norske Teatret. No er Fokus vorten ein urban statusbank, og sponsar Den norske Opera. I dag er det ingenting att av distriktsprofilen til målbanken. Les meir i e24.no.

Lagt ut 5.2.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fløgstad fekk P2-prisen

Etter heftig debatt i juryen fekk Grand Manila av Kjartan Fløgstad P2-lydarane sin romanpris for 2006. Det var i skarp tevling med mellom anna Dag Solstad, Trude Marstein og Ragnar Hovland. Vi ønskjer til lukke! Les meir hjå NRK Kultur.

Lagt ut 5.2.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Den nye målstriden

Er nynorsken eit hinder for integreringa? Innvandrarane og målrørsla vert sett opp mot kvarandre i Morgonbladet.

Lagt ut 4.2.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

30. juni

  • 1850 «Ordbog over norsk Folkesprog» av Ivar Aasen vart trykt
  • 1851 Arne Garborg vart fødd

1. juli

  • 1933 Norsk rikskringkasting startar opp

7. juli

  • 1873 Halfdan Koht vart fødd

10. juli

  • 1884 Olav Nygard vart fødd

12. juli

  • 1896 Noregs Ungdomslag vart skipa

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen