nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mars 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Hurra for sidemål!

Etter at Unge Høgre starta kampanjen "Hundre år er mer enn nok", har Bergen Målungdom starta motkampanjen "Hurra for sidemål!". Skriv under du òg!

Lagt ut 30.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken inn i NTB

Nynorsken er på plass i NTB. Nynorsk Pressekontor (NPK) og Norsk Telegrambyrå (NTB) feirar si første påske under same tak, og startar no for alvor det nære samarbeidet som har vore planlagt og førebudd i over eitt år, skriv Sunnmørsposten.

Lagt ut 30.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Språkleg rasisme

Henning Rivedal tek opp makttilhøva mellom nynorsken og bokmålet i Sunnmørsposten.

Lagt ut 30.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Målkvefsane på NMU-landsmøte

Norsk Målungdom skipa til landsmøte i Trondheim for to veker sidan. Mellom utsendingane fann ein òg Ida Elisabeth Nesheim, som reiste frå Målkvefsane på Voss. Les om hennar opplevingar i Avisa Hordaland.

Lagt ut 30.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

NMU på Kulturnytt

Synnøve Midtbø Myking blei intervjua mot slutten av Kulturnytt på P2 i går. Høyr opptaket her.

Lagt ut 30.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Det nynorske dilemmaet

Korleis skal nynorsken vere; tradisjonell eller bokmålsnær? Dette er spørsmålet Klassekampen stiller.

Lagt ut 30.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Styrk norsk

Leiar i Mållaget Dag, Svanhild Haugen, etterlyser vern og styrkjing av norsk språk. Svaret frå kulturdepartementet er positivt, i fylgje Varden.

Lagt ut 27.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Skriv barnesongar på nynorsk

Nynorsk Kultursentrum lanserer no ei stor tevling, der målet er å få fram gode barnesongar på nynorsk. Du kan lese meir i mellom andre Avis2, Vestbladet Vikeposten eller hjå Aasentunet.

Lagt ut 27.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Dei framande orda i nynorsk

Førde-lektor Svein M. Sirnes svarar på kritikken frå Ottar Grepstad i eit lesarbrev i Aftenposten.

Lagt ut 27.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Stord mållag med nytt magasin

Stord mållag vonar det nye bladtiltaket "Storamål" skal fremje nynorsken i Stord og Fitjar, skriv Sunnhordland.

Lagt ut 27.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk i Universitas

No kan du lese nynorsk i Blindern-avisa Universitas, truleg for fyrste gong i avisas sekstiårige historie. Det er journalist Marianne Granheim Trøyflat som er målpioneren i den gamle bokmålsbastionen, skriv Uniforum.

Lagt ut 27.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Bymann og målmann

Påtroppande NMU-leiar Jens Kihl svarar på spørsmål om kultur i Nationen.

Lagt ut 27.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Sentralstyre med målbytarar

I det nyvalde sentralstyret til Norsk Målungdom har alle medlemene ei fortid som bokmålsbrukarar. Les meir i Klassekampen.

Lagt ut 26.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Røvarkjøp!

"Studentar i målstrid", boka som vart gjeven ut i samband med SmiO sitt hundreårsjubileum i 2003, kan no kjøpast for berre 100 kroner. Og då er porto medrekna. Betre kan det neppe verta. Ting boka hjå Studentmållaget i Oslo.

Lagt ut 26.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

BUL i utakt

Korleis er framtida for Bondeungdomslaget i Oslo? Er norskdom, bondekultur og målsak tema som fengjer ungdomen i 2007?, spør Dag og Tid.

Lagt ut 23.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-journalist i bokmålsbråk

Journalist Per Marifjæren ved BT sitt Førde-kontor meiner Aftenposten krenkja opphavsretten hans då avisa omsette ein stoffutveksla tekst frå nynorsk til bokmål, skriv Firda.

Lagt ut 21.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Slaktar nynorskundersøkjing

Aasentun-direktør Ottar Grepstad slaktar språkundersøkjinga som synte at eit fleirtal av elevane fann bokmålsord meir naturlege enn dei nynorske synonyma. - Dette held ikkje fagleg mål, det trur eg språkvitskapen vil vere samd med meg i, seier Ottar Grepstad til NRK Sogn og Fjordane. Dette er eit svar på ei undersøking, gjort på Hafstad vdaregåande skule i Førde. Undersøkinga vart skriven om i Firda.

Lagt ut 21.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Tunnel og teater på Dei Nynorske Festspela

Dei Nynorske Festspela kan i år skilte med utøvarar frå ti fylke. Sentralt står hovudtemaet "sjølvtillit" og festspelforfattaren Erna Osland. Om du lurer på om til dømes Odd Nordstoga kjem, kan du lese meir i Vikebladet Vestposten eller hjå Aasentunet.

Lagt ut 21.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Aftenposten i språkleg uvêr

Bergens Tidende-journalist Per Marifjæren meiner Aftenposten krenka opphavsretten hans då avisa omsette ein tekst frå nynorsk til bokmål utan å spørje om lov. Les meir på journalisten.no.

Lagt ut 21.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Oslo-gut ovetek mål-roret

Jens Kihl (20) frå Oslo er ny leiar i Norsk Målungdom. Han har tidlegare vore organisatorisk nestleiar i NMU, og lovar mellom anna kamp for nynorskteksting på kino og ei betre sidemålsordning. Elles blir det eit bytungt sentralstyre: Ny nestleiar er Ulrikke Sægrov (19) frå Stavanger, medan Maria Svendsen (18), òg frå Oslo, er ny dagleg leiar. Marita Hovland (18) frå Kristiansand er ny økonomiandsvarleg, medan Klaus Kristiansen (20) frå Råde og Odin Omdal Hørthe (20) frå Stavanger er sentralstyremedlemer. Les meir hjå NRK Hordaland og i Bergens Tidende.

Lagt ut 18.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

NMU ut mot Unge Høgre

I høve hundreårsjubileet for sidemålsordninga har Unge Høgre lansert kampanjen «100 år er nok». ? Eit pinleg åtak, fullt av feil, seier Synnøve Midtbø Myking mellom anna i Bladet Tromsø og hjå ABC Nyhende.

Lagt ut 18.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Landsmøte i Norsk Målungdom

I dag byrjar det 47. ordinære landsmøtet til Norsk Målungdom, denne gongen i Nidaros. Mellom sakene som skal opp er nytt arbeidsprogram, nytt internasjonalt program og val av nytt sentralstyre. Fylg landsmøtet på heimesidene til NMU eller her på nynorsk.no.

Lagt ut 16.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

AUF krev meir nynorsk frå departementa

Martin Henriksen, leiar i AUF, går ut og krev meir nynorsk i departementa. Nyleg kom ein rapport som synte at mange einskilddepartement ligg langt under kravet om 25 prosent. Henriksen krev handling frå regjeringa, og ikkje berre fine ord. Les resten hjå Arbeidaranes Ungdomsfylking.

Lagt ut 16.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Unge Høgre går ut mot sidemål

Unge Høgre er ute med ein kampanje mot sidemålsordninga, og meiner at "100 år er nok". Diverre for Unge Høgre er argumentasjonsteksten full av faktafeil. Les meir hjå Unge Høgre.

Lagt ut 16.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

NMU-landsmøte med Oslo-preg

Firdaposten melder at NMU etter landsmøtet denne helga truleg vil få eit sterkt innslag av oslofolk.

Lagt ut 16.3.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis for lite nynorsk i departementa

Mange departement greier ikkje å oppfylle krava i mållova om minst 25 prosent av kvar målform. Det viser statistikk over fordelinga mellom nynorsk og bokmål i departementa for 2006. Les meir i Nationen.

Lagt ut 8.3.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mogleg nynorskklasse i Stavanger

28. februar var det informasjonsmøte for foreldre som er interesserte i nynorskklasse ved Våland skule i Stavanger. Det interessante er den enorme debatten det utløyste hjå Stavanger Aftenblad! Målstriden er slett ikkje daud... Les meir hjå Aftenbladet.no.

Lagt ut 5.3.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Næringsliv utan nynorsk

Dag og Tid har ringt rundt til ymse store verksemder og fretta om dei har nokre i staben som brukar nynorsk. Resultatet vart heller magert... Les meir hjå Dag og Tid.

Lagt ut 5.3.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen