nynorsk.no

29.6.2017

Arkivet for
nynorsk.no: april 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

SV-ar og Frp-ar inn i Mållagsstyret

Helga-Andre Njåstad er Frp-ordførar i Austevoll. Saman med Reza Rezaee, som sit for SV i bystyret i Oslo, er han no vald inn i styret til Noregs Mållag. Hege Myklebust og Åsmund Lien held fram som leiar og nestleiar, og får med seg Aud Søyland, Jon Todal, Morten Søberg, Berit Rekve og Jens Kihl. Les meir i Østlandsposten, Bergens Tidende og hjå NRK.

Lagt ut 29.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Målstipend til Wikipedia og Trønderrock

Noregs Mållag har delt ut to stipend på 50.000 kr kvar til gode måltiltak. Det eine stipendet gjekk til Rannveig Mossige Thattai, som skal skrive artiklar til nynorsk Wikipedia. Det andre gjekk til hardrockarane An10 Boyband. Les meir hjå NRK Trøndelag.

Lagt ut 28.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Målprisen til Arne Johannesen

Arne Johannesen, leiar i Politiets Fellesforbund, fekk målprisen til Noregs Mållag for 2007. Johannesen har tidlegare blitt heidra med målpris frå både Luster og Hordaland Mållag. Les om den stolte vinnaren i Sogn Avis.

Lagt ut 28.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Litteraturprisar til Groven Myhren og Hovland

Nynorsk litteraturpris 2006 gjekk til Eilev Groven Myhren for arbeidet med omsetjinga av "Ringdrotten" av J. R. R. Tolkien til norsk. Boka er òg meld i dagens utgåve av Dag og Tid. Nynorsk barnelitteraturpris 2006 gjekk til Ragnar Hovland for boka "Fredlaus". Det er fjerde gongen Hovland får denne prisen. Les meir om landsmøtet på mållags-heimesidene.

Lagt ut 27.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-heider til trønder-rockarar

Hardrock-gruppa An10 Boyband frå Snåsa og Verdal og Lars Moa frå Stjørdal vert heidra under landsmøtet til Noregs Mållag i helga, skriv Trønder-Avisa.

Lagt ut 27.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Landsmøtet i Noregs Mållag byrjar i dag

I dag byrjar det 91. ordinære landsmøtet i Noregs Mållag på Værnes. Sakpapir og annan informasjon finn du på heimesidene til Mållaget. Elles er det mykje debatt om målsaka for tida. Nationen melder at nynorsken både går fram og attende, og same avis tek òg for seg Frp-ordskiftet som går i organisasjonen. Nynorskvenen Simen Sætre helsar Noregs Dinosaurlag i Morgenbladet.

Lagt ut 27.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Heitt målordskifte i Aure

Det går mot ei spanande skulemålsrøysting i Aure kommune. Avisa Søvesten har samla mange av lesarbreva her.

Lagt ut 27.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis nynorsk i Heddal?

10. mai er det skulemålsrøysting på Yli skule i Notodden kommune. Ordførar Bjarne Bakken tykkjer det er leit om valet blir bokmål, melder NRK Telemark.

Lagt ut 27.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskkrig i Sandnes

Sandnes kommune nektar å levere ut lister over elevar til Sandnes Mållag. Mållaget føler seg sabotert, og meiner Sandnes kommune freistar å hindre opprettinga av nynorskklassar, melder NRK Rogaland.

Lagt ut 27.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha heilmjølka attende

Telemark Mållag har sett seg leie på å drikke mjølk frå kartongar med bokmålstekst. No vil dei ha nynorskmjølka attende, kan ein lese i Telemarksavisa.

Lagt ut 27.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Vinje Mållag krev meir og betre nynorsk

Olav Nordstoga, leiar i Vinje Mållag, krev meir og betre nynorsk i kommunen sin. I ei stillingslysing var det 24 små og store skrivefeil, melder Telemarksavisa og NRK Telemark.

Lagt ut 27.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Magasinett 10 år

Den nynorske ungdomsnettstaden Magasinett fyller ti år, melder Nationen. Nynorsk.no ynskjer til lukke!

Lagt ut 27.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Skulemålsprosenten er 14

Om lag fjorten prosent av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål, melder Statistisk Sentralbyrå. Les om saka i Namdalsavisa, NRK Østlandssendinga, ABC Nyhende, Akershus Amtstidende, Bergens Tidende, Gudbrandsdølen Dagningen, Firdaposten og Varden.

Lagt ut 27.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Når bokmål pressar på

Det vart mykje blest rundt ein i undersøking som vart gjort på Hafstad vidaregåande skule tidlegare i vår. Undersøkinga synte at elevane valde bokmål når dei skulle velja ut kva setningar som var «naturleg» for dei. Nynorsk.no la mellom anna ut ein kommentar skriven av Ottar Grepstad. Her kjem svar frå Svein M. Sirnes i Førde.

Lagt ut 23.4.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Strid om Frp i Noregs Mållag

? Det er politisk naivt og verdimessig tvilsamt, meiner Stephen J. Walton om framlegget om å få ein Frp-ordførar inn i styret i Noregs Mållag. Les innleget i Klassekampen.

Lagt ut 20.4.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Den norske dokumentarfilmfestivalen startar snart

Tysdag 24. april startar Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda. Den største dokumentarfilmfestivalen i Noreg er sjølvsagt ein nynorsk festival og kan tilby eit breidt program og mange unge, spanande filmskaparar. Ta ein tur innom nettsidene her.

Lagt ut 18.4.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålsforbundet vil leggje ned nynorsken

Bokmålsforbundet hevdar at sjølv ti års skulegang ikkje greier å læra norske elevar nynorsk. - Då ser me ingen vits i å ha dette språket, seier Steinar Øksengård frå Bokmålsforbundet til NRK Sogn og Fjordane, som vil gjere sidemål til eit valfag. Høyr debatten her.

Lagt ut 18.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

In english, please

Kvifor skal Nordmøre Næringsråd bruke så mykje engelsk? Dette spør leiarteigen i Aura Avis om.

Lagt ut 18.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Dialekt og identitet viktig også for Aure

I Aure kommune er det no tre skulekretsar som 2. mai skal ha folkeavrøysting om vidare valg av skriftspråk i skulen. Johannes Kalland skriv i eit lesarbrev i Tidens Krav at dette skriftspråket framleis lyt vere nynorsk.

Lagt ut 17.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Berge Furre 70 år

Politikaren, presten, professoren og målmanne Berge Furre fylte 70 år 13. april. I fjor blei han utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag. Les meir om livet til Furre i Bergens Tidende.

Lagt ut 16.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Telemark-målpris til Helge Rykkja

Helge Rykkje kan sjå attende på mange år som lærar, diktar og politikar. No er han heidra med målprisen 2007 frå Telemark Mållag for nynorskbruken. Særleg er det positivt at han nyttar nynorsk i heimkommunen Kragerø, som er eit område av Telemark med lite nynorsk elles. Dette skriv Varden.

Lagt ut 16.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Sivle-bibliotek i Flåm

Fretheim hotell i Flåm opnar sitt eige Sivle-bibliotek. Biblioteket skal innhalde meir enn berre Sivle-litteratur, men kravet for å kome med er at bøkene er på nynorsk, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 15.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Målblomer til Tidens Krav og Aura Avis

Nordmøre Mållag har delt ut målblomer til avisene Tidens Krav og Aura Avis, og grunngjev dette med at dei slepper til meir nynorsk enn tidlegare. Samstundes utfrodrar dei NordvestNytt og Driva til gjere det same, kan ein lese i Tidens Krav.

Lagt ut 15.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Målblome i Kvinnherad

Kvinnherad Mållag har målblomen 2007 til Galleri G Guddal i Rosendal, skriv Innsida.no.

Lagt ut 15.4.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Er norsklektorane i Førde gode nok i norsk?

Det spør Ottar Grepstad om i Sunnmørsposten i dag. Bakgrunnen for kronikken er Hafstadundersøkinga om Nynorsk.no har nemnt tidlegare. Grepstad skriv mellom annan at «Å skrive nynorsk er mykje meir enn å byte ut eit og anna bokmålsord. Det blir ikkje god nynorsk om moglegskap blir brukt i staden for mulighet. Den som skriv god nynorsk, formar svært mange setningar på ein annan måte enn den som skriv godt bokmål.» Les meir i Sunnmørsposten.

Lagt ut 10.4.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

30. juni

  • 1850 «Ordbog over norsk Folkesprog» av Ivar Aasen vart trykt
  • 1851 Arne Garborg vart fødd

1. juli

  • 1933 Norsk rikskringkasting startar opp

7. juli

  • 1873 Halfdan Koht vart fødd

10. juli

  • 1884 Olav Nygard vart fødd

12. juli

  • 1896 Noregs Ungdomslag vart skipa

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen