nynorsk.no

16.12.2017

Arkivet for
nynorsk.no: mai 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Sumarleirsidene er oppe!

Norsk Målungdom skipar til sumarleir i Risør 11.-15. juli. No er leirsidene oppe. Ta ein kikk og meld deg på!

Lagt ut 31.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Hansejordet tek ikkje poenget

Jacob Westerlund ved Lørenskog vgs meiner Ingunn Hansejordet les innlegget hans om didaktiske utfordringar i sidemålsundervisinga slik fanden les bibelen. Les resten i Utdanning.

Lagt ut 31.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk i Straumsvik!

Kommunestyret i Aure vedtok med éi røysts fleirtal at det blir nynorsk opplæreingsmål i Struamsvik. Dimed vann nynorsken to av dei tre Aure-krinsane, skriv Tidens Krav.

Lagt ut 31.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Korleis skal nynorsken sjå ut?

Debatten om Førde-undersøkinga rullar vidare. Anne Steinsvik Nordal, leiar for Nynorsksenteret i Volda, svarar Sirnes og Bungum i Sunnmørsposten.

Lagt ut 31.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Eit fag heilt på sida

Kva skal vi gjere med sidemålet?, spør Eivind Rindal frå AUF. Han gjer framlegg om å leggje faget inn som ein del av hovudmålskarakteren, slik at karakterpresset forsvinn. Les meir hjå Si;D i Aftenposten.

Lagt ut 31.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Omkamp i Straumsvik

Det blir omkamp om skulemålet i Straumsvik på Nordmøre, etter at bokmålet vann med berre éi røyst. Kristina Gjerde, elev ved ungdomsskulen, skriv at elevane sjølve ynskjer nynorsk. Sjå lesarbrevet i Tidens Krav.

Lagt ut 31.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

9 av 25 bøker i kanonen er nynorske

Då den norske litterære kanonen blei presentert under Litteraturfestivalen på Lillehammer, kunne målfolket gle seg over at heile ni av dei 25 bøkene på lista er på nynorsk. Sjå heile lista på ABC Nyheter.

Lagt ut 31.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Sp kjempar fram meir nynorsk på Stortinget

Magnhild Meltveit Kleppa, parlamentarisk leiar for Senterpartiet, har fått med seg fleirtalet i kontrollkomiteen på at Stortinget må bruke meir nynorsk. I dag er Stortinget ikkje underlagt mållova, men Meltveit Kleppa meiner det er viktig at Stortinget nyttar målet i publikumsretta verksemd, skriv Nationen.

Lagt ut 29.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålet, dagens «mensa rotunda»

Norsklærar Jacob Westerlund skriv i Utdanning at det er nærast umogleg å få elevane til å lære sidemål på ein skapeleg måte. No har han fått svar frå Ingunn Hansejordet.

Lagt ut 29.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

- Dårleg språkforslag frå Finnmark fylke

Eit utval under Finnmark fylkeskommune vil få fleire elevar i den vidaregåande skulen til å velja samisk som andre framandspråk. Dette vil dei mellom anna gjera ved å ta bort obligatorisk sidemål for dei elevane som vel dette. Dette er i praksis eit forslag som går ut på at norskspråklege finnmarkselevar bør lære minst mulig, skriv Jon Todal, styremedlem i Noregs Mållag, i eit lesarbrev i Nordlys. Høyr òg radioklyppet «Vil vrake nynorsk for samisk» hjå NRK Troms og Finnmark.

Lagt ut 29.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Hårek gjev nynorskglede

På Stoppen skule i Drammen er teikneseriar, drama og film viktige ingrediensar i sidemålsundervisinga. Det har fått elevane til å tykkje at nynorsk er kjempegøy, skriv Drammens Tidende.

Lagt ut 29.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Språkpolitikk

Det har gått to og eit halvt år sidan Språkrådet la fram ein strategi for korleis norsk skal sikrast som nasjonalspråk i framtida. Nokre sektorar, som universiteta, har teke opp hansken og prøvd å utvikle eigne retningsliner for språkbruk. Elles har lite skjedd. Det skriv Aftenposten på leiarplass fredag.

Lagt ut 26.5.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kjell Bjørndalen som språkpolitisk rollemodell

«I eit språkpolitisk klima der det har vorte stadig vanskelegare å problematisera ukritisk bruk av engelsk i næringslivet utan å framkalla overberande ironi, er det på høg tid å få sett på sakskartet dei språkpolitiske konsekvensane som dette har for norske arbeidstakarar og for demokratisk deltaking i samfunnslivet.». Det skreiv Johen Myking i Dagbladet 15. mai i år.

Det hende ein gong rundt 1980 at ein representant for oljeselskapet Statoil sende brev til Noregs Fiskarlag og fekk svar. Brevet var forfatta på engelsk av ein nordmann, og svaret var forfatta på islandsk av ein annan nordmann i irritasjon over det absurde i at nordmenn skulle kommunisera med nordmenn på framandspråket engelsk.

Denne historia går for å vera sann, men dokumentasjonen min ligg nedstøva i gammalt arkivmateriale frå arbeidet med fornorsking av oljespråket på 1980-talet. Personar i dei miljøa det gjeld, kan sikkert stadfesta eller avkrefta. Uansett er historia ?sann? fordi ho faktisk verserte offentleg, mellom anna til inspirasjon og kveik for framståande språkfolk, politikarar og representantar for oljenæringa som meinte det var på tide å visa at morsmålet dugde som kommunikasjonsmiddel. Det fekk som kjent viktige praktiske følgjer: Norsk oljespråk, slik det kjem fram i media i dag, er «usynleg» fordi det er norsk; ein suksess fordi ingen bryr seg med det, kunne ein seia.

Det er mykje som har endra seg på det kvarte hundreåret som har gått sidan brevvekslinga mellom Statoil og Fiskarlaget. Dei aksjonærvalde styremedlemene i det nye oljeselskapet StatoilHydro er presentert på E24 som ei samling framståande nordmenn, med eitt unntak. Men det er alt fleire år sidan begge selskapa Hydro og Statoil innførte engelsk som konsernspråk. Når så LO-toppen Kjell Bjørndalen vert peika ut som representant til styret i det samanslegne selskapet, er det dei manglande engelskkunnskapane hans som vert tema i det offentlege ordskiftet (lett ironiserande, i nokre medieoppslag).

Kjell Bjørndalen må utropast til eit førebilete (som ?role model? burde heita på norsk) når det gjeld språkleg sjølvinnsikt. Han vedgår at engelskkunnskapane hans ikkje er gode nok, og han vil gjera noko med det. Det er faktisk vanlegare at nordmenn oppvurderer sine eigne engelskkunnskapar omvendt proporsjonalt med alder, erfaring og reelt kompetansenivå, og ein utanforståande kan gjerne gå ut frå at Bjørndalen kjem til å meistra denne arbeidssituasjonen like bra som dei fleste andre. Dette endrar likevel ikkje på det prinsipielle. Ingen har problematisert det absurde som Fiskarlaget peika på rundt 1980, og som no faktisk er vorte sant, at engelsk i aukande grad vert gjort til primært arbeidspråk mellom nordmenn ? til og med i selskap der staten har sterke interesser. Ikkje før no, når LO har rykt ut og bede arbeidsminister Bjarne Håkon Hanssen syta for at norsk vert lovfesta som arbeidsspråk i styrearbeid (Ellen Stensrud i E24 8.5., Leif Sande i Dagsavisen 8.5.). Utspelet kan ha treft ein nerve, mellom anna er støtta på leiarplass i Aftenposten 8.5. gledeleg.

I eit språkpolitisk klima der det har vorte stadig vanskelegare å problematisera ukritisk bruk av engelsk i næringslivet utan å framkalla overberande ironi, er det på høg tid å få sett på sakskartet dei språkpolitiske konsekvensane som dette har for norske arbeidstakarar og for demokratisk deltaking i samfunnslivet. Om næringslivet kanskje er hovudarenaen når det gjeld manglande språkpolitisk prinsipiell tenking, så er heller ikkje den akademiske sektoren problemfri. Men på den sektoren finst det likevel kritikk, diskusjon og ei uro som kan fungera mobiliserande. Kunne fagrørsla medverka til å senda slike impulsar inn i næringslivet, ville det gje norsk språkpolitikk ein ny dimensjon.

Johan Myking førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, leiar i fagrådet for terminologi og fagspråk, Språkrådet

Lagt ut 25.5.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Sidemålsordninga 100 år!

I dag, 24. mai, er sidemålet hundre år. I høve jubileet har påtroppande NMU-leiar Jens Kihl ein kronikk på trykk i Aftenposten, som du òg kan lese hjå Noregs Mållag. Norsk Målungdom ynskjer ordskifte om korleis sidemålsordninga kan bli betre, seier Synnøve Midtbø Myking i ei pressemelding frå NMU, som òg har laga eit kortprogram om nynorsk i skulen. Unge Høgre feirar dagen på sin eigen måte. Les deira pressemelding her.

Lagt ut 24.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Feirar Løland-jubileum med biografi

Rasmus Løland, barnebokpioneren frå Ryfylke, blei berre 47 år. No har Ernst Berge Drange skrive ei bok på 637 sider om målmannen og forfattaren. Les intervju med biografen hjå Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 24.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Til forsvar for «grautmålet»

Journalist Maria Børja skriv ein kommentar om verdien av språkmangfald generelt og nynorsk spesielt i Dagbladet. Vel verdt å få med seg!

Lagt ut 23.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

«Det nynorske selvmordet»

Debatten om Førde-undersøkinga rullar vidare. Les svaret frå Hafstad-lektor Svein M. Sirnes i Aftenposten.

Lagt ut 23.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Feirar Løland

I morgon, 24. mai, er åremålsdagen til Rasmus Løland. LEs meir om den store Løland-feiringa hjå ABC Nyheter.

Lagt ut 23.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Feirar jubilum med nynorskutgåve

14. november er det 100 år sidan Astrid Lindgren blei fødd. Men ho er framleis aktuell, og siste skot på boktreet hennar er «Meisterdetektiven Blomkvist», som kjem på nynorsk, skriv Dagsavisen.

Lagt ut 23.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Målpris til jussprofessor

Nils Nygaard fekk målprisen 2007 frå juristmållaget. Han fekk målprisen for sitt lange virke for nynorsken i jussen, der han mellom anna har vore ein føregangsmann i å utvikla det nynorske omgrepsapparatet, skriv Bergens Tidende.

Lagt ut 23.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Kva vil Sirnes og Bungum?

Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, svarar Hastad-lektorane Sirnes og Bungum i eit lesarbrev i Sunnmørsposten.

Lagt ut 22.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Snikinnføring av høgrepolitikk i skulen

Leiarteigen i Smaalenene tek for seg vitjinga til Finn-Erik Vinje på Askim vgs. Dei meiner invitasjonen var ei uheldig blanding av norskundervising og høgrepolitikk frå Jacobsen, læraren som inviterte Vinje. "Lærere skal ikke kaste seg på enhver popularitetsbølge a la den om å fjerne nynorsk. Det finnes mye lærdom mange elever i den videregående skolen ikke ønsker. Så lenge disse delene av fagene hører med i obligatorisk undervisning, er det lærernes oppgave å motivere eleven til slik undervisning, ikke demotivere ved å si at de må pugge utelukkende på grunn av karakterene", skriv Smaalenene.

Lagt ut 21.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Krev 50% nynorsk

Etter at det kom fram at eit teksthefte til norskeksamen i ungdomskulen hadde 18 bokmålstekstar og to nynorsktekstar, har målrørsla gått kraftig ut mot Utdanningsdirektoratet. Mellom avisene som har dekt saka er Dagbladet.

Lagt ut 21.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Målval er matematik

Etter skulemålsrøystingane i Aure blei resultatet klart nynorsk i Aure, klart bokmål i Lesund og berre éi bokmålsrøysts overvek i Straumsvik. Dimed er det framleis ikkje avgjort om Aure får éin eller to nynorskkrinsar, skriv Tidens Krav.

Lagt ut 21.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk gramatikk - meir folkeleg enn Frp?

Kva er eigentleg folkeleg?, spør Magnhild Meltveit Kleppa, parlamentarisk leiar i Senterpartiet i Aftenposten.

Lagt ut 21.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Ros til sentralbanksjefen

Mediemållaget skryt av sentralbanksjefen etter at han svara på nynorsk då han vart intervjua av journalist Eivind Molde i Dagsrevyen 9. mai. Les saka på nettsidene til Mediemållaget.

Lagt ut 21.5.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget krev nynorske lærebøker

Noregs Mållag fryktar reprise frå i fjor haust, då nynorskelevane ikkje fekk læremidla dei hadde krav på til skulestart. Les meir hjå VG.

Lagt ut 20.5.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Vil byte nynorsk med samisk og finsk

Kompetanseutvalet i Finnmark fylkeskommune meiner at samisk er viktigare enn nynorsk for skuleelevane i Finnmark, og vil søkje Kunnskapsdepartementet om ei særordning for Finnmark. Noregs Mållag er sterkt kritisk. Les meir hjå Utdanning og i avisa http://www.finnmarken.no/lokale_nyheter/article2777343.ece.

Lagt ut 20.5.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Ikkje gyldig eksamensgrunnlag?

Nynorsk kultursentrum stiller seg tvilande til om norsksamen for ungdomsskulen blir avvikla på gyldig grunnlag neste veke. Årsak: nesten ingen nynorsktekstar i eksamensheftet. Les meir hjå ABC Nyheter.

Lagt ut 20.5.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk er ikkje årsak til diskriminering

I eit innlegg i Morgenbladet går SV-ar og varamedlem til styret i Noregs Mållag, Reza Rezaee, til åtak mot jamstellings- og diskrimineringsombodet etter påstandane hennar om at nynorsk står i vegen for integrering av innvandrarane. Les meir hjå Morgenbladet.

Lagt ut 20.5.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-pris til Kjell-Erik Kallset

Kjell-Erik Kallset er leiar for politisk avdeling i Dagsavisen. No får han nynorskjournalistprisen til Kulturdepartementet for å ha vore den fyrste som tok nynorsken i bruk i Dagavisen. Prisen er på 50.000 kr og eit kunstverk.

Lagt ut 15.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Skyss eller buss?

Det nye, fylkeskommunale busselskapet i Hordaland skapar forvirring med namnet Skyss. Fylkesordførar Nyborg (KrF) meiner namnet er godt, ettersom det kan nyttast på både bokmål og nynorsk. Meir om saka finn du hjå NRK Hordaland.

Lagt ut 15.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Å stikke hovudet i nynorsksanden

Ordskiftet om målundersøkjinga ved Hafstad videregåande skule i Førde held fram, og no er det lektorane Simes og Bungum som svarar i Sunnmørsposten.

Lagt ut 15.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

- Nynorsk er sløsing

Dette meiner Finn-Erik Vinje, som argumenterte for å fjerne sidemålet på Askim vgs. Dette skriv Smaalenene.

Lagt ut 15.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Kritikerros for dialekt i teiknefilm

Teiknefilmen «Lotte fra oppfinnerland» blir snart å sjå på norske kinolerret, med berre vestlandske røyster. Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, seier tusen takk for den uventa drahjelpa i arbeidet for å gje ungar eit alternativ til det dominerande bokmålet. Les meir i Bergens Tidende.

Lagt ut 15.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Mållaget krev nynorsk-test

Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, meiner det er uhaldbart at den såkalla bergenstesten berre finst på bokmål, skriv Bergens Tidende.

Lagt ut 10.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Bed NSB bruke nynorsk

I samband med stortingsmeldinga om NSB har Jenny Klinge (Sp) teke opp språkpolitikken til verksemda. "Som statleg bedrift har NSB eit medansvar for tiltak som sikrar språkleg mangfald. Dessutan vil det styrkje og forbetre omdømmet om selskapet er bevisst på å møte kundane på språket deira", seier Jenny Klinge i fylgje Fri Fagbevegelse.

Lagt ut 9.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Sylfest krev nynorsk-test

Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, er ikkje imponert over at norsktesten ved Universitetet i Bergen berre finst på bokmål. - Det burde ikke være tvil om at Bergenstesten bør tilbys både på nynorsk og bokmål, seier han til Bergens Tidende, som òg har skrive om problema Arvind Thattai møter som nynorskbrukande innvandrar.

Lagt ut 9.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Får ikkje nynorsk-test

Norske språktestar på høgare nivå er berre tilgjengelege på bokmål. Det hindrar førsteamanuensis i juss Arvind Thattai frå å søke jobbar i Noreg. Han meiner dagens praksis fører til ei forskjellshandsaming mellom nynorsk- og bokmålsbrukarar, skriv Klassekampen.

Lagt ut 8.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

LO vil ha norsk i styreromma

LO krev at alle styremøte i norske verksemder skal gå føre seg på norsk, og bed no minister Bjarne Håkon Hansen ta tak i problemstillinga. Ellen Stensrud i LO-leiinga meiner bruken av engelsk er eit demokratisk problem, skriv E24.

Lagt ut 8.5.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Debatt om wikipedia-stipend

Forbruker.no skriv om Ranveig Mossige Thattai som fekk stipend til å arbeida med nynorsk Wikipedia. Slikt vert det sjølvsagt debatt om. Les på kommentarfeltet for å sjå kva folk meiner om saka. Òg Itavisen og Hardware skriv om den litt kontroversielle saka.

Lagt ut 4.5.07 av Ola Haugen Havrevoll
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskfleirtal i Aure

Den rådgjevande folkerøystinga om skulemålet i Aure viser bokmålsfleirtal i to skulekrinsar, stort nynorskfleirtal i den største. Tilsaman vart det fleirtal for nynorsk i kommunen. Les meir på NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 3.5.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. desember

  • 1868 Fyrste rettsdokument på nynorsk: Pantebrevet av Vinje

21. desember

  • 1917 Fyrste store rettskrivingsreform for nynorsk og bokmål

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen