nynorsk.no

21.8.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juni 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Skjerpar nynorskkrava

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete skjerpar språkreglane for dei statlege aksjeselskapa som ligg under Samferdsledepartementet. Dermed må blant anna Posten og NSB no lage plakatar, brosjyrar og internettsider på nynorsk - slik dei måtte gjere før dei tidlegare institusjonane vart skilt ut som statlege selskap. Les meir i Bergens Tidende. Les òg meir på sidene til Samferdsledepartementet.

Lagt ut 28.6.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Målungdom kan verta ordførar

Landsstyremedlem i Norsk Målungdom, Kristine Espeland Rafdal (17) frå Sauda, kan verta Noregs yngste ordførar til hausten. Les meir i Dagbladet.

Lagt ut 27.6.07 av Ola Haugen Havrevoll
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk grammatikk for minoritetsspråklege!

Mangelen på nynorske læremiddel har vore ein hovudgrunn til at minoritetsspråklege i nynorskkommunane har fått eit mangelfullt nynorsktilbod. No er problemet løyst! Les meir hjå Høgskulen i Volda.

Lagt ut 21.6.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ingolf Håkon Teigene er gått bort

Målmannen og journalisten Ingolf Håkon Teigene døydde tysdag ettermiddag. Han har vore ei viktig nynorskrøyst i mediekvardagen, og har fått fleire prisar får målbruken sin. I 1999 fekk han Kringkastingsringen sin pris for godt språk og i 2006 fekk han språkprisen til NRK. Les meir hjå NRK.

Lagt ut 12.6.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Framleis nynorsk bar i Bergen

No er Nynorskbaren i Bergen er i boks. I vår fekk eldsjelene melding om at baren måtte flyttast frå Café Opera og ei tid var det usikkert kvar og om ein kunne halda fram til hausten. No er det i boks. Les meir.

Frå hausten vert nynorskbaren til Bergen Mållag å finna på Logen bar. Astrid Olsen i Bergen Mållag seier at tilskipingane vert flytte til fyrste onsdagen kvar månad, ikkje torsdag, som før. Og ho lovar eit spanande haustprogram frå september.

Lagt ut 9.6.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Monty Python på nynorsk i Fjell

Då Kristin Lie skulle setja sluttstrek for ein rikhaldig teaterinnsats ved kulturskulen i Fjell fann ho like godt ut at ho ville setja opp Monty Python - på nynorsk. Les om suksessen i Vestnytt.

Lagt ut 9.6.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lærer seg nynorsk leikande lett

På Holmlia skule i Oslo tykkjer elevane at framlegget til Erling Lae om å fjerna sidemålet er dumt. Dagsavisen skriv om korleis dei gjer sidemålsundervisninga spanande og interessant. Det skapar heilt andre haldningar til nynorsk enn det me ofte høyrer om i media.

Lagt ut 6.6.07 av Ola Haugen Havrevoll
Gå til saka | Tips ein ven

Nei til nynorsknekt

Uaktuelt å gjera sidemålet valfritt i osloskulen. Det vert ikkje sett i gang nye forsøk før Oslo-forsøket er evaluert. Det slår direktøren i Utdanningsdirektoratet fast i Klassekampen i dag. Aftenposten skriv om det same.

Lagt ut 6.6.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Likestilling

Dagbladet krev meir likestilling for nynorsken i leiarteigen i dag.

Lagt ut 5.6.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Uansvarleg å kutte nynorsk

Oslo-ungdommar som har valt nynorsk som hovudmål reagerer på at byrådet vil gjere skriftleg nynorsk valfritt for alle i den vidaregåande skolen. Les meir i Dagen.

Lagt ut 5.6.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Usikkert nynorsk-fleirtal

Det er usikkert om nynorsk-framlegget til Lae får fleirtal i bystyret, skriv Dagsavisen.

Lagt ut 5.6.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhatarane

Frp har innvandrarane, mens Høgre har nynorsken. Fordommar er gode å ha for politikarar som skal vinne val. DEette skriv Kjell-Erik Kallset i Dagsavisen.

Lagt ut 5.6.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Høgre slit i hovudstaden

Leiarteigen i Dagsavisen ser nynorsk-utspelet til Lae i samband med det store fallet på meiningsmålingane Høgre har hatt den siste tida. Les meir i Dagsavisen.

Lagt ut 5.6.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Får ikkje arbeid utan nynorsk

Elevar utan sidemål stiller svakare enn dei med, seier Jens Kihl, påtroppande leiar i Norsk Målungdom, til NRK.

Lagt ut 5.6.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk er valflesk

«Lae er helt utdatert, man lærer ikke nynorsk av å pugge.» Dette seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, til NRK.

Lagt ut 5.6.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Lae vil (framleis) kutte nynorsken

Erling Lae er mot nynorsk òg i dette intervjuet. Les kva han seier hjå NRK.

Lagt ut 5.6.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Lae vil ha nynorsken ut

I dette intervjuet stadfestar Erling Lae at at framlegg om å fjerne nynorsken frå osloskulen er eit valkamputspel. Les meir i Aftenposten.

Lagt ut 5.6.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Høgre vil gjerne nynorsken frå osloskulen

Les meir om saka i Trønderavisa.

Lagt ut 5.6.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

SP ut mot Lae - vil ha meir nynorsk i Oslo-skulen

«Vi vil tvert imot at alle elevar i Oslo skal møte sidemålet langt tidlegare». Det seier Senterpartiets førstekandidat i Oslo, Lars Rottem Krangnes. No vil Senterpartiet innføre den vellukka språkbadmodellen frå Holmlia ungdomsskole i alle bydelar i Oslo, og bed om prosjektmiddel via statsbudsjettet. Les heile saka.

På Holmlia har ungdomsskoleelevane dei siste åra hatt lærebøker og skriftleg undervisning i KRL-faget på nynorsk. Resultatet på denne fleirkulturelle skulen er at elevane har fått styrkte kunnskapar og betre haldningar til både norskfaget og nynorsken.

- På dei fleste andre skular har sidemålsundervisninga knapt gjennomgått endringar sia 1960-talet, i motsetning til i alle andre språkfag, der ein har innsett at språk er dialog og kommunikasjon, ikkje formaldrilling og pugg. Samtidig møter austnorske elevar knapt nynorsken i nokon samanheng før han blir innført som eit puggefag i ungdomsskulen. Då er det ikkje rart motivasjonen blir liten.

Den såkalla språkbadmodellen på Holmlia er inspirert frå fleirspråklege land som Finland og Canada, men også spanske Katalonia, der forskjellane mellom spansk og katalansk er samanliknbare med bokmål og nynorsk. Det er godt dokumentert gjennom internasjonal forsking at meistringa av morsmålet vert betre ved bruk av denne modellen.

Krangnes vil no be Sp på Stortinget arbeide for prosjektmiddel i haustens statsbudsjett til å utvide Holmlia-forsøket til heile Oslo-skolen.

PROVINSIELL DEBATT - EIT PROBLEM FOR OSLO

- Språkdebatten Lae legg opp til er veldig provinsiell. I dei fleste andre land ser ein det som ein stor kulturell rikdom å ha og lære fleire nasjonale språk. Erling Lae gløymer at Oslo er hovudstad for heile landet. Det bør vere sjølvsagt at elevane i landet hovudstad, som er eit språknøytralt fylke, skal lære begge variantane av norsk. Når undervisninga utvilsamt er for dårleg på mange skular må vi sjå på korleis ho kan bli betre, ikkje kutte den ut, seier Krangnes.

- Ville elevane blitt betre i matematikk om ein kutta ut den upopulære trigonometrien frå undervisninga på førsteåret? Kunnskapspartiet Høgre burde sjå fordelen i at flest mogleg elevar har dokumenterte kunnskapar i mest mogleg. Det er ein utvilsam fordel i arbeidslivet, fastheld Sp-kandidaten.

- Det er merkeleg at mange synst det er heilt greitt at svært mange Oslo-ungdomar har sterkt negative haldningar til eit av landets offisielle språk, og det som er skriftspråket til over ein halv million nordmenn. Ville vi synst det var greitt med denne typen haldningar til pakistanarar eller urdu? Fordommane mot nynorsk er eit underkommunisert og pinleg problem for Oslo, fastslår Krangnes i ei pressemelding.

Lagt ut 5.6.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Høgre vil ha valfri nynorsk i Oslo-skulen

Valkampen nærmarseg, elevane som var med i sidemålsforsøket i Oslo er ferdige med eksamen. No meiner Erling Lae alle elevane i osloskulen må sleppa å læra nynorsk skriftleg. At forsøket ikkje er evaluert er ikkje så viktig. Les saka i Dagsavisen.
No kan du røysta for framleis sidemål i skulen på nettsidene til Nettavisen.

Lagt ut 4.6.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

29. august

  • 1992 Dei Nynorske Festspela vart skipa til for fyrste gong

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen