nynorsk.no

25.4.2017

Arkivet for
nynorsk.no: juli 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Rydd opp i sideformene!

Dersom det ikkje vert rydda opp i sideformene i nynorsken, vil nynorsken halda fram med å døy. Det skriv Frank Rossavik i Bergens Tidende.

Lagt ut 29.7.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Trønderar mest ivrig på dialekt-sms

Ei undersøkjing syner at folk frå Trøndelag er dei mest ihuga dialektbrukarane når dei skriv tekstmeldingar, skriv NRK Trøndelag.

Lagt ut 24.7.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Har han gløymt nynorskelevane?

Statsråd Djupedal må hugse at han òg er minister for nynorskelevane. I år som i fjor er det store problem med seine læremiddel til nynorskelevane, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom, til Utdanning.

Lagt ut 23.7.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Fleire skular bør gjere som Holmlia

Valkampen nærmar seg, og Oslo Arbeidarparti meiner Høgre er kulturfattige når dei vil kutte nynorsken i Oslo-skulen, kan ein lese hjå Oslo AP.

Lagt ut 18.7.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Vil ha slutt på seine lærebøker

Òg i år kjem læremidla for nynorskelevane altfor seint. Dette er ikkje haldbart, seier Ann-Kristin Sørvik, leiar i Møre og Romsdal Senterparti, til NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 18.7.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Målbruksplan for Hemsedal

Hemsedal kommune har no vedteke ein målbruksplan som skal hjelpe dei i arbeidet med å bruke mykje og god nynorsk. Les meir i Hallingdølen, og sjå planen hjå Hemsedal kommune.

Lagt ut 18.7.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Uventa suksess for Gavalda på nynorsk

Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda har til no kome i opplag på 40.000 og blitt hovudbok i Den Norske Bokklubben. Til hasuten kjem filmen, og det er venta at suksessen berre vil halde fram, melder Bergens Tidende.

Lagt ut 18.7.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Må laste ned pensum

Jens Kihl, påtroppande leiar i NMU, er ikkje nøgd med at nynorskelevane må laste ned dei fyrste kapitla av skulebøkene sine til hausten. Dette skriv Sunnmørsposten.

Lagt ut 12.7.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

- Legg Dei nynorske festspela til Holmlia!

Det er framlegget frå kommentator Hilde Sandvik i Bergens Tidende. - Neste år bør Dei nynorske festspela leggjast til Holmlia og tore å stille meir provoserande spørsmål enn dei same gamle, skriv ho i ein kommentar i Bergens Tidende.

Lagt ut 2.7.07 av Vidar Lund
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

26. april

  • 1945 Paal-Helge Haugen vart fødd

28. april

  • 1963 Avisa Dag og Tid vart skipa

3. mai

  • 1952 Henning Sommerro vart fødd

5. mai

  • 1841 Kristofer Janson vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen