nynorsk.no

25.4.2017

Arkivet for
nynorsk.no: august 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Elevstreiken for nynorske læremiddel

Lagt ut 31.8.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Elevstreik for nynorske læremiddel

Førstkomande torsdag streikar elevar ved fleire vidaregåande skular. Årsaka er manglande lærebøker på nynorsk. I tillegg startar Noregs Mållag og Norsk Målungdom eit underskriftsopprop mot nynorskdiskrimineringa. Les meir hjå NRK Sogn og Fjordane, NRK Sørlandet, Fædrelandsvennen eller Norsk Målungdom.

Lagt ut 27.8.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

FrP: Berre bokmål i Horten

Valkampen er i gang og fyrst ute for å kvitta seg med nynorsk i skulen er Framstegspartiet i Horten. Les utspelet til Nils Petter Byrde i Gjengangeren.

Lagt ut 22.8.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fagbokpris til bok om born og it

Høgskulelektor Lila Marie Moberg ved Høgskulen i Volda er saman med Nora Lindén tildelt Nynorsk fagbokpris 2007 for bokprosjektet «Barn og kommunikasjon - om små barns bruk av utforsking av digitale verktøy.» Juryen peikar mellom anna på nytenkinga i prosjektet. Les meir hjå Høgskulen i Volda.

Lagt ut 17.8.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Lars Amund Vaage festspeldiktar i 2008

Lars Amund Vaage blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2008. Les meir om diktaren og oppgåvene hans hjå Nynorsk kultursentrum.

Lagt ut 15.8.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk-Hove vs. Bokmål-Hove

Harald Hove (V) vil etablera eit nynorsk litteratursenter, som skal vera ein møteplass mellom forfattarar og språkbrukarar i "den største nynorskbyen", Stord. Harald Hove (Høgre) brenn heller nynorskbøker på bålet. Les meir i NRK Hordaland.

Lagt ut 15.8.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Legg press på forlaga

Fylket bør leggja press på forlag for å få fleire skulebøker på nynorsk. Det meiner listetopp for Venstre i Møre og Romsdal, Gunn Berit Gjerde. Les heile saka på sidene til NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 2.8.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

26. april

  • 1945 Paal-Helge Haugen vart fødd

28. april

  • 1963 Avisa Dag og Tid vart skipa

3. mai

  • 1952 Henning Sommerro vart fødd

5. mai

  • 1841 Kristofer Janson vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen