nynorsk.no

29.6.2017

Arkivet for
nynorsk.no: september 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Nina Refseth vert filmdirektør

Samlags-direktøren har dermed fått ein av dei viktigaste sjefsjobbane i Kultur-Noreg. Etter tre år i sjefsstolen i Det norske samlaget har ho har takka ja til å verta leiar av det som vert Noregs nye statlege filminstitusjon. Nynorsk.no ynskjer til lukke! Les meir på NRK.no.

Lagt ut 28.9.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ærespris til Eikemo

Norsk kulturråds ærespris for 2007 går til skodespelaren, revyartisten og litteraturformidlaren Jon Eikemo. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 18.9.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- Kvar er Stord Målungom?

Det er noko av det avisa Sunnhordland spør om på leiarplass i dag. Eller rettare; som dei etterlyser. No vil dei at Stord Mållag og andre må hjelpa å få til eit meir stabilt målungdomslag på staden, for det trengst, seier dei. Les meir i Sunnhordland.

Lagt ut 18.9.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Vil lage ny nynorsk

Språkrådet vil gjere nynorsken «enklare». Målungdomen er redd det berre betyr «likare bokmål». Dei fryktar at resultatet blir samnorsk, skriv Dagsavisen.

Lagt ut 17.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

- Tid for sidemålslutt?

Vekk med sidemålet, står det på kommentarplass i siste StudVest. Kva har skjedd med den ein gong så pålitelege studentavisa i Bergen? Halvor Ripegutu skriv mellom anna:
Selv om det beklageligvis strider mot manges personlige følelser, bør det nå være på tide at man på alvor tar et oppgjør med nynorskens stilling i Norge. Er det virkelig meningsfullt å ha to likestilte skriftspråk når det ene er så betydelig mye mer utbredt enn det andre?
Les meir i StudVest.

Lagt ut 16.9.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Manglar framleis lærebøker

På Øyrane vidaregåande skule må dei framleis sjå langt etter nynorskbøkene, melder NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 15.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Språkrådet vil rydje opp i nynorsken

Torsdag vedtok styret til Språkrådet samrøystes at dei vil setje i gang arbeidet med ei ny rettskriving for nynorsken. Les meir i VG eller hjå Språkrådet.

Lagt ut 15.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

I streik mot grov diskriminering

Hundrevis av storabuar streika torsdag 13. september mot mangelen på nynorske læremiddel. Les meir hjå Sunnhordland.

Lagt ut 14.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Er nynorsk ein sjukdom?

Stefan Heggelund, sentralstyremedlem i Unge Høgre, kalla nynorsk «ein sjukdom» under ein skuledebatt. NMU-leiar Jens Kihl krev orsaking i eit lesarbrev i Utdanning. No legg Heggelund og Unge Høgre seg flate for kritikken, kan ein lese hjå NRK Kultur.

Lagt ut 10.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Lærer nynorsk av filosofane

På Holmlia skule på beste Oslo aust lærer elevane nynorsk gjennom KRL. Og elevane tykkjer det er gøy, i fylgje Aftenposten.

Lagt ut 10.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskbrukarar skal ikkje diskriminerast i skulen

Dette skriv statsråd Djupedal hjå Kunnskapsdepartementet. Han går og langt i å love statleg oversyn over lovlege læremiddel, eit av hovudkrava frå dei streikande elevane.

Lagt ut 10.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Sogn og Fjordane i glashus?

Sogn og Fjordane lektorlag spør seg om ikkje opplæringsutvalet i fylket sit i glashus når dei på den eine sida stør kampen for nynorske læremiddel, medan dei på den andre sida nyttar mykje programvare som berre finst på bokmål. Dette seier fylkesleiar Aud Sissel Hestenes.

Lagt ut 10.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorske læremiddel må på plass til skulestart

Dette krev hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Lagt ut 10.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

- Fylket må ordne opp

Når Djupedal ikkje kan gje nynorskelevane læremidla deira, må fylket kome på bana. Dette meiner Ellen Solheim (KrF), leiar i utdanings- og kompetansekomiteen i Rogaland. Les meir i Stavanger Aftenblad. Solheim meiner òg at Djupedal må leggje meir press på forlaga, i fylgje same avis.

Lagt ut 10.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Sju streika for nynorske lærebøker i Stavanger

Måndag 4. september streika sju Stavanger-elevar for retten til nynorske læremiddel. Bror-Magnus Sviland Strand i Målsiddisane meiner både FpU og SV-minister Djupedal trakkar på nynorsken, i fylgje Stavanger Aftenblad.

Lagt ut 10.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken på veg ut av Kvinesdal?

Kvinlog skulekrins i Kvinesdal i Vest-Agder står framfor ei skulemålsrøysting i haust. Dette skriv Fædrelandsvennen.

Lagt ut 10.9.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

test

Lagt ut 8.9.07 av Erik Bolstad
Gå til saka | Tips ein ven

-Kvar er dølane?

Til dei sju fyrste kulla med nynorskpraktikantar har det ikkje vore ein einaste søkjar frå Setesdalen og berre ein frå Gudbrandsdalen, seier leiar for Nynorsk mediesenter Magni Øvrebotten. No nærmar søknadsfristen for det åttande kullet seg. Les meir her.

Lagt ut 7.9.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

6 millionar ekstra til nynorsken

Regjeringen aukar overføringane til nynorskfolket med 6 millionar kroner. Denne hyggjelege budsjettlekkasjen vart servert i Det Norske Teatret torsdag. Og teatret får halve summen. Les meir i Adressa.

Lagt ut 6.9.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

30. juni

  • 1850 «Ordbog over norsk Folkesprog» av Ivar Aasen vart trykt
  • 1851 Arne Garborg vart fødd

1. juli

  • 1933 Norsk rikskringkasting startar opp

7. juli

  • 1873 Halfdan Koht vart fødd

10. juli

  • 1884 Olav Nygard vart fødd

12. juli

  • 1896 Noregs Ungdomslag vart skipa

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen