nynorsk.no

24.5.2017

Arkivet for
nynorsk.no: oktober 2007

Du er no på ei av arkiv-sidene på nynorsk.no. Gå til www.nynorsk.no for siste nytt.

Nyhende frå nynorskverda

Kringkastingsprisen - ein apartheidpris?

Ingen dialektbrukarar frå Austlandet har fått kringkastingsprisen på dei 29 åra prisen er vorten delt ut. - Kringkastingsprisen er ein apartheidpris, meiner radiomann Espen Thoresen Hværsaagod Takkskalduha. Les meir på NRK.no.

Lagt ut 30.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Fosse nominert til Brage-prisen

Jon Fosse er mellom dei nominerte til Brage-prisen 2007. Han er nominert for boka Andvake. Med seg har ahn fleire andre nynorskforfattarar. Les meir om nominasjonane hjå Samlaget eller sjå lista over alle dei nominerte på hjå Brageprisen.

Lagt ut 29.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Eventyr på godt norsk

Regler og songar, og segnet om han Ståle oppe i Gråura. Engasjement og spaning, og med mål og meining om bruk av dialekt og nynorsk i dei munnlege framføringane blant barnehageungar og småklasserollingar. Det er Nordmøre Mållag som har lagt ut på skuleveg. Les meir om dette i Aura avis.

Lagt ut 25.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk på Hotel Union i Geiranger

Etter 100 år som bokmålshotell, vert Hotel Union i Geiranger nynorskhotell. Noko vertskapet meiner er det rette for eit ekte verdsarvhotell. Les artikkelen ved å klikka på lenkja: /010_SMPT1_1_021007.pdf.

Lagt ut 25.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

- NRK øydelegg for språket

Dei nye språkreglane til NRK gjev journalistane lov til å bruka meir dialekt i nyheitssendingane til NRK. Det uroar både Riksmålsforbundet og Noregs Mållag. Les meir på NRK Kultur.

Lagt ut 24.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Ingerid Stenvold får kringkastingsprisen

NRK-kjendisen frå Finnfjordbotn i Troms får kringkastingsprisen for 2007. 30 år gamle Ingerid Stenvold er kjend frå tallause sportsendingar, frå Sommarope og frå fleire innsamlingsaksjonar. Les meir på NRK.no og på sidene til Kringkastingsringen.

Lagt ut 22.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Diktar og målmann

I går la Jostein Avdem Fretland ut om læremiddelstoda på den opne høyringa Noregs Mållag skipa til på Stortinget. I dag krev leiaren i Firda Målungdom å bli sitert på eige mål når han blir intervjua i samband med å ha skrive månadens dikt i Dagbladet.

Lagt ut 19.10.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsken i fjordfylket

«Nynorsken mange i Sogn og Fjordane skriver i dag, er sterkt påvirket av bokmål og oppviser klare brudd på nynorsknormalen.» Det skriv lektor Svein M. Sirnes ved Hafstad vidaregåande skule, mannen som gjorde seg kjend med dei mykje omdiskuterte «Hafstad-undersøkinga» tidlegare i år. Denne gongen er det normeringa Språkrådet skal i gang med som er temaet. Les meir i Nationen.

Lagt ut 18.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Open høyring om skule-nynorsken

I dag trommar Noregs Mållag saman aktørar frå heile Noreg for å peike på utfordringane for nynorsken i skulen. Til Stortinget kjem elevar, lærarar og mange andre. Les meir i Helgeland Arbeiderblad, Utdanning og Dagsavisen.

Lagt ut 18.10.07 av Jens Kihl
Gå til saka | Tips ein ven

Ingenting å vera redd for

Språkrådet vil stramma inn nynorsknormalen ved å ofra sideformene. Det er ingen katastrofe. Med mindre den litt underlege flokken av overvintra Hægstad-tilhengjarar - inkludert målungdommen - får for mykje å seia. Det skriv Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende.

Lagt ut 16.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Språkmangfald på museum

Dei katalanske styremaktene skal bruka 580 000 euro for å utvikla eit museum over språkmangfaldet i verda. Og museet skal liggja i Barcelona. Les meir om språkhuset på Eurolang.

Lagt ut 2.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Kjempar for nynorsk på kino

Norsk Målungdom vil no jobbe for at kinofilmar skal bli teksta på nynorsk. No ber kinokampanjenemda om at Ørsta vil bidra med økonomisk stønad til arbeidet. Les meir på Nærnett.

Lagt ut 2.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk - det nye riksmålet?

Ei konservativ dreiing av nynorsken vil slett ikkje hjelpa elevane. Det vil gå som med latinklassa til lille Marius: Nokre få vil greie det og stige opp i nynorskeliten, nokre få vil «døy» av det, medan dei fleste sannsynlegvis vil ende opp som nynorskhatarar. Det skriv Magne Rogne i Bergens Tidende.

Lagt ut 1.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Adopterer «hestekur» frå Førde

No skal fleirkulturelle journalistar skal lærast opp etter modellen Nynorsk mediesenter i Førde har utvikla. Les meir i BT.

Lagt ut 1.10.07 av Ragnhild Bjorge
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

24. mai

  • 1861 Rasmus Løland vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2017 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen